TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Bortsett frå det siste kvarteret, var dette ein spelemessig jamn kamp. Stryn starta best i begge omgongar, men Årdal heva seg og var spesielt farlege på sine raske overgongar. Inne i motstanderen sin 16-meter synte sogningane seg som mykje kvassare enn heimelaget. Soleis ein perfekt bortekamp for Årdal, og ein tilsvarande skuffande heimekamp for Stryn. Stryn har no to tap på rappen, og avstanden til Årdal på topp er heile 10 poeng. Raudtrøyene må nok innsjå at det blir uhorveleg vanskeleg å henge med topplaga denne sesongen.
Kamp slutt Slutt (2-6)
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Trenar Øystein Hesjedal har nokre utfordringar i veka som kjem. Dette har vore ei defensiv katastrofe for heimelaget. Vi kan vel trygt seie at det har lugga litt offensivt også.
89'
Mål!
2-6
Lægreid leikar seg med eit hjelpelaust stryneforsvar. Dreg av både ein og to spelarar, før han løfter ballen elegang i nettaket. Konklusjonen her er vel at Årdal har klart seg høveleg bra utan sin toppscorar Truls Hovland.
89'
Julian Lægreid prøvar seg, men der er keeper Paulsen med på notane.
87'
Gult kort
87'
Dagens største paraply går i dag til Stig Høynes! Hårfint foran Bernhard Hole, med Arnt Magne Fredheim på ein finfin 3.plass. Gratulerer!
85'
Ikkje Stryn sin dag dette. Vegard Hopland aleine med keeper betyr mål i dei aller fleste tilfeller. Ikkje i dag. Strålande beinparade av keeper Dyngeland.
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
83'
Det er på lag heilt ufatteleg at det står 2-5 i målprotokollen her. Årdal har vore voldsomt effektive, men spelemessig har Stryn vore vel so kvasse som sogningane. Men det er ofte slik at det er måla som tel i fotballkampar.
79'
Mål!
2-5
Stryn lek som ein sil. Julian Lægreid får ein lang ball, og tek den fint ned. Johannes Fredheim ser ut til å ha kontroll på han, men Lægreid dreg seg leikande lett forbi og set ballen elegant i mål.
77'
Kevin Hoddevik blir sparka i haudet inne i Årdal sin 16-meter. Det skal ikkje all verden til før Stryn får straffe snart. Dommar Skjerven er gneten på pipelydane.
76'
Håvard Kroken prøvar seg frå distanse igjen. Ingen braksuksess denne gongen heller. Ei lompe som keeper tar lett.
75'
Ein Årdal-reserve står no og pissar bak eigen reservebenk. Spesielt. Han må jaggu ha vore trengde.
74'
Frisparket går via muren, men Stryn beheld ballen innanfor 16-meteren. Får avslutta i ei Årdal-hand og skrik på straffe! Dommar Tommy Skjerven sa nei. Og då blir det slik.
73'
Frispark til Stryn på 18 meter. Skuddhold.
72'
Spillerbytte
70'
Mål!
2-4
Årdal bit seg fast etter corneren. På høgresida ser det ut til at Steinar Hauge har kontroll, og kan skjerme ballen ut over dødlinja. Men han mister den, og Årdal får lagt inn i feltet. Der er det klassisk klabb og babb, før plutseleg Tobias Furebotn får klint ballen i nettmaskene.
70'
Årdal angrip på si høgreside, og spelar inn sentralt. Avslutninga via ein strynerygg og til corner.
67'
Strålande pasning frå Emil Allesøe til Hubert Wdowiak inne i feltet. Hubert headar tilbake til spissmakker Johannes Tenden, som fyrer til. Over og utanfor.
64'
Det luggar for heimelaget her no. Spissane er bevegelege, men pasninga kjem på feil tidspunkt. Dårleg flyt.
62'
Stryn og Trym Øvreberg med corner. Sigurd Fotland Fænn vinn duellen, men er pressa og heada over.
60'
Mål!
2-3
Strålande frispark av Elias Mittet! Skrur ballen over muren, og heilt ute i keeper Paulsen sitt hjørne. Keeper sjanselaus.
58'
Stryn rotar vekk ballen i eige forsvar, endar med corner for Årdal. Stryn får avklara, men pådreg seg eit frispark ca 19 meter frå mål. Skuddhold.
56'
Håvard Kroken skyt frå ca 30 meter. Dagens mest optimistiske. Treffet står til ein svak 2er på terningen.
54'
Stryn har byksa best ut av startblokkene også denne omgangen. So får vi sjå om årdølene melder seg meir på etter kvart.
52'
Steinar Hauge skaffar heimelaget ein corner. Trym Øvreberg tek den, og det endar med at Sigurd Fotland Fænn Dijk headar over. Ein brukbar sjanse, som kunne vore utnytta betre.
50'
Stryn yppar seg igjen. Johannes Fredheim med fint innlegg, men ein pressa Johannes Tenden får ikkje headinga si mot mål.
49'
Stig Høynes er definitivt med i kampen om dagens største paraply. Som vanleg. Også Arnt Magne Fredheim har meldt seg på. Ivar Paulsen er derimot sjanselaus, den er rett og slett for liten. Dersom det er lov å skrive.
47'
Stryn tar initiativet frå start i andre omgang, og Tajik får fyrt av eit skot frå 16 meter. Dårleg treff. Utanfor.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (2-2)
45+2'
Dommarlegenda Eivind Skjerven er no borte med benken til Årdal for å helse på gamle kjende. Triveleg.
45+1'
Gult kort
Gult kort for verbale krumspring.
43'
Mål!
2-2
Herre min flosshatt for ei scoring av Hubert Wdowiak! Stryn ligg lavt, men vinn ballen og spelar ut til Johannes Tenden til venstre. Han spelar vidare til Hubert inne i bana, og hurtigtoget set fart aleine mot 6 årdøler. Ser i utgangspunktet noko vrient ut, og i mangel på pasningsalternativ skyt hubert frå minst 26 meter. Han får stjernetreff, og ballen fyk i mål heilt ute med keeper sin venstre stolpe! Eit vanvittig skot av Stryn sin nr 9!
40'
Frisparket går rett i klypene til keeper Paulsen. Ufarleg.
40'
Frispark til Årdal utanfor hjørnet av Stryn sin 16-meter.
38'
Frispark til Stryn frå høgresida. Trym Øvreberg slår inn, men keeper får boksa den til pises.
35'
Mål!
1-2
Har du sett på maken! Årdal kontrar etter Stryn sin kjempesjanse, og plutseleg er Elias Mittet fri litt til høgre for Stryn sitt mål. Upressa set han ballen nede til venstre utan sjanse for ein frustrert keeper Erik Paulsen.
35'
Hubert Wdowiak nær ved å sende Stryn i føringa! Dreg til frå hjørnet av 5-meteren, men rett på ein stødig keeper Dyngeland!
34'
Ein tur innom sosiale medier. Per Ole Tenden sit i sekreteriatet under NK cup i handball i Strynehallen, og Marius Flo gledar seg til Madrugada-konsert på Hoven i kveld. Kalle Årskog skal opp i ein badestamp, og Benny Hammer kjem med ei løysing på støy-i-sentrum-debatten i Stryn.
31'
Årdal sin trenarduo, Morten Brandsdal og Ole Gunnar Hunderi, har scora ca 2000 mål i sine karrierer. Der bor ufatteleg mange mål i den duoen der. Spørsmålet er om dagens Årdal-mannskap kan varte opp med samme giftigheita framfor Stryn sin keeper.
28'
Bølgar litt fram og tilbake her no. Begge lag angrip med tempo i overgangane, og det er eit jamnare kampbilde etter at Stryn kom best i gang.
25'
Årdølene kan også slå gode cornerar, men Vegard Hopland ruvar i feltet og headar den vekk.
24'
Årdal meir med no. Nytt bra angrep, som endar med ei bra avslutning via ein stryning til corner.
23'
Corneren er god! Vegard Hopland headar mot mål, og inni mølja står der både stryningar og årdøler. Keeper får tak i den.
22'
Corner til Stryn, dagens første. Trym Øvreberg sin silkefot skal i aksjon.
19'
Mål!
1-1
Stryn og Tajik med eit fryktelig unødvendig balltap, og Årdal kontrar. Nundal dreg med seg ballen, og spelar fint til Lægreid til venstre. Han kjem aleine med keeper Paulsen, og scorar sikkert.
19'
Årdal og Julian Lægreid løsnar sitt første skudd på Stryn sitt mål. Ufarleg skot frå 20 meter, rett i fanget til keeper Paulsen.
17'
Strålande crosspasning frå Trym Øvreberg til vingback Steinar Hauge. Spelar vidare til Wdowiak, men ballen går over dødlinja.
15'
Fy flate pannekake kor mange gode kandidatar her er i kampen om dagens største paraply. Berhard Hole sjølvsagt ein av dei. Vi kjem tilbake med vinnaren seinare.
13'
Stryn og Hubert Wdowiak med annulert scoring! Said Tajik stikk fint gjennom til Hubert, som set ballen sikkert i mål. Linjemann Åmot vinkar for offside, og då var det vel det. Fint spel av heimelaget.
11'
Årdal sin offensive bidrag har så langt vore fråværande. Stryn desidert best i gang i duskregnet på Stryn stadion.
9'
Lang ball opp mot Johannes Tenden, som headar tilbake til Rasmus Tjellaug som befinn seg omtrent på 16-meteren. Tjellaug skyt, men treffet er middels minus. Blir ikkje farleg.
6'
Mål!
1-0
Stryn held trykket på årdølene! Said Tajik har ballen på 17-18 meter, og leitar eigentleg etter einkvan å stikke gjennom. Alternativa var få, og Tajik skyt sjølv. Nydeleg plassert heilt nede med keeper si venstre stolperot.
6'
Etter ei jamn åpning på kampen, tryllar Stryn fram eit nydeleg angrep! Spelar seg lekkert ut heil frå keeper Erik Paulsen, via midtbana og fram til Hubert Wdowiak som plutseleg er aleine med keeper. Bør score sjølvsagt, men set den liiiike utanfor keeper Dyngeland sin høgre stolpe.
3'
Dommar er ingen ringare enn Tommy Skjerven, dommaren med flest eliteseriekampar i Norge. Bør gå bra. Han har med seg enorm rutine langs sidelinjene: Ragnar Åmot og Muhamet Barlla. Ein trio made in heaven.
Avspark Start 1. omgang
Funfact: ein gong på 80-talet var Nils Petter Hauge (han i Holko og Hauge) toppscorer for Stryn frå sin venstre vingback-posisjon. I dag har Stryn sin toppscorar, Steinar Hauge, fått tildelt samme posisjon. Det kan nok tvinge fram ei lita tåre i augekroken til hans far Nils Petter. Rørande.
Årdal FK har forøvrig hyppige oppdateringar frå dagen på si Facebook-side. Der er bl.a. bilder frå ferja over Sognefjorden og bilder frå oppvarminga.
Årdal sin Truls Hovland er suveren toppscorar i kretsligaen med 10 mål. Han er ikkje med mot Stryn i dag. Det bør vere fordel heimelaget, men dette blir uansett ei tøff batalje.
Stryn har hatt ein noko variabel sesongstart, med nokre gode resultat og ein real skrell mot erkerival Eid. Tapet mot Eid var som eit godt gamaldags sklitakling-brannsår på låret. Det svir. Årdal derimot, har 5 strake sigrar og 15 poeng! Stryn, med sine 8 poeng, treng difor 3 poeng i denne kampen for å henge med topplaga.