Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 8-19. På mål: 2-6.
Spurs var overlegne i 90 minutt i dag, og med litt meir effektivitet hadde dei vunne med endå større siffer. Harry Kane og Dele Alli blei dagens største heltar med to scoringar kvar. Om laget held fram med dette spelet dei fire siste rundene er det ikkje godt å vite korleis Premier League 2015-2016 vil ende.
Tottenham knuser Stoke 4-0 på Britannia og kortar ned Leicester si leiing til fem poeng!
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+2'
Son prøvar seg to gongar på avslutning. Det første blir blokkert, det andre går høgt over mål.
90+1'
Joselu kjem til ein grei sjanse. Avsluttar på volley etter pasning frå Arnautovic.
90'
Nesten 0-5! Chadli får tråkla med seg ballen inn i feltet, men innbytaren går for skot i staden for å bruke ein betre plassert medpelar. Det endar med utspel frå Given.
89'
Mindre buing på Danny Rose også no. Berre ei ekstremt bitter sjel som held det gåande.
89'
Charlie Adam går faktisk for eit skot frå veldig langt hald. Lloris plukkar enkelt.
88'
Dødball til vertane. Skal dei få seg eit trøystemål heilt på tampen?
88'
Småskummelt innlegg inn i Spurs si boks. Ikkje langt unna at Arnautovic når fram på den.
86'
- Oh when the Spurs go marching in, rungar utover Britannia no.
84'
Premier League sitt tetlag Leicester har derimot endå tøffare program dei siste rundene. I tur og orden skal dei ut mot Swansea (h), Man Utd (b), Everton (h) og Chelsea (b). For ei avslutning vi har i vente!
79'
Tottenham kortar altså Leicester si leiing ned til fem poeng. I dei fire resterande kampane skal Spurs møte West Bromwich (h), Chelsea (b), Southampton (h) og Newcastle (b). Fleire tøffe kampar, men om dei held fram det same spelet som dei har vist dei siste rundene kan alt vere mogleg.
76'
Ein skal sjølvsagt rose Spurs mykje for deira offensive fotball, men det Stoke har vist heilt bakerst i dag er rett og slett ikkje Premier League verdig. Å stå høgt med dårleg press på ballførar er ein dårleg resept mot dette kjappe Tottenham-laget.
74'
Mot Manchester United blei det altså tre mål frå det 70. til det 76. minutt. Mot Stoke har det blitt to frå det 67. til det 71., i tillegg til Alli sin utrulege miss.
70'
For ein bom av Alli! Etter nettopp ha scora klarer ungguten å bomme på tomt mål! Alli blir nok ein gong spelt fri i bakrom, og denne gongen vel han å runde Given. Med keeperen sprellande på graset klarer derimot ikkje Spurs sin nummer 20 å putte ballen i mål frå fem meter.
67'
Bojan skjer innover og slepp ballen til Joselu. Han avsluttar på direkten, men sender ballen himmelhøgt over mål.
66'
Afellay prøvar seg på eit skot. Langt utanfor.
66'
Arnautovic lempar ballen inn i feltet, men målvakt Lloris boksar ballen vekk.
65'
Frispark til Stoke etter at Eriksen feller Afellay.
63'
Cameron med eit innlegg som blir greitt plukka av Lloris. Veldig langt mellom Stoke-sjansane her!
61'
Lamela med frisparket. Blir klarert, men Spurs beheld ballen.
61'
Alli prøvar å chippe ballen inn i Stoke sitt felt, men lukkast ikkje.
60'
Joselu får slått inn i feltet frå høgre, men Spurs får ordna opp.
58'
Bortelaget kontrar igjen, men det endar til slutt med eit slags skot som går fleire meter utanfor mål.
57'
Nesten 0-2! Spurs køyrer nok eit lynraskt angrep, og til slutt er det Lamela som får avslutta frå spiss vinkel. Given gjer ei god redning og får avverga til corner.
55'
Godt forsøk for Spurs! Eriksen dempar ballen til Alli som fyrer av frå 14-15 meter. Det engelske stortalentet bankar ballen over mål.
54'
Bojan prøvar å snike seg inn langs kortsida mot Spurs si boks, men misser ballen utover sidelinja.
53'
Stoke prøvar å angripe litt meir no, men det stoppar som regel opp før det rekk å bli farleg.
49'
Danny Rose går ned inne i Stoke sitt felt, men Swarbrick vinkar spelet vidare. Cameron nappar kanskje litt i trøya, men det gjer jammen Rose også. Greitt at det ikkje blir blåst der.
49'
Blir klarert ut i feltet der Afellay står klar. Hollendaren prøvar eit skot, men det går fem-seks meter utanfor.
48'
Stoke med frispark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Tottenham leiar 1-0 til pause etter mål av Premier League sin toppscorar Harry Kane. Gjestane har vore det klart beste laget og kome til fleire store sjansar, inkludert eit tverrleggarskot frå Eriksen. Stoke har hatt initiativ i små perioder, men utan å skape så veldig mykje framover.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45+1'
Kane kjem til avslutning frå skrått hald, men den engelske superspissen treff dårleg og sender markkryparen fleire meter utanfor Given sitt bur.
42'
Det er så nære, så nære! Christian Eriksen blir spelt heilt åleine igjennom etter ein utsøkt hælflikk av Alli, men dansken sender skotet rett i tverrleggaren og ut. Rett og slett eit lekkert angrep.
42'
Så er det Shawcross som prøvar å halde igjen Kane ved å nærast drage av han drakta. Har lagt lista svært høgt her, Swarbrick!
41'
Arnautovic får lagt inn i boksa etter ei flott langpasning, men dessverre for heimelaget har ingen andre i raud og kvit drakt teke turen inn i Spurs sin sekstenmeter.
38'
Landar på hovudet til Vertonghen som headar unna.
37'
Dødball for The Potters.
37'
Lamela får tilsnakk etter å ha kome for seint inn i ein duell.
37'
Spurs kontrar i full fart ved Walker, men innlegget inn i Stoke-boksa blir fanga av Given.
35'
Dembele prøvar seg frå distanse. Ein liten meter over buret til Given. Den var det fart i, gitt!
34'
Kane slår flatt inn framføre mål. Litt for lang ball for Lamela som kjem springande inn i feltet.
34'
Så er det Bojan som blir dytta over ende av Dembele. Domar Swarbrick er konsekvent og let vere å gi gult kort også her.
32'
Lemela slår det påfølgjande frisparket inn i boksa, men Stoke får klarert til corner.
32'
Whelan dyttar ein Kane i full fart over ende. Utruleg at Stoke-spelaren ikkje får det gule kortet av Swarbrick.
29'
Det er vel verdt å nemne at Shay Given står sin første Premier League-kamp for sesongen ettersom førstekeeper Jack Butland er skadd. Den 23 år gamle danske Jakob Haugaard har stått dei to siste kampane, men har blitt henvist til benken no.
27'
Nesten for Stoke! Arnautovic cender bort næraste Tottenham-spelar og bankar til frå 17 meters hald. Forsøket går nokså rett på Lloris som reddar greitt.
27'
Farleg innlegg frå heimelaget. Endar med corner.
23'
Dele Alli avsluttar frå vanskeleg posisjon etter eit fabelaktig Spurs-angrep. Kom i høg fart med fleire spelarar der, men presisjonen blei til slutt ikkje god nok.
21'
Stoke prøvar å etablere nokre angrep mot Spurs-forsvaret, men bortelaget ligg kompakt og bra.
20'
Ikkje langt unna at Alli klarer å snappe ballen frå Wollscheid som er bakerste mann. Risikabelt forsvarsspel.
14'
Harry Kane tronar med målet øvst på toppscorarlista i Premier League. Har no 23, eitt meir enn landsmann Jamie Vardy og to meir enn Sergio Aguero.
12'
Alli skyt frå god posisjon. Via ein motspelar og til hjørnespark.
8'
Forbi alle i feltet.
8'
Nemnde Rose blir felt av Shaqiri og Spurs får frispark i veldig farleg posisjon.
7'
Nære på for Spurs! Kane blir spelt åleine igjennom inne i boksa, men trøblar litt med mottaket og klarer ikkje å overliste Given. Dei der set han normalt i kassa!
7'
Heimefansen buar kraftig mot Spurs sin venstreback Danny Rose i starten her. Det skuldast nokre kontroversielle situasjonar Rose var involvert i då han spelte mot Stoke som Sunderland-spelar. Blant anna fekk han Ryan Shawcross utvist ved å overspele i ein situasjon. Dette skjedde faktisk heilt tilbake i 2012, så Stoke-fansen må ha god hukommelse!
3'
Lamela med frispark for Spurs. Blir klarert.
1'
Vi er i gong på Britannia!
Avspark Start 1. omgang
Kevin Friend var eigentleg oppsett som domar til dette oppgjeret, men ettersom det viste seg at han har sympatiar for gulljagande Leicester, blei Neil Swarbrick utpeika i staden.
Harry Kane fekk seg ein smell i oppgjeret mot Manchester United, men er altså fit for fight igjen. Nabil Bentaleb er den einaste førstelagsspelaren som er utilgjengeleg.
Mark Hughes har fått tilbake Arnautovic, Muniesa og Whelan til dette oppgjeret. Erik Pieters er derimot suspendert.
Også Spurs har vore variable i det siste med 3-1-2 totalt. Den siste tida har det derimot vore betring, dei har sju poeng på dei tre seinaste kampane. Førre runde smadra dei som kjent Manchester United med 3-0 etter ei magisk seksminuttersperiode. Borte frå White Hart Lane har det blitt solide 8-6-2 hittil.
Heimelaget Stoke er på si side plassert på 9. plass, og er dermed langt unna både topp og botn. Forma er heller ikkje all verden å skryte av. På dei seks siste har dei 2-2-2, og sist blei dei smadra 4-1 av Liverpool på Anfield. Her på Britannia Stadium har dei vore svært variable og vunne sju og tapt seks. Noko The Potters derimot kan glede seg over er at dei har vunne to av dei tre siste mot Spurs. Tilsvarande oppgjer førre sesong enda faktisk med 3-0-siger etter scoringar av Adam, N'Zonzi og Diouf.
Kampen i kveld er sjølvsagt av stor betydning for bortelaget frå London. Ettersom Leicester berre klarde 2-2 heime mot West Ham på sundag, har Spurs no moglegheita til å minke leiinga til fem poeng. Skulle derimot Mauricio Pochettino sine utvalde gå på eit tap i dag, vil gullkampen vere så godt som avgjort.
Hei og velkomen til livedekning av det svært spanande Premier League-oppgjeret mellom Stoke og Tottenham!