TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Chelsea var usedvanleg ineffektive i dag, men klarer likevel å vinne 1-0 over Sporting Lisboa i Portugal. Jose Mourinho sitt mannskap hadde full kontroll før kvilen, og gjekk også opp i 1-0 ved Nemanja Matic. Dei siste 45 minutta var derimot Sporting langt meir med, og anført av ein god Nani kom dei til fleire brukbare sjansar. Chelsea var på si side veldig farlege på overgangar, men samtidig sløste dei fælt mot ein strålande Patricio i Sporting-buret. Det ebba likevel ut med 0-1, og Mourinho har dermed fått sin første siger i Champions League 2014-2015.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Gult kort
Feller ein motspelar bakfrå.
90+3'
Nok ein kjempesjanse for Chelsea! Fabregas speler Salah flott igjennom, men nok ein gong kjem Patricio ut og stoppar forsøket. Vanvittig at bortelaget ikkje har klart å punktere dette oppgjeret for lenge sidan.
90+1'
Hjørnespark
Dårleg slått, men Sporting beheld kula.
90+1'
Sporting pressar på no. Skal dei få ei utlikning heilt på tampen?
90'
God sjanse for heimelaget! J. Silva legg inn frå høgre, og frå sju meters hald sender Montero headinga over.
88'
Nani prøvar seg med eit skot i motsett ende. Like over målet til Courtois.
86'
Nesten 0-2! Willian speler Filipe Luis elegant fri, og backen prøvar eit slags skot. Det snik seg diverre for dei tilreisande ein liten meter utanfor Patricio sin venstre stolpe.
85'
Spillerbytte
85'
Matic speler Costa åleine igjennom, men Patricio kjem snøggt ut og taklar unna kula. Liten tvil om at Sporting sin keper og kaptein har vore kampens spelar!
84'
Hazard og Cedric i duell. Chelsea-spelaren svarar med å kaste vekk ballen. Er heldig som slepp gult kort nummer to der.
83'
Dobbeltbyte frå Marco Silva. Omlag 10 minutt att å gjere det for Sporting!
81'
Spillerbytte
81'
Spillerbytte
81'
Costa kjem seg fri igjen, men han må avslutte under hardt press og frå skrå vinkel, og skotet går i nettveggen. Patricio med god kontroll, der.
78'
Mikel prøvar seg på eit skot. Det endar sjølvsagt over mål.
78'
Fabregas slår inn frå høgre, men innlegget blir reinska unna.
76'
Gult kort
Stoppar Nani kynisk i motsett ende. Den spanske domaren vil nok pådra seg senebetennelse i arma snart om spelarane ikkje roar seg ned her!
75'
Gult kort
Får kortet for overfallet på Hazard.
75'
Cedric klippar Hazard ned bakfrå. Nokså mange stygge taklingar i denne kampen.
73'
Mange frispark og stopp i spelet no.
73'
Silva avanserer langt med kula, men er i ubalanse når han skal avslutte og sender skotet høgt over mål.
72'
Gult kort
Sparkar bein på Nani som er på full fart framover.
72'
Hjørnespark
Sporting får rydda opp.
71'
Spillerbytte
71'
Hjørnespark
Endar med ei heading som blir blokkert til corner.
71'
Willian vinn ein corner for Chelsea.
69'
Fabregas med frispark. Rett i hanskane til Patricio.
69'
John Obi Mikel gjer seg klar til å kome innpå for Chelsea. Mourinho har altså tenkt å sikre sigeren her.
68'
Costa set fart på motsett halvdel, men må nøye seg med eit innkast.
68'
Ein Sporting-spelar går i bakken inne i Chelsea sin sekstenmeter, og størsteparten av stadion ropar på straffe. Domaren seier derimot nei.
67'
Hjørnespark
Chelsea får stanga unna.
66'
Det har vore langt betre takter frå Sporting offensivt etter pause.
65'
Hjørnespark
Blir klarert. Chelsea beheld kula.
65'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
64'
Gult kort
Sporting-spelaren får med seg eit gult kort frå den spanske domaren i det han blir frakta av bana på båre.
64'
Spillerbytte
62'
Ein Sporting-spelar ligg nede etter duellen og får behandling for eit kutt over det eine auget.
62'
Diego Costa og Chelsea kontrar, og Mauricio dyttar spissen overende. Meget kynisk takling, og det bør kome nok eit gult kort.
60'
Nani avsluttar i muren.
60'
Veldig god posisjon dette.
58'
Gult kort
Stoppar Carrillo som kjem i stor fart mot Chelsea sin sekstenmeter. Ivanovic er tydeleg letta over at det berre blei gult kort.
58'
Spillerbytte
58'
Silva prøvar seg frå 17 meters hald. Han må derimot avslutte på halvspretten og skotet går over målet til Courtois.
56'
Sporting svarer med ein sjanse i motsett ende! Ballen dett litt heldig med Nani som står bakerst i feltet, men avslutninga frå den innleigde Manchester United-spelaren går i nettveggen.
55'
Nok ein gigantisk sjanse for bortelaget! For n-te gong i kveld utnyttar Chelsea Sporting sitt store bakrom. Oscar kjem heilt åleine mot Patricio, men keeperen kjem raskt ut og reddar med kroppen. Der skal det vere mål!
53'
Hjørnespark
Patricio plukkar enkelt.
53'
Costa får avslutta i motsett ende, men forsøket blir blokkert til corner.
53'
Nani dett like utanfor Chelsea si boks, men den spanske domaren let spelet gå. Det såg ut til å vere ei feil avgjersle.
51'
Hjørnespark
Endar med ingenting. Ikkje vore så veldig farlege på hjørnespark i dag, Chelsea.
51'
The Blues, som er gulkledde i dag, rullar bra opp og får ein corner.
50'
Nani skjer innover frå venstrekanten sin, men har dårleg oversikt og speler ballen vidare i ingenmannsland.
49'
Heimelaget yppar seg litt dei første minutta her.
48'
Nani prøvar seg frå distanse. Eit bruktbart forsøk, men diverre så skrur ballen vekk frå buret til Courtois.
47'
No er vi i gong igjen på José de Alvalade.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Chelsea leiar fortent 1-0 over Sporting Lisboa etter det som har vore ein underhaldande omgang. Bortelaget har stort sett hatt god kontroll, og utnytta eit svakt portugisisk forsvar ved fleire høve. Mourinho sitt mannskap har hatt fleire enorme sjansar, men den einaste scoringa kom etter ein dødball som Matic fekk heada i mål. Vi håpar at dei siste 45 minutta blir like bra!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
43'
Gult kort
Får til slutt det gule kortet etter fleire lovbrot.
43'
Heimelaget rullar bra opp, og Adrien Silva får avslutta frå god posisjon. Skotet går i ein motspelar og misser fart, før det humpar inn til Courtois.
42'
Chelsea speler seg nok ein gong elegant gjennom eit passivt Sporting-forsvar, men Schürrle er litt for hissig på å springe og blir avvinka for offside.
39'
Chelsea kjem seg nok ein gong fri på høgrekanten, men innlegget blir blokkert.
39'
Nani og Ivanovic gjer som i gamle dager og duellerer litt, men den serbiske backen har rista av seg skada, og gjer det same med Nani også.
37'
Brukbart forsøk frå Sporting. Dei rullar bra opp, og Slimani får snurra rundt i feltet og avslutta. Skotet går diverre for heimelaget nokre meter utanfor. Uansett det beste Sporting har fått til denne omgangen.
36'
Ingenting å seie på at Chelsea har teke leiinga her. Dei har vore det klart beste laget, og også skapt fleire gedigne sjansar.
34'
Mål!
0-1
Chelsea går i føringa på dødball! Både keeper- og markeringsspel er svakt hjå heimelaget, og ein einsam Matic får stå på bakerste stolpe og heade frisparkavlevering frå Hazard i mål.
34'
Veldig mange frispark her no. Stor misnøye frå heimefansen.
33'
Tyske Schürrle kjem for seint i to taklingar på rad, men har hittil sleppt unna det gule kortet. Men det nærmar seg nok!
32'
Schürrle og Chelsea kontrar, men må nøye seg med nok eit hjørnespark.
32'
Sarr slår godt inn i boksa, men eit Chelsea-bein får reinska unna.
31'
Frispark til dei grøne og kvite midt inne på Chelsea sin halvdel.
29'
Carrillo kjem seg plutseleg fri med ballen inne i Chelsea si boks, men ei dårleg berøring gjer at bortelaget kan ta over.
27'
Hjørnespark
Heller ikkje dette hjørnesparket endar med farlegheiter.
27'
Sporting saknar nok sin gamle forsvarskjempe Marcos Rojo her i dag. Argentinaren forlot som kjent klubben til fordel for Chelsea-rival Manchester United i august.
25'
Gult kort
Carvalho riv ned Hazard bakfrå og får eit fortent gult kort.
25'
Om heimelaget er like slappe i det defensive arbeidet resten av dette oppgjeret vil Chelsea ta ein meget komfortabel siger.
22'
For ein bom! Sporting Lisboa sitt forsvarsspel er rett og slett hårreisande, og Hazard kjem seg nok ein gong fullstendig fri på høgrekanten. Han slår flatt inn i boksa, men til trass for at innlegget nærast er ferdigscora klarer Schürrle å avslutte utanfor. Utruleg at vi ikkje har fått sjå ei scoring her endå!
22'
Og så fort eg skreiv det klarer Chelsea å bryte seg igjennom på same vis. Hazard har enormt rom på høgrekanten, men sjølv om innlegget treff Schürrle, klarer ikkje tyskaren å få avslutta godt nok.
20'
Chelsea har vore hissige på å slå i bakrom i starten her, men Sporting Lisboa har vore flinkare til å ta ut dybde dei siste minutta og dermed forhindra gjennomløpingar.
18'
César Azpilicueta er i oppvarming her. Ivanovic må nok ut.
17'
Ivanovic slit med ei skade her.
16'
Hjørnespark
Ballen dett ned i feltet, før det til slutt blir vinka av for ein korrekt offside på Terry.
16'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
15'
Nære på for Chelsea igjen! Oscar vartar opp men ein stikkar bak Sporting-forsvaret til Schürrle, men Patricio kjem kjapt ut og gjer målet lite for tyskaren før han får stoppa forsøket. Corner.
14'
Nemanja Matic har vore involvert i nokre tøffe duellar i starten her. Han har også som kjent ei fortid i portugisisk fotball etter at han blei seld til Benfica etter sitt første opphald i Chelsea.
12'
Sporting og Chelsea har aldri møttest tidlegare i offisiell kamp. Portugisarane har derimot møtt engelsk motstand ved fleire høve, og statistikken her er 9-3-7 på 19 kampar. London-laget har på si side vore på den vestlege delen av den Ibiriske halvøya ved ni tilfelle, og tala her er 7-1-1.
9'
Nytt forsøk i bakrom mot Costa. Avleveringa blir for unøyaktig og Patricio snappar den.
8'
Heimelaget kjem til innlegg frå venstre. Den nye Chelsea-keeperen Courtois er fint ute i feltet og fangar ballen.
7'
Hjørnespark
Blir teke kjapt, men endar med ingenting.
7'
Hazard blir spelt fri på venstrekanten og prøver å slå femogførti grader ut, men forsøket blir blokkert.
6'
På Sporting Lisboa blir det meget spanande å fylgje med midtbaneankeret William Carvalho. 22-åringen var i følgje media jakta på av dei fleste store klubbane i Europa, men det enda til slutt opp med at han heldt fram i Lisboa.
5'
Meget bra start på kampen av dei tilreisande.
4'
Hjørnespark
Endar plutseleg midt i skallen på ein uoppmerksam Cahill, men den forfjamsa midtstopparen må sjå ballen gå over mål.
3'
For ein sjanse! Diego Costa ser ut til å lure offsidefella og kjem heilt mutters åleine med Rui Patrício, men avslutning er ikkje god nok og keeperen får redda til corner.
2'
Av fråverande spelarar kan vi nemne at portugisarane må klare seg utan Rabia, medan Chelsea må unnvere Drogba og Ramires.
1'
Heimelaget sparkar i gong dei første 45!
Avspark Start 1. omgang
Kveldens domar er Antonio Mateu Lahoz frå Spania.
Laget frå Fulham gjekk som kjent til topps i den gjevaste turneringa for klubblag i 2011-2012, i tillegg til at dei vann Europa League sesongen etter. Sporting Lisboa-spelar Nani, som altså er leigd ut frå Manchester United, har også gode minne frå møte med Chelsea i denne turneringa. I finala i 2008 kom han inn som innbytar i ekstraomgongane, og scora også frå ellevemeteren i den påfølgjande straffesparkkonkurransen.
Portugisarane, som blir leia av Marco Silva, har ikkje vore bortskjemde med titlar dei seinaste åra, og vi må tilbake til 2001-2002 for å finne sist dei vann den heimlege ligaen. Den beste innsatsen i dei europeiske turneringane skjedde i 1963-64, då dei vann cupvinnarcupen. Elles enda dei opp på 2. plass i UEFA-cupen i 2004-05.
Chelsea har på si side sett meget sterke ut i Premier League, med tabelltet og 5-1-0 hittil. Siste gongen dei var i aksjon var på laurdag, då Aston Villa blei smadra 3-0. Storkjøpet Diego Costa har slått til frå første spark på ballen, og bøtta inn mål. Brasilianaren, som har vald å spele for det spanske landslaget, starta faktisk si profesjonelle karriere i Portugal. Det skjedde i Braga, der han enda opp med sju kampar, og i tillegg fekk han nokre kampar for Penafiel.
Sporting Lisboa har fått ein skuffande start på Primeira Liga i heimlandet. Laget ligg på 6. plass etter seks kampar, og har berre 10 poeng etter 2-4-0 så langt. I den siste kampen før dagens oppgjer blei det 1-1 heime mot rival Porto.
Begge oppgjera i den første runda i Gruppe G enda med poengdeling og 1-1. Både Sporting og Chelsea rota vekk ei leiing. Portugisarane hadde eit god håp om å få med seg alle tre poenga borte mot Maribor etter mål av Manchester United-innleigde Nani i det 80. minutt, men eit mål imot heilt på tampen øydela for ein perfekt start. Chelsea såg også ut til å starte gruppespelet med siger, men ineffektivitet øydela, og tyske Schalke fekk med seg det eine poenget.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Sporting Lisboa og Chelsea!