TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Hødd tek seg enkelt vidare til 2. runde av NM med ein komfortabel 5-0-siger mot 3. divisjonslaget Spjelkavik. Kampens store spelar, Daniel Notanes Brandal, opna kampen med to raske scoringar, og etter det var det ingen tvil om kva for eit lag som ville avansere. Det stod 0-4 ved pause, men etter kvilen yppa Spjelkavik seg ved fleire høve. Nærast kom Noah Solskjær med eit skot i metallet. På overtid sørgja Brandal for 0-5, og han blei med det firemålsscorar. Ein annan unggut, Martin Håheim-Elveseter, kom også på scoringslista. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-5)
90+3'
Mål!
0-5
Så er det fem for Hødd! Brandal får servert ballen på fem meters hald og avsluttar sikkert forbi heimelaget si målvakt.
90+3'
Håheim-Elveseter ligg nede med krampe. Tek nok på å spele 90 minutt på ei så våt og tung grasmatte.
90+2'
Tøsse dreg seg innover frå venstre og avsluttar med høgrefoten. Rett på målvakta til Spjelkavik.
90'
Tøsse slår inn frå venstre og finn Hjelmeseth inne i boksa, men nok ein gong rotar spissen med mottaket og rotar vekk kula.
90'
Hjørnespark
Endar med utspel.
89'
Hjørnespark
Heimelaget rotar med ei klarering og Hødd får ein stor sjanse. Keeper Finseth kjem ut og får avverga.
89'
Bra forsøk igjen av Hødd! Bortelaget rullar bra opp og Televik får ballen på bra hald. Skotet går via ein motspelar og til corner.
87'
Stor sjanse for Hødd! Heimelaget rotar med frispelinga bakfrå og Brandal er det vel som får avslutta frå god posisjon. Utanfor.
84'
Spillerbytte
83'
Stor sjanse for heimelaget! Vågnes speler fri Amdam i bakrom og keeper Andersen kjem på halvdistanse. Dessverre set Amdam lobben over mål.
82'
Økland slår inn frå høgre, men forsøket blir blokkert.
81'
Brandal set opp Hjelmeseth i god posisjon, men veteranen slurvar med medtaket og misser ballen.
78'
Spesiell situasjon på stadion. Ein tilskodar ropar og skjenner på ein Hødd-spelar som har banna, noko ein visst ikkje bør gjere med born til stades.
77'
Gult kort
75'
Enorm sjanse for Hødd! Hjelmeseth og Tøsse kombinerer fint inne i Vika si boks, men sistnemnde set utruleg nok skotet utanfor frå fem meters hald.
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Ikkje altfor mykje som har skjedd på grasmatta i Spjelkavik denne andre omgangen. Unntaket har vore heimelaget sine store sjansar.
70'
Blir slått hardt inn, men forsøket blir blokkert.
70'
Brandal vender vekk ein Vika-spelar før han blir felt. Frispark nede ved eine hjørneflagget.
67'
Spillerbytte
65'
Nesten igjen for Vika! Ballen blir slått presist inn frå høgre, og inne i feltet kjem Bakke-Hareide stormande. Han stupheadar ballen over mål frå veldig god posisjon. Slike sjansar må sitte!
64'
Stor sjanse for Spjelkavik! Solskjær får ballen i bra posisjon og avsluttar knallhardt i metallet. Veldig nære for bortelaget.
63'
Langt kast inne i boksa til Hødd, og det er ikkje langt unna at Solskjær klarer å vende opp.
62'
Spillerbytte
60'
Amdam prøvar seg med ein stikkar i bakrom, men avleveringa er for svak og Hødd overtek.
59'
Spillerbytte
58'
Spillerbytte
57'
Heimelaget med alle 11 frå 35 meter og inn no.
55'
Håheim-Elveseter med eit slags skot. Skrur langt vekk frå mål og til eigen høgreback Nersveen.
52'
Hjørnespark
Landar oppå nettaket.
51'
Bra forsøk av Hødd! Televik får lov til å vende opp inne i Spjelkavik si boks, men avslutninga går rett på Finseth.
48'
Bortelaget kjem opp langs høgresida, men ein liten misforståelse fører til at kula trillar utover sidelinja.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar fortent 4-0 over Spjelkavik til pause i 1. runde av NM. OBOS-laget frå Ulsteinvik opna knallhardt og leia med tre mål allereie etter omlag 10 minutts spel. Daniel Notanes Brandal har vore den store helten så langt, men tre scoringar. Vi håpar at Spjelkavik nullstillar seg til 2. omgang og prøvar å skape litt meir trøbbel for Hødd. Forhåpentlegvis kjem det fleire scoringar i kampen.
Slutt 1. omgang Pause (0-4)
45'
Mulac går tøft i ryggen på ein Spjelkavik-spelar rett utanfor eigen sekstenmeter, men domar Alnes Dyb vinkar spelet vidare.
45'
Nersveen har vore veldig aktiv på høgrebacken i starten her.
43'
Mål!
0-4
Brandal med hattrick! Spjelkavik speler vekk ballen utanfor eigen sekstenmeter, og Brandal får ein grei jobb med å plassere ballen forbi Finseth og i mål.
43'
Nersveen med hardt innlegg frå venstre, men etter litt klabb og babb endar det med offside.
41'
Vika prøvar å kontre, men blir raskt stoppa.
41'
Hødd med innlegg frå venstre. Blir klarert.
40'
Hjørnespark
Blir heada unna ved første stolpe, før det påfølgjande innlegget går forbi alle i feltet.
40'
Fin vending av spel frå Håheim-Elveseter. Endar med corner.
37'
Hjørnespark
37'
Hjørnespark
Endar med ein ny corner.
37'
Spillerbytte
37'
Bra forsøk for Vika!
36'
Vågnes blir spelt fri i bakrom, men spissen blir sørgjande åleine og blir til slutt hindra i å skape noko farleg.
34'
Hjørnespark
Spjelkavik får klarert både ein og to gongar før dei til slutt får frispark.
33'
Nære på for Hødd igjen! Brandal og Televik kombinerer fint, men innlegget frå førstnemnde blir blokkert.
32'
Fredrik Dimmen Gjerde blir sitjande på graset og få behandling etter taklinga.
31'
Gult kort
Unge Solskjær kjem for seint inn i ei takling og får kampens første gule kort.
30'
Hjørnespark
Blir heada unna ved første stolpe.
30'
Eit slags innlegg som endar som eit skot og held på å overraske Vika-keeperen. Han må gje til corner.
26'
Brandal får med seg ballen inn i boksa, men blir stoppa.
24'
Bra forsøk for Hødd! Televik legg igjen til Håheim-Elveseter, men frå god posisjon avsluttar han over.
23'
Spjelkavik prøvar å slå i bakrom, men Hødd ryddar bra opp.
21'
Hjelmeseth får avslutta frå god posisjon. Rett på heimelaget sin keeper som har bra kontroll.
21'
Tøsse går innover i feltet med ballen, men blir stoppa før han får avslutta eller gitt den vidare.
20'
Småskummelt Hødd-innlegg som går via ein Vika-spelar før det trillar inn i fanget til keeper Finseth.
11'
Mål!
0-3
0-3! Televik trillar til Håheim-Elveseter som avsluttar via ein spelar og i mål. Dette er allereie stygt for Vika!
10'
Nære på at Bakke-Hareide kjem seg åleine igjennom. Ungguten er under hardt press og når ikkje fram på ballen før Andersen snappar den.
8'
Økland slår inn frå høgre, men heimelaget får klarert.
7'
Andersen speler langt ut for Hødd.
5'
Mål!
0-2
Samme mann doblar like etter! Morgado med eit langt gjennomspel i bakrom der Brandal kjem stormande igjen. Ungguten set ballen sikkert forbi Finseth.
4'
Mål!
0-1
Hødd tek leiinga! Brandal blir spelt åleine igjennom og plasserer ballen sikkert forbi keeper og i mål. Flott stikkar av Televik i forkant der!
4'
Slår hardt inn, men forbi alle i feltet.
3'
Frispark til Spjelkavik utanfor Hødd sin sekstenmeter. Solskjær står klar.
2'
Hødd med småfarleg innlegg. Vika får ordna opp.
Avspark Start 1. omgang
Kveldens kamp blir det fjerde møtet mellom laga i NM-samanheng i nyare tid. Statistikken her er 3-0-0 i favør Hødd. Største sigeren til blåtrøyene kom i 2004 då det blei 9-0. Klubblegenda André Nevstad scora fire mål i det oppgjeret. Sist laga møttest var i 2017, då det blei meir beskjedne 4-1. Kampens siste mål blei scora av Torbjørn Kallevåg, som altså er tilbake i Hødd denne sesongen etter opphald i Lillestrøm, Haugesund og AaFK.
Kampen blir også litt spesiell for Spjelkavik-trenar Kenneth Moldskred. Hareidsdølingen blei ansatt før denne sesongen, og har bakgrunn i blant anna Hødd. I tillegg har han hatt trenarroller i Hareid, AaFK, FK Fortuna og Herd.
På Spjelkavik-laget er det eitt namn som skil seg ut, nemleg Noah Solskjær. Den 22 år gamle sonen til meir kjende Ole Gunnar Solskjær har vore i Ålesund-klubben sidan 2022. Han har ikkje vore like klubbkjær som faren, og har sidan han starta opp i ungdomsfotballen vore innom Clausenengen, Molde, Kristiansund og Sogndal.
I teorien er Hødd store favorittar i dag, men Joakim Dragsten vel å kvile fleire av dei faste spelarane som har hatt eit tøft kampprogram i det siste. Faktisk er over halvparten av Hødd-laget som startar i dag det same som spelte den tidlegare nemnde Hødd 2-kampen. I tillegg er Hjelmeseth, Tøsse, Økland, Morgado og Lillo med for å gje meir rutine til laget.
Ålesunds-laget Spjelkavik held til dagleg til i 3. divisjon avdeling 2. Her ligg dei i skrivande stund på nedrykksplass etter 1-2-3 på dei seks første kampane. Eitt av tapa kom også mot Hødd 2, eit lag som består av Hødd sine rekruttar, samt dei som ikkje får nok kamptrening på a-laget. Nemnde oppgjer enda med 2-1 til Hødd 2 etter mål av Andreas Televik og Martin Håheim-Elveseter. Sigurd Tafjord netta for Vika.
Hei og velkomen til livedekning av dette 1. runde-oppgjeret i NM mellom Spjelkavik og Hødd!