TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet. Ha ein fin fredagskveld vidare!
Avslutningar: 14-6. På mål: 6-0.
Spania sørgjar for den største sigeren i EM 2016 hittil, og 3-0 er ikkje eit mål for lite. Spanjolane dominerte i alt og har i dag vist at dei nok er den største favoritten til å løfte det gjeve trofeet til slutt. Morata ordna to scoringar, medan Nolito laga ei. Laget til Vicente del Bosque er dermed klare for sluttspelet allereie, medan Tyrkia no berre kan håpe på å få ein av dei fire beste 3. plassane.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Spania trillar framleis ball og ventar på at det heile skal vere ferdig.
90+2'
Spania har for øvrig ikkje sleppt inn mål i EM sidan den første gruppespelskampen mot Italia i 2012. Oppgjeret mot Tyrkia er deira sjuande kamp utan mål i mot. Imponerande.
88'
Stor sjanse for Tyrkia! Sahan blir spelt åleine igjennom, men Azpilicueta kjem springande til og forstyrra tyrkaren i å avslutte skikkeleg. Sahan plukkar opp returen også, men sender skotet i nettveggen.
87'
Spania ryddar enkelt opp.
86'
Dødball til Tyrkia. Skal dei få seg eit trøystemål på tampen?
86'
Tyrkia har på si side ei semifinale frå 2008 som sin beste prestasjon. Dei klarde ikkje å kvalifisere seg til meisterskapet i 2012.
84'
Spania jaktar altså sitt fjerde EM-gull. Dei andre sigrane kom i 1964, 2008 og 2012.
81'
Spillerbytte
79'
Ikkje mykje spanande som skjer på grasmatta i Nice no. Spania trillar og sparar krefter, medan Tyrkia ikkje evnar å få til noko.
78'
Malli med ei avslutning. Høgt over mål.
76'
Gonul har tid og rom til å slå eit innlegg inn i Spania si boks, men klarer å sende det til innkast på motsett side.
74'
Nære på at Spania lukkast å brodere seg gjennom Tyrkia sitt forsvar. Innlegget frå Nolito blir stoppa.
70'
Spillerbytte
70'
Spillerbytte
69'
Hjørnespark
Endar med ei heading frå skrått hald som Babacan held greitt.
69'
Bruno dreg til med venstresleggja frå distanse. Babacan må ned i hjørnet for å redde. Godt forsøk, det!
64'
Spillerbytte
64'
Dødball til La Furia Roja i god posisjon.
62'
Spillerbytte
61'
Tyrkia skal byte nok ein gong.
61'
Hjørnespark
Silva får etter litt fram og tilbake avslutta nok ein gong. Like utanfor.
61'
Silva får avslutta frå god posisjon. Via ein tyrkisk spelar og til corner. Godt forsøk det!
60'
Tyrkia får halde litt meir på ballen no. Spania cruisar og ventar til ei potensiell opning byr seg.
58'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
58'
Med 35 minutt att å spele har Alvaro Morata ein god sjanse til å kome inn i hattrickklubben i EM. Sju spelarar har klart dette tidlegare (Michel Platini klarte det att på til to gongar i sine lukkelegare dagar). David Villa var den siste som klarde det då han netta tre gongar mot Russland i 2008.
55'
Inan med innlegg, men nok ein gong headar Spania sine midtstopparar ballen vekk frå farleg område.
53'
Hjørnespark
Blir stanga unna ved første stolpe.
52'
Yilmaz kjem til avslutning etter å ha finta seg elegant fri. Dessverre for Tyrkia sender han ballen høgt over målet til de Gea.
50'
Nære på igjen! Iniesta finn Morata inne i boksa og tomålsscoraren stupheadar ballen like utanfor mål.
48'
Mål!
3-0
Så enkelt kan det gjerast! Iniesta speler fri Alba som slår flatt inn foran mål. Morata har ein enkel jobb med å putte ballen i mål. Det kan sjå ut som om Alba er i offside i det ballen blir slått, men den serbiske domaren har uansett godkjent scoringa.
48'
Tyrkia kjem til innlegg etter fleire trekk innad i laget, men Spania får klarert.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge laga er på veg ut på bana igjen. Tyrkia skal gjer eit byte.
Spania har dominert heile den første omgangen mot Tyrkia, og leiar fortent 2-0. Morata og Nolito har sørgja for scoringane så langt, og om spanjolane held fram med å vere i humør kan dette blir stygge siffer til slutt. Tyrkia har hatt nok med å prøve å forsvare seg, og det må eit skikkeleg fotballunder til om laget til Fatih Terim skal ha håp om å få med seg noko herifrå.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Eit tyrkisk frispark blir slått inn mot Spania si boks, men utan at det endar med noko.
45+2'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her. Spørs om Tyrkia rekk å skape noko på den tida.
45+1'
Hjørnespark
Endar med ingenting, men Spania beheld kula.
45+1'
Morata med eit ekkelt innlegg, sett med tyrkiske auge, frå høgre. Så vidt at ein tyrkisk forsvarar får sklidd ballen unna målområdet.
45'
Pique viser i overkant god sjølvtillit og avsluttar langt utanfor frå distanse.
43'
Det kan bli stygge siffer til slutt om Spania held oppe dette trøkket.
43'
Morata slår hardt inn frå høgre, men Tyrkia får klarert.
41'
Silva slår frisparket inn i boksa, men tyrkarane får rydda unna. Så kjem Spania på bølgje nummer to.
41'
Gult kort
Held i trøya til Iniesta utanfor kortsida på sekstenmeteren til Tyrkia og får eit greitt gult kort.
40'
Berre Spania no. Tyrkia kjem seg knappast ut av eigen sekstenmeter.
40'
Hjørnespark
Silva får ballen flatt ute i feltet, men får så eit skot blokkert.
37'
Mål!
2-0
Spania scorar to mål i løpet av få minutt! Fabregas chippar ballen via eit tyrkisk hovud og i bakrom til Nolito. Celta Vigo-spelaren sklir ballen i nettet forbi Babacan.
37'
Ei allerei tøff oppgåve for Tyrkia har dermed blitt nærast uoverkomeleg.
34'
Mål!
1-0
Morata sender Spania i føringa i Nice! Også den andre scoringa til Spania i dette meisterskapet kjem på heading etter innlegg. Nolito sender i veg ein presis ball som Morata stangar utakbart i nettet. Tyrkarane er i klart overtal inne i boksa, men klarer ikkje å fange opp spanjolane. Svakt forsvarsspel.
34'
Arda Turan, Tyrkia si store stjerne, og som speler i lag med ein haug av spanjolane i Barcelona, har vi ikkje sett så mykje til endå.
33'
Pique blir liggjande etter eit samanstøyt med Yilmaz.
33'
Nydeleg spel av Spania endar med at ein Nolito under hardt press set avslutninga utanfor. God femogførtigraderspasning i forkant.
32'
Ay-Yildizlilar strevar med å halde ballen i laget, både på grunn av aggressive spanjolar og sviktande ballferdigheiter.
31'
Ramos rotar i forsvar og de Gea må ut og klarere unna ballen. Innkast høgt i bana for Tyrkia.
30'
Ozan blir felt av Silva og går i bakken. Tyrkia får ei lita pustepause.
29'
Godt forsøk for Spania! Nolito får tid og rom og fyrer av frå god posisjon. Ein liten halvmeter utanfor Babacan sin venstre stolpe.
27'
Çalhanoglu går sjølvsagt for skot, men ballen duppar litt for seint og de Gea kan sjå at den går over mål.
26'
Turan blir felt og Tyrkia får dødball i grei posisjon. Çalhanoglu har nok førsterett her, med tanke på hans presise frisparkfot.
26'
Mange frispark og stopp i spelet no.
25'
Hakan Çalhanoglu vender enkelt vekk Fabregas og får avslutta frå utanfor sekstenmeteren, men skotet går langt utanfor.
23'
Så kjem tyrkarane på ei kontring med mange mann, men ballføraren viser ikkje godt nok overblikk og speler til ein offsideplassert lagkamerat i staden for å trille ein annan åleine igjennom. Trenar Fatih Terim ergar seg på sidelinja.
22'
Uvanleg mange pasningsfeil i det spanske laget. Så langt har ikkje Tyrkia klart å utnytte dette.
21'
Iniesta blir felt og blir liggjande, men kjem seg til slutt på beina.
16'
Hjørnespark
Silva slår nærast til innkast på motsett side. Tyrkia overtek.
16'
Tyrkia prøvar å etablere eit angrep, men får berre halde på kula nokre få trekk før spanjolane overtek.
15'
Iniesta kjem til skot etter god førearbeid av Silva, men tyrkarane får blokkert.
12'
Hjørnespark
Nære på! Pique kjem heilt åleine på ballen, men headar den i bakken og over mål. Ikkje imponerande markering av Tyrkia der.
12'
Eit innlegg frå Alba blir sendt i stolpen av ein Tyrkia-spelar. Nesten sjølvmål, det!
10'
Dårleg rytme over det spanjolane har føreteke seg hittil. Tyrkia står godt i mot.
9'
Gult kort
Kina-proff kjem med ei hand i halsen på Busquets som går rett i bakken. Kampens andre gule kort før det er spelt 10 minutt!
8'
Tyrkia prøver ei kontring, men Yilmaz blir avvinka for offside.
7'
Hjørnespark
Tyrkarane får klarert nok ein gong.
7'
Morata fyrer av frå distanse. Babacan har derimot full kontroll og får dytta ballen ut til corner.
5'
Fleire tøffe taklingar på rad her no. Domar Mazic let spelet gå.
4'
Hjørnespark
Blir teke kort til Silva. Manchester City-spelaren slår inn, men Tyrkia får klarert.
2'
Gult kort
Ramos stoggar ein overgong og får det gule kortet allereie etter eitt minutts spel. Litt meir ivrig med kortstokken den serbiske domaren der enn kva tilfellet har vore elles i turneringa.
Avspark Start 1. omgang
Serbiske Milorad Mazic er hovuddomar i dette oppgjeret.
Kveldens oppgjer på Stade de Nice blir det 10. møtet mellom laga gjennom tidene. Ikkje overraskande leiar spanjolane statistikken. 5-4-1 er tala her. Tyrkia sin einaste siger kom heilt tilbake i 1954, då dei vann 1-0 i VM-kvalifiseringa.
Ay-Yildizlilar, Halvmånestjernene, gjer på si side ei endring sidan sist. Cenk Tosun har måtte vike plass for Burak Yilmaz, som måtte trudde skulle starte også den førre kampen. Han speler til dagleg for Beijing Guoan, men har tidlegare vist seg litt frå i Champions League for Galatasaray.
La Furia Roja stiller uforandra frå den første runda. Det betyr at spelarar som Thiago, Pedro og Koke må finne seg i å byrje kampen på innbytartribuna.
Tyrkia tapte på si side 1-0 for Kroatia dagen før, etter ei herleg volleyscoring av Luka Modric. Tyrkarane sleit i store delar av oppgjeret og hadde veldig lite å kome med offensivt med unntak av ein god sjanse til Arda Turan i byrjinga av oppgjeret. Skal dei ha noko som helst håp om poeng i dag må det offensive spelet betrast.
Spania tok ein slitesiger mot Tsjekkia på måndag, og Vicente del Bosque måtte vente heilt til det 87. minutt før han fekk sett ei scoring. Gerard Pique stanga inn kampens einaste mål etter ei utsøkt pasning av lagkamerat i Barcelona, Andres Iniesta.
Kroatia og Tsjekkia har som kjent spelt 2-2 i den andre kampen i Gruppe D i kveld, i det som bokstaveleg tala blei eit fyrverkeri av ein kamp. Det betyr at spanjolane er garantert vidare spel med siger i dag. Om så kan skje vil Tyrkia gå på sitt andre tap og dermed vil det einaste håpet vere å slå Tyrkia i den siste kampen og så eventuelt bli blant dei beste trearane.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Spania og Tyrkia!