TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Da var tidenes lengste Premier League-sesong ved vegs ende, men heldigvis er det berre 48 dagar til neste sesong sparkast i gang, 12. september. Da gjestår det berre for meg, Andreas Hellenes, å takke for følgje!
Sheffield Uniteds nordmann, Sander Berge, spelte samtlege minutt for bortelaget i dag. Nordmannen fekk moglegheita i ei djup midtbanerolle og gjorde ein solid prestasjon i første omgang. I andre omgang var Southampton overlegne, og da vart Berge usynleg både med og utan ball. Det blir særs spanande å følgje med på hans utvikling, og ikkje minst kva posisjon og rolle han vil få i Sheffield United neste sesong.
Southampton avsluttar tidenes lengste Premier League-sesong med ein råsterk omgang på heimebane. Hasenhüttl sine menn gjekk til pause med 0-1 i sekken, men etter to scoringar frå Adams og ei scoring frå Ings i andre omgang så vinn dei 3-1. Dagens tre poeng fører til at dei klatrar forbi Everton på tabellen, og avsluttar på ein sterk 11.-plass. Sheffield United ender sjølv på 9.-plass, ettersom at Arsenal passerer dei på tabellen etter dagens Sheffield United-tap. Likevel bør opprykkslaget frå i fjor vere meget fornøgde med ein 9.-plass.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Gult kort
Kampens første kort i kampens nest siste minutt.
90+2'
Fire tilleggsminutt for Ings til å komme seg opp på toppen av toppscorarlista i lag med Vardy.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Ings er berre eit mål bak Vardy på toppscorerlista for augeblikket. Heimelagets nummer 9 jaktar ei siste scoring for sesongen på St Mary's no.
90'
Fleck svingar inn eit frispark som Southampton får klarert.
89'
Romeu feller Fleck i god innleggsposisjon.
88'
Hjørnespark
Denne gongen blir corneren slått på bakerste, men da kjem Henderson ut å plukkar.
87'
Hjørnespark
Clarke står nok ein gong på første og headar ut til ny corner.
87'
Hjørnespark
Clarke headar ut til ny corner frå første stolpe.
85'
Spillerbytte
84'
Mål på straffe!
3-1
Ings er kald, og set inn sitt 22 mål for sesongen! Henderson går riktig veg, men straffa til Ings snik seg fordi sisteskansen, og ned i straffetakarens høgre hjørne.
83'
Straffe!
Ings leggast på ulovleg vis i bakken av innbytter Norwood. Skal Ings ta straffen sjølv og jakte toppscorartittelen eller lar han Adams få moglegheita til å fullføre eit hat-trick?
80'
Spillerbytte
79'
Southampton styrer no mot sin andre siger mot Sheffield United denne sesongen. På Bramall Lane tidlegare denne sesongen vant dei 0-1, og i dag leiar dei 2-1 med tolv minutt igjen av oppgjeret.
77'
Hjørnespark
Lundstram headar unna på første stolpe.
71'
Mål!
2-1
Adams i fyr og flamme for augeblikket! Walker-Peters avanserar opp høgresida, og skjærer inn før han avsluttar med venstrefoten frå utsida av bortelagets 16-meter. Skotet går midt i magen på Egan før Adams plukkar opp nedfallsfrukta og dunkar inn sitt andre for dagen.
70'
Spelet er i gang igjen, og Wilder har gjort eit spissbytte. Kaptein Sharp går ut, og Clarke har komt inn.
69'
Spillerbytte
68'
Midlertidig stopp i spelet når hovuddommar bles av for drikkepause.
64'
Hjørnespark
Klarerast.
63'
Enormt forsvarsspel frå Robinson! Ofrar både kropp og sjel når han kastar seg inn framfor Adams, og får blokkert den engelske spissen si avslutning rett framfor Sheffield United-målet. Utan Robinsons modige forsvarsspel hadde nok Southampton tatt leiinga.
61'
Sharp er plutseleg fri innanfor 16-meteren til Southampton når McCarthy spelar ballen rett i beina på bortelagets kaptein. Men i staden for å skyte, så forsøker han på merkeleg vis å runde Southamptons sistekanse. Romeu gjer ei strålande sklitakling og får stoppa Sheffield United-spissen i grevens tid.
57'
Smallbone forsøker eit langskot frå 25 meters hald. Skotet svevar over målet og ut over dødlinja.
54'
Hjørnespark
Rett i henda på Henderson.
52'
Hjørnespark
Klarerast.
51'
Spillerbytte
51'
Mål!
1-1
Adams scorar på sin første sjanse for dagen! Innbytter Smallbone finn Adams i bakrom som tek ei kjapp berøring før han breisider ballen i nærmaste hjørne. Strålande avslutning frå formspissen!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Berge har spelt ein god omgang i sin djupe midtbaneposisjon. Nordmannen har tatt enkle val, og brukt sin gode fysikk til å ligge som eit skjold framfor bortelagets forsvarsrekke.
Sheffield United går til pause med leiinga på St.Mary's Stadium etter ei scoring av Lundstram. Southampton har hatt heile 72% i ballinnhav i kampens første omgang, men likevel er det bortelaget som har hatt dei største sjansane. Stygge balltap frå Hasenhüttl sine menn har gitt Sharp og McBurnie eit hav av rom ved fleire høve. Heldigvis for Southampton har McCarthy hatt ein god dag på jobb, og sørga for at det berre står 0-1 til pause.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+4'
Hjørnespark
Klarerast.
45+3'
Southampton trillar og trillar, og til slutt får dei hjørnespark.
45+1'
Det blir tre tilleggsminutt på St. Mary's Stadium.
45'
Nok ein gong dansar Redmond forbi Sheffield United-forsvaret på høgresida. Innlegget blir heada unna, men ender hos Romeu som skyt frå 25 meter. Spanjolens skotforsøk går over mål.
42'
Hjørnespark
Ballen headast unna på første, men ender hos Smallbone som forsøker eit skot frå drøyt 16 meter. Skotet går utanfor mål, og dermed utspark for Henderson.
40'
Sothampton har hatt mest ball i denne omgangen, men stygge balltap og gode Sheffield United-kontringar har ført til at bortelaget har hatt dei største sjansane.
38'
Redmond køyrer slalåm gjennom heile høgresida til Sheffield United. Redmond kjem seg til dødlinja og prøvar å finne ein lagkamerat framfor mål, men bortelaget får klarert. Imponerande dribleraid frå Southamptons venstrekant.
34'
Hjørnespark
Rett i henda til Henderson.
34'
Monsterredning av McCarthy! Walker-Peters med grusomt balltap på midtbana før Sharp blir spelt fri i bakrom. Sharp finn deretter Lundstram med ei tversoverpasning. Kampens einaste målscorar fyrer laus eit hardt skot med venstrefoten, men McCarthy er lynraskt oppe med sterk venstrehånd som stoppar skotet.
29'
Spillerbytte
26'
Mål!
0-1
Lundstram er iskald når han får sjansen! Stevens svinger inn eit innlegg frå venstre som går via Sharp og til Lundstram på bakerste stolpe. Bortelagets nummer 7 nyttar scoringsmoglegheita til det fulle, og smell ballen forbi Henderson og inn i nettmaskene.
26'
Ings vil vere med på leiken, og 30 sekund seinare blir han også vinka av for offside.
25'
Linjedommar oppe med flagget når McBurnie blir vinka av for kampens første offside.
24'
Etter klabb og babb i feltet får Ward-Prowse avfyrt eit skot som blir blokkert før Sheffield United får klarert.
23'
Kampen er i gang igjen, og Armstrong spelar vidare.
22'
Dagens første drikkepause blir framskunda når Armstrong må ha medisinsk behandling frå heimelagets medisinske apparat.
20'
Mykje bakrom hos begge lag sine forsvar så langt i kampen. Men så langt er det berre Sharp som har klart å utnytte det.
16'
Kampens første skot på mål kjem frå Redmond. Southampton-spelaren avfyrer eit skot frå ca. 20 meter som går midt på Henderson. Keeperen reddar skotet enkelt, og i fast grep.
14'
Sharp brenner gigantsjanse! Kampens første store moglegheit kjem når Sheffield United kontrar etter eit Southampton-angrep. Sharp spurtar frå Vestergaard, blir spelt fri i bakrom, og får halve banehalvdelen for seg sjølv før han avsluttar midt på McCarthy. Den burde formspissen utnytta betre!
14'
McBurnie får tatt ned ballen i motstanderens 16-meter. Spissen er feilvendt, men vender kjapt og skyt. Skotet blir blokkert av ein Southampton-forsvarer.
12'
I kjent stil svingar Ward-Prowse inn eit hardt og presist innlegg, men Sheffield United får til slutt klarert.
12'
Southampton flyttar opp luftskyts frå bakre rekker.
12'
Ward-Prowse vinn eit frispark i duell med Berge. God innleggsposisjon for heimelaget.
9'
Bertrand med eit innlegg som Henderson er ute og plukkar. God innvolvering frå den engelske målvakta.
6'
Fleck kjem seg fri på venstresida, men innlegget mot McBurnie går ut over dødlinja. Svakt frå Fleck som til og med får legge inn med godfoten.
4'
Berge i ei sittande midtbanerolle frå start i dag.
1'
Vi er i gang med siste serierunde av årets Premier League-sesong!
Avspark Start 1. omgang
Kampstart er bare ein liten time unna. Følg med!
Det har blitt diskutert om den storvokste spelaren frå Asker blir brukt i sin beste rolle i Sheffield United. Mannen på 1.95 blir brukt på høgre indreløper, medan han i sine tidligere klubber stort sett har spilt defensiv midtbane. At Berge har fått spele såpass mykje og såpass bra som han har gjort viser at det er ein knakande god fotballspelar vi har med å gjere. Det er dog spanande å leike seg med tanken på Berge i ankerrolla. Da vil den enorme fysikken og fotballferdigheitene kanskje komme enda meir til syne?
Gledeleg for oss nordmenn er at Sander Berge har spelt veldig mykje Premier League-fotball sidan han signerte Chris Wilders lag. Han noterte seg for si første scoring i 3-1 sigeren over Tottenham tidlegare denne sesongen. I tillegg til scoring og storspill noterte han seg også for ei målgjevande pasning i den kampen.
Toppscoreren til Sheffield United er Oliver McBurnie og Lys Mousset. Dei har seks scoringer kvar. Draumen var at førstnevnte skulle bli toppspissen som stod for tosifra antall scoringer for bortelaget. 23-åringen har dog vore i ein del ufordelaktige utenomsportslege situasjoner i løpet av sesongen. Da han likevel klarer å bli klubbens toppscorer, draumer nok Saints-fansen om en «Ollie' McBurnie som er klar til å plukke opp handsken, jobbe enda hardare og score tosifra neste sesong.
Sheffield United har derimot ikkje vore i den formen dei hadde før corona stengte ned all form for fotball i mars. The Blades har vunnet tre, tapt fire og spelt to uavgjorte kamper på sine siste ni. Det er ikkje Champions League-form av dei resultata der, og difor må Sander Berge og hans lag dessverre konstatere at den moglegheita har gått fra dei.
Southampton har vore i strålande form sidan oppstarten. The Saints har vunnet fire, spelt tre uavgjort og berre tapt ein kamp. Tapet kom for Arsenal 25.juni, medan dei blant anna har slått Manchester City.
Toppscoraren til Southampton er Danny Ings. Engelskmannen har faktisk vore eksepsjonell for The Saints og bøtta inn 21 mål i Premier League. Det er enormt sterke tall for ein spelar som spela for eit lag som ligg på 12.plass, og som har scora 48 mål totalt.
Dette er oppgjeret mellom laga som ligg på 12. og 8. plass på tabellen. Southampton kan ikkje bli passert av nokon, men kan med siger eller uavgjort ta igjen Everton som ligg på same poengsum og har eit plussmål betre i målforskjell. Sheffield United kan på si side bli tatt igjen av både Burnley og Arsenal på plassane bak, og kan ikkje ta igjen nokon av laga framfor seg på tabellen.
Velkommen til dagens liveoppdatering av kampen mellom Southampton og Sheffield United.