Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ei fin jul vidare!
Avslutningar: 5-14. På mål: 4-6.
Manchester City vinn fortent 3-1 over Southampton og kortar dermed ned Liverpool si leiing til sju poeng. Alle scoringane kom i 1. omgang. Først sendte David Silva bortelaget i føringa, før Højbjerg utlikna etter rot i City-forsvaret. Like før pause sendte Ward-Prowse ballen i eige mål til 1-2, og så dobla Agüero leiinga med eit godt hovudstøyt. Også etter kvilen hadde laga, og i sær City, store moglegheiter til å putte fleire i kassa. Alex McCarthy var dagens beste Southampton-spelar og hadde fleire gode redningar. Like før slutt blei også ein overtent Højbjerg utvist etter å ha gått stygt inn i ei takling på Fernandinho.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
City prøvar å kontre, men Sterling klarer ikkje å nå Jesus med pasninga foran mål.
90+1'
31.381 tilskodarar på St. Mary's i dag.
90+1'
Ward-Prowse treff Long inne i boksa, men headinga frå fem-seks meters hald går over. Bra sjanse, det!
90'
Laporte dyttar Long over ende bakfrå. Frispark til Soton i grei innleggsposisjon.
89'
Gjestane trillar berre ball her, og begge laga ventar nok på at domar Tierney skal blåse det heile av.
84'
Ikkje altfor mykje som skjer utpå grasmatta i Southampton no. Bortelaget har full kontroll.
80'
Stor sjanse for bortelaget! Mahrez kjem seg inn i boksa med ballen etter ei kontring, men McCarthy er på rett plass og får blokkert skotet.
78'
Ward-Prowse med frispark for heimelaget. Slår det inn i boksa, men City får rydda unna.
77'
Citizens held fram med å trille ballen. Southampton med alle mann på eigen halvdel.
76'
Gabriel Jesus står så langt med tre scoringar i Premier League denne sesongen.
73'
Skummelt innlegg i City si boks. Dessverre for heimelaget kjem dei ikkje til avslutning.
72'
Gabriel Jesus står klar til å kome innpå for City.
69'
Manchester City med 81% ballinnehav i 2. omgang!
66'
Sterling går i bakken inne i Southampton si boks, men domar Tierney vinkar spelet vidare. Valery tek nok City-spelaren der, så det burde nok ha blitt ei straffe!
64'
Nesten for City igjen! Bortelaget kontrar og Sterling sender i veg eit svakt skot som i staden blir ei bra pasning til Agüero. Argentinaren får avslutta, men ballen går berre i ein Soton-spelar.
64'
Dødballen blir mislukka. City kontrar.
63'
Ironisk jubel frå heimefansen når Charlie Austin får frispark. Ward-Prowse skal slå det inn i boksa.
61'
Mahrez dreg seg innover og avsluttar. Via ein Soton-spelar og til corner.
59'
Avslutning, Sergio Agüero - Manchester City
59'
Nesten 1-4! Agüero vender hurtig opp inne i City si boks og sender ballen i metallet og over. Det ligg definitivt fleire City-scoringar i lufta her.
55'
Ny stor sjanse for City! Sterling blir spelt fri inn i boksa, men frå kort og skrått hald klarer han ikkje å overliste McCarthy. Soton sin sin sisteskanse har spelt ein meget god kamp så langt.
55'
Heimelaget prøvar å slå langt mot innbytar Redmond, men han misser ballen umiddelbart.
53'
David Silva slår inn og treff Laporte, men midtstopparen sender headinga høgt over mål.
51'
Stephens får stoppa Sterling som nok ein gong er på farta inne i boksa. Hjørnespark.
50'
Nære på at Sterling får spelt Mahrez åleine igjennom. Eit Southampton-bein kjem i vegen.
49'
Sterling set fart på venstresida og kjem seg inn i Soton si boks, men han får verken avslutta eller lagt inn.
47'
Højbjerg får avslutta frå utanfor boksa. Ederson har god kontroll og ligg nede og ventar på ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein hektisk 1. omgang på St. Mary's Stadium er over. Manchester City tok ummidelbart grep på oppgjeret og David Silva avslutta eit bra angrep med å breiside ballen i mål. Bortelaget pressa på for scoring nummer to etter dette, men så klarte Southampton å kjempe seg tilbake i oppgjeret igjen. Højbjerg utnytta svakt forsvarsspel og banka inn 1-1. Minutta før pause tok det så av endå meir. Først var Ward-Prowse innblanda i ein situasjon der han meinte han blei snytt for straffespark, før han like etter putta ballen i eige mål etter innlegg frå Sterling. Det siste som skjedde før domaren bles av var så at Agüero nikka inn 1-3 etter eit godt innlegg av Zinchenko. Dette blir tøft for Southampton, men i fotball er alt mogleg!
Slutt 1. omgang Pause (1-3)
45'
Ward-Prowse går i bakken inne i City sin sekstenmeter, men blir vinka opp av domar Tierney. Zinchenko går i ryggen på Saints-spelaren, men domaren meiner altså at det ikkje kvalifiserer til noko som helst. Den situasjonen vil nok bli diskutert.
43'
Agüero får ballen inne i boksa og prøvar ei hurtig avslutning, men det endar med eit skikkeleg sleivtreff frå argentinaren og Saints kan overta.
42'
Litt meir stress å spore blant City-spelarane no. Dei såg ut til å ha fullstendig kontroll på kampen, men så gav dei frå seg både initiativ og leiing.
41'
Målet var for øvrig Højbjerg sitt tredje i ligaen denne sesongen, og den første sidan 17. september.
39'
Southampton kontrar. Endar med corner.
37'
Southampton utliknar! Manchester City har spelt med mykje risko i forsvar og til slutt straffar det seg. Zinchenko har dårleg oversikt i det han mottek ballen og misser den til ein aggressiv Højbjerg. Dansken tek med seg ballen inn i boksa, tek eit par finter og bankar den forbi Ederson. 1-1!
36'
Silva kjem seg på beina att etter ein liten tur på sidelinja.
35'
Bernardo Silva ligg nede. Stopp i spelet.
35'
Klart betre takter frå heimelaget no.
33'
Ward-Prowse slår innover i boksa, men City får rydda unna.
33'
Frispark til heimelaget.
32'
Højbjerg får stå med ballen inne i boksa, men får ikkje nok tid til å avslutte.
31'
Austin prøvar å stikke i bakrom, men er fleire meter i offside. Lite som stemmer offensivt for det nykomponerte Saints-laget.
30'
Iskaldt av Ederson endå ein gong. Fintar vekk ein motspelar rett foran eige mål.
29'
Ward-Prowse slår inn mot boksa til City, men ballen går forbi alle. Sjeldan Southampton-tur på City sin halvdel.
28'
Sterling på farta igjen. Blir spelt fri til venstre og dreg seg innover i bana. Kjem derimot ikkje til avslutning.
27'
Targett ligg nede for litt behandling.
26'
Veldig nære 0-2! Sterling får ballen bak Saints-forsvaret og legg flatt inn foran mål, men frå fem meters hald klarer ikkje Agüero å overliste McCarthy. Kjemperedning av målvakta.
25'
Avslutning, Sergio Agüero - Manchester City
25'
Southampton er knapt over på City sin halvdel. Konstant press frå Pep Guardiola sitt mannskap.
25'
Danilo legg flatt inn foran mål, men heimelaget får beina ballen vekk nok ein gong.
23'
Nære på for City igjen. Laporte avanserer med kula og prøvar eit veggspel inne i Southampton si boks, men utan at det endar med avslutning.
20'
Bra moglegheit til City! Mahrez får ballen i god posisjon og prøvar ei avslutning, men ballen skrur utanfor målet til McCarthy.
20'
Iskaldt pasningsspel av bortelaget i eigen femmeter. Southampton jagar, men dei klarer likevel å spele seg ut.
19'
Avslutning, Riyad Mahrez - Manchester City
19'
David Silva vinn ballen høgt i bana og prøver å sende i veg ein stikkar til Agüero. Ein Southampton-spelar får derimot ordna opp.
17'
The Citizens held fram med å presse. Tydeleg at dei går for scoring nummer to så raskt som mogleg.
14'
David Silva er for øvrig oppe i seks scoringar i ligaen denne sesongen.
9'
Sjanse spolert for Southampton! For ein miss! Elyounoussi speler Austin åleine igjennom med ein nydeleg stikkar, men spissen rotar med medtaket og misser ballen til Ederson. Den bør han utnytte betre!
8'
Ralph Hasenhüttl har som kjent gjort mange endringar på laget. Blant dei er Charlie Austin på topp. Austin, som kjem inn for førstevalet Danny Ings, har berre to scoringar så langt i Premier League denne sesongen, men til gjengjeld har desse kome på dei fire siste kampane.
5'
Avslutning, David Silva - Manchester City
5'
Kjempesjanse for City! Danilo misser ballen farleg til Sterling som legg igjen til David Silva inne i boksa. Frå kort hald avsluttar sistnemnde på direkten, men McCarthy gjer ei strålande redning.
5'
City pressar på no.
4'
Sterling blir spelt fri bak Saints-forsvaret, men blir korrekt avvinka for offside.
2'
Mahrez får eit innlegg blokkert. Corner.
2'
Southampton er aggressive i starten her. Tydelegvis mange som vil vise seg fram!
1'
Domar Paul Tierney bles i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Det blir spanande å sjå Mohammed Elyonoussi tilbake i startoppstillinga for heimelaget. Han startar sin første kamp sidan møtet mot Newcastle 27. oktober.
Manchester City har hatt eit godt tak på Southampton dei siste sesongane, og vi må tilbake til 2006 for å finne førre gongen The Saints vann. Sist sesong enda tilsvarande oppgjer med 1-0 til City etter eit Jesus-mål heile fire minutt på overtid. Møtet mellom laga tidlegare denne sesongen blei derimot langt mindre jamt, og dei lyseblå gav seg ikkje før det stod 6-1 på resultattavla.
Pep Guardiola må på si side unnvere Benjamin Mendy, Claudio Bravo og suspenderte Fabian Delph. Kevin De Bruyne er heller ikkje med i troppa etter å ha fått seg ein smell. Forhåpentlegvis er han tilbake til oppgjeret mot Liverpool.
Heimelaget må klare seg utan blant andre Ryan Bertrand og Michael Obafemi i dagens match, medan både Mario Lamina og Pierre-Emile Højbjerg er klare for spel igjen. Sistnemnde var suspendert førre kamp.
Southampton ligg på si side meget utrygt til, på plassen over øvste nedrykksplass. 2-1-3 er tala på dei seks seinaste oppgjera til laget frå Hampshire. Under den nye manageren Ralph Hasenhüttl har det blitt to sigrar og to tap. Mest imponerande var trepoengaren mot Arsenal, der Charlie Austin scora det avgjerande målet fem minutt før ordinær tid var ute.
Utgangspunktet for bortelaget frå Manchester er enkelt i dag. Med Liverpool sin knusande 5-1-siger over Arsenal i går kveld er laget til Pep Guardiola heile 10 poeng bak. Den avstanden bør minkast på så fort som mogleg. Det er ikkje dermed sagt at det blir ei enkel oppgåve å få til, for Southampton har vist mykje bra i det siste, trass i tap for West Ham førre runde. I tillegg er City inne i si svakaste periode på lang, lang tid. To strake tap er ikkje kvardagskost for dei regjerande meistrane. Tre av dei fiste siste ligakampane har enda med 0 poeng.
Hei og velkomen til livedekning av dette meget spanande Premier League-oppgjeret mellom Southampton og Manchester City!