Referat
Kun høydepunkter
Då er kampen slutt - og Sola leverer årsbeste. Laget produserte fleire store sjansar, og hadde i tillegg to avslutningar i stolpen. Førde har tatt to poeng og står med 4-24 i målforskjell på bortebane denne sesongen. Då blir det meget vrient å spele på dette nivået til neste år. Takk for følget!
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+3'
Førde med 3-15 i målskilnad siste fire kampane, og Førde-leiren må berre erkjenne at dei er eit stykka unna 2. divisjonsnivå akkurat no. Tabelljumbo Sola blir tre nummer for store her.
89'
Eriksen prøver å vippe over keeper, men blir redda.
80'
Hellestø slår inn til Eriksen som nikkar i kryss-stolpen! Svært nære 3-1 der!
78'
Melhus avsluttar med hovudet, frå 7-8 meter. Rett på keeper.
61'
Eriksen tek på seg Sola-drakta på benken, og skal inn for vertane. Han får sine planlagde 30 minutt i ettermiddag.
46'
Vi er igang med siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då går laga til pause på stillinga 2-1. Sola har hatt flest sjansar, medan Førde scora på sin første moglegheit i oppgjeret.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
42'
Myhre legg 45 grader ut til Hellestø som klinkar til. Skotet blir blokkert.
41'
Sola med 2-3 halvsjanser på rappen, men ingen nettsus på ballen denne gongen.
33'
Viktig scoring for gjestene, som no tenner nytt liv i tre poeng!
29'
Førde-skot frå 24 meter. God retning - men over.
27'
- Vi må elske utfordringa vi no har fått, var Førde-trenar Julian Madsen sin klare beskjed etter 1-5 mot Fana sist helg. No har laget fått seg ein ny case å tygge på siste 65 minutta av kampen.
24'
Nesse skaffar Sola ny corner.
19'
Nok eit bra Sola-angrep. Får hjørnespark.
10'
Draumestart for Sola - marerittstart for Førde!
2'
Førde-anker Simen Melhus er tilbake på ein av sine gamle heimebaner. Han spelte 27 kamper for Sola i 2015-sesongen.
1'
Kampen er i gang.
Avspark Start 1. omgang
Førde spelar i dag i heilkvite drakter, medan Sola i sine gule trøyer - og svarte sokkar og shorts.
Laga på veg ut på bana! Sol og flotte forhold.
Heimelaget har kaptein Vegard Maldal tilbake i midtforsvaret etter karantene. På benken har dei målmaskina Morten Eriksen, som har scora 50 mål på 30 kamper for Sola. Han har også ei karriere i Sandnes Ulf bak seg, der han står bokført med 30 mål på 58 kamper. Ingen tvil om at han veit kor målet står!
Førde-spiss Myrkaskog er gått på lån til Åsane, medan tidlegare kaptein Kvist er ute med karantene.
Rundens botnkamp. Nr. 14 møter nr. 13 på tabellen.
Hei, og velkommen til Firda si liveoppdatering av Sola - Førde!