Referat
Kun høydepunkter
Alt om kampen finn du på firda.no utover laurdagen. Følg med.
Då er kampen slutt, og Florø vinn 2-0. Sola brende opp kreftene tidleg i første omgang, og hadde sjansen to gonger aleine med keeper. Men Frenderup viser klasse i denne opprykkskampen og heldt laget inne i kampen. Dermed var fritt fram i den andre enden, og Aase og Husa ordna måla for Florø. Måndag kveld venter Vålerenga - Nest Sotra, som kan bli ein nøkkelkamp i serieinnspurten. Florø har i alle fall gjort sin jobb i dag. Vi takkar for følget, og FIRDA ynskjer deg velkommen tilbake.
Kamp slutt Slutt (0-2)
89'
Det er lagt til tre minutt.
82'
Dei fem siste hjørnesparka til Florø har vore bak mål. Bokstaveleg talt. Er det vinden?
80'
Lite som skjer akkurat no. Florø har bra kontroll, og styrer mot tre poeng.
73'
Gjestene har bra kontroll på kampen så langt.
73'
Det blir Aase som skyt - rett utanfor!
73'
Florø-frispark på 16 meteren. P.Aase og Husa står klare.
53'
Sjanse for Sola! Florø får ikkje klarert og det skaper problem.
50'
Stor sjanse Florø! Kjem til innlegg frå høgre kant, Vik og Rashad i duell med keeper, men sistnemnde får frispark.
49'
Rotete opning på andre omgang, og Florø-trener Rognsø er ikkje nøgd.
47'
Sjanse for Florø. Rashad får ballen aleine med to Sola-spelarar på midten, vender om og spring frå forsvaret. Skudd rett på keeper.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
44'
Ny stor sjanse for Florø. Målscorar Aase skyt i tverra - igjen!
43'
Gigasjanse for gjestene! Florø kjem tre mot tre, Rashad trillar ballen ut til Solheim Olsen som skyter ballen i tverra og over mål!
41'
Florø skyt frisparket over mål.
37'
Brekkhus mistar ballen på midten, Sola kjem aleine med keeper igjen! Skyt over!
32'
Husa legg inn feltet, men Sola får ballen unna.
29'
Florø får frispark på kanten av 16-meteren. Erlend Hove blir skada i denne situasjonen. Ser ut som det er kragebeinet som har fått seg ein tøff trøkk. Gjestene må bytte.
26'
Lite som skjer no. Mykje ball i lufta og mange dueller. Florø slit med å komme opp på toppnivået sitt første del av denne omgangen.
21'
Sola drøyer tid så fort dei har sjansen. Vil ha ned tempoet i kampen og spesielt keeper Øvernes har god tid i dag.
20'
Ser ut som spelarane slit med å tilpasse seg forholda med mykje vind.
18'
Florø veldig upresise siste tredjedelen, med mange svake pasningar. Kan til dels skyldast vinden.
16'
Florø overtek banespelet og styrer kampen akkurat no. Sola ligg lavt.
14'
Vik blir spelt fri på høgrekanten og legg inn til P. Aase. Han skyt midt på mål, og keeper redder med beina. Nær 0-1 der.
12'
Florø betre med no, etter at Sola eigde ballen og kampen i åpningsminuttane.
11'
Kjempesjanse for Florø! Rashad kjem aleine med keeper, men treff ikkje ballen skikkelig!
8'
Kjempesjanse for Sola! Lang ball opp mot spissen, og Gjermundstad bommer på ballen. Dermed kjem vertane aleine med keeper, men Frendrup leverer ei klasseredning!
7'
Ingen skudd eller sjanser dei første seks-sju minuttane av kampen.
7'
Det er heimelaget som har ballen, medan Florø ligg lavt. Venter dei på kontringar?
5'
Heimelaget har opna klart beste første minuttane. Har ballen mest, og serieleiaren har knapt fått låne den - enno.
3'
Sola prøver å trille litt ball, før dei slår den lange mot fyrtårnet på topp. Florø overtek.
1'
Florø tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Lagoppstillingane er klare, og vi ser at Rognsø plasserer toppscorar Kupen på benken frå start! Ryktene frå Rogaland seier at måltjuven er skada, men vi ser at han er på benken.
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
I førre kamp tapte Sola heile 5-0 mot Nest Sotra. I den kampen fekk midtstoppar Harald Vindenes raudt kort, medan Geir Dahle Høyland fekk sitt tredje gule for sesongen. Begge soner dermed karantene mot Terje Rognsø sitt mannskap.
Florø sin toppscorar er Endre Kupen, og han har scora heile 23 mål denne sesongen. Imponerande!
Etter at Tom Erik Maldal tok over Sola, har vertane fått sving på sakene. Tre av dei fire siste heimekampane er vunne. På topp er målmaskina Morten Eriksen tilbake på laget etter eit lite comeback.
Hei, og velkommen til FIRDA si liveoppdatering av oppgjeret Sola - Florø!