Referat
Kun høydepunkter
Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer alle ein fin kveld vidare om det no er med omkamp eller Tippeliga.
Der er det slutt! Heimefansen i ekstase i ein kamp der tre poeng var svært viktig såg det ut som. Få avslutningar og mange duellar. Sogndal vinn etter ei perlescoring av Haugen etter berre tre minuttar. Viking prøvde, men fekk berre pressa Sogndal i periodar og då er det egentlig heilt greitt at heimelaget tek dei 3 poenga her. Dei same poenga er og forskjellen på laga på tabellen no der Sogndal klatrar opp på 22 og Viking blir ståande på sine 19.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+6'
Femmeter for Dyngeland. 'Thats it' trur eg.
90+5'
I muren frå Tripic faktisk.
90+5'
Blir det Ernemann eller Ryerson?
90+4'
Frispark til Viking på 25 meter. Svært billig!
90+2'
Viking trykkjer på her no, men Udo står i offside på eit oppspel og heimelaget får dratt ned tempo.
90+2'
Viking med frispark, men dårlig slått av Ernemann. Høgt og rett inn i klypene til Dyngeland.
90+1'
Fem minutt tillegg ja.
90+1'
Redning på strek av Sogndal.
90'
Kor mykje tillegg får vi? Kan det bli fem minutt?
89'
Sogndal ser vassar ut på sine overgangar, enn Viking i sitt angrepsspel.
88'
Mandic dreg av Vevatne, men på 13 meter vel han ein tversoverpasning. Det likar heimepublikummet dårlig.
88'
2205 i dag. Framgang.
88'
Oppe igjen no Jensen.
87'
Jensen ligg nede med skade. Ser på reprisen at Ryerson mildt sagt sparkar han nede. Ekstremt svakt av Tennøy å ikkje sjå den.
86'
Fredriksen missar i det han er på veg oppover, men Grodås får kasta seg inn på Høiland og treff heldigvis for heimelaget ballen.
83'
Udo er svært nære på eit innlegg frå Vevatne. Heng i lufta og stangar ballen ein meter til side for mål.
79'
Udo skal inn for Viking.
79'
Ryerson med magisk nedtak i boks. Får ikkje avslutta grunna ei horv av sogndalspelarar framfor han.
78'
Viking trykker på her no, men det er ikkje eit så veldig stort trykk. Blir litt for omstendelig.
76'
Eit kvarter igjen. Skal Viking klare å komme tilbake eller skal Sogndal sette spikeren i kista?
75'
Ernemann prøver seg frå 25 meter, men rett på Dyngeland.
69'
Kronberg klipper ned Kjemhus som stormar oppover. Det må faktisk bli kort det.
69'
Bølgar fram og tilbake her no. Først er Mandic svært åleine på ei kontring, men istaden for å skyte legg han inn og der står Østigård og fangar ballen. I neste sekund er Hallam uheldig på eit mottak som kunn gitt Viking ein gyllen overgang.
66'
Innlegg som Haugen får avlsutta på Austbø.
63'
Steiring må ut og Sogndal må gjere sitt andre byte på midtstopparplass i dag.
62'
Haugen bommar på opent mål frå to meter. Heldigvis for han så var han i offside.
61'
Med regnet får ballen meir stuss i graset og dette bør hjelpe eit spelande vikinglag.
60'
Viking har tatt over fullstendig her dei siste fem minutta. Kan dei halde på trøkket?
59'
Har du sett! Det regnar! Ned dalen kjem det ei skikkelig regnbyge. Første gong på 30 dagar. Halleluja!
58'
God avslutning frå Ryerson som Dyngeland må gje til corner. har Siddisane vakna?
56'
Sogndal byggjer igjen opp på kant, men igjen er ingen i boksen på innlegget.
55'
Steiring tilbake på bana.
54'
Steiring no som ligg nede med skade. Eller er det krampe?
52'
Sogndal har starta andre omgang best.
51'
Rindarøy nede med skade, men ser ut som han kan halde fram.
50'
Salte rotar det nesten til som bakerste mann. Ikkje vore heilt på hugget i dag ungguten.
49'
Sogndal byggjer opp på venstre, men Mandic får ikkje avlsutta innlegget frå Rindarøy.
46'
Det har skya over og vinden har tatt seg opp. Den har Viking i ryggen i denne omgangen så vi får sjå om det kan hjelpe dei mørkeblå.
46'
Viking med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heimelaget vert applaudert inn i garderoben. Har sprunge Viking i senk i denne omgangen og Haugen si perle frå 20 meter skil laga. Bortelaget slit både med kvalitet på det dei gjer og samhandlinga. I tillegg er det tørre kunstgraset ein baug for eit lag som spelar mykje langs bakken. No vatnast det igjen så dei mørkeblå bør bruke første del av andreomgang godt for det kjem til å tørke opp igjen. I tilleg må dei jo avslutte. Det er nødvendig for å få mål. Ingen avslutnignar sålangt frå Viking. Då må det jo stå null i målprotokollen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+5'
Haugen slår ballen i mål med handa. Det er gult!
45+4'
Sogndal med eit langt kast her i sluttsekundane.
45+3'
Viking får til svært lite offansivt. Både innlegg og pasningsspel vert enkelt rydda opp av eit hissig sogndallag.
45+1'
Fire minutt tillegg.
45+1'
Knallhardt, men ein liten meter utafor.
45'
Kjemhus og Haugen står klar.
45'
Frispark til Sogndal på 20 meter.
43'
Sogndal frampå igjen, men innlegget frå Rindarøy går over alle. Heimelaget med initiativet i kampen dei siste minutta.
39'
Nytt innkast og Haugen får til ei avslutning like over.
38'
Sogndal legg litt press på Viking etter eit langt innkast, men ingen avslutning på mål.
37'
Kjente nok trøkken frå i stad. Ser den i reprise no og det ser ut som han får eit kne i tinningen så mogleg det er ein hjernerystelse.
35'
Ser ut som Wæhler må gje seg.
35'
Slit veldig med å finne kvarandre dei mørkeblå. Greitt at ballen trillar treigt, men pasningane og løpa er heller ikkje av høgste kvalitet.
32'
Greitt med litt temperatur for det har vore lite fotball å snakke om så langt i kampen. Framleis berre ei avslutning på mål.
32'
Heile situasjonen blir skapt av Høiland og det er det mange sogndalspelarar reagerer på. Svakt av dommar tennøy å ikkje få med seg slikt og i tilleg har han tre andre dommarar han kan spørre.
30'
Wæhler blir sparka ned og spelet går vidare. Etterpå blir det diskusjonar mellom Høiland og Dyngeland. Begge får gult. Elendig av dommar Tennøy!
30'
No smell det på Haugane. Nesten slåsskamp og midt i begivenheitane, Tommy Høiland!
27'
Høiland i hissig munnpasear igjen, no med Latifu. Tennøy held framleis korta i lomma.
27'
Då var det drikkepause. Ganske høgt tempo i starten av kampen, men no har det daua litt. Heimelaget har fått kampen inn i sitt spor og ligg lågt. Viking slit med pasningspelet på det tørre kunstgraset.
25'
Sjølv med ulovleg vatning så er bana tørr og dette slit nok spesielt Viking med som prøver å få til eit kjapt pasningsspel langs bakken.
22'
Daua litt kampen no. Spørs om vi må ha oss ein drikkepause snart.
20'
To etterslengar av Høiland på Wæhler. Fullstendig unødvendig og dommar Tennøy går nok raskt i lomma viss dette fortsetter frå spissen.
16'
Viking trillar og trillar og Sogndal satsar på kontringar. Mange fine kombinasjonar av Siddisane så langt, men den siste pasninga har ikkje vore god nok. Sogndal derimot har hatt fleire gode overgangar på brudd i Viking sitt midtbaneledd.
15'
Vi passerer eit kvarter og utanom mlet har vi ingen avslutningar verken mellom eller utafor stengene. Tett og jamnt med til tider god fotball har det dog vore.
14'
Mandic blitr tatt og ligg nede, mens Viking kontrar. Dommar lar spelet gå sjølv om Mandic held seg til hovudet og det er godt dømt av Tennøy for vingen har absolutt ikkje nokon hovudskade. Viking viser fine takter på kontringa, men Steiring får klarert.
11'
Hallam med frispark som går forbi alle og ut til femmeter. Skrik på straffe der Salte etter ein duell med Mandic, men det ville vore svært billig.
10'
Schulze meiar ned Thorstvedt midt på Sogndal sin banehalvdel. Heldig som slepp gult der.
9'
Tett og jamnt sålangt. Haugen sitt drøymetreff skil laga.
8'
Faktisk første gong Sogndal leiar 1-0 i ein heimekamp denne sesongen.
8'
Det motsatte kan vi seie om Siddisane frå Stavanger. Langt over 100 tilreisande vikinghordar lagar god stemining her i sola.
6'
Draumestart for heimepublikummet som igjen sviktar laget sitt i antal oppmøtte. Kanskje kjem det over 2000 i dag, men til ein toppkamp som dette og etter tre sigrar på rad burde sogningane være betre til å støtte opp om laget sitt.
1'
Lang ball opp og Haugen vinn faktisk mot Østigård i lufta, men Jensen når ikkje fram på stussen og Austbø kan plukke opp.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana og vi er straks klar for toppkampen mellom Sogndal og Viking.
Og apropo varmt og tørt vær. Det er vatningsforbod i Sogndal grunna frykt for vannmangel, men dette forbodet ser ikkje ut som gjeld kunstgraset på Fosshaugane der vatningsannlegget står på full guff.
Flott vær i dag og! Ifølgje leiaren for Saftkokarane, sogndalfantast og no hobbymeterolog Vidar Vadseth er me no inne på den 25 dagen på rad med over 20 grader i Sogndal. Siste naturlege vanndråpe frå oven var for nøyaktig ein månad sida. Med andre ord deilige dagar for oss som ikkje har skogbrannsløkking og jordbruk som livsnæring. Kanskje og for fotballspelarar som skal sveitta rundt nede på matta i nærmare 30 grader og steikande sol.
Viking har eit relativt bra tak på Sogndal her i saftbygda. Stastikken viser 4-6-7. Tek vi med kampane i Stavanger viser statistikken 4-11-20 så ein kan vel seie at Viking har eit svært godt tak på Sogndal. Sist kamp på Fosshaugane derimot enda 4-0 til heimelaget.
Sjølv om fylkesordføraren har uttalt at det er veldig unaturleg for dei så håpar vi at mange rogalendingar er tilbake og får med seg denne liveoppdatering på nynorsk. Vi er på ca. 1 time før kampstart med lagoppstillingar og anna info rundt kampen. Vel møtt!
Sogndal har og ein U-19 spelar i Johan Hove. Han kom inn og snudde kampen sist mot Levanger så får vi sjå om Bakke finn plass til talentet i startoppstillinga i dag.
Det er forventa at Bjarne Berntsen gjer litt endringar på laget. Jordan Hallam er tilbake etter eit par vekers kvile og det er venta at han går rett inn på laget. Ein reknar og med at det blir eit ungt stopparpar med Salte og Østigård. Dei dannar også midtstopparane til Noreg sitt U-19 landslag.
Sjølv om det er den 12. serierunden så har bortelaget ein kamp mindre spelt enn heimelaget då sist vekes oppgjør mot Florø vart utsatt. Sogndal slo sist Levanger 2-1 etter to seine scoringar. Det var og heimelaget sin tredje siger på rad.
Hei og velkomne til ein tjuvstart på den 12.serierunden i 1.divisjon. Ein skikkelig toppkamp i dag mellom heimelaget som ligg som nummer 3 på tabellen og Viking som er nummer 2. Begge på 19 poeng, men bortelaget med litt betre målskilnad.