Referat
Kun høydepunkter
Stor stemning i Sogndal då dommaren bles av. Sogndal var det beste laget og vant fortent etter ein veldig god andreomgang. Mane bommar på straffe, men ti minutt før slutt så dunkar Bolseth ballen i mål. Viking var veldig skuffande og viste ingenting av det vi såg sist helg mot Brann. Den einaste som kan legge seg med god samvittighet på dagens vikinglag er keeper Jarstein. Sogndal opp på 6.plass i Tippeligaen etter denne sigeren.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
God over tilleggstida no.
90+5'
Enorm sjanse for Viking. Chikere header ned til Bjørdal som er åleine med Dahlin, men Patronen kastar seg inn og får tak i ballen.
90+3'
Sogndal brukar god tid no.
90+2'
Frispark til Sogndal når Chikerer ryggar ned Patronen.
90+2'
4 min tillegg.
90+1'
Barisha står på blank kasse, men ballen sklir av hovudet hans. Der skulle det vore ein anna enn Berisha som avslutta.
90+1'
Innkast til Viking på høgd med Sogndal sin 5-meter.
90'
Viking held fram med å pumpe ballen inn i feltet til Sogndal og har i tillegg flytta opp Lædre Bjørdal.
88'
Grei sjanse for Viking på eit innkast, men ballen går gjennom heile feltet utan at nokon vikingspelar har plassert seg på bakerste stolpe.
86'
Viking pumpar no ballen opp. Spørs om dette er den rette taktikken Jonevret.
86'
Ulrik Flo er særs sliten no, men som vanleg ventar Olsson lenge med å gjere byta sine.
86'
Viking får klarert, men Sogndal beheld ballen.
85'
Frispak til Sogndal ti meter inn på Viking sin banehalvdel. Sogndal flyttar opp stopparane sine.
84'
De Lanlay skyt, men igjen over.
79'
Viking får frispark for holding i feltet.
78'
Ny STOR sjanse for Sogndal. Mane rundar Skogseid og legg ut til Otoo. Han skyt via Sigurdsson til corner.
77'
Thioune med skuddforsøk, men som så ofte før for VIking i dag. Over!
76'
Sagna opp igne og klar når vi no går inn i dei siste 15 minuttane i kampen.
75'
Viking-hordane hyllar Jarstein og det har dei god grunn til i dag.
75'
Thioune inn med knottane fyrst i duell med Sagna. Ingenting meiner Johnsen. Sagna ligg nede framleis og det er stopp i spelet.
68'
Dei to største sjansane i kampen har komme dei to siste minutta. Kan vi håpe på ei sjanserik avslutning på denne kampen?
66'
Viking meir med dei siste 5 minutta. Er det andreomgangsspøkelset som kjem for Sogndal igjen.
65'
Dagens største sjanse. Tabbe av Flo på midten. Sulimani vert spelt gjennom, men Dahlin er ute og reddar avslutninga. På returen fangar Viking ballen mens Dahlin vert liggande skada. Sulimani får ein ny sjanse og avsluttar over mens Dahlin ligg nede. Kunne vorte omdiskutert den der om Sulimani hadde scora.
62'
Kampen bølgjar fram og tilbake. Det er Sogndal som produserar mest, men Viking er ikkje ufarlege. Akkurat no var det eit innlegg frå Olsen som heldt på å gå i mål, men Dahlin hadde nok kontroll på den.
60'
God sjanse for Sogndal igjen. Mane dreg seg inn i bana og frå 14 meter avsluttar han knallhardt. Igjen er Jarstein på plass. Ein veldig god kamp sålangt av vår landslagskeeper.
56'
Ein god sjanse til Viking. Ingelsten vippar ballen gjennom til Sulimani, men Dahln er 10 cm føre østerrikaren.
54'
Ny god sjanse for Sogndal. Mane gjennom, men ventar forlenge og igjen får Sigurdsson blokkert.
53'
God sjanse for Sogndal. Mane driv fram og spelar ein stikkar til Holsæter. Skogseid kastar seg fram og får såvidt stoppa ballen før Holsæter får den.
52'
Fin stikkar til Flo, men han snublar ballen ut over kortlinja. Mulig stryningen var i sjokk over det som kunne blitt kampens fyrste store sjanse.
51'
Høg ball opp frå Viking som Valsvik headar ut. Lang ball opp frå Sogndal som Ingelsten headar ut. Kanskje begge laga skulle prøvd noko anna enn denne taktikken?
49'
Veldig lite som skjer så langt i 2.omgang.
48'
Gyan oppe igjen og Viking spelar ballen tilbake til Dahlin.
47'
Gyan nede med skade og Sogndal spelar ut ballen.
47'
To gode forsvar i fyrste omgang. Så får vi sjå om nokon av laga klarar å bryte gjennom desse forsvara i 2.omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er klar til 2.omgang frå Fosshaugane Campus og der er Sogndal som skal byrje med ballen.
Og der kjem Viking ut på bana til aplaus frå ca. 100 tilreisande siddisar.
Sogndal er allereie ute på bana mens Jonevret har litt meir å seie til sine utvalde.
Pause på Fosshaugane. Sogndal best til å byrje med, men på slutten meir jamnspelt. Med Sogndal sine dårlige andreomgangar skal Viking ha ein god sjans her.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+3'
Olsen med eit skot som går til innkast.
45+2'
Jarstein får eit tilbakespel som han frå vår posisjon klarerar rett framfor beina til Flo. Mulig Jarstein hadde meir kontroll en det såg ut til.
45+1'
Kampens beste sjanse for Viking. Olsen sler inn. Ingelsten headar til Sulimani som nesten får styrt ballen mot mål.
45'
Viking tek kastet kort og prøver å spelet seg fram til ein målsjanse, men Sogndal klarerar.
45'
Patronen klarerar innlegget frå Olsen til innkast på høgd med Sogndal sin 16-meter.
44'
Østerrikaren er oppe igjen.
43'
Sulimani ligg nede med ei skade og det vert stopp i spelet. Spelarane brukar pausa til å få i seg litt væske her i sommarvarmen.
42'
Thione med eit skuddforsøk, men det går over målet til Dahlin.
41'
Otoo prøver seg med eit skot frå 16-meter, men Jarstein er med. Heimepublikummet likar godt det dei ser frå sitt nye afrikanske stjerneskudd.
39'
Mane får tilsnakk av dommar Johnsen etter kraftig munnbruk. Luktar eit kort på senegalesaren viss han ikkje skjerpar seg.
37'
Sogndal ligg litt djupare no og Viking får litt lenger tid med ballen.
36'
Viking klarerar.
36'
Teniste skal kaste langt.
36'
Innkast til Sogndal på høgd med Viking sin 16-meter.
35'
Viking litt meir med no og intensiteten i kampen er absolutt tilstades.
33'
Ingelsten lobbar De Lanlay gjennom. Frå 16-meter avsluttar han igjen over mål.
33'
Mane prøver seg igjen med eit skot, men for ente gang så blokkerar Sigurdsson. Blokkeringa treff og Mane i hovudet slik at han blir liggande, men etter ein kort pust i bakken er senegalesaren oppe igjen.
32'
Då fekk Viking akkurat ein god sjanse. De Lanlay kom seg fri på kant og la inn, men avslutninga gjekk høgt over.
31'
For dei som held med Viking kan vi rapportere om 30 bedrøvelige minuttar. Eit håp for siddisane kan vøre at Sogndal som regel spelar håplause andreomgangar.
30'
Olsen i offside igjen!
30'
Sogndal byggjer fint opp og Flo slår eit innlegg som Sigurdsson må gje til corner. Dommar Johnsen dømmer derimot 5-meter til stor frustrasjon for heimepublikummet.
27'
Innlegg frå Olsen som Ingelsten headar utafor. Ufarleg, men i det minste ein sjanse for Viking.
27'
Sogndal pressar Viking høgt og stavangerlaget har store problem med å spele seg ut.
26'
Så kjem VIking på ein fin overgang. De Lanlay riv seg fri og avanserar innover. Skyt frå ca 20 meter, men høgt over.
24'
Nye gode sjansar for Sogndal. Mane dreg seg fri og skyt i Sigurdsson. Sogndalspelarane ropar på hands, men det var det ikkje!
24'
Sogndal kjører ei kontring med ei gong, men Flo og Otoo blir altfor åleine mot 5 vikingspelarar.
23'
Viking enedeleg med eit visst trykk, men innlegget frå Olsen går rett i klypene på Dahlin.
21'
Sagna får til eit skot, men rett på Jarstein.
20'
Sogndal med innkast høgt i bana og det er ein god sjanse med Teniste sine lange innkast.
20'
Jonevret ropar 'kom igjen nu grabbar!' Spørs om han når heim til grabbarna. Veldig daudt frå Viking så langt.
17'
Høg ball inn som VIking stangar ut.
17'
Frispark til Sogndal 10 meter inn på Viking sin banehalvdel etter ein duell mellom Flo og Gyan.
16'
Klar tale frå Jonevret til Olsen då han går i offside for tredje gong på eit kvarter.
15'
Viking veldig skuffande så langt. Tapar veldig mange duellar sentralt i bana og er også upresise i pasningsspelet.
14'
Heilt klart Sogndal som har begynt best her. No er det Mane som prøver seg på ein stikkar til Otoo, men Jarstein er fint ute å plukkar.
14'
Fine kombinasjonar av Bolset og Holsæter som set opp Mane inne i boksen. Han får tilslutt til eit innlegg som Jarstein går ut for å plukke. Landslagskeeperen held ballen, men så mistar han den. Heldigvis får Viking bles Johnsen eit meget tvilsamt frispark.
9'
Viking og prøver å slå litt langt opp, men Sogndal sine stopparar er også knallsterke i lufta.
8'
Bolseth no på beina igjen og held fram kampen.
7'
Bolseth ligg no nede med ein hovudskade. Stopp i spelet.
7'
Viking med ein god sjanse då Valsvik mislukkast med å bryste ballen ned til Patronen. Sulimani plukkar opp ballen, men avslutninga vert for dårlig.
6'
Det er Sogndal som er mest aggressive i starten av denne kampen.
5'
Innlegg frå Skaasheim til Flo. Han prøver å heade ballen ned til Holsæter, men den blir upresis og går utover sidelinja.
4'
Valsvik slår frisparket høgt opp og Viking sine stopparar stangar ballen ut.
4'
Frispark til Sogndal på eigen banehalvdel, men idag er det ingen Karadas å slå opp på.
3'
Mane rundar Bertelsen lett, men snublar i sine eigne bein og Jarstein kan gjere seg klar til 5-meter.
1'
Endar i 5-meter for Dahlin.
1'
Innkast til Viking på høgd med Sogndal sin 16-meter.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på banen og etter mynt kastet så vert det bestemt at det er Viking som skal ta avspark.
Laga har no gjennomført oppvarminga og er i garderoben for å gjera seg klar til den fyrste kampen i den 21.serierunden. På tribunane ser det ikkje ut som fotball frista sogningane i finværet. Svært glissent, men vi får sjå om det ikkje kjem ein del inn portane dei siste 10 minutta.
Viking-hordane stiller og sterkt til kampen i Sogndal i dag. Allereie har det ankomme ca 50. supporterar og det er framleis 20 minutt til kampstart. Dei siste er vel no då på veg opp til Fosshaugane Campus frå kranane på Lægreidspubben.
Som vanleg så har Sogndal delt ut gratisbillettar til alle nye studentar i bygda. Dersom ikkje studentante har andre ting å gjere på i finværet så vil dei nok fylle opp den eine kortsida.
Viking stiller uforandra frå den imponerande opphentinga dei hadde sist veke mot Brann. Om gutta frå Stavanger held fram storspelet dei viste i 2.omgang der så skal Sogndal sine 11 utvalde få nok å bryne seg på denne ettermiddagen.
Då er lagoppstillingane klare og vi merkar oss at Azar Karadas ikkje startar for Sogndal. Kraftspissen er vorten sjuk og er difor ikkje speleklar. Mahatma Otoo frå Ghana får difor sin debut frå start for sognklubben.
Viking står med 1-3-1 på sine fem siste bortekampar. Sogndal står med same statistikk på sine fem siste heimekampar. Ein U på langoddsen og tippekupongen er kanskje difor ikkje eit dumt forslag framføre kampen i dag. Kampstart er 15.30 og vi kjem tilbake med info om laga ca. 1 time før kampen vert sparka i gong. Vel møtt!
Sogndal har tradisjonelt veldig dårlig tak på Viking. Ein må heilt tilbake til 1994 for å finne sist siger mot laget frå Stavanger. Dei siste fem kampane i Sogndal har resultert i to uvgjorte og tre vikingsigrar
Viking gjorde ei imponerande opphenting sist helg mot Brann. 0-2 vart snudd til ein fullt fortjent 3-2 siger.
Sogndal ligg no trygt forankra på ein 9.plass etter den livsviktige sigeren mot Sarpsborg sist helg. Dette var Sogndal sin fyrste siger sidan 23.juni då ein slo Sandnes Ulf på bortebane. For å finne siste heimesiger må en heilt tilbake til 12.mai då Odd vart slått 2-0.
Med ti kampar igjen å spele kjempar VIking om medalje og med berre tre poeng opp til Aalesund på bronseplass er kvar kamp ein cupfinale for siddisane.
Då vil vi ynskje velkomen til den fyrste kampen i den 21.serierunden av årets Tippeliga. Sogndal tek i mot Viking i strålande solskin i saftbygda.