TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og Viking vinn 2-1 på Fosshaugane! Alt i alt var dei det beste laget, og tek altså ein meget sterk bortesiger. Otoo tende nytt håp med si scoring like før slutt, men sluttspurten kom for seint. Vi takkar for følget, og ynskjer velkommen tilbake!
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+4'
Sogndal i angrep, og Ramsland avsluttar - i nettveggen!
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90+2'
Dette var visst ikkje avgjort likevel!
90+1'
For ein Sogndal-sjanse! Otoo kjem aleine gjennom, men Austbø leverer ei god redning!
90'
Mål!
1-2
Otoo skaper håp på Fosshaugane! Innlegg frå venstrekanten, og Otoo tek den ned på brystet - og klinkar til på halvspretten. 1-2!
89'
Gult kort
For ei takling på ein overgang til Viking.
88'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
88'
Opseth skyt - over!
87'
Gult kort
Protestar.
86'
Opseth får frispark like utanfor sekstenmeteren.
86'
2906 tilskodarar ser kampen.
84'
Sogndal-frispark på kanten av sekstenmeteren. Opseth slår inn, men ballen sklir av hovudet til Otoo inne i feltet.
83'
Dette har Viking full kontroll på.
82'
Hjørnespark
Ufarleg.
82'
Spillerbytte
81'
Heimepublikum reiser seg frå stolane. Eg blir sittande i ti minutt til, så dei vil nok følgje resten av kampen her.
80'
Mål!
0-2
Der punkterer Viking kampen! Adegbenro med nydeleg skot frå 20 meter. Heilt nede i høgre hjørnet for Dyngeland.
78'
Det er Sogndal som styrer banespelet no, men sjansane uteblir.
77'
Otoo i offside for andre gong på to minutt. Spissen fortviler over linjemann.
75'
Spillerbytte
75'
Teniste legg inn i retning Opseth. Får ikkje avslutta skikkeleg, og Austbø kan gjere seg klar frå 5-meteren.
74'
Under 20 minutt att og Sogndal slit med å produsere dei heilt store sjansane. Ein bortesiger ligg i lufta.
72'
Hjørnespark
Heimelaget får kontroll.
70'
Gult kort
På etterskot.
69'
Joda, Ibrahim vart frisk att.
69'
Han får ei støttande hand på veg ut av bana. Spørst om også han blir bra att av å stå på sidelinja, slik som mange andre.
68'
Ibrahim legg seg ned på matta, og treng hjelp. Har ilt.
67'
Spillerbytte
67'
Pedersen kjem aleine med keeper Dyngeland, men touchen er for lang og ballen går ut over dødlinja. Nær 0-2 der!
65'
Hjørnespark
Blir rydda unna på første stolpe.
65'
Sogndal har ei rekkje med 11 kampar utan tap. Skal den stoppe i kveld?
65'
Adegbenro set fart framover og får avslutta frå 13 meter. Rett på Dyngeland.
63'
Spillerbytte
62'
Hjørnespark
Over heile feltet.
62'
Gult kort
For filming - på eigen halvdel (!). Ikkje kvar helg det skjer.
60'
Halvtime att på uret.
59'
Teniste legg Adegbenro i bakken. Frispark. Tek det kort.
57'
I førre heimekamp låg Sogndal under 0-2 mot Glimt - og greidde 2-2. Skal dei komme tilbake i dag også?
55'
Hjørnespark
Trøkk i hjørnesparket, men keeper Austbø får gå opp uhindra.
55'
Hjørnespark
Får ny corner.
55'
Sogndal betre med etter kvilen.
53'
Raitala lagar frispark ute på kanten. Har ikkje herja så langt, venstrebacken frå Finland.
52'
Bra forsøk av Opseth der. Ballen strauk tverra.
51'
Opseth tek frisparket og skyt - like over!
51'
Lukter mål.
51'
Bolseth og Opseth står klare.
51'
Ramsland blir lagt i bakken. Frispark i fin posisjon for heimelaget.
50'
Bringaker med ny avslutning, men hovudstøtet hans går utanfor.
50'
Opseth har gått inn på topp, medan Sveen går ned i 10-ar rolla bak spissane.
49'
Ser tendensar til at Sogndal skal styre andre omgang. Ball i fleire trekk på rad no.
48'
Opseth og heimepublikum vil ha straffe etter at han blir holdt i trøya. Sist gong drakta stod som eit slikt segl, fekk Norge straffe mot Brasil i Marsielle.
47'
Viking stormar rett i angrep! Bringaker avsluttar frå kort hald, men Dyngeland leverer ei kjemperedning!
46'
Viking tek avspark.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks klart for andre omgang.
Då går laga til pause på stillinga 0-1. Det er fortent utifrå banespel og sjansar. Dyngeland har hindra fleire baklengs, med to gode redningar. Blir likevel ein spennande andre omgang - følg med!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Ramsland med brassespark inne i feltet, og midtstoppar Metz får seg ein karamell. Slepp med skrekken.
44'
Moberg har så langt slite med å fylle drakta til Sarr.
42'
Adegbenro testar skotfoten sin etter gammalt. Over!
42'
Scoringa har ikkje endra kampbildet så langt. Viking held fram med å trille ball.
41'
Heilt fortent at Viking er i føringa. Har vore det klart beste laget så langt på Fosshaugane.
39'
Mål!
0-1
Den måtte komme. Sverrisson klinkar til frå distanse. Ballen går i ein bue, og bak ein utspelt Dyngeland!
38'
Dyngeland lev farleg. Tek ballen med handa ute på sekstenmeter-streken. Viking-benken gir beskjed at han er utanfor - dommaren ristar på hovudet.
36'
Dommar Eskås har vore ivrig med kortstokken så langt i sesongen. Nær fire gule i snitt per kamp er mest av alle svartkledde. Denne gongen er Moberg for tøff i duellen, men slepp unna det gule.
35'
Furebotn får ein ball der ein helst ikkje vil ha den. - Hovudskade dommar!, ropar ein tilskodar inn til dommaren og vil ha stans i spelet.
34'
Hjørnespark
Ufarlig.
34'
Nytt forsøk frå Ibrahim! Skot frå 20 meter, men Dyngeland ligg langflat nede ved stolperota. God redning!
32'
Viking er det einaste laget som ikkje har baklengsmål siste kvarteret før pause så langt denne sesongen.
31'
Hjørnespark
Himmelhøgt over alle. Innkast på motsett side.
31'
Heimelaget får låne ballen litt. Kronberg prøver å nikke inn til eigen keeper - utan å lykkast. Får corner.
29'
Ibrahim med ny avslutning. Denne gongen held Dyngeland ballen i sikkert grep.
28'
Framleis Viking som styrer banespelet.
28'
Furebotn legg Aasheim i bakken på kanten. Frispark.
26'
Bolseth er ute på sidelinja og får beskjed frå Bakke. Må nok nokre små justeringar til for å heve laget, ja.
25'
Teniste spring opp Bringaker, og heimepublikum gir fortent applaus.
24'
Danielsen taklar Sveen og Sogndal får frispark. Viking-kapteinen er rasande, og viser dommar Eskås ballen som bevis på at han berre tok kula og ikkje beina på Sveen.
23'
Teniste rotar bort ballen i eige forsvar! Det likar Ibrahim godt, og snappar opp. Han tek to steg og klinkar til. Like over!
21'
Sogndal har meir enn nok med å forsvare seg for augneblinken. Viking styrer alt, og heimelaget ligg med alle spelarane innanfor siste 40 meterane.
20'
Utvik og Teniste hamnar i samme duell ute på kanten. Begge blir utspelt, og Viking kan storme i angrep. Kjem etterkvart til innlegg frå høgre, og Ibrahim nikkar mot mål - utanfor.
18'
Danielsen med svak pasning på tvers, og Sogndal får innkast.
16'
Viking er det førande laget på Fosshaugane akkurat no.
16'
Hjørnespark
Skot frå 20 meter frå Aasheim, men høgt over.
15'
Kjempesjanse for Viking! Adegbenro avsluttar med pannebrasken, og Dyngeland må ta fram sitt aller beste for å redde! Han slår ballen i tverra og ut!
14'
Adegbenro har opna friskt på venstrekanten for Viking. Set fart framover med ein gong han får sjansen.
13'
Viking prøver seg, men blir ikkje det heilt store.
12'
Teniste slår i bakrom mot Ramsland, men ballen skyt fart i det den sprett i bakken. Inn til Austbø.
11'
Keeper Austbø ute på 25 meter, og fungerer som sweeper. Er med i oppbygginga av spelet.
10'
Gjestene trillar ball, medan heimelaget ligg kompakt med alle sine 11.
8'
Kampens første sjanse! Teniste legg inn til Birkelund som nikkar like over.
8'
Birkelund la berre ballen til rette. Raitala tek over, og legg inn i feltet. Der ryddar Viking-forsvaret unna.
7'
Bolseth får frispark. Birkelund står klar ved kula.
5'
Hjørnespark
Svak corner.
5'
Birkelund prøvespelte for Viking i vinter, men er no i Sogndal. Når ein først er igang med artige poeng, kan ein nemne at Ramsland var med Viking på JET-cup som unggut.
3'
Hjørnespark
Over heile feltet.
3'
Furebotn blir spelt fri inne i feltet, men tek ein touch for mykje! Difor blir det berre corner, og ikkje mål.
2'
Hjørnespark
Avklart ut i returrommet. Der er Adegobenro og skyt over frå 16 meter.
2'
Aasheim set fart framover langs høgrekanten. Bra fart i beina, og Teniste må gi slepp. Får corner.
1'
Teniste kastar langt i retning Moberg, men gjestene ryddar unna andreballen.
1'
Bolseth sparkar igang.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Bolseth og Danielsen helsar på kvarandre etter gammalt. Straks avspark.
Heimepublikum reiser seg og spelarane er på veg ut på bana.
På Fosshaugane viser dei Glimt si lagoppstilling på storskjermen. Tydlegvis sommarvikarar som har blinksa med motstandaren.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart på Fosshaugane kl. 2000. Heng med!
Sogndal har 1-5-0 på sine siste seks heimekampar, medan Viking har 2-1-3 på sine kampar borte i same periode.
Viking var i aksjon fredag kveld, og tapte 0-8 mot Arsenal i treningskamp. Så gjenstår det å sjå om kampen sit i beina utover i andre omgang i kveld.
Viking har Zymer Bytyqi tilbake i Viking-laget, og tilgjengelig frå start i dag. I tillegg er Per-Magnus Steiring for første gong å finne i Viking-troppen i ein tippeligakamp. Joackim Jørgensen er framleis ute med skade. Sogndal manlger Hannu Patronen med skade, samt duoen Gilbert Koomson og Lars Christian Kjemhus som er ute med karantene. Dermed er begge kantspelarane til heimelaget på tribunen i dag.
Viking er Tippeligaen sitt nest beste lag på bortebane så langt i sesongen. Her har nemleg laget tatt 16 av sine 27 poeng. Ettersom heimekampen mot Rosenborg vart utsett, blir dette lagets tredje bortekamp på rad.
Vertane har no spelt 11 seriekampar utan tap. Sist gong Sogndal tapte var mot Brann 23. april! Den gamle klubbrekorden var på sju kampar utan tap - frå 2013.
Hei, og velkommen til liveoppdatering av oppgjeret Sogndal - Viking!