Referat
Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og Viking vinn fortent 2-1. Sogndal reduserte på overtid, men det var langt ifrå nok til å sikre seg poeng her på Fosshaugane. Gjestene var eit betre lag og jublar for tre poeng.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+4'
Kjempesjanse for Viking! Berisha kjem åleine med keeper Udjus, og prøver å lobbe over keeper frå 20 meter. Ballen går over!
90+3'
Viking i angrep, og brukar tid.
90+1'
Holsæter avsluttar frå kort hald. Corner.
90+1'
Det er lagt til fire minutt.
88'
Hopen tek frisparket. Over mål!
87'
Mane utfordrar langs høgrekanten, og får frispark.
86'
Lite som fungerer for Sogndal i dag. Og kjenner vi trenar Jonas Olsson rett - så er vel denne kampen gløymt seinare i kveld. Svensken har fått rykte på seg for å alltid fokusere på det positive.
84'
Det går mot tre poeng til Viking i denne kampen.
80'
Tore André Flo gjere seg klar på sidelinja for Sogndal.
79'
Halvsjanse for Sogndal. Elvis kjem stormande inn i feltet på eit innlegg, men får ikkje skikkeleg treff på avslutninga.
77'
Tilskodarane reiser frå stadion. Ikkje noko godt teikn, 15 minutt før slutt.
75'
Flo med krampe, og får hjelp av Viking-forsvaret.
75'
Holsæter frå frispark på eigen 20 meter. Udjus gjere seg klar.
72'
Heimelaget må heve seg om det skal bli poeng her i kveld. Sjølv om det berre står 0-1, har Viking grei kontroll på kampen.
69'
Teniste kastar langt inn i feltet - heilt inn til Jarstein.
67'
Publikum applauderer kvar gong Hopen gjer seg klar med frispark - uansett avstand frå mål. Denne gongen er det 40 meter frå mål, men frisparket går gjennom heile feltet.
64'
Hopen skyt frå 30 meter - like over krysset til Jarstein!
64'
Hopen bryt på midten, og tek med seg ballen framover. Får også frispark, som han tek sjølv.
62'
Hopen skyt frå 25 meter - like utanfor!
62'
Han slår frisparket inn i feltet, men ballen går heilt inn til Jarstein.
61'
Frispark til Sogndal, og Hopen gjere seg klar. 40 meter frå mål!
55'
Mane legg Sigurdsson i bakken. Frispark.
54'
Hopen driv framover, og får frispark på midtstreken.
52'
Viking held fram slik dei avslutta den første omgangen. Dei styrer spelet her på Fosshaugane.
51'
Fin sjanse for Viking! Nisja skyt frå 20 meter - og Udjus må gi til corner.
50'
Årsverste på tal tilskodarar på Fosshaugane i år. Omlag 2000 tilskodarar som ser kampen.
49'
Dommartrioen er lite populær på Fosshaugane, etter at eit par tvilsame avgjerdsle.
48'
Han er på beina att, men småhaltar.
47'
Valsvik med tøff takling på Berisha, som tek telling.
47'
Sogndal tok avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga tilbake på bana, klare for dei siste 45.
Johannes Thingnes Bø og Marte Rygg Årdal blir heidra for høvesvis første- og tredjeplass i talentkåring av Firda i pausen her på Fosshaugane.
Laga går uansett til pause på stillinga 0-1 til Viking, noko som er fortent etter spel og sjansar den første omgangen.
Sogndal-trenar Jonas Olsson ventar på linjemann, for å sende avgårde nokre svenske gloser mot dommatrioen. Tydeleg missnøgd med avgjerdsla, der Mane sette ballen i mål.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
43'
Fleire av tilskodarane ristar på hovudet, og er tydeleg missnøgd med det Sogndal-laget leverer i første omgang.
41'
Mane tek med seg ballen framover, og viser at det er bra trøkk i skotfoten. Siktet er likevel feil innstilt, og ballen går ti meter utanfor.
39'
Flott Viking-angrep! Anier får ballen inne i feltet og skyt. Får corner.
38'
Hopen viser knottane i duell mot Sigurdsson. Frispark til Viking på midtstreken.
36'
Mane legg tilbake til Hopen som skyt frå 20 meter. Rett på Jarstein!
35'
Skogseid og Sigurdsson har hatt god kontroll på Mane og Flo i Sogndal-angrepet til no i kampen.
33'
Konfirmasjon i Sogndal denne søndagen, og fleire av tilskodarane er å sjå med bunad i kveld!
30'
Brochmann viser teknikk av klasse, dreg av tre Viking-spelarar og finn Mane inne i feltet. Han prøver å kopiere dansken - uten å lykkast. Sogndal-spissen burde ha avslutta der!
28'
Vi nærmar oss den første halvtimen på Fosshaugane. Etter at Sogndal opna oppgjeret friskt dei første minutta, er det no fortent at Viking er i føringa. Og det burde vore 2-0, Berisha!
26'
Kjempesjanse for Viking! Berisha viser seg fram inne i feltet, og skyt frå tre meter - via tverrliggjaren, ned på streken og ut!
24'
Halvsjanse for Sogndal! Badji skyt frå 25 meter, og ballen forandrar retning. Jarstein viser godt keeperspel, og reddar flott.
24'
Badji med balltap på midten, og Viking stormar framover. Den siste avgjerande pasningen blir for upresis.
22'
Furebotn med lang ball opp mot Mane, og Skogseid avklarar til innkast.
19'
Mane utfordrar langs høgrekanten, og får innkast. Like etter testar same mann skotfoten, men skotet går over mål.
17'
Furebotn prøver å finne Skaasheim på løp inne i feltet, men Viking-forsvaret skjermar ballen ut.
16'
Valsvik tek med seg ballen framover, men kula får ein uheldig sprett. Dermed blir også oppspelet mot Sogndal-spissane for upresist. Utspark frå Jarstein.
13'
Dei 25 tilreisande supportarane frå Stavanger skaper bra med liv på tribunen.
11'
Nisja prøver nok eit skot frå distanse. Også denne gongen vart forsøket blokkert.
8'
Fin sjanse for Viking! Kjem seg rundt på venstrekanten, og innlegget mot de Lanlay er godt. Angriparen rekk likevel ikkje fram, og Sogndal får kontroll.
7'
Nisja prøver eit skot, men forsøket blir blokkert.
6'
Heimelaget har opna kampen best dei første minutta.
5'
Hopen til Skaasheim som får corner.
5'
Grasmatta på Fosshaugane ser bra ut, og viser seg frå si beste side denne sesongen.
3'
Ny fin sjanse for Sogndal. Frispark av Hopen som går ut til Teniste på høgresida. Han legg inn i feltet til Flo, som skyt tre meter utanfor.
2'
Sogndal-trenar Jonas Olsson startar i dag med Ørjan Hopen på høgrekanten.
1'
Kjempesjanse for Sogndal! Teniste legg inn, og Hopen avsluttar med pannebrasken. Like utanfor!
1'
Viking tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Furebotn og Sigurdsson helsar på kvarandre.
Ørjan Hopen blir heidra før kampstart, med andreplass i årets talentkåring gjort av Firda, i samarbeid med Olympiatoppen og Sparebanken Vest.
Spelarane på veg ut på bana!
Begge lag er i oppvarming, og det nærmar seg kampstart her på Fosshaugane.
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart på Fosshaugane.
Tonny Brochmann er Sogndal sin toppscorar med fire mål denne sesongen. Hos Viking er det fire spelarar som alle har ei nettkjenning kvar. Det er André Danielsen Erik Nevland, Henri Anier og Martin Ørnskov.
Dagens dommar er Kjetil Sælen frå Arna Bjørnar. Han har med seg Ivar Michael Jahr frå Gjøvik-Lyn og Kristoffer Hagenes frå Hovding som linjedommarar.
Heimelaget står med 3-3-1 på dei sju første kampane, og er nummer sju på tabellen før dagens kamp. Gjestene er nummer elleven med 2-2-3 etter si sesongopning.
Hei, og velkommen til Sogndal - Viking frå Fosshaugane Campus!