TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal spelte med fem mann i forsvar gjennom heile kampen. Heller ikkje på slutten av kampen ville trenar Harald Aabrekk å flytte fleire folk i angrep - på heimebane mot svake Viking. Kanskje Sogndal-trenaren bør ofre meir framover om det skal bli nok poeng til å overleve i Tippeligaen?
Kampen enda 0-0. Oppgjeret tok seg opp etter pause, og begge lag hadde sine sjansar til å score det avgjerande målet. Men det greidde dei ikkje, og dei to laga slit framleis med å finne vegen til nettmaskene. Poengdeling er greitt utifrå spel og sjansar.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+2'
Publikum reiser frå Fosshaugane.
90+1'
Fjerdedommar Tommy Skjerven må gi tilsnakk til ein engasjert Harald Aabrekk. Sogndal-trenaren er ikkje like samd i alle dommaravgjerdslene.
90'
Det er lagt til minimum to minutt.
90'
Han slår inn i feltet, men linjemann er oppe med flagget. Offside.
90'
Gjestene får frispark i fin posisjon. Bertelsen gjere seg klar.
89'
Viking-frispark etter tette duellar inne i feltet.
88'
Halvorsen får frispark på midten. Valsvik blir flytta opp i feltet.
88'
Danielsen slår eit frispark opp i feltet, men Valsvik avklarar.
87'
Det går mot 0-0 på Fosshaugane.
85'
Gult kort
Etter taklinga på Hopen.
85'
Hopen viser teknikk og blir lagt i bakken av Gyan. Frispark!
84'
Hjørnespark
Sogndal avklarar.
83'
Viking i angrep, og får innkast ved hjørneflagget. Bjørdal vinn duellen i feltet, men avsluttar langt utanfor.
81'
Sæternes prøver å styre eit innlegg i mål, men ballen går like over frå åtte meter. Nære 0-1 der!
79'
Hjørnespark
Viking får innkast.
79'
Danielsen slår inn frå venstre, og Sæternes er best i luftrommet. Avslutninga går over!
77'
Hjørnespark
Keepermat.
77'
Spillerbytte
76'
Heimepublikumet har vakna til liv, etter nokre fine Sogndal-sjansar. Dei prøver å hjelpe laget til tre poeng no!
74'
Hjørnespark
Lang corner, bak mål.
74'
Kjempesjanse for Sogndal! Kader skyt frå 20 meter, og Jarstein må gi retur. Den tek Halvorsen seg av, men set den rett på Jarstein som leverer ei kjemperedning!
72'
Hansen utfordrar langs venstrekanten. Han skyt, men ballen trillar inn til Jarstein.. Svakt av Sogndal-spissen!
71'
Flo kjem rundt på høgrekanten. Halvorsen får ballen og skyt hardt - rett på keeper!
70'
2304 tilskodarar ser kampen, frå tribuneplass.
69'
Sæternes klinkar til frå 20 meter. Like utanfor krysset!
69'
Elvis prøver å finne Halvorsen, men pasningen blir for lang. Utspark frå mål.
66'
Sogndalsrussen er godt nøgde, når tredjeklassingen på vidaregåande Ørjan Hopen entrar bana. Skal han avgjere kampen?
65'
Spillerbytte
63'
Hjørnespark
Udjus boksar ut. Nevland får ballen i neste trekk, men skyt utanfor.
63'
Danielsen skyt, via eit Sogndal-bein til corner.
63'
Aabrekk er rasande på spelarane sine, og vil ha meir trøkk i angrepet.
60'
Viking legg press på heimelaget no, og har litt meir tempo i spelet sitt.
59'
Hjørnespark
Sogndal får kontroll.
58'
Hjørnespark
Lang corner, men gjestene får likevel innkast.
57'
Danielsen skyt, via muren og til corner!
57'
Viking får frispark i god posisjon, 20 meter frå mål. Både Sigurdsson og Danielsen står ved ballen.
56'
Hjørnespark
Udjus boksar ut.
55'
Berisha får seg ein smell i hovudet i duell mot Kader, men Viking-spelaren reiser seg.
53'
Fint Viking-angrep, men Scheel har kontroll og avklarar til innkast.
50'
Frispark til Sogndal. Flo slår inn, men rett i klypene til keeper Jarstein.
48'
Kader skyt hardt frå 20 meter. Like utanfor!
48'
Lang ball mot Flo, men Jarstein les spelet godt og avklarar.
46'
Viking tek avspark.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause på stillinga 0-0. Ingen av laga har produsert dei heilt store sjansane og det er lett å sjå at desse laga berre har scora tilsaman fem mål til no i årets Tippeliga. Men no er Bengt Sæternes i oppvaming. Kanskje det er han som skal avgjere denne kampen?
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Det er lagt til eit minutt.
45'
Halvorsen i løpsduell mot Sigurdsson, og islendingen gir høgrekanten ei tøff skulder. Halvorsen går overende, men både dommar og linjemann signaliserer utpark frå mål. Publikum er ueinige!
43'
Hansen på eit fint tilbakeløp og taklar Danielsen godt. Men Sogndal er lite ivrige til å angripe, og gjestene kjem seg på rett side.
40'
Spillerbytte
39'
Spelet er i gang igjen, medan Knarvik får hjelp på sidelinja.
39'
Tidlegare Sogndal-spelar Tommy Knarvik har fått seg ein smell. Stans i spelet.
38'
Ingen stor fotballkamp på Fosshaugane. Heilt ope og det er tydeleg at det er to botnlag som møtest.
36'
Sogndal-trenar Harald Aabrekk har vore langt meir ivrig på sidelinja enn trenar-kollega Åge Hareide til no i kampen.
34'
Hjørnespark
Flo avklarar.
34'
Scheel rotar det til i Sogndal-forsvaret, og Flo må slå ein svak pasning. Viking overtek.
31'
Hjørnespark
Valsvik vinn duellen, men avslutninga blir for svak.
30'
Fram og tilbake i feltet og Berisha skyt frå 18 meter. Utanfor!
29'
Valsvik prøver nok ein gong med langpasning. Denne gongen mot Solheim, men Bertelsen har kontroll. Utspark frå Jarstein.
25'
Heimelaget har opna oppgjeret best, og styrer kampen.
24'
Valsvik med herleg pasning mot Kader, men ivorianaren får ikkje lagt inn. Berre nesten for Sogndal.
24'
Furebotn går hardt inn i taklingane sjølv med gult kort. Taklar Berisha, og Viking får innkast på midten.
23'
Halvorsen med sitt tredje skotforsøk i løpet av kampen. Også denne gongen har Jarstein kontroll.
22'
Sogndalsrussen syng: 'Inn med Hopen, Inn med Hopen'. Kanskje litt tidleg etter 20 minutt, men kanskje vi ser Hopen-show i andre omgang?
21'
Sogndal vil ha straffe, etter at ballen treff Bertelsen. Dommaren vinkar spelet vidare.
19'
Lang fin ball frå Valsvik. Halvorsen kjem seg fri og skyt med venstrefoten. Rett på Jarstein!
18'
Han slår frisparket inn i feltet, og Skogseid prøver å nikke tilbake i feltet. Udjus plukkar enkelt.
17'
Frispark til gjestene. Knarvik står ved ballen.
15'
Lang ball frå Kader i retning Flo, men Jarstein er best i luftrommet. Keepermat.
14'
Halvorsen slår inn, men Hansen når ikkje opp i duellen mot Bjørdal. Viking overtek.
12'
Knarvik står ved ballen. Han slår inn, men Sogndal får avklart.
12'
Elvis legg Berisha i bakken. Frispark i fin posisjon for gjestene, som flyttar opp sterke midtstopparar.
11'
Lang ball mot Flo og Sigurdsson skjermar ballen inn til Jarstein, som avklarar svakt.
10'
Halvorsen utfordrar langs høgrekanten, men innlegget er bak mål..
8'
Gult kort
Furebotn får frispark imot seg og fortvilar. Sabotasje mot spelet, i det han hindrar gjestene å ta frisparket. Unødvendig.
7'
Fin sjanse for Sogndal! Cato Hansen får innlegg frå høgre og klinkar til på heil volley på direkten. Rett på Jarstein!
6'
Sogndal vinn ballen på midten og Flo får frispark.
5'
Berisha prøver seg, men pasningen vidare blir for upresis.
3'
Ulrik Flo kjem seg fri på høgrekanten og slår inn. Inne i feltet sklir Cato Hansen, og Viking får kontroll.
2'
Viking stormar rett i angrep. De Lanley legg inn og Bjarnason skyt på direkten. Like over!
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Per Egil Flo og Erik Nevland helsar på kvarandre. Dei blir einige om at laga byter side, og at heimelaget skal starte med ballen.
Spelarane på veg ut på bana og publikum reiser seg. Nærmar seg kampstart!
No får Øyvind Strømmen Kjerpeset (Friidrett, Florø), Eivind Daniel Røed (Fotball, Sogndal) og Johannes Thingnes Bø (Skiskyting, Markane) pris frå Sparebanken Vest i Firda si kåring av dei største idrettstalenta i Sogn og Fjordane.
Laga er i full gang med oppvarming. Sol og flotte forhold på Fosshaugane i kveld!
Hos Sogndal er Eirik Bakke (legg) og Eivind Daniel Røed (sjuk) ute for heimelaget.
Ken Henry Johnsen er dagens hovuddommar. Med seg på linjene har han Kim Thomas Haglund og Kim André Johnsen. Fjerdedommar er Sogn og Fjordane sin beste dommar gjennom mange år, Tommy Skjerven.
Hos Viking er Tomasz Sokolowski (lår) og Patrik Ingelsten (kne) ute til denne kampen.
Sogndal-duoen Joe Bendik og Per Egil Flo har vore usikre til dagens kamp, etter motorsykkelulykke forrige fredag. Begge er no friske og raske - klar til kamp!
Sogndal sin nøkkelspelar og kaptein Even Hovland må sone dagens kamp, etter rødt kort mot Aalesund sist helg.
Tabelljumbo Sogndal står med 0-1-4 etter årets første fem kampar. Gjestene frå Stavanger er ikkje mykje betre. Åge Hareide sine menn har 1-1-3 i si sesongopning, og har berre dagens motstandar og Haugesund bak seg på tabellen.
Velkommen til Sogndal - Viking frå Fosshaugane Campus, og til siste kamp i 6.serierunde!