TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er det over i Sogndal. Heimelaget vinn fortent, men 4-0 var vel kanskje litt i overkant av kva sogningane hadde håpa på. Gilbert Koomson med hattrick og ghanserane var stor i dag. Viking var fintspelande, men med nokre forferdelege feil og til tider svært nonsjalange. Avslutningsstatistikken viser 8-7 i heimelagets favør med 7-2 i avslutningar på mål. Det kan være greitt å avslutte med at i sist heimekamp hadde sogningane 10 avslutningar, men ingen på mål. Heilt klart kva dei har trent på i det siste med andre ord. Ha ein framleis fin laurdagskveld.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+4'
Hjørnespark
Wæhler stangar ut.
90+4'
Spillerbytte
90+3'
Sogndal klarerar.
90+3'
Hjørnespark
90+3'
Hjørnespark
Ny corner.
90+3'
Flott skot frå Ernemann som Dyngeland vippar til corner.
90+2'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
90+2'
4 minutt tillegg.
90+1'
Karol Mets har hatt ein forferdeleg kveld. Må vel ta ei ndel av skylda på dei to måla i førsteomgang før han lagar straffespark i andre. Så var det pinedeg han som no og sklitaklar ballen slik at Ramsland får ein trefeltet autostrada igjennom.
88'
Spillerbytte
87'
Mål!
4-0
Feilpasning av ein vikingspelar og Ramsland har ein motorveg som heile Vestlandet godt kunne tenka seg. Åleine med Austbø set han ballen kontant i nettet. For ein kveld for Sogndal og om det var beksvart for Viking så veit eg ikkje kva det er no.
87'
Ganske daudt her no. Sogndal ligg lågt. Viking prøver å spele seg gjennom, men stoppar i Sogndal sin mur.
86'
2512 tilstades i dag.
84'
Innlegg frå Bytyqi og Adegbenro er høgast i feltet. Får derimot ikkje til ei kvalifisert avslutning.
82'
Ernemann skyt frå 25 meter. Fem meter utafor og over.
80'
Spillerbytte
79'
Hjørnespark
Kort corner og Viking spelar nede ved hjørneflagget før Ernemann spelar ballen over kortlinja. Det oppsummerar kvelden for Viking.
77'
Hjørnespark
Dyngland fangar utan at nokon vikingspelarar er i nærleiken.
76'
Må berre nemnasat og at Sogndal sine tre midtstopparar har fem eliteseriekampar sålangt denne sesongen. Til saman!
74'
Beksvart for Viking her no.
71'
Gult kort
For protestar etter straffen.
71'
Sogndal sin straffe kjem etter at Ramsland tråklar seg gjennom på glimrande vis. Mets er på etterskudd og gjev spissen ein dytt. Ser kalr ut frå min vinkel sjølv om Viking protesterte heftig.
69'
Mål på straffe!
3-0
Hat-tricket sitt for Koomson. Set ballen høgt i Austbø sitt høgre hjørne, mens keeper går til venstre.
68'
Straffe!
67'
Hjørnespark
Går over alle og ut til femmeter.
67'
Koomson i bakrom og Austbø er ute og stoppar ballen i med henda akkurat på sekstenmeterstreken. Først ser det ut som han er utafor, men på repisen ser ein klart at Austbø er innanfor. Godt sett av assistenten.
63'
Koomson er forbi Haugen og set fart framover. Plutselig er Haugen framfor Koomson. Om dommaren ikkje ser holdinga så bør han i allefall skjønne at Haugen aldri tar igjen Koomson. Svakt der av Steen og assistenten som står svært nær situasjonen.
62'
Akkurat no styrer Viking alt utpå her. Dersom det held fram slik skal siddisane få fleire moglegheiter til å redusere trur eg.
61'
Bytiqi skyt rett på Dyngeland som boksar igjen. Denne gong langt ut av farleg sone.
60'
Hjørnespark
Viking får frispark på kanten av sekstenmeteren.
58'
Adegbenro kranglar ballen i mål, men assistenten har vinka for offside. Vanskelig å sjå om den er rett.
57'
Får sin redebut her Næss Lund.
56'
Spillerbytte
56'
Blir eit byte på Sogndal ser det ut som ja.
55'
Gult kort
55'
Viking rett i kontring og Grodås smeller ned Adegbenro. Såkalla professional foul. Grodås også skada i situasjonen som vil gje han gult kort ser det ut som.
54'
Hjørnespark
Ernemann klarerar.
53'
Hjørnespark
Ny corner.
52'
Viking med ballen mest her i starten. Heilt klart at dei vil styre den andreomgangen.
50'
Birkelund inn med knotta først i ein duell mot Adegbenro. Viking meiner det burde vore gult, men ser ut som Steen held korta i lomma. Kanskje greitt det, men kunne sikkert forsvart eit kort der også.
48'
Bringaker rett i løpsduell med Wæhler. Knekker den rutinerte med fem meter på dei første ti, men når innlegget kjem blokkerar den rutinerte det. Meget solid sålangt av Wæhler.
47'
Burchnall tek tak her.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause i Sogndal og heimepublikum er svært nøgde etter denne omgangen. Sogndal har og vore gode og Koomson har vore brilliant. To flotte mål av ghanesaren. Det fyrste etter berre 37 sekund. Viking starta utrulig tafatt og veldig rufsete. Kom seg litt etterkvart, men vart straffa igjen då Koomspn på slutten fekk drible av tre siddisar og sette ballen i krysset frå 16 meter. Sogndal har hatt vinden i ryggen i denne omgangen så får vi sjå om Viking klarar å dra nytte av dette i andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Nwakali vil ikkje være dårlegare enn Koomson. Dreg av tre vikingspelar, men avslutninga er ikkje av same klasse. Ti meter utafor.
45'
Hjørnespark
Adegbenro avsluttar utafor.
43'
Hjørnespark
Endar i frispark til Sogndal.
43'
Surt for Viking med dette målet til Sogndal. Var heilt klart på veg inn i kampen etter ein dårlig start. Igjen er det svært nonsjalangt forsvarspel av dei mørkeblå.
41'
Hjørnespark
Endar i at Viking får kontre, men blir eit frispark midt på bana til bortelaget.
41'
Koomson på farta både før corneren og etter. Pressar fram ein ny corner.
40'
Hjørnespark
40'
Ikkje noko særleg har avslutning så kanskje Austbø burde tatt den.
38'
Mål!
2-0
Gjer alt sjølv der Koomson. Mottek ballen halvveis inn på Viking sin banehalvdel. Har mange pasningsval, men snurrar rundt med fleire vikingspelarar før han avsluttar i krysset frå 16 meter.
38'
Danielsen med ein heilt sjukt bra pasning i bakrom, men Kronberg klarar ikkje å dempe ballen. Ville vore åleine med keeper der dansken. Svakt mottak.
35'
Vikingspelarane svært irritert på dommar etter den avgjerda. Veit ikkje heilt kvifor for det ville vært eit ganske strengt idømt raudt kort for å seie det sånn.
34'
Gult kort
Ettersleng på Ryerson.
33'
Heilt klart Viking som har tatt over initiativet i kampen her no.
32'
Rett på Dyngeland som vel å bookse ballen rett opp. Sogndal får klarert.
32'
Ernemann står klar.
31'
Frispark til Viking litt skrått, men berre ein meter utafor Sogndal sin sekstenmeter.
31'
I tillegg tl Shroot som har spela for Sogndal før må vi jo og nemne Schulze som starta si proffesjonelle karriere i Viking. Har starta bra i dag mandalitten for Sogndal.
29'
Viking heilt klart meir med i kampen no. Lar ballen gå fortare og det er nok den store skilnaden då det blei svært mange touch og individuell feil i starten av kampen.
28'
Viking med eit kjempeangrep. Kjem rundt på høgrekanten og får til eit innlegg inn i boksen. Der er Shroot og dreg av ein sogndøl, men falle i duell med Grodås. Ser ut som eit soleklart straffespark, men igjen er Steen ueinig i dette.
27'
Men i tillegg skal det seiast at Viking er meir med i kampen no enn dei var i starten. Adeghbenro var akkurat ein mot ein med Grodås som bakerste mann. Klarte diverre ikkje for Viking å dra seg forbi Sogndal sin midtstoppar.
24'
Sogndal med veldig høgt press og viking blir heilt klart stressa av dette. Får til svært lite her siddisane.
23'
Ramsland går i bakrom på ein ball. Beina hans blir heilt klart hekta av Ledger og spissen går i bakken. Blei Sogndal snytt for straffe der?
20'
Viking brukar no Adegbenro meir. Vil satse på farta hans mot Sogndal sine bautaer bak der.
18'
Er oppe igjen. Såg ikkje god ut den den der.
18'
Ernemann får ein skikkelig trøkk i ein duell med Steiring.
17'
Oppe igjen. Viktig for Viking det.
17'
Ryerson ligg nede. Meir trøbbel for Viking?
16'
Danielsen driblar av tre mann inne i boksen og legg ut 45 grader, men ballen går gjennom heile feltet. Fint initiativ av Vikings kaptein.
15'
Hjørnespark
God corner, men Sogndal får klarert.
15'
Wæhler i løpsduell mot Shroot. Veterane får kasta seg inn og gitt til corner. Stor applaus.
13'
Hjørnespark
Går over alle og ut til femmeter.
12'
Sogndal har styrt alt her i starten. Viking meget tamme.
11'
Hjørnespark
Wæhler går i kroppen på Austbø og Viking får frispark.
10'
Hjørnespark
Ny corner, men no frå motsatt side.
9'
Hjørnespark
Endar i åpent spel der Birkeland skyt frå 20 meter. Rett i ein vikingspelar og til corner.
9'
Innkast frå Teniste. Steiring er sterk og får stanga ballen på mål. Austbø må gje til corner.
8'
Ikkje nok med at Viking fekk ein tidlig i sekken. Dei har og begynt meget slurvete i alle delar av spelet. Her må Burchall få gutta sine til å reagere ellers vil siddisane være endå lenger nede i gjørma kl 8 i kveld.
7'
Ryerson tek ein Cruyff som bakerste mann. Ramsland klarar nesten å straffe han, men det blir dømt frispark til Viking. Meget dristig av Ryerson der.
5'
Mange snakka om at dette sannsynlegvis kom til å bli eit kjedeleg oppgjer med to lag som var livredde for å tape. Då trur eg dette var den perfekte starten for no må Viking fram.
4'
Er det Wæhler-effekten dette?
1'
Mål!
1-0
For ein start på kampen! Dyngeland med eit langt utspark som går i bakrom. Viking ropar på offside på Ramsland, men han ruslar rolig ut. Koomson kjem seg framfor Mets og aleine med Austbø set han ballen kontant ned i keeper sitt høgre hjørne.
1'
Sogndal med avspark og vinden i ryggen i fyrste omgang.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal sin tredjekaptein Dyngeland helser på Vikings Danielsen. Så får vi sjå kven som får vinden i ryggen i fyrste omgang.
12-13 grader og overskya i Sogndal. Ein svak trekk frå aust kan kanskje påverka spelet ein del. Vi får svaret på dette om gode fem minutt. Straks klart for kamp frå Fosshaugane Campus.
Viking har relativt godt tak på Sogndal her i saftbygda. På 16 oppgjer har siddisane vunne 7, mens 6 har enda uavgjort. Berre 3 gonger har alle poenga blitt igjen i Sogndal.
Mykje spanande ut i frå lagoppstillingane her. Pedersen ikkje klar for Viking, mens Ryerson tar plass sentralt på midtbana. Mest spaning kanskje med Robin Shroot. Den tidligare sogndalspelarane tar plass på kanten eller kanskje på topp for Viking. Det får vi sjå nærare på når kampen startar. Uansett vil nok briten vise seg fram då han blir betegna som ein liten flopp etter tida si i Sogndal.
Wæhler frå start! Vi er straks klare med lagoppstillingane.
Om dei får sin debut i denne ekstremt viktige kampen for begge lag får vi vente med å sjå. Vi kan i alle fall gje deg svaret om du er på plass her kl.1700. Vel møtt!
I tillegg til dette har og Bakke og Håvard Flo brukt sine kontaktar for å hente inn 41-årige Kjetil Wæhler. Stopparkjempen hadde eigentleg lagt opp som fotballspelar i fjor, men Sogndal klarte å lokke ringreven tilbake i manesjen. Det er forventa at Wæhler gjer sin debut i dag. I tillegg har Sogndal og henta inn Espen Næss Lund som tidlegare har spelt for sogningane og i fjor var ei sentral brikke i Kristiansund sitt opprykk. Han kan og få sin debut i dag.
Stoda er ikkje mykje betre for Eirik Bakke. Ein imponerande 4-1 siger mot Stabæk er fylgt opp med fem kampar utan siger og ein målskilnad på 1-8. Det som er alle verst for Bakke er nok alle skadane, spesielt i dei bakre rekker. Atta, Psyché, Utvik og Skaasheim er alle skad, mens Fredriksen sonar for raudt kort. I tillegg kan vi legge til Sveen og Nissen som begge er langtidsskada og Furebotn som er usikker. Det einaste positive for Sogndal er at Martin Ramsland sannsynlegvis er tilbake frå skade og startar dagens kamp.
Vikingtrenar Ian Burchnall har fått ein forferdeleg start på årets sesong. Etter ei sein scoring og eit fortent poeng i Bergen vart det igjen ei dårlig helg sist då Sandefjord stakk av med tre poeng i Stavanger. Borteformen er ikkje så mykje å skryte av for Siddisane då det ein poenget i Bergen er det einaste dei har fått med seg så langt. Burchnall må kanskje også klare seg utan Ryerson og Pedersen som begge er usikre.
Sjølv etter berre åtte kampar kan vi vel snakke om eit skikkelig botnoppgjer her i dag når nr. 15 møter nr.16 på tabellen. Viking nedst med 4 poeng og Sogndal på plassen over med 5 poeng. Ein siger for eit av laga vil altså være svært viktig og eit tap nærast katastrofalt sjølv om vi er tidleg i sesongen.
Velkommen til den 8. runden i årets Eliteserie og kampen mellom Sogndal og Viking frå Fosshaugane Campus.