Referat
Kun høydepunkter
VIF-spelarane takkar Klanen for støtta, medan Sogndal-spelarane ruslar skuffa i garderoben.
Vålerenga tek med seg tre viktige poeng frå Fosshaugane. I første omgang var dei det beste laget, medan Sogndal kom betre med etter pause. Heimelaget produserte ikkje så mange store målsjansar, og slit med å score mål. Fem mål på ni kampar er for lite.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Lite ut av det Sogndal-frisparket.
90+3'
Offside på Leigh, og heimelaget flyttar opp alt av folk i angrep.
90+2'
VIF i angrep og tek seg god tid.
90+1'
Gjermundstad skyt hardt frå 25 meter. Like utanfor! Sogndal jaktar 1-1 målet no!
90+1'
Halvorsen slår inn frå høgre, men over alle i feltet. Utspark frå mål.
90'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90'
Publikum reiser frå Fosshaugane.
89'
Sogndal-frispark opp i feltet. Solheim tek seg av returen, men skyt svakt utanfor frå 20 meter.
88'
Lang ball opp mot Gjermundstad, men Hirschfelt held ballen.
87'
Gjermundstad blir flytta opp som spiss dei siste fem minutta.
86'
3254 tilskodarar ser kampen. Årsbeste!
84'
Innbytar Leigh testar skotfoten. Over!
83'
Kjempesjanse for Sogndal. Keeper kolliderer med ein av stopparane sine, og Elvis får sjansen. Han avsluttar, like over!
81'
Rudolfsen stormar i angrep, men går seg inn i problem. Blir effektivt stoppa av tre VIF-spelarar.
80'
Elvis skyt hardt frå 25 meter. Skotet blir blokkert!
78'
Det er tynt framover for Sogndal. Stor sjanse for at denne kampen blir 0-1.
76'
Flo slår eit Sogndal-frispark over alle, og til utspark frå målet til Hirschfeld.
72'
Fire av Sogndal sine seks mål er komt det siste kvarteret. Skal laget klare å score på slutten i dag?
70'
Fellah går i bakken i duell mot Solheim på sekstenmeteren. Både han og Klanen vil ha straffe, men Hagen vinkar spelet vidare.
69'
Sogndal prøver seg, men Gjermundstad sitt skot i liggjande posisjon blir blokkert. VIF med heile laget i eige felt der!
67'
Zajic prøver seg med eit skot frå 18 meter. Utanfor!
63'
VIF kan gå mot sin første siger, sidan kampen mot Aalesund i april.
62'
Singh med ballen på 20 meter, og Klanen ropar skyyyyyt! Han prøver likevel å spele Ogude gjennom, og ballen går heilt inn til Udjus.
59'
Hovland med sin andre langpasning på kort tid utan adresse. Publikum fortviler.
56'
Heimelaget betre med no, og jaktar 1-1.
54'
Tone Damli Aaberge på plass på Fosshaugane, for å hjelpe Sogndal til poeng i dag.
52'
Flo slår eit Sogndal-frispark opp i feltet. Heimelaget får innkast.
50'
Ser ut som Sogndal har flytta Mats Solheim ligg høgare opp i bana i andre omgang.
50'
Halvorsen utfordrar VIF-forsvaret og skyt - like over!
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det pause på 0-1 til gjestene. Eit greit resultat utifrå spel og sjansar. Heimelaget har produsert få store målsjansar. Dommar Tom Harald Hagen får eit par sognamaol-gloser på veg inn i garderoben. Publikum har ikkje vore nøgd med innsatsen til kampleiaren, og tenkjer nok spesielt på situasjonen då Scheel ville ha straffespark.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
44'
Fjerdedommar Tommy Skjerven viser at det er lagt til minimum eit minutt.
44'
Det går mot pause på Fosshaugane.
42'
Flo slår inn, og Olsen nikkar ballen i bakhovudet på Muri. Nesten for Sogndal.
42'
Halvorsen vender opp, og prøver å finne Hansen på løp. Olsen meiner han istaden burde fått ballen, og viser klare teikn til det.
40'
Heile forsvarsrekkja til Sogndal er frå Sogn og Fjordane no, unnateke Barry Kader.
37'
Stoor går lett i bakken etter duell mot Kader. Heimepublikum er ikkje nøgd med innsatsen til dommar Hagen for augeblikket.
36'
Det måtte altså ein Sogndal-spelar til for å øydeleggje nullen til Kenneth Udjus. I fem kampar hold han reint bakover før Espen Olsen sette ballen i eige mål.
35'
Sogndal slit framover på bana, og klarar ikkje å produsere deti heilt store sjansane.
34'
'For en gjeng med bønder', syng Klanen. Riktignok ingen bønder ute på tribunen, men ein del av tilskodarane går nok under den yrkestittelen..
32'
Aabrekk vil ha straffe, etter at Dos Santos gir Scheel en dytt i ryggen. Dommaren vinkar spelet vidare.
31'
Sogndal i angrep no. Solheim med innkast ved hjørneflagget.
29'
Scheel blir flytta opp på midtbana, saman med Elvis.
29'
Ogude lagar nytt frispark, denne gong i duell mot Hovland. No vil publikum sjå det gule kortet, men Hagen gir berre tilsnakk.
28'
Gjermundstad står klar på sidelinja.
28'
Furebotn haltar av bana, og må truleg byte.
27'
Midtbanespelaren ligg framleis nede for telling. Stans i spelet.
26'
Furebotn leiker seg på midten, og viser god teknikk. Får frispark etter at Ogude legg han i bakken.
24'
VIF har hatt det meste av banespelet, og har vore det beste laget dei første 20 minutta. Ikkje ufortent at laget tek leiinga.
21'
Nielsen slår inn, og tre VIF-spelarar ventar inne i feltet. Får corner.
19'
Hovland med langt oppspel mot Hansen, og VIF må gi til corner.
18'
Hansen med feilpasning, og Fellah snappar opp. Sogndal-spissen ryddar sjølv opp, og heimelaget får kontroll.
16'
Heimelaget med 11 mann på rett side no. Vanskeleg for VIF å spele seg gjennom Sogndal-forsvaret.
14'
Olsen stormar inn i feltet, men sklir i det han skal utfordre Muri. VIF overtek.
14'
Andresen med beskjed til kaptein Zajic, om å leggje seg nokre meter djupare i bana.
13'
Lang ball mot Ogude, men spissen er på feil side av forsvarsrekkja. Offside!
12'
Gjestene har festa eit grep om kampen, og har ballen mest.
12'
Hansen med høgt spark i duell mot Strandberg. Frispark.
11'
Kader med feilpasning, og VIF utnyttar det godt! Nielsen går på tvers inne i feltet, og Singh klinkar til frå 16 meter. Udjus reddar skotet!
9'
Tom Harald Hagen er dagens dommar.
8'
Kaptein Hovland styrer Sogndal-forsvaret, og flyttar opp laget. Midtstopparen har vore god for Sogndal i år.
6'
Sogndal i angrep no, men pasningen frå Kader mot Hansen er for hard.
5'
VIF prøver seg med ein lang ball mot Stoor på høgrekanten, men Flo får hovudet på ballen.
3'
Elvis avklarar eit VIF-frispark til corner.
2'
Fin Sogndal-sjanse. Halvorsen kjem rundt på høgrekanten og skyt - rett på Hirschfeld. Hansen slår ut med armane inne i feltet, og ville ha ballen der.
1'
Zajic og Hovland er dagens kapteinar.
1'
VIF tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg ut på bana. Publikum reiser seg!
Spelarane er i full gang med oppvarming. Publikum strøymer til her på Fosshaugane, og det nærmar seg kampstart.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Troppane til dei to laga finn du i menyen over, under lagoppstilling.
Morten Gamst Pedersen og Moa har den siste perioden vore på trening med Vålerenga, foran landskampen mot Portugal neste laurdag. Kanskje det har gitt spelarane eit løft foran oppgjeret mot Sogndal?
Espen Næss Lund er einaste mann på Fosshaugane i dag, som har spelt for motstandaren. Sogndal-spelaren spelte for VIF i 03/04-sesongen, og fekk med seg tre kampar for Oslo-klubben. I tillegg har dagens Sogndal-trenar Harald Aabrekk vore sjef i VIF, i perioden 2006-2007.
Medan Sogdnal held tett bakover, slit Vålerenga i begge ender av bana. Laget har ikkje vunnet på seks kampar i Tippeligaen. Sist laget tok tre poeng var i 2-0 sigeren mot Aalesund 1. april. Vi må tilbake til månadskiftet sommaren 2009 for å finne ein like svak periode, då gjekk VIF på sju strake tap.
Sogndal er inne i ein meget god periode, og laget har holdt nullen i sine tre siste tippeligakampar. Tek vi med 2. og 3.runde i NM-cupen har no Kenneth Udjus og Sogndal holdt tett bakover i fem obligatoriske kampar på rad. Imponerande!
Hos Sogndal er Gustav Valsvik, Eivind Daniel Røed og Eirik Bakke ute grunna skader.
VIF-trenar Martin Andresen tek med seg 16 mann til kampen mot Sogndal. Uakutelle grunna skader er Morten Berre, Kristofer Hæstad, Amin Nouri og Isaac Boakye. Luton Shelton er heller ikkje med, grunna Gold Cup med landslaget til Jamaica.
Velkommen til live-dekning av kampen Sogndal - Vålerenga frå Fosshaugane Campus!