Referat
Kun høydepunkter
Då tek som sagt Tippeligaen pause og er tilbake i starten av juli, men ikkje gløym 8-delsfinalen i cupen 27.juni der både VIF og Sogndal er med. Fram til då kan du jo kosa deg med VM i fotball som startar i dag og hugs at du kan følge alle desse VM-kampane i liveportalen.
VIF best i 1.omgang, men i den andre var Sogndal soleklart best. Alt i alt ein heilt fortent siger då VIF ikkje klarar å skapa noko på 90 minutt. Sogndal difor formlaget i Tippeligaen og publikum står igjen for å applaudere dei. Med 4-2-0 på dei 6 siste tek Sogndal ferie med god samvittigheit. VIF kunne og ha gjort dette, men kollapsar totalt i 2.omgang og dette skuffar nok Kjetil Rekdal stort.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+5'
Nilsen skyt og Langer slår ballen ut. God sjanse for Sogndal.
90+5'
Endar i corner.
90+4'
Frispark til VIF på 25 meter.
90+4'
Fredheim Holm får ein stikker, men Patronen er igjen framme og stoppar han.
90+3'
Sogndal har god kontroll. VIF med ball, men skapar nesten ingenting.
90+2'
Gunnarsson med ein lang ball inn, men der er Dyngeland ute og snappar forran toppscoraren i Tippeligaen.
90+1'
5 minutt tillegg.
88'
Enorme sjansar fro VIF! Patronen blokkerar eit skot frå Grindheim frå 10 meter før VIF får to nye gode sjansar i boksen. Der kunne VIF fått ei viktig redusering på tampen og skapt spenning.
85'
3013 tilkodarar i dag på Fosshaugane Campus.
85'
Ser ut som Sogndal har grei kontroll på denne kampen no. Vålerenga har svært lite å komme med, men med Tippeligaen sin toppscorar på topp så skal nok ikkje sogningane føle seg heilt sikre.
83'
Brændsrød med flott raid, men blir stoppa i boksen til Sogndal og vert nok også snytt for ein corner der.
82'
Karadas vinn igjen, men avslutninga vert for svak.
82'
Nytt kast til Sogndal.
82'
Fredheim Holm med alboge i ansiktet Patronen. Med gult kort frå før er det eit under at han er på bana.
81'
Spørs om det er sogndaltrenar Olsson som kan skryta på seg coaching i verdensklasse etter denne kampen.
79'
Otoo på volley, men rett i Høgh.
79'
Sogndal igjen med innkast høgt i bana. Har skapt gode sjansar på dei to siste.
78'
Kjartansson igjen frå 17 meter. Over, men det er trykk i skotet. Islendingen nermar seg.
77'
Bolset skyt via eit vålerengabein like utafor.
76'
Nytt kast til Sogndal på høgd med VIF sin 5-meter.
75'
Karadas headar over.
74'
Kast til Sogndal. Teniste skal kaste langt.
72'
Enorm sjanse fro Sogndal! Lang ball i bakrom og Holsæter kjem åleine med Langer då han spring i frå VIF sitt forsvar. Sisteskansen til Vålerenga reddar først og returen reddar Larsen på streken.
71'
God sjanse for VIF som er litt meir med i kampen no. Kristiansen legg inn, men ballen går gjennom heile feltet.
71'
Ser ut som Sogndal ligg meir i ein 5-4-1 etter at Flo gjekk ut og Holsæter kom inn.
69'
No ligg Bolseth nede med kramper.
69'
Kjartansson får nokre meter og klinkar til frå 20 meter. Treff litt ureint og ballen trillar inn til Dyngeland.
67'
Ser ut som Flo må ut.
67'
Dyngeland ute og plukkar.
67'
Frispark til VIF ca. 30 meter frå Sogndal sitt mål. Blir ein innoversvingar.
67'
Sogndal med 10 mann no.
66'
VIF byggjer opp, men inlegget til Gunnarsson går bak mål. No må VIF opp nokon hakk her.
66'
Flo måtte forresten ut og blir no behandla av fysio.
65'
Stryningen er oppe på beina igjen. VIktig for Sogndal.
65'
Målscorar Flo ligg nede med skade.
63'
No må Reka vise fram litt coaching i verdensklasse viss VIF skal klare å snu dette. Oslolaget har blitt fullstendig utspelt i 2.omgang.
62'
Sogndal held fram slik dei gjorde før scorigna og VIF ser rysta ut i denne 2.omgangen.
58'
Otoo blir soleklart hindra, men Helgerud bles ikkje. Sogndal sine spelarar ikkje nøgd med dommaren no.
56'
Høgh headar til corner.
56'
Endar i kast for Sogndal og Teniste skal kaste langt.
55'
Strand med frispark igjen frå 40-meter. Skal skru innover.
55'
Vålerenga slår mykje langt no og det vert mat for Sogndal sine stopparar.
53'
Sogndal med medvind i denne omgangen og det ser ut som dette inspirerar sogningane.
52'
Fin sjanse for VIF, men Lindkvist går i offside.
51'
Sogndal mykje meir med i spelet sålangt denne omgangen og det er også dei som styrer spelet.
49'
Stor sjanse for Sogndal! Fardal Opseth vinn ein duell med Høgh og spelar gjennom Valgardsson som åleine med keeper brenn ballen over.
48'
Ganske lik kamp som i første omgang. Tette duellar og spel mellom dei to 16-metrane.
46'
Langt opp frå Gunnarasson og Utvik vinn duellen med Kjartansson.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga på bana igjen. Ser ikkje ut som det er nokon byter på nokon av laga.
Tett intest, men ikkje det heilt store spelet. Begge forsvara har vore solide. VIF det beste laget denne omgangen, men skapar nesten ingenting utanom når Sogndal gjer feil. Generelt sett ein ganske kjedeleg omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Eit minutt tillegg.
45'
Utvik stangar ut.
45'
Gunnarsson skal kaste langt igjen.
42'
Strand med innlegg, men Høgh er først på ballen og får klarert.
41'
Endar i corner.
40'
Teniste skal kaste langt.
40'
Det meste av spelet foregår mellom 16-meterane og då blir det veldig lite interessant å melde frå om frå Fosshaugane Campus.
37'
VIF styrer spelet no, men dei klarer ikkje på nokon måte å skape dei heilt store sjansane.
34'
Enorm sjanse for VIF! Dyngeland glepp eit enkelt innelgg og Fredheim Holm kan egentlig berre putte ballen i mål, men vert så overraska at Sogndal sine forsvarar når fram og får klarert.
33'
Berre skyt med venstra frå 20 meter. Ca. 4-5 meter over.
33'
Sogndal klarerar.
32'
Gunnarsson skal kaste langt.
32'
VIF blir slåande mykje langt og det likar Sogndal sine stopparar. Hovudstadsklubben er mykje farlegare når dei klarer å komme rundt på kant.
28'
Dessverre for osloklubben er pasningane for upresise.
28'
Sogndal prøver seg med litt klikk klakk spel inne i VIF sin 16-meter, men VIF får klarert og kjem på kontring.
26'
Realtivt lite som har skjedd i denne kampen. Eit par halvsjansar til begge lag, men ikkje ein særleg severdig kamp sålangt.
25'
Dyngeland plukkar.
25'
Innkast til VIF på høgd med Sogndal sin 16-meter.
24'
Offside og VIF tek over.
23'
Frispark til Sogndal som skal svingast inn i boksen.
23'
Berre feller Strand for tredje gong på kort tid. Får kjeft av Helgerud no.
23'
Vålerenga som trillar ball no. Kjem seg nesten til nokon farligheiter, men det blir mykje nesten.
20'
Langer ute og boksar.
20'
Strand med Frispark frå 40 meter.
20'
Mykje feilpasningar her no og begge laga ligg og jaktar. Endå ikkje nokon store sjansar, men de ter to lag som er ute etter å straffe motstandaren sine feil her.
17'
Ein miss i Sogndal sitt forsvar like etter frisparket gjev Berre ein god sjans, men Karadas får blokkert. Fin sjanse for VIF.
17'
Kjartansson går i bakken i ein duell med Karadas. Falt lett der islending, men VIF får frispark som Lindkvist skal slå inn.
15'
På ny kjem Sogndal rundt på kant, men innlegget blir stanga ut av Gunnarsson. Sogndal trykkjer litt, men VIF har grei kontroll.
13'
Sogndal med eit visst trykt på VIF no. Trykkjer på med fleire innlegg i boksen, men kjem ikkje til nokon store sjansar.
12'
Fredheim Holm vinn duellen med Karadas og VIF får etterkvart klarert.
11'
Innkast til Sogndal på høgd med VIF sin 16-meter. Teniste skal kaste langt.
10'
VIF står også høgt og pressar Sogndal til å slå langt. Det passar Høgh og Larsen greitt i duellane mot Fardal Opseth og Otoo.
9'
Zahid med lekre detaljar, men etterkvart så blir det litt for mange støttepasningar og VIF klarer ikkje å trøkke Sogndal noko særleg her i innleiinga.
8'
Glimrande slått av Strand, men Otoo har gått i offside. Kunne blitt ein god sjanse for Sogndal.
8'
Frispark til Sogndal på høgd med VIF sin 16-meter.
7'
Vålerenga prøver å spele seg ut og Sogndal pressar høgt. Bryt VIF ved fleire høve, men har ikkje fått skapt noko endå.
6'
Kampen har ikkje satt seg heilt enda og begge lag slit med å bygge opp noko skikkelig spel.
5'
Fardal Opseth er nede og får klarert.
5'
Gunnarsson skal kaste langt.
5'
Morten Berre spelar indreløpar og Fredheim Holm kant slik som vi rekna med.
4'
Sogndal på ei kontring der Fardal Opset slår inn til Otoo. Høgh har derimot kontroll på Sogndal sin toppscorar og stel ballen.
3'
Haugen held igjen Grindhaug, men slepp unna kortet. Får grei beskjed om at dette ikkje må skje igjen av Helgerud.
2'
Utvik stangar ut.
2'
VIF med ballen no. Gunnarsson skal kaste langt.
1'
Lang ball opp, men missforståing mellom Otoo og Fardal Opseth. VIF overtar.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg ut på bana og vi er straks klart for bataljen mellom to av formlaga i Tippeligaen.
Desse laga møttes tre gonger i fjorårssesongen. I serien vann VIF begge kampane og i 8-delsfinalen i cupen vart og osloklubben for sterke for sogningane.
Kjartansson på VIF har 13 mål denne sesongen. Det betyr eit snitt på 1 per kamp. Han står då også med over halvparten av dei 24 måla som klubben frå Oslo har scora i år. Med andre ord ein utrulig viktig mann for VIF og ikkje minst den spelaren Sogndal sine 3 midtstopparar må passe på i dag.
Laga er ute og varmar opp. Ca. 12-13 grader i Sogndal og regnbyger.
For Vålerenga har Berre komme inn for Heltne Nilsen, men det er usikkert om det er han eller Fredheim Holm som tek plass på midtbana eller på ving.
Då er lagoppstillingane klare og vi ser at Ulrik Flo er ute mens Kristian Fardal Opseth kjem inn for Sogndal.
Vi er tilbake ca. 1 time før kampstart med lagoppstillinga. Vel møtt.
For Sogndal er det ingen suspensjonar og det er forventa at ein stiller med same tropp som mot Odd på mandag.
Reka tek med seg denne troppen over fjellet: Gudmund Kongshavn, Michael Langer, Niklas Gunnarsson, Ruben Kristiansen, Rasmus Lindkvist, Simon Larsen, Daniel Fredheim Holm, Vidar Ørn Kjartansson, Morten Berre, Herman Stengel, Ghayas Zahid, Christian Grindheim, Nicolai Høgh, Markus Dahlen Brændsrød, Simen Olafsen, Ali Iqbal, Mathias Blårud, Moussa Njie
Costaricanske Diego Calvo er i Brasil for å spele VM så Reka kan ikkje nyte godt av han sine eigenskapar.
André Muri, Alexander Mathisen og Fitim Kastrati er skada og Sivert Heltne Nilsen sonar karantene for tre gule kort.
Toppscoraren i årets Tippeliga spelar på Enga og er islandske Vidar Örn Kjartansson. Han har scora imponerande 13 mål på 13 kampar. Spørs kor lenge eit økonomisk tynga Vålerenga får behalde denne juvelen.
Det er to formlag som møtes denne kvelden i saftbygda. Sogndal står med 3-2-0 på sine 5 siste kampar mens Kjetil Rekdal sine menn står med 2-3-0.
Då vil vi få ynskje velkomen til denne liveoppdateringa frå kampen mellom Sogndal og Vålerenga frå Fosshaugane Campus.