TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Heilt fortjent at Sogndal vinn. Jamnt fram til dei siste 15 minuttane då Sogndal tek fullstendig over styringa av kampen. Det er andre gong på kort tid at Sogndal avgjer i siste minutt. Mot Lillestrøm dunka Mane inn 1-0 rett føre dommaren bles av.
Det var det absolutt siste som skjedde her på Fosshaugane Campus. Sogningane er i ekstase for set som no verkar som ei ny sikra tippeligakontrakt.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Mål!
1-0
Fosshaugane til himmels. Glimrande corner av Hopen og dagnes soleklart beste sogndalspelar stangar ballen i mål.
90+4'
Mane slår inn men via ein vålerengaspelar til corner
90+3'
Gult kort
Feller Flo og Sogndal får sin siste moglegheit.
90+2'
Frispark til Vålerenga som vert slått heilt ut over kortlinja.
90+1'
Gult kort
Feller Anene på veg framover.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Nytt innelgg frå Skaasheim, men Hirschfeld plukkar igjen ballen lett ned.
88'
Spillerbytte
87'
Muri har hatt god kontroll på Karadas i lufta. Vinn på ny ein duell mot eidaren.
87'
Kampen vippar no. Sogndal vil fram, men Vålerenga er farlege på overgangar.
84'
Spillerbytte
84'
Hjørnespark
På oversida av tverliggaren igjen frå Valsvik.
84'
Sogndal kjører kampen no.
83'
Innlegg frå Skaasheim. Dynglenad hoppar over og ballen går til Karadas. Han får snudd seg, men skyt over.
81'
Hjørnespark
Ny god moglegheit, men Vålerenga får klarert.
80'
Hjørnespark
Endar i nytt skot frå Mane. Høgt over.
80'
Hjørnespark
Gedigen muligheit. Valsvik heddar i tverrliggar og returen heddar Karadas i ein Vålerenga spelar til ny corner.
78'
Spillerbytte
78'
Mane legg ut til Hopen som heilt upressa frå 16-meter skyt himmelhøgt over.
76'
Ricketts i fint driv langs kanten, men vert til slutt stoppa av Badji.
75'
Meir fart i kampen no. Vålerenga med ein del gode kombinasjonar, men ingen sjansar ut av det.
75'
Mane med nytt skotforsøk, denne gong frå kanten av 16-meteren. Der kunne du lagt inn Mane.
73'
Stor sjanse for Sogndal! Mane tråklar seg igjennom. Han vel på kanten av 5-meteren å legge inn framfor mål og der er ingen.
71'
Mane skyt like utafor. Usikkert om Hirschfeld hadde kontroll på den.
69'
Vålerenga med ballen mest no. Klarar derimot ikkje å skape så mykje.
68'
Slås inn i boksen og Berre heddar utafor.
68'
Fripark til Vålerenga frå 40 meter.
67'
Kastet går til Brochmann som slår inn, men ballen går bak mål.
66'
Kast til Sogndal på høgd med Vålerenga sin 16-meter.
66'
Intensiteten i kampen har dala betrakteleg frå dei første 10 minutta.
63'
Hjørnespark
God corner, men Muri får igjen stanga vekk.
63'
Igjen så har vi eit minutt med framføring av elendige fotballferdigheiter frå begge lag.
61'
Spillerbytte
61'
Hjørnespark
Over alle og ut til målspark.
61'
Patronen slår inn og Santos kjem seg fri. Skyt via Muri til corner.
59'
Nytt godt initiativ av Skaasheim. Han kjem til innlegg, men igjen får Muri rydda unna i siste liten.
58'
Heilt klart meir trøkk i kampen no.
57'
Fleire gode moglegheitar for Sogndal. det går derimot for seint i alle trekk og Vålerenga får ballen unna.
56'
God innlegg av Skaasheim som Larsen heddar bak mål til corner trur alle på stadion. Dommar Sælen meinar derimot at ballen har vore ute før Larsen er borti den.
55'
Fellah igjen med stikkar til ANene. PAtronen får stoppa den store spissen i siste liten.
53'
Vålerenga har tilrive seg eit initiativ i byrjinga av 2.omgang.
52'
Hopen mistar ballen på midten og Fellah driv framover. Gjev den til Anene som avsluttar. Udjus gjev retur og Børven avsluttar frå nesten død vinkel i nettveggen.
51'
Kjempesjanse for Vålerenga!
50'
Fellah skyt, men igjen står Børven i vegen. Ballen går via han og ut til utspark for Udjus.
49'
Begge lag agressive i starten og det kjem til småfarligheiter framføre begge mål.
46'
Sogningane rett i angrep og tilslutt får Brochmann avslutta frå sju meter, men skotet går utafor.
46'
Sogndal med avspark. Og ingen byte på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spelarane på veg ut på bana. Vi gjer klar til 2.omgang.
Sånn midt på treet første omgang frå Fosshaugane Campus. Ingen sjansar dei fyrste 20.minutta, men etter det kom begge laga seg til nokre gode moglegheiter.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Hjørnespark
Godt slått corner som Valsvik heddar like over.
44'
Mykje elendig fotball det siste minuttet her på Fosshaugane.Først er det Sogndal som spelar seg inn i vanskelege situasjoanr før Fellah heilt upressa sender ballen over sidelinja.
43'
Flo slår i bakrom på Hopen han legg igjen til Santos som flikkar ballen til Brochmann. Dansken skyt ti cm utafor frå 15 meter.
43'
Kjempesjanse for Sogndal!
41'
Frispark til Sogndal frå ca midt på bana. Skaasheim slår opp, men ballen kjem ned med snø på og Hirschfeld boksar lett ut.
39'
Sogndal byggjer fint opp og Skaasheim slår inn. Innlegget er det derimot ikkje noko kraft i og Muri stangar lett ballen vekk.
38'
Duellar i feltet og Sogndal får frispark.
38'
Mange trekk frå Vålerenga endar i eit innkast på høgd med Sogndal sin 16-metar.
37'
Vålerenga trillar balalr og SOgndal spring i mellom.
35'
Hopen skyt igjen over.
35'
Nytt farleg frispark til Sogndal på kanten av 16-metaren.
35'
Brochmann jagar Dahl Hagen som gjev ut til kast.
34'
Litt meir fart i kampen no.
33'
Svakt utført av Hopen.
33'
Over!
33'
Farlig frispark til Sogndal som Hopen nok skal slå.
32'
Gult kort
32'
SOgndal kontrar og Hæstad legg Santos i bakken 18 meter frå mål.
32'
Zajic slår hardt inn forran mål. Muri stussar og Udjus med ein refleksredning.
31'
Frispark til Vålerenga. 40 meter frå mål.
31'
Litt sur i SOgndal sitt forsvar. Valsvik gjer fyrst ein god jobb, men når han skal spele seg ut slår han balle nrett til Fellah. Han skyt frå ca 20 meter, men to meter utafor.
28'
Fellah skyt frå 25 meter han og. Skotet går i Børven og duppar, men over mål. Der hadde ikkje Udjus kontrol.
27'
Zajic skyt frå 25 meter. Curlar den mot vinkelen, men skotet vert ein meter for høgt.
26'
Mane skjer innover og avsluttar. Igjen ei dårlig avjerdsle av Mane då Skaasheim har heile høgresida ledig.
24'
Halvsjanse til Sogndal. Skaasheim legg inn, men det er ingen kraft i innlegget og Karadas sin avslutningen vert lett for Hirschfeld.
21'
Kampen sin fyrste sjanse. Vålerenga kombinerar fint og Larsen slår godt inn frå kant. Børven når ikkje heilt over ballen og headdinga går over.
20'
Akkurat no er det veldig lite som skjer.
18'
Ingen målsjansar så langt på Fosshaugane Campus.
17'
Men det blir ingenting ut av kontringa.
16'
Hjørnespark
Vålerenga klarerar og kontrar.
16'
Mane med skotforsøk frå 35 meter. Fullstendig ufarleg.
15'
Fellah prøver igjen ein stikkar til Børven, men igjen er forsvaret til Sogndal patent.
14'
No er det Vålerenga som har tatt over ein del av initiativet og spelar Sogndal djupe.
13'
Vålerenga pressar Sogndal og Skaasheim spelar ballen ut over sidelinja til kast for VIF.
12'
Det same kan seiast om midtstopparane til Vålerenga.
11'
Valsvik og Patronen har grei kontroll på Anene og Børven så langt i kampen.
10'
Vålerenga satsar på kontringar og det er Sogndal som styrer banespelet så langt.
9'
Zajic ligg nede og Vålerenga spelar ballen ut. Zajic kjem seg raskt på beina igjen.
7'
Hjørnespark
Dårlig slått og Vålerenga klarerar til kast.
7'
Fellah prøver seg med gjennombrudspasning, men Valsvik stoppar ballen i siste liten. der hadde Anene vært aleine gjennom.
6'
Sogndal med initiativet så langt i kampen.
5'
Skaasheim slår i bakrom på Santos. Han vender seg vekk frå Dahl Hagen, men avslutninga går høgt over.
4'
Lang ball frå Muri, men Valsvik og Patronen viser musklar mot Anene og vinn duellane.
2'
Sogndal med høgt press på Vålerenga no i starten.
1'
Mane i fint driv for Sogndal, men pasningen går til ein blåkledd.
Avspark Start 1. omgang
Vålerenga med avspark.
Ca. 40 frå klanen har tatt turen til Sogn på denne mandagskvelden.
Fem minutt til kampstart og ikkje mange har trossa vinterkulden for å fylgja kampen frå stadion.
Tosaint Ricketts på benken. Kan verta ein joker for Martin Andresen i kveld. Furebotn er ogtilbake på benken frå Sogndal etter å ha vore ute dei to siste kampane.
Spelarane varmar no opp og det trengs. Her er det kaldt!
Skyfritt og ca 0 grader tre timar før kampstart. Det er venta nordavind og fleire kuldegrader fram mot kampstart så til alle som skal på kamp i kveld vil ein råda å kle seg godt.
Vålerenga vil med siger i dag berre ligga 2 poeng bak Tromsø og Viking i kampen om 4.plassen. Etter 1-0 siger mot Tromsø sist jaktar Martin Andresen sine menn ei god avslutning på ein ellers skuffande sesong.
Sogningane kjem frå 1-1 heime mot Aalesund og er med det på ein 13.plass, eit poeng framføre Fredrikstad. Siger i denne kampen vil difor være livsviktig i nedrykkstriden.
Sogndal er garantert utan Ulrik Flo og Taijo Teniste. Henrik Furebotn vert testa no rett før kampstart.Det er venta at Azar Karadas får sjanse på topp saman med brasilianske Santos. Forventa lagoppstilling for Sogndal vert då: Kenneth Udjus - Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Per-Egil Flo - Malick Mane, Ørjan Hopen, Stéphane Diarra Badji, Tonny Brochmann - Ricardo Santos, Azar Karadas
Vålerenga fekk i siste sekund sin nyervervelse, Tosaint Ricketts, klar og han er med laget til Sogndal. Troppen til Martin Andresen er difor denne: 1 Lars Hirschfeld, 34 Gudmund Taksdal Kongshavn, 2 Benjamin Dahl Hagen, 4 André Muri, 5 Aleksander Solli, 6 Simon Larsen, 10 Torgeir Børven, 11 Morten Berre, 15 Joachim Thomassen, 16 Pape Maly Diamanka, 17 Mohammed Fellah, 18 Giancarlo Gonzalez, 19 Chad Barrett, 21 Suleiman Ahmed, 23 Kristofer Hæstad, 25 Tosaint Ricketts, 26 Bojan Zajic, 27 Chuma Anene.
Då vil vi ynskja velkomen til Fosshaugane Campus og den siste kampen i den 28.runden i Tippeligaen. I kveld er det Vålerenga som er på besøk i saftbygda. Kampstart 19.00.