Referat
Kun høydepunkter
'Vi vil se rompa til Christian' syng klanen og Grindhaug gjer dei det dei ønskar. God stemning på bussen tilbake til tigerstaden vert det nok for både spelarar og supportarar.
Det må takast med at 2.omgang var utrulig udnerhaldande og sjølv om den første var eit langt gjesp så sit ein igjen med følelsen av å ha sett ein god kamp.
Vålerenga jublar som besatt for tre veldig viktige poeng. Sogndal hadde to sjansar på omtrent blank goal på stillingen 1-0 og 1-1 og kan difor takke seg sjølv for at ikkje tre poeng vert igjen i saftbygda. Innbytar Fitim Kastrati med glimrande forarbeid på den avgjørande 2-1 scoringa. Coching i verdensklasse på ny?
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+3'
Offside på Næss Lund og no er vi nok ferdig.
90+3'
Vålerenga klarerar.
90+2'
Dahlin skal slå eit frispark frå midtstreken.
90+2'
No hastar det for sogningane.
90+2'
Mane skyt rett på Hirscfeld.
90+1'
Tre min tillegg og Sogndal får frispark på 23 meter.
90+1'
Vert kalrert, men Sogndal held oppe trykket.
88'
Det er Vålerenga som styrer no. Sogndal ligg lågt og ser slitne ut.
84'
Sogndal fekk eit frispark som dei slo inn i feltet, men der plukka Hirshcfeld lett.
83'
4084 tilskodarar i dag.
83'
Kampen står og vippar. Eit mål vil vera utrulig viktig med tanke det å få eit pusterom i nedrykkstriden.
80'
Drama i Sogndal. Castro held Karadas, men det er før frisparket blir tatt og difor gult kort, men ingen straffe. Frisparket går gjennom feltet og ut til 5-meter.
79'
Frispark til Sogndal i god posisjon ca. 22 meter litt skrått til venstre for Hirschfeld.
76'
Godt angrep av Sogndal. Skaasheim brukar Kastrati som rundingsbøye før han legg 45-grader ut til Flo som skyt, men Hirschfeld er god med og reddar skotet.
73'
Dette har utvikla seg til ein meget underhaldande kamp.
71'
Enorm sjanse for Vålerenga! Sogndal står høgtog Zajic vippar i bakrom på Børven. han kjem litt skrått på mål, men avsluttar bra ti cm utafor stopen til Dahlin.
70'
Kampen står no og vippar. Sogndal er kanskje det førande laget, men Vålerenga har og angrep der dei kjem til nesten-sjangsar. Zajic ser frisk ut.
68'
Det går gjennom heile feltet og ut til 5-meter.
68'
Sagna tar seg ein tur ut på sidelinja med fysio Plassen. Mane tek frisparket.
67'
Nei det er Sagna som ligg nede. Har fått seg ein smell, men litt vatn hjelpe nok.
67'
Sogndal får frispark på kanten. Sagna står kalr til å slå inn.
65'
Zajic med ein frekk tunnel på Sagna før han skyt over. Serbaren er i siget no.
62'
Zajic er tilbake på bana.
62'
Ulrik Flo, spissen til Sogndal, har ikkje scora siden første serierunde.
61'
Ny enorm sjanse for Sogndal! Ballen dette ned til flo som frå fem meter treff cornerflagget.
61'
Zajic skadar foten og det ser ut som han må forlate bana.
56'
Enorm sjanse for Sogndal! Ganske lik corner som ved målet. Eit dårlig skot frå Sagna går til Mane som fire meter frå målet skyt over.
55'
Det vart ikkje corner, men kast som Teniste tok. Dessverre for sogningane så vart det ingenting ut av det.
54'
Sogndal kontrar og Holsæter vinn ein corner i ein duell med Näsberg.
54'
Sogndal klarerar.
54'
Frispark til vif og Zajic skal slå inn.
49'
Ballen går litt fram og tilbake i feltet før Mane vert avblåst for offside.
49'
innkast til Sogndal og Teniste skal kaste langt.
48'
Sogndal held fram med lange ballar opp mot Mane. Spørs om dei har gløymt at Karadas spelar stoppar i dag.
46'
Sogndal med avspark og Valsvik dunkar ballen opp til Muri som klarerar.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal er tilbake på bana, mens 'Reka' held sine guttar inne i varmen til dommaren jagar dei ut i sognekulda.
Kampen begynte bra, men dei siste 15 minutta har vore eit stort gjesp. Ingen av laga ser ut til å ville ta dei heilt store sjansane og då blir det heller ikkje den store underhaldninga.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Sagna skyt ca. 16 meter utafor.
44'
Nytt innlegg frå Baffo, men Dahlin er ute å plukka igjen. Sikkert frå svensken.
43'
Flo med ei fin finte før han skyt ti meter utafor og fem meter over. Mykje dårlig frå begge lag her no.
42'
Valsvik prøver å slå i bakrom på Skaasheim som har starta, men pasningen blir alt for dårlig og går ut over dødlinja.
41'
Innlegg frå Baffo, men det går rett i klypene på Dahlin.
39'
Endar i corner
39'
Endar i corner
39'
Vålerenga skal kaste langt inn i feltet.
36'
Sogndalspublikum reagerar kraftig når Hirschfeld plukkar opp noko som lignar veldig på eit tilbakespel.
33'
Manlick Mane har vore god for Sogndal så langt. No fiksa han frispark etter at Grindheim var for seint inne i ei takling.
31'
Corenr til Vif etter at Berre kjem rundt på kant.
30'
Ny corner til Sogndal.
28'
Ei sogndalkontring endar i corner.
27'
Holsæter prøver å runde Berre, men gamlefar har full kontroll på unguten frå Førde og skjermar ballen ut til 5-meter.
26'
God sjanse for Sogndal. Mane slår eit innoverskrudd frispark som både Karadas og Stephensen nesten når fram på.
25'
Zajic slår inn og ballen treff tverrliggar eller så er det Dahlin som boksar. Farlig!
24'
Frispark til Vålerenga ute frå kanten på høgd med Sogndal sin 16-meter.
24'
Innkast frå Teniste som Karadas stussar, men Hirscheld held ballen lett.
22'
Ballen går tilbake til Baffo som legg inn, men headinga til Børven er alt for laus og går rett på Dahlin.
22'
Elendig kast frå Baffo som Holsæter lett kan heade ut.
21'
Innkast til Vålerenga på høgd med Sogndal sin 16-meter.
20'
No er det Sogndal som har betre tak på kampen. Har flytta presset sitt høgare i bana og Vålerenga har problem med å komme seg ut.
19'
Ein del lange ballar opp på Mane og då vert det veldig lett for Muri og Gonzales sidan senegalesaren ikkje er ein kopi av Jostein Flo.
17'
God sjanse til Sogndal. Mane kjem rundt på kant og slår inn langs bakken. tilslutt er det Sagna som skyt og og skotet tek i Stephensen og går like utafor.
16'
Litt fram og tilbake her no, men det er Vålerenga som ser piggast ut.
13'
Stor sjanse til Vif! Eit innlegg går over Dahlin og til Baffo som sender ballen mot det åpne målet. Der er Valsvik og reddar på streken.
13'
Karadas snublar når han skal klarere, men ingen vålerengaspelarar får tak i ballen.
12'
Same kampmønster som tidlegare. Vif trillar ball og Sogndal ligg lågt. Framleis ingen sjansar til nokon av laga.
10'
Det går rett i armane på Dahlin.
10'
Han skal sjølv slå frisparket.
10'
Frispark til Vålerenga når Zajic blir tatt på ca. 35 meter.
9'
Vålerenga prøver å bygge opp angrepa sine med å trille ballen gjennom forsvarsleddet og midtbana til Sogndal. Der er det relstivt trangt og oslo-laget har lykkast lite dei fyrste ni minutta.
7'
Han skyt rett på Hirschfeld.
7'
Mane skal skyte.
7'
Frispark til Sogndal på ca. 25 meter når Stephensen blir tatt. Grindheim ikkje einig.
5'
Høgt spark frå Valsvik og frispark til Vålerenga.
4'
Nytt kast til Sogndal. Teniste skal kaste langt.
4'
Vif får klarert.
4'
Opp kjem Karadas og Valsvik.
4'
Mane med eit glimrande raid på kanten, men får berre eit innkast.
2'
Ser faktisk ut som Mane er åleine på topp og det vil sei Sogndal i ein 5-4-1 formasjon.
1'
Sogndal med lang ball opp mot Mane som går i offside.
1'
Og der er vi i gang. Faktisk bra trøkk på tribuna i dag. Vanlegvis brukar det å væra ganske daudt.
Avspark Start 1. omgang
Vålerenga startar med ballen.
Klanen med bannerane 'Morna Hallen' og 'Gi oss en Mann, Ikke en Hall en'.
Laga på veg inn på bana og vi gjer oss klar til denne ekstremt viktige kampen i Sogndal.
Frå kjelder i Sogndal seiest det at det er seld 4700 billettar til dagens kamp, men fem minutt før kampstart er det framleis god plass på Fosshaugane Campus.
Klanen stiller med to bussar, men sålangt er det berre ca. 30-40 oslobygdinga som har komme seg inn portane.
Det var feil i informasjonen om laga sine formasjonar. Sogndal held fram i 5-3-2 med Karadas som stoppar og Mane og Flo som spissar. Vålerenga kjem nok i ein 4-3-3 formasjon med Berre og Calvo som kantar.
Sogndal spelar heime i tre av dei fire siste kampane, men det spørs om det er nokon fordel for Tippeligan sitt nest dårligaste heimelag. Berre tre sigrar på heimebane denne sesongen for sogningane.
Molde har slått Hønefoss 1-0 og det betyr at ein kan puste litt lettare i Oslo og Sogndal. Men eit tap i dag vil framleis gje tre veldig nervepirrande rundar.
I fjor vann Sogndal 1-0 i ein veldig viktig kamp for sogningane. Vålerenga har egentlig ganske bra tak på Sogndal i Sogndal. Oslogutta har finfine 6-2-4 på sine tolv opptrednar i saftbygda.
Kongshavn blir sett på benken etter tabbane mot Godset. Inn kjem rutinerte Hirchfeld.
Det drygar litt med Vif si oppstilling. Har Reka nokon hemmeligheiter han ikkje vil sogningane skal få nyss i for tidlig?
På benken har sogningane tre spelarar frå U-18 landslaget til Noreg. Men det skal seiast at verken Utvik, Dyngeland eller Trøen kjem frå Sogn og Fjordane.
Espen Næss Lund fekk refs av Sogndal-leiinga etter ein tur på det lokale vannhullet midt i veka. No har han bytta ut Meieriet med ein plass i midtforsvaret til Sogndal.
Olsson går tilbake til den sedvanlege 4-4-2-formasjonen. Karadas og Flo som spisspar.
Sogndal stiller nok i same formasjon som sist mot Odd. Det vil sei fem spelarar bak. Rune Bolseth sonar for gule kort og det same gjer Daniel Fredheim Holm. Begge desse viktige spelarar på sine respektive lag. Ca. kl 17.00 er vi tilbake med dei 11 utvalde som herrane Rekdal og Olsson har satsa på til dagens kamp. Velkomen tilbake då!
Frå Vif si heimeside kan vi opplyse at oslolaget kjem til saftbygda med denne troppen: 1 Lars Hirschfeld, 34 Gudmund Taksdal Kongshavn, 2 Joseph Baffo, 4 André Muri, 8 Jan Gunnar Solli, 10 Torgeir Børven, 11 Morten Berre, 13 Fegor Ogude, 18 Giancarlo González, 19 Christian Grindheim, 20 Moussa Nije, 22 Diego Calvo, 23 Kristofer Hæstad, 24 Nicolai Høgh, 26 Bojan Zajic, 37 Ivan Näsberg, 42 Ali Iqbal, 43 Fitim Kastrati.
I tillegg til å begge beina i nedrykksumpa så har også laga som møtes i dag vist ein elendig form i det siste. Sogndal står med 0-1-4 på sine siste fem kampar og Vålerenga står med 1-0-4.
Resultata til no denne helga har fått desse to laga til å sveitte godt. Begge står på 30 poeng og no på søndags formiddag så er det difor tre poeng ned til Sarpsborg på nedrykk og to poeng til Tromsø på kvalikk. Laget som vinn i dag vil difor få seg eit pusterom i nedrykkstriden.
Då vil vi få ynskje velkomen til den 27.runden i Tippeligaen 2013. I dag med kampen Sogndal-Vålerenga frå Fosshaugane Campus.