TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal vinn fortent 1-0 over Vålerenga. Laget produserte flest sjansar, og ein god Aslak Falch i Enga-buret hindra fleire baklengs. Dermed er gjestene framleis utan nettkjenning i år, medan Bakke sitt mannskap tek ein viktig siger i det som mange spår vil verte ein kamp for å overleve.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
15 sekund att.
90+4'
Hjørnespark
Kort variant. Enga overtek.
90+3'
Teniste hamrar ballen framover, og Holsæter jagar. Falch må gi til innkast, og heimepublikum reiser seg.
90+2'
Klanen syng framleis om `for en gjeng med bønder`. Saftkokaradn svarer med `vi skal pløye enga`.
90+1'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90+1'
Hjørnespark
Ufarleg.
90+1'
Innlegg frå høgrekanten, og Grindheim nikkar mot mål. Dyngeland får fingertuppane på ballen!
89'
Hjørnespark
Over alt og alle.
89'
Bakke er svært nære sin første siger som trenar på øvste nivå. Berre to minutt att før overtid.
87'
Hjørnespark
Larsen er først på ballen igjen, men enkelt for Dyngeland.
87'
3453 tilskodarar ser kampen.
86'
Grindheim velg å leggje inn i feltet, men ballen går over dødlinja. Utspark frå Dyngeland.
85'
Frispark til Enga i fin posisjon. Grindheim står ved ballen.
85'
Psyche inn som midtstoppar. Utvik opp som anker på midtbana.
84'
Spillerbytte
83'
Hjørnespark
Falch boksar ut.
82'
Opseth klinkar til, men Falch leverer ei fin redning i nærmaste kryss. Corner!
82'
Opseth gjer seg klar..
82'
Opseth får frispark 20 meter unna målet til Falch.
81'
Sogndal-innkast på midtstreken. Teniste brukar tid.
79'
Opseth med ballen langs heile sekstenmeteren, men får aldri lada til skot.
78'
Sveen er ute ved benken for å drikke. Får seg ein kvikk-lunch eller energibar på veg innatt på bana. Han er en av fleire Sogndal-spelarar som er begynt å merke det i beina no!
75'
Spillerbytte
75'
Koomson legg seg ned med krampe.
75'
Berge har greidd seg fint på midtbane for Enga i dag. Lurer Ramsland på veg framover.
72'
Klanen syng om ``faens gjeng med bønder``.
71'
Spillerbytte
70'
Hjørnespark
Larsen er høgst i feltet, men avslutninga står ikkje i stil med spensten. Utanfor.
69'
Den unge midtstopparen reiser seg. Fekk seg ein bra karamell der, men er ut som han kan halde fram.
68'
Utvik får seg ein trøkk i hovudet, og dommaren bles umiddelbart. Tilkallar hjelp frå benken.
68'
Hjørnespark
Ufarlig.
67'
Patronen sleivar ei klarering til corner.
66'
Omarsson går opp som midtspiss, og skyv Fredheim Holm tilbake til høgrekanten.
64'
Spillerbytte
63'
Hjørnespark
Hard og god corner. Blir rydda unna like utanfor streken.
63'
Otoo har vore god i dag. Kan verke som det var avtalt at han berre skulle ha 60 minutt etter sitt korte skadeopphald.
62'
Spillerbytte
62'
Perlepasning frå Utvik i retning Otoo. Jaager med avgjerande sklitakling, og gir til corner.
61'
Halvtime unna sluttsignalet, og Sogndal har relativt god kontroll på oppgjeret. Enga skaper for få sjanser.
59'
Otoo er ein konstant trussel for Enga-forsvaret. Vinn ballen i duell mot Jaager, vender og skyt. Like utanfor!
57'
Otoo med brassespark frå 12 meter. Like over! Slikt likar Fosshaugane-publikumet!
57'
Bolseth bryt på midten og heimelaget stormar framover. Den siste avgjerande pasningen i retning Koomson blir litt for upresis. Enga og Klanen slepp med skrekken.
56'
Raitala snappar opp ballen, men dommar Steen meiner han er ufin på samme tid i duellen. Heimepublikum viser si missnøye over mannen i svart.
52'
Enga har opna klart best etter pause.
52'
Hjørnespark
Patronen ryddar opp.
52'
Juklerød skyt frå 20 meter. Dyngeland gir til corner.
51'
Rekdal har gjort nokre endringar formasjonsmessig etter pause. Lindkvist ned på venstrebacken og Juklerød tek vensterkanten. Fredheim Holm opp som hengande spiss, og Zahid på høgrekanten.
50'
Wæhler stussar ned mot Brown på tre meter, men Patronen kastar seg fram med ein lang fot og avklarar.
48'
Frispark til Enga 20 meter inne på Sogndal sin banehalvdel.
47'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
47'
Fredheim Holm med skot frå 20 meter, via Utvik til corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga tilbake på bana.
For dei som lurer korleis det går med Koomson, så er han på beina att for å få med seg pausepraten frå Bakke.
Laga tek pause på stillinga 1-0. Heimelaget har vore friske, og det er ikkje noko å seie på at Eirik Bakke sine menn er i føringa. Rekdal må fram med glosene i garderoben om det skal bli poeng med på heimturen over påskefjellet. Vi ser fram til 45 spennande minutt i andre omgang. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Koomson blir tatt hardt. Vrir seg rundt og rundt på grasmatta.
45+2'
Larsen over på høgreback og Juklerød tek venstrebacken.
45+1'
Spillerbytte
45+1'
Nei, Lundstrøm klarte ikkje så mykje meir. Legg seg ned, og no må Rekdal byte.
44'
Hjørnespark
Sarr stangar unna på første stolpe.
44'
Lundstrøm bit smerten i seg, og er heldigvis tilbake på bana.
43'
Sogndal spelar 11 mot 10 no.
43'
Ser ut som Lundstrøm må byte. Har i alle fall ganske vondt i høgrefoten.
43'
Sarr med tøff takling på Lundstrøm. Førstnemnde gir sjølv beskjed til medspelar Sveen om å spele ballen ut.
41'
Teniste med innkast oppe ved hjørneflagget. Blir rydda unna.
39'
Otoo skyt hardt frå nær død vinkel, og Falch boksar ut.
37'
Hjørnespark
Brown avsluttar med hovudet, men enkel jobb for Dyngeland.
36'
Sarr er tilbake på bana. Spelet igang igjen.
36'
Rekdal har sendt Grindheim og Abdellaoue i oppvarming.
35'
Sarr ligg nede for telling. Fysio Myhre i lett jobb inn på bana.
34'
Sveen klinkar til frå 15 meter, men nok ein gong gjer Falch ei redning i toppklasse!
33'
Kald dalatrekk på Campus no.
32'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
31'
Ny stor Sogndal-sjanse! Koomson stormar framover, og legg inn i feltet. Ballen går rett i legget på Lundstrøm, som beinar ballen like utanfor eigen stolpe frå tre-fire meters hald! Nær sjølvmål der.
31'
Innkast ved Teniste oppe ved hjørneflagget. Mistar ballen, og Enga køyrer kontra for tredje gong i kampen etter ein Sogndal-dødball. Snart blir heimelaget straffa for slike balltap høgt oppe i bana.
29'
Hjørnespark
God corner, og Sveen får ballen på ti meter. Han skyt, men blir blokkert.
28'
Stor sjanse for Sogndal! Nydeleg angrep der Teniste gir til Koomson på høgrekanten. Han set fart inn i feltet og spelar vegg med Otoo. Koomson blir avsluttaren frå ti meter, men Falch leverer ei flott redning!
27'
Fredheim Holm med skotforsøk frå 20 meter. Går via Patronen, og farten på skotet blir halvert. Dermed enkel jobb for Dyngeland i Sogndal-buret.
25'
Sogndal lar Enga styre, og gjestene har ballen mest.
24'
Hjørnespark
Fredheim Holm er først på ballen, og stussar den like over mål. Enga sin største sjanse til no i kampen!
23'
Klanen vil ha straffe då Brown går i bakken i duell mot Dyngeland. Får berre corner.
23'
Lite som skjer akkurat no. Enga trillar ball.
21'
Ventar framleis på Enga sin første sjanse i kampen. Førebels slit dei siste tredjedelen.
18'
Vålerenga med meir ball no enn før scoringa. Sogndal ligg kompakt og forsvarar seg godt.
16'
Stengel med feilpasning i retning Lindkvist, og ballen trillar roleg over sidelinja. Ristar oppgitt på hovudet, enten over seg sjølv eller medspelaren.
14'
Lindkvist dreg seg inn i feltet og ned mot dødlinja, men avslutninga / innlegget går i nettveggen.
12'
Mål!
1-0
Sveen legg inn frå venstre, og Otoo bommar på ballen. Like bak står Ramsland, og set ballen i mål frå kort hald. 1-0, og pangstart til heimelaget!
11'
Utvik med svak pasning framover, og Enga overtek - men tek ikkje vare på sjansen. Begge lag er for upresise til tider. Har gått opp i opp til no.
10'
Jamn opning første del av kampen.
8'
Hjørnespark
I nettveggen.
8'
Kampens første sjanse! Otoo klinkar til på halv volley frå 16 meter, og keeper må gi til corner.
6'
Berge får frispark i duell mot Sarr. Larsen slår opp i feltet. Ufarlig.
5'
Heimelaget tvingar fram feil hos Lundstrøm, og heimepublikum applauderer. Innkast.
4'
Svak dødball frå Koomson, og Enga køyrer kontra. Kjem to mot ein i det dei passerer midtstreken, men Koomson ryddar meisterleg opp for eigen feil. Slike moglegheiter må gjestene utnytte betre.
3'
Frispark til heimelaget midt på Enga sin banehalvdek. Sarr skal slå inn i feltet.
2'
Larsen med lang ball mot Brown, men for upresist. Utspark frå Dyngeland er det neste som skjer.
1'
Lang ball i retning Otoo, men Wæhler vinn kampens første duell.
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Svein Bakke blir heidra med eitt minutt stillhet.
Stao no pao på full guffe over høgtalaranlegget. Overdøyer Klanen sine heiarop.
Spelarane på veg inn på bana. Straks tippeligafotball på Fosshaugane igjen!
Rolf Navarsete blir hylla før kampstart med Kongens fortjenestemedalje. I tillegg ein blome frå ordførar Jarle Aarvoll.
Begge lag har gjort to endringar. Hos Sogndal er Brekkhus og Opseth på benken frå start, medan Koomson og Otoo er inne på laget. Gjestene er som kjent Arvidsson ute med skade, medan Grindheim er å finne på benken frå start. Inn kjem Larsen og Berge.
Heimelaget må klare seg utan Victor Grodås i dagens kamp. Han er langtidsskada, og venstrebacken blir dermed å finne på tribunen mot Enga. Sidan sist er Mahatma Otoo mest truleg tilbake frå eit kort skadeopphald, men om han startar kampen er framleis uvisst. Hos gjestene er Jesper Arvidsson ute med skade. Inn i troppen kjem Rino Falk Larsen som erstattar.
Sogndal var sterke på heimebane i fjor og gikk berre på ein smell. Det einaste tapet kom mot Levanger.
Vålerenga tapte berre tre kampar på bortebane i Tippeligaen i fjor. Dei tok faktisk fleire poeng borte enn heime på Ullevaal i 2015-sesongen.
Sist desse to laga møttest på Fosshaugane enda det med 2-0 til heimelaget.
Begge desse laga tapte 0-2 i serieopninga. Vertene tapte borte mot Bodø-Glimt, medan Vålerenga vart to hakk for små heime mot Viking.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Sogndal - Vålerenga frå Fosshaugane Campus!