TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
For ein kamp vi fekk i Sogndal. Ikkje plass til å summere opp, men vi kan nemne dei seks minutta mellom det 70. og det 76. minutt då Sogndal gjekk frå 2-2 og nedrykksplass til 5-2 og dermed sikra seg kvalikk. Vi lova eit drama og det fekk vi verkeleg denne kalde vinterkvelden. Stig Anders Huge takkar for seg og ynskjer velkomen tilbake til Fosshaugane onsdag når Ranheim kjem på besøk.
Full tid i Aalesund som rykkjer ned med to mål dårlegare målskilnad enn Sogndal som skal ut i kvalikk mot Ranheim over to kampar. Den første allereie førstkommande onsdag.
Der er det over! Sogndal har sannsynlegvis sikrar seg kvalikk sjølv om Aalesund har gått opp i 4-3 no.
Kamp slutt Slutt (5-2)
90'
Spillerbytte
90+2'
VIF trillar og Sogndal ligg på sektsenmeteren. Publikum hyllar sine heltar.
90+1'
3 minutt tillegg.
90+1'
Sogndal på kontring og Bye kunne ha skutt på ein Kwarasey som var langt utafor målet sitt, men spissen ser ikkje opp. Sogndal rotar etter kvart bort ballen.
90'
VIF med ball og Sogndal slår til iceing kvar gong dei har ballen.
89'
Transportetappe for Sogndal no.
88'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
VIF klarerar.
87'
Spillerbytte
86'
3585 nøgde tilskodarar tilstades på Haugadn i dag.
84'
Hjørnespark
Kort corner som Sogndal får klarert.
84'
Hjørnespark
Ny corner.
83'
Hjørnespark
Klarert
83'
Lekven med eit godt skot som Dyngeland må gje til corner.
83'
2-2 i Aalesund. Då skal det være over!
82'
Innlegg eller avslutning frå Juklerød. Går iallefall gjennom heile feltet og ein halv meter til side for målet tul Dyngeland.
81'
Hawaii-fotball her no.
79'
Spillerbytte
78'
Hjørnespark
Greenidge headar utafor
78'
Sogndal vinn eit frispark på 30 meter. Billig.
77'
Dette er det villaste eg har vore med på som liverepporter nokon sinne!
76'
Mål!
5-2
Kva i alle dagar skjer på Fosshaugane??? Sogndal opp i 5-2. Nwakali med ei perle over muren og i tverra og ned. No kokar det her.
75'
Hjørnespark
Endar i frispark til Sogndal på 17 meter.
72'
Mål!
4-2
Dette er er heilt vilt. Bye snurrar rundt med Nation og får avslutta. Kwarasey med ei glimrande redning, men på returen er den utskjelte spissen Ramsland og headar ballen i mål. Haugadn kokar!
72'
Hjørnespark
72'
Wæhler opp i duell mot Johansen og vinn lett. Raggi dømmer frispark. Unnskyld Raggi, men dette må du tolerer på dette nivået eller har du ingenting å gjere her.
70'
Mål!
3-2
Dette blir berre sjukare og sjukare. Taijo Tenistte i sin siste kamp for Sogndal. Han har aldri scora for klubben, men når han får ballen på fem meter dunkar han den opp i nettaket. Sogndal er no på kvalikk på innbyrdes oppgjør!!!
69'
Klanen i ekstase over at Sogndal no ser ut til å rykke ned.
68'
Mål!
2-2
Over muren og rett i kassa. Lekkert av kaptein Grindheim.
68'
No blir det Grindheim.
68'
Ejuke sklir gjennom Sogndalforsvaret og dett. Frispark på 17 meter.
67'
I tverrra frå Ramsland! Spissen vippar bballen over Kwarasey, men dessverre for Sogndal i treverket.
65'
Bakke med dobbletbytte.
65'
Spillerbytte
65'
Spillerbytte
64'
Rindarøy tilbake på bana.
64'
Spelet i gang igjen og ballen blir løfta inn i feltet. VIF skrik på straffe, men eg må innrømme at eg ikkje fekk med meg situasjonen.
63'
Folk rundt på tribuna sjekkar hyppig liven og eg kan sjå at det står Aafk-Godset øverst på skjermen.
62'
Rindarøy har tatt telling.
61'
Frisparket frå Grindheim er himmelhøgt og Dyngeland plukkar det lett ned.
60'
Gult kort
Hindrar ein overgang.
59'
Variant frå VIF som ender med innlegg frå Berntsen, men Sogndal får klarert.
59'
Nwakali får tilsnakk og VIF med frispark skrått ca 30 meter frå Dyngeland sitt mål.
57'
Då må Sogndal løfte seg for no treng dei eitt mål.
56'
2-1 til Aalesund! Dette er sjukt spanande.
56'
Litt same spor som i førsteomgang her no. VIF styer mykje og har ball og Sogndal satsar på kontringar. Derimot har Sogndal langt ifrå vist seg like gifitge som i den første og då får VIF trykkje ekstra mykje på.
52'
Så er det VIF som dunkar ballen inn i boksen, men Rindarøy får klarert.
52'
Sogndal på ein visitt i VIF sin sekstenmeter. Birkelund har fått blod på tann, men avslutninga no går utafor.
50'
Nwakali klarerar ballen over tribunetaket til stor jubel. Sogndalpublikummet likar ikkje at nokon tek sjansar akkurat no.
48'
I gang i Aalesund 1 minutt og 20 sekund etter oss her i Sogndal.
48'
Toppscoraren, årets spelar i OBOS-ligaen og kaupingen Kristian Fardal Opseth på plasss på Fosshaugane. Hjartet ligg nok i gult og svart no, men den lokale storscoraren håpar nok på å spele ein Eliteriekamp på Fosshaugane til neste år.
46'
Innlegg frå høgre som Kwarasey held enkelt.
46'
Der er vi i gang og framleis er det ikkje start i Aalesund. Heilt klart at dette gir sunnmøringane ein fordel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vålerenga på bana. Bakke held disiplane sine litt lenger.
Pause i Sogndal og for eit drama vi har fått. VIF styrer spelet, men Sogndal har scora to viktige mål mot bortelaget eine. Blir spanande å fylge utviklinga i Aalesund for det vil heilt klart prege korleis denne kampen utartar seg også. Vi er tilbake omeit kvarter med dei siste 45 iskalde og spanande minutta av årets Eliteserie.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45'
Hjørnespark
Endar i ovegang der Wæhler klipper ned Ejuke. Raggi bles til pause.
45'
Fin sjanse igjen for Sogndal på ein overgang. VInn ein corner.
44'
Litt mot spelets gang dette. VIF som har styrt kampen, mens Sogndal har vore farlige på kontringar.
41'
Mål!
2-1
Ojojojoj! Eg har sagt det før og seier det igjen. For eit drama! Akkurat då Aalesund mistar leiinga si set Eirik Birkelund inn sitt første mål i Eliteserien. Koomson dreg seg fri på kant og eg meiner at han kanskje skal ha eit frispark mot seg for ein dytt på Näsberg, men Raggi lar spelet gå. Legg ut til Birkelund som set ballen til side for Kwarasey.
40'
Sogndal framleis under streken, men all hjelp frå Godset vert nok tatt imot med takk for eit sogndalslag som slit mot god VIF.
39'
Godset har redusert!
37'
Hjørnespark
Endar i spel og nytt innlegg inn i boksen. Hovland blir soleklart holdt, men held sikkert like mykje sjølv og dommar Raggi bles frispark til VIF for høgt spark frå Sogndal sin midtstoggar.
37'
Hjørnespark
Endar i ny corner.
36'
God sjanse for Sogndal. LAng ball opp på Ramsland som flikkar gjennom Mandic. Han skyt via keeper til corner.
34'
Ejuke med frisparket som går over alle og ut til femmeter.
33'
VIF spelar og spelar, men det blir svært lite ut av det. Vinn eit frispark på 30 meter etter at Hovland vert for ivrig.
28'
Sogndal rykker ned jomar det frå Klanen som imponernade har samla ein 60-70 mann til denne kampen. Fleire der som sikkert hugsar ein regntung haustkveld på Ullevåll i 2000 då sogningane sendte Oslos stolthet ned i 1.divisjon og som ynskjer å sjå det motsatte scenarioet på Fosshaugane i kveld.
27'
Gult kort
For tøff i ryggen på Koomson.
26'
Det held framleis med berre eitt mål for Sogndal for å vippe Aalesund ned på på nedrykk.
24'
Mål!
1-1
VIF bygger fint opp på høgrekanten og inne i boksen har Johansen løpt seg fri. Innlegget til Lundström er perfekt og spissen har berre å breiside ballen i mål.
22'
Det skal seiast at Sogndal av og til kjem på nokon veldig gode kontringar. Raskt i lengderetninga noko som utfordrar VIF sine stopparar.
21'
Ejuke dreg vekk Birkelund ute på kanten, men Hovland er inne og får klarert til kast.
20'
Ligg svært låg Sogndal og VIF får trilla ball 15-20 meter inne på sogningane sin halvdel.
18'
Ny fin sjanse for Vålerenga. Frisparket vert slått inn i feltet og det ser ut som det er Grindheimm som får god tid til å sikte frå 13 meter, men skotet går ein halv meter over.
17'
Wæhler i ryggen på Juklerød og Saggi bles frispark. Billig og mannen i svart er ikkje populær på Haugadn no.
16'
Innmlegg inn i feltet til VIF og der er Wæhler og avsluttar like utafor.
15'
Fantastisk redning av Dyngeland. Rindarøy blir felt midt på bana, men Saggi overser eit soleklart frispark og VIF kontrar. Ballen finn tilslutt Ejuke inne i boksen som enkelt vender bort Hovland og avsluttar frå tolv meter, men Sogndal sin keeper er kjapt nede og slå ballen ut i trygg sone.
12'
Og der har Aalesund scora! Då treng Sogndal eitt mål til!
11'
VIF styrer det meste utpå her no. Sogndal ligg svært lågt.
10'
Nei det blir Berntsen. Rett i klypene til Dyngeland.
9'
Frispark til VIF på 25 meter. Grindheim står klar.
9'
Vålerenga frampå, men vert kontant stoppa av sin gamle ringrev Wæhler.
9'
Sogndal på kontring og Ramsland har fleire alternativ, men vel å gå sjølv. Blir enkelt stoppa av Nation. Veldig krampaktig det Ramsland prøver på offansivt. Heilt klart ein spelar utan sjølvtillit.
8'
VIF trillar ball og Sogndal har sjølvsagt lagt seg svært lågt etter scoringa.
5'
Mål!
1-0
Dramaet er i gang! Koomson gjer en god jobb ute på kanten. Innlegget hans i feltet får Mandic heada på mål. Kwarasay må gje retur og der er Rindarøy på plass og set ballen i mål. Då er Sogndal på kvalikk og Aalesund under streken.
3'
Over alle og ut til femmeter.
3'
Frispark til Sogndal ti meter inn på Enga sin halvdel.
3'
Innlegg frå Bertnsen, men Dyngeland fangar ballen.
1'
Sogndal klarere, men Vålerenga vinn tilbake ballen og held fram med posessionspel på eigen halvdel.
1'
Vålerenga med avspark. Lang ball opp frå Nation.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana og vi er straks klar for eit nedrykksdrama av dei sjeldne frå Fosshaugane Campus.
Publikum strøymer til stadion, og dei frammøtte til no er godt kledde for vinter. Hue, vottar og skjerf er på plass. Her blir det neglebiting i over 90 minutt!
Det har snødd og regna om ein annan i Sogndal den siste veka og det har til tider vært meir brøytemannskap på bana enn fotballspelarar. Spørs difor om Sogndal har hatt dei beste forholda for å førebu seg til denne viktige kampen. No er det gode speleforhald, men temperaturen sig ned mot null grader så for dei som orkar reise på kamp i slutten av november så blir det ei kald oppleving.
Martin Ramsland, Sogndal sin spiss, scora sist 9.juli, men får framleis tillit frå trenar Eirik Bakke.
Sogndal i elendig form med 0-2-4 på dei seks siste, men Enga har vist seg betre med 4-0-2 og sist vart det ein enkel 2-0 siger mot Odd. Derimot er berre ein bortesiger på siste åtte forsøk ikkje særleg imponerande av oslogutta. Sogndal fekk med seg eit livsviktig poeng i Bærum sist, men for å finne siste heimesiger må vi tilbake til 20.august for å finne.
Alt dette får du svar på når vi er tilbake med laga ca. ein time før kampstart på Fosshaugane.
Vålerenga manglar Moa, Fredheim Holm med skade og Godset-klare Stengel er ute med suspensjon, og har difor spelt sin siste kamp for klubben. Sogndal har framleis langtidsskada Sveen, Psyche og Kjemhus ute. I tillegg var vanlege kjente fjes som Nwakali, Koomson og Greenidge ute i siste kamp så det blir spanande om Bakke finn plass til desse på laget i skjebnekampen.
Det skal og leggast til at om laga hamnar på same målskilnad så vil innbyrdes oppgjør gjelde og då blir det Aalesund som går ned og Sogndal som får kvalikk.
Dramatikken i botnstriden går som tidlegare sagt på at Sogndal og Aalesund har same poengsum og same målskilnad, men Aalesund har scora 28 og Sogndal 27. Med andre ord så vert dette jamt og sannsynlegvis stor spaning til siste spark på ballen. Det blir og interessant å sjå om NFF har kontakt mellom arenaene. Etter å ha hørt podcast med Steffen Iversen og det same målskilnaddramaet om seriemesterskapet i 2004, så kan ein jo skjønne viss både Fredriksen og Bakke vel å drøye til i pausen ala Rekdal for å kunne spele på resultat i sluttminuttane. Vi får sjå kva som skjer!
Heimelaget, som ligg på nedrykksplass med færre scora mål enn Aalesund, møter eit Vålerenga som eigentleg berre har æra å spele for. Det skal derimot seiast at VIF, som ligg på 6.plass no, kan ramle langt nedover tabellen utan siger i kveld. Berre to poeng skil bortelaget og Tromsø som ligg på 11.plass. Det kan være snakk om fleire millionar i premiepengar. Heilt klart pengar som Ronny Deila kan tenkje seg for å forsterke stallen i vinter.
Hei og velkomne til den siste runden i årets Eliteserie og for eit drama vi kan få denne kvelden her på Fosshaugane Campus!