Referat
Kun høydepunkter
Kampen er slutt. 1673 tilskodarar fekk sjå eit Sogndallag som leverte 3 scoringar og mykje bra angrepsspel. Når forsvaret i tilegg har meir eller mindre full kontroll på det Ull/Kisa kjem med, så vert alle poenga fullt forjent igjen her i saftbygda.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+6'
Haugen stjel ballen frå Hoven og avsluttar sjølv. Via eit Ull/Kisa bein og Hagerup og til corner for Sogndal.
90+3'
Eit godt frispark, men eit par meter utanfor mål.
90+3'
Frispark til Ull/Kisa på 20 meter. Keeper Hagerup skal ta det. Spennande.
90+1'
6 minutt tilegg, men det ser ganske kjørt ut for Ull/Kisa. Har ikkje produsert all verda i denne omgangen.
89'
Haugen med skot nede i venstre hjørne, men Hagerup er der og. Sogndal er nærmare 3-0 enn kva Ull/Kisa er redusering til 2-1.
85'
Opsahl feilberegna totalt i lufta og Haugen kjem aleine med keeper. Endar opp med å skyte rett Hagerup. Stått ein stor kamp keeperen til Ull/Kisa.
84'
Scriven ruvar høgast i lufta, men får ikkje skikkeleg dreis på headinga
84'
Ernemann spelar kort til Jensen på frisparket, men han legg ballen langt opp på tribuna.
83'
Opsahl er for tøff i rygg på Haugen, og Sogndal får frispark i god posisjon.
82'
Sogndal ligg føreløbig på 6.plass, noko som betyr kvalikk.
78'
Sogndal gjer klar eit bytte. Nyankomte Tomas Kristoffersen gjer seg klar.
77'
Publikum ropar skyt når Hagerup står laaaangt utanfor mål, Haugen oppfattar ikkje dette og skuslar vekk noko som kunne vert ein kjempesjanse.
70'
Frispark til Ull/Kisa. Vert heada mot mål, men Dyngeland reddar.
68'
Hoven legg på bakerste til Haugen. Han tar med seg ballen inn og avsluttar med venstre. Via eit Ull/Kisa bein og ut til corner. Nærme 3-0 for Sogndal nå.
65'
Haugen får heade i frå 5 meter, men igjen vartar Hagerup opp med ein kjemperedning.
65'
Haugen legg ut til Soltvedt, og Hagerup vartar opp med ein kjemperedning.
62'
Høgreback Torp er med opp for Ull/Kisa og ordna corner.
61'
Nå er det Sixten Jensen som ligg nede og får behandling, fekk seg ein skikkeleg luftetur i duell med ein Ull-Kisa spelar. Spelarane nyttar igjen sjansen til å drikke vatn.
59'
Walstad legg mot Scriven, men ballen går over han og ut til 5-meter for Sogndal.
58'
Lite å melde om. Mykje balltap nå frå begge lag.
54'
Ernemann ligg nede, og spelarane nyttar sjansen til å få i seg noko væske.
46'
Farleg innlegg frå Langås på høgresida som Lereng nesten sleivar i eige mål. Corner for Ull Kisa.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga entrar bana og vi er snart klar for 2.omgang her på Fosshaugane Campus.
Har vert ein fartsfylt 1.omgang. Ull/Kisa kom best ut av starten og skapte mange farlege sjansar. Men etter 31 minutt dukka Hoven opp på bakerste stolpe og scora omgangens einaste mål så langt. Etter dette målet har Sogndal tatt heilt over banespelet og vert nærme scoring.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Dommaren bles i fløyta og vi tar ein pause no.
45+2'
Haugen med ein lekker detalj, før han spelar ballen vidare til Soltvedt. Soltvedt vil ikkje vere noke dårligare å sende Garnås i pølseboda med både sennep, ketschup og strøløk. Men Walstad får kasta seg og blokkert til corner.
45+1'
2 minutt tilegg vert det meldt.
45+1'
Hoven spelar Soltvedt på 7 meter. Men han skal ha ballen på venstre foten. Hadde han avslutta med høgre hadde det vert veldig skummelt.
45'
Ernemann gjer igjen ein god defansiv jobb og får stoppa kontring for Ull/Kisa.
43'
Ull/Kisa nesten gjennom, men Lereng får stoppa pasninga gjennom til Langås.
41'
Mål pregar kampar seier ein. Sogndal har vert fyrst på alt av duellar, og styrer spelet no.
39'
Kjempesjanse for Sogndal. Schulze heilt aleine gjennom, men skyt rett på Hagerup. Denne burde blitt utnytta betre.
37'
Godt slått av Ernemann, men går ut bak målet til Hagerup.
36'
Frispark til Sogndal på 35 meter. Skal flytte inn i boks.
33'
Kanskje litt mot spelets gong, men so er det i fotballen.
30'
Sogndal er dyktige på å hindre Ull/Kisa i å spele gjennom ledd. Vert masse flytting av ball sidelengs frå Ull/Kisa
28'
Kristiansen skyt men rett i Haugen som står i mur.
28'
Kristiansen står klar...
28'
Hands på Soltvedt utanfor sin eigen 16-meter.
28'
Ull/Kisa fortsett å trille langt inn på Sogndal sin banehalvdel. Ikkje interesert i å presse noko høgt, Songdal.
26'
Lereng lar ballen sprette og då er Langås framfor. Avsluttar mot lengste, men ballen går nokon meter utanfor.
25'
I gang igjen.
24'
Laga tar ein drikkepause.
23'
Igjen er det Soltvedt som legg inn, og igjen vert det corner.
23'
Bortsett frå straffesparket, som kom litt ut av det blå, har Sogndal slete med å kome til sjansar.
20'
Har vert ein actionfylt kamp dette så langt. La oss håpe det fortsett slik.
20'
Soltvedt med ball gjennom til Hoven, men Hagerup er kjapt ute og snappar den.
19'
Kjempesjanse til Ull/Kisa. Kjem seg rundt på høgrekant, Kristiansen legg hardt langs bakken men Katolano er skotuppen for kort til å styre den inn i nota.
18'
Haugen skyt til høgre, men der ligg Hagerup.
16'
STRAFFE! Schulze vert felt i ein duell med Garnås.
15'
Soltvedt nytt frampå. Skot som vert klarert til corner.
14'
Soltvedt med eit hardt innlegg langs bakken, men Garnås får akkurat ei tå på den og ut til innkast.
14'
Spelet bølgjar veldig fram og tilbake.
12'
Sigurd Haugen med ein ny ettersleng, denne gang på Aas.
11'
Haugen vert spelt gjennom, men vert vinka av for offside.
10'
Ull Kisa trillar ball langt inn på Sogndal sin banehalvvdel. Ender til slutt med eit innlegg til Kitolano, men får ikkje avslutta skikkeleg.
7'
Fleire store sjansar for Ull/Kisa. Til slutt er det Trøen som avsluttar i Fredriksen og Sogndal får klarert.
5'
Haugen vil ha frispark men spelet går vidare. Kjem med ein ettersleng i neste bølgje og frispark til Ull/Kisa.
4'
På nytt kjem Ull/Kisa seg rundt. Langås legg inn men Trøen headar over frå 5 meter
3'
Ull/Kisa kjem seg ofte rundt på kant. Men presisjonen på innlegget er så som så.
2'
Kan sjå ut som Sogndal går ut i ein 5-4-1 formasjon. Totlant inn som ein tredje midtstoppar, Jensen som høgreback.
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg inn på bana, og vi nærmer oss kampstart.
Kristian Rutlin og Eirik Birkelund får hyllest før kamp. Rutlin har meldt overgang til Fjøra FK, medan Birkelund skal til på studie i Bergen.
Ullensaker/Kisa har med seg Sakarias Opsahl, som fekk sin Ull/Kisa-debut mot Start sist, og nykommar Alfred Scriven, som kom på lån fra Mjøndalen denne veka. Alfred Scriven har tidlegare markert seg mot Sogndal, då han scorte det avgjerande 3-4 målet i det 95.minutt for Mjøndalen i OBOS-ligaen i fjor.
Sogndal har vert aktive på overgangsfronten i det siste, og har signert tre nye spelarar. Andreas Hoven, Tomas Kristoffersen og Igho Ogbu er alle med i dagens tropp.
Sogndal ligg før dagens kamp på ein 8.plass, plassen over Ull/Kisa på 9.plass. Sogndal kan med siger her komme seg opp på kvalikkplass, så dette er uten tvil ein viktig kamp for Sogningane. Sogndal er revansjelystne etter å ikkje ha vunne i serien sidan 21.juli. Ull/Kisa har så langt i serien slitt på bortebane, og har ikkje tatt poeng sidan dei vann 8-0 mot Tromsdalen 14.April. I motsatt oppgjør i vår vann Ull/Kisa 3-0 på Jessheim Stadion.
Hei, og velkommen til dagens livedekninga av kampen mellom Sogndal og Ullensaker/Kisa på Fosshaugane Campus.