Referat
Kun høydepunkter
Sogndal med store sjansar på slutten der Kisa får klarert på streken to gonger. Det karakteriserar også kampen. Sogndal styrte mykje og vinn avslutningsstatistikken 18-5. Det hjelper derimot lite når Kisa er supereffektive og dunkar ballen i mål på to av sine tre avslutningar på mål. Sogndal går på sitt tredje (3!) heimetap på rad. Det ville fått konsekvensar hjå dei fleste klubbar som snakkar om opprykk før sesongstart. Kisa derimot klatrar opp i ryggen på sogningane. Etter siger sist mot Aalesund og her i Sogn må ein jo berre være imponert over det Skogheim sitt mannskap har fått til. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer degvelkomne tilbake om to veker når Nest-Sotra kjem på besøk. Då er det med solide Svein Inge Sunde bak tastaturet. Nyt det!
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Gedigen sjanse for Sogndal som endar i corner.
90+4'
Eitt minutt igjen.
90+4'
Kisa vinn duellane og har grei kontroll her no.
90+4'
Kisa på kontring. Dyngeland får gitt til corner på Salvesen sin avslutning.
90+3'
Sogndal pumpar opp, men utan nokon mål og meining. Steiring vinn som vanleg og stussar, men ingen i bakrom.
90+2'
Kisa har relativt god kontroll her sjølv om Sogndal har ballen mest.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90'
Kitalano inn i boksen. Får ein liten dytt av Latifu og fell i bakken. Der kan dommar blåsa, men Kitalano dett svært lett.
89'
Sogndal med ball, men skapar lite.
87'
1838 selde billettar til dagens kamp. Eg tiuppar det er rundt 7-800 sjelar på stadion i dag.
81'
Haugen lefsar ballen utafor. Det oppsummerer dagen for Sogndal. Mange avslutningar, men av særs laber kvalitet.
80'
Adams rett inn og lagar problem for Kisa. Frispark på 17 meter for Sogndal.
79'
Bakke kastar alle korta.
75'
Songdal roapr på straffe og Kisa kontrar. Salvesen er på blank kasse, men ein sogndalspelar kastar seg inn og får klarert. Her svingar det.
73'
Schulze med ein susar som Hageruå slår til corner.
72'
Walstad tilbake på bana.
71'
20 minutt igjen. Sogndal har vore kalrt best i denne omgangen, men vi får sjå om Kisa har ein sluttspurt å komme med.
71'
Ein kisa-spelar sitt nede med skade. Ser ut som det er Walstad. Er oppe igjen no, men haltar så vi får sjå om Skogheim må foreta sitt andre byte.
66'
Soltvedt avsluttar like utafor. Sogndal nærmar seg.
65'
Skogheim har gjort sitt første bytte. Mange rundt meg som lurar på kvifor Bakke ikkje byter. Fleire på Sogndal i dag som ikkje har hatt sin beste kamp for å seie det sånn.
64'
Sjølv om det er glissent på tribuna skal Sogndal sin supportergjeng 'Saftkokarane' ha skryt for god sang og godt liv gjennom heile kampen. Dessverre lite med gulkledde på tribuna i dag.
60'
Sogndal lempar ballen inn i feltet og Kjemhus står heilt aleine på bakerste, men rotar ballen vekk før han får skutt. Har vore svak i dag vingen.
58'
Sogndal som styrer det meste framleis, men utan å komme til nokon sjansar.
55'
Så er det bortelaget som får omgangens største sjanse. Trøen legg inn til Salvesen som stussar ballen to centimeter utafor.
54'
Sogndal fullstendig overlegne her i starten, men Kisa har klart å ridd unda det meste.
52'
Kisa har fått tak i ballen og trillar no ein del mellom seg for å kvile litt med ball etter eit kontinuerleg sogndalpress.
49'
Kontinuerleg styrtregn og sogndalpress dei fyrste fire minuttane av andre omgang.
48'
Ballen blir klarert, men Sogndal trykker på og får seg ein ny corner.
48'
Frispark til Sogndal på ca 30 meter. Ballen skal svingast inn.
46'
Sogndal bit seg fast og vinn ein corner.
46'
Sogndal med avspark og Fredriksen pumpar den lange oppover.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi tel 9-1 i avsltuningar til heimelaget, men eigentleg har det vore ein jamnspelt kamp og 1-1 er eit heilt greitt resultat til pause. Sogndal har vore ivrige med å gå i angrep, men samtidig har nok Kisa vist seg best med ball. Bortelaget byggjer mykje opp, men på siste halvdel så vert det litt for lite trøkk. Skal liksom gå ballen i mål romerikingane. Eit tips kan være å skyte slik Nikolas Walstad gjorde for det gav Kisa scoring på deira einaste avslutning i denne omgangen.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Eitt minutt tillegg.
44'
Schulze prøver seg, men skotet går ein god meter over.
44'
Kisa rullar fint opp og Trøen får ballen i boks. Prøver å vippe ballen på bakerste der spissen, men burde nok gått for ei avslutning.
41'
Sogndal trykker på ein liten periode. Først er det Soltvedt som prøver seg og i neste angrep heng Haugen høgast på eit innlegg og stangar ballen mot mål. Blir avblåast for klatring der spissen, men endelig skjer det litt framfor måla igjen.
38'
Då begynnar det å regne godt her i Sogndal. Blir surt og kaldt for dei utpå bana no.
34'
Oppe igjen der midtstopparen og Kisa beheld ballen i midtsirkelen.
33'
Dommar stoppar spelet etter ein duell i feltet. Ser ut som det er Sundli som ligg nede.
33'
Frispark til Kisa som skal svingast inn.
31'
Lite som har skjedd etter scoringa til Kisa. Det skal også nemnast at bortelaget kun har ei avslutning på mål og den gjekk i mål. Heimelaget med seks avslutningar så langt. Samtidig har det vore ein jamn kamp spelemessig der begge lag har hatt sine periodar.
24'
Hadde nokon gode minutt der Kisa der dei klarte å spele heimelaget ganske lågt. Fekk til slutt lønn for strevet.
21'
Kisa med mykje ballbesittelse no. Har komme seg litt til hektene etter ein intensiv sogndalperiode.
18'
Kisa klarar igjen å spele seg til ledige rom inne i Sogndal sin sekstenmeter. Vinn til slutt ein corner.
17'
Soltvedt prøver slegga frå 20 meter og ballen susar inn i nettveggen. Vore ivrig med skotfoten her i starten bergensaren.
16'
Kitalano og Salvesen er nære på å spele seg gjennom eit uorgansiert sogndalforsvar, men til slutt er det Wæhler som får kasta seg inn og klarert.
14'
Heimelaget styrer det meste her no. Kisa ser rysta ut.
13'
Sogndal frampå igjen. Spelar seg fint gjennom Kisa sitt forsvar og Soltvedt skyt via ein gulkledd til corner.
9'
Fine detaljar av Soltvedt som hælar ballen gjennom til Jensen som skyt over. Sogndal best i gang her.
6'
Kanonskot av Soltvedt. Legg ballen heilt opp i krysset, men der ligg Hagerup og slår til corner.
5'
Frispark til Sogndal på litt over 20 meter. Dette er hald for Soltvedt.
4'
Jensen får ballen i boksen og legg inn på bakerste, men der er ingen og ballen går ut til femmeter.
3'
Normann Hansen snappar frå Fredriksen og kjem åleine med Dyngeland. Steiring får blokkert til corner.
2'
Offside på Steiring.
2'
Sogndal med eit frispark som skal svingast inn i boksen.
1'
Kisa rett i angrep, men eit innlegg vert snappa av Dyngeland.
Avspark Start 1. omgang
Kisa med avspark.
Då er laga på veg inn på stadion til eit ekstremt glissent Fosshaugane. Ganske rart med Sogndal sin siger sist, men ryktene skal ha det til at mange syns liveoppdateringane er meir underhaldande enn å sjå kampen slik at ein heller sitt heime og ser på mobilen.
Begynna å bli haust i Sogn også. Regn i lufta og 10 grader gjer at eit lag ull innerst sikkert ikkje er så dumt for dei som skal sjå kampen frå tribuna.
Desse laga har faktisk berre møtt kvarandre ein gong tidlegare i Sogndal og det var i NM for fem år sidan. Då vann Sogndal 4-3. Vi håpar på like mange mål i dag.
Då er laga klare og vi ser at Vegard Skogheim som venta ikkje endrar noko frå den herlige 3-0 sigeren mot Aalesund. For Sogndal er gode Latifu tilbake og då må unge herr Totland ta turen ut på beken sjølv om har gjort sakene sine bra i nigerianaren sitt skadefråvær. Litt usikker på om Sogndal kjem til å spele i den formasjonen vi har satt opp. Mogleg det blir ei trebackslinje med Fredriksen, Wæhler og Steiring. Vi får sjå!
Som vanlig er det lite info klubbane vil dele både med oss i pressen og sine eigne supporterar om skadesituasjonen. Derimot kan vi bekrefte at ingen av laga har nokon suspensjonar til dagens kamp. Så får vi sjå kven Bakke og Skogheim vel ut til å spele i dag. Dette skal de få svar på dersom de er tilbake ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Det førre møtet mellom desse laga i år enda 2-0 til Kisa i ein kamp der laget frå Jessheim var fullstendig overlegne.
Sogndal klarte å snu ein dårlig trend med tre tap på rad då dei slo KIL på bortebane sist. Det var viktig for sogningane som no igjen berre er fire poeng bak direkte opprykk. Samtidig er berre seks poeng ned til ein plass utafor play-off.
Viktig kamp dette i opprykkstriden. Kisa kjempar iherdig for å kapre ein av dei fire play-off plassane. Romerikingane ligg akkurat no på 5.plass, men både KIL og Tromsdalen jagar eitt poeng bak.
Hei og velkomne til den 23. runden i 1.divisjon og kampen mellom Sogndal og Ull/Kisa frå Fosshaugane Campus.