TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det var det siste sparket på ballen og dette må være så utrulig bittert for Ull/Kisa. Styrer omtrent heile kampen og Sogndal har faktisk ingenting å by på. Vel og merke skal sogningane ha for å aldri gi opp og utlinkinga kjem på rein og skjer kjemping. Dei gulkkledde frå Jessheim var best i starten før Sogndal kom litt inn i det etter eit kvarter. Men etter at Hoven fekk raudt for felling som bakerste mann var det kun eit lag på bana. heimelaget produserte litt på dødball, men sjølv om Kisa hadde ballen store delar av tida produserte dei svært lite framfor mål. Den andre Hoven på bana laga eit utrulig klønete straffespark som Sørløkk ekspederte i mål. Etter det såg Kisa ut til å ha full kontroll før dei gav Michael sjansen i boksen fem minutt på overtid. Dermed enda det utrulig nok med poengdeling i Sogndal
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Mål!
1-1
Det er vanvittig ufortent, men Sogndal gjer det eksakt då tilleggstida er ute. Kniving i feltet før Blårud får gitt til Michael som dunkar ballen i mål. Sogndal stel eit poeng i sesongopninga.
90+5'
Berre eit lite minutt igjen no for Kisa. kan bli ein fantastisk start på sesongen dette.
90+4'
Sørløkk legg ut til Øy som aavlsuttar like utafor. Stor sjanse det for Kisa.
90+3'
Nord prøver ein stikakr til Nessø, men ballen går ut over kortlinja. Ikkje mykje å komma med her Sogndal.
90+3'
Jenssen prøver å legge seg ned med krampe, men blik faktisk dratt på beina igjen av Husebø. Fekk ikkje dratt ut så mykje tid der midtstopparen.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90+1'
Lang ball opp på Mardal som dyttar Williams overende. Frispark til Kisa.
90'
Bakke har satt innpå løpsskraft her som skal prøver å stressa bortelaget. Lukkast sånn delvis med dette.
90'
Kisa held på ballen no.
88'
Spillerbytte
88'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
Roseth headar over.
86'
Spillerbytte
86'
Prøver litt no Sogndal, men ser slitne ut etter å sprunge etter Kisa sitt glimrande pasningsspel gjennom heile kampen.
86'
Sørløkk kjem på overgang, men Sogndal rekk tilbake. Aas prøver eit skot, men rett i blokka.
83'
Store rom for Kisa her etter at Sogndal har flytta fleire fram.
82'
Frustrasjon på tribuna her no. Både rundt dommar og eige lag. Hadde nok rekna med tre enkle poeng i dag her heimepublikummet.
80'
Gult kort
Dommar Koløy gjer ei heilt latterlig avgjerde og Eid er ueinig. Løyser det med eit gult kort der Koløy som verkeleg er ute å køyre no.
80'
Ikkje akkurat ein god dag på jobb for brødrene Hoven. Den eine blir utvist og den andre lagar straffe.
79'
Spillerbytte
79'
Gult kort til Bakke for å kalge på dommaren. Er dessverre ikkje så mykje å klage på etter den straffa. Er heilt ufattelig klønete av Hoven.
78'
Mål på straffe!
0-1
Set straffen sikkert ned i Mbaye sitt venstre hjørne.
77'
Straffe!
Hoven skal klarere og sparkar rett i Williams. Straffe!
75'
Nermar seg her no Kisa.
75'
Williams får lagt ut og der er Ringstad som får kross hald skyt på utsida av stolpen.
73'
Spillerbytte
73'
Gult kort
Hands
71'
Rakneberg blir spelt gjennom, men skyt himmlehøgt over frå tolv meter. Kisa sin største sjanse i kampen.
70'
Husebø med Kisa si første avslutning i andre omgang. Høgt over mål frå 25 meter.
69'
Nermar seg på dødballane no Sogndal. Nessø har ein veldig god fot.
68'
Hjørnespark
Kisa får klarert.
68'
Corner til Sogndal. Feil idømt.
66'
Gult kort
Sparkar bort ballen. Forferdelig unødvendig.
66'
Ser ikkje heilt bra ut dette for sisteskansen i roda. Held fram litt til, men haltar der han tuslar tilbake til sitt eige mål.
65'
Keeper Hagerup ligg nede.
65'
Sjølv om Kisa har hatt eit spelemessig overtak har det skjedd svært lite framfor målet til Mbaye.
64'
Får ingenting ut av det bortelaget.
64'
Så får endeleg Kisa eit frispark midt inne på Sogndal sin halvdel.
63'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
63'
Bakke skyt via ein kisaspelar slik at ballen får ein stor boge. Hagerup er nære på å misse i duell med Hoven der. Forøvrig Sogndal sitt første skot på mål i dag.
61'
Som igjen endar i innkast for Sogndal. Mykje oppstykka spel her no som passar heimelaget godt.
61'
Får dessverre ikkje til noko avslutning heimelaget og det endar i innkast for Kisa.
60'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gong nede ved kanten av Kisa sin sekstenmeter.
59'
Knudsen spelar gjennom Sørløkk som er hårfint offside.
57'
Hjørnespark
Endar i åpent spel og der skal no Kisa ha eit frispark. I staden vert det til Sogndal. Ikkje populær blant dei gulkledde no Koløy.
55'
Hjørnespark
Endar i åpent spel før Nessø får sjansen igjen. Slår hardt inn og Blårud får nesten sklidd ballen i mål.
55'
Hjørnespark
Klabb og babb før det endar i endå ein corer for heimelaget.
54'
Hjørnespark
Ny corner.
54'
Knallhardt inn frå Nessø og Husebø er nære på å sette ballen i eige mål.
54'
Endå eit frispark til Sogndal. Kisaspelarane syns det er litt mykje piping frå dommar Koløy no.
53'
Slit veldig med å skape noko framfor Mbaye her Kisa. Kristiansen avlsuttar med ei lompe frå seksten meter.
52'
Spillerbytte
51'
Roseth får avslutta med hælen, men den går godt over mål.
50'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gongen på kanten sånn ca på høgd med Kisa sin sekstenmeter.
50'
Har latt meg imponere av Magnus Knudsen på midtbana til Kisa. Lånespelaren frå LSK på berre 19 år har virka svært roleg med kula i mange situasjonar.
48'
Langt frispark opp i boksen for Sogndal, men blir litt for lite trykk. Må nok ta betre sjanse på desse Sogndal for her får dei ikkje låne ballen så mykje.
46'
Innlegg frå Knudsen, men over alt og alle. Femmeter for Mbaye.
46'
Begge lag stiller uforandra.
46'
Dei gulkledde frå Jessheim sparkar i gang denne andreomgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det pause i Sogndal og denne kampen har noko ikkje utarta seg slik ekspertane trudde på førehand. Ull/Kisa tok tak i kampen frå start og styrte det meste av omgangen. Speseilt etter at Hoven fekk raudt kort etter ei felling som bakerste mann. Bortelaget har derimot ikkje klart å skapa noko særleg med sjansar sjølv om dei har hatt eit stort spelemessig overtak så det blir spanande å sjå kva denne andre omgangen bjuder på.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+3'
Kisa klarerar.
45+2'
Sogndal får frispark på midten og skal slå ein lang ball opp i feltet her på slutten.
45+2'
Kisa stormar framover på venstre, men innlegget går rett i klypene til Mbaye.
45+1'
To minutt tillegg.
45'
Hjørnespark
Heading frå Jenssen, men rett på Mbaye.
45'
Innlegg frå Langås som Eid nesten set i eige mål.
43'
Kupen er i kjend stil eitrandes forbanna på linjedommaren då hen meiner ballen var ute og han skulle hatt ein corner.
42'
Treng eit mål no Kisa før pause før Sogndal kanskje kan få omgrupert og lagt ein slagplan for den andre omgangen.
41'
Kisa styrer alt akkurat no og Sogndal slit med å flytte laget opp sjølv på overgangane.
37'
Kristinsen prøver seg igjen og denne gongen er det meir trøkk i skotet som snik seg nokre centimeter over Mbaye sitt kryss.
35'
Der klarer Kisa å trokle seg gjennom. Kristiansen får stå åleine i boksen, men treff ikkje reint og ballen går over.
34'
Kampen held egentlig fram i samme spor som før utvisninga. Kisa styrer banespelt og Sogndal kontrar.
31'
Langt innkast frå Eid som vert stussa bakover av Hoven. Der er Blårud og forlengar, men ballen går i stolpen før Hagerup får kasta seg ned og held ballen.
28'
Gult kort
Hindrar ei overgang.
26'
Heilt klart at trenar Tjelmeland har satt sitt preg på dette kisalaget. Kjappe pasningar på ein- og to-touch samt mange bevegelsar. Minnar mykje om det vi såg med Åsane i fjor.
24'
Hjørnespark
Ein innøvd variant der ballen blir slått flatt inn. Kisa får kalrert før Bakke skyt over.
24'
Då blir dette ein særs interessant kamp. Kisa har vore best 11 mot 11 så det blir spennande å sjå korleis dette går 11 mot 10.
23'
Frisparket frå 25 meter går rett på Mbaye.
21'
Rødt kort
Kisa kontrar og Sørløkk kjem seg framfor Hoven so mtek tak i armen hans. Sogndal protestarar vilt. Vil ikkje konkludere før eg ser reprisen, men ser grei ut den. Er mykje rot mellom Mbaye og Hoven som fører til dette.
21'
Kisa klarerar.
20'
Ballen dett til slutt ned hjå Bakke som skyt via ein kisaspelar til corner.
20'
Har lukkast veldig godt Kisa med å spele seg ut bakfrå. Sogndal pressar bortelaget langt inn i eigen sekstenmeter og vinn til slutt eit innkast etter at Hagerup missar på ein pasning.
18'
Glimrande spel av Ull/Kisa. Berge og Sørløkk kombinerar fint inne i bokse og berre ei livsviktig blokkering frå Roseth hindrar kisaspissen sitt første for sesongen.
16'
Bortelaget har nok vore best det første kvarteret på Fosshaugane, men ingen store sjansar å prate om for nokon av laga.
15'
Rett i muren.
14'
Langås feller Kupen rett utafor sekstemeteren. Godt hald dette for Nessø som står klar med høgreslegga.
14'
Gult kort
13'
Ull/Kisa mistar ballen på midten og burde kanskje fått eit frispark. Sogndal kontrar og Williams legg Nessø i bakken. Frispark til Sogndal på kanten av sekstenmeteren.
11'
Hjørnespark
Endar i frispark for Sogndal.
11'
Ringstad skyt via Solberg til corner for bortelaget.
9'
Bortelaget vil spele seg ut bakfrå og Sogndal pressar høgt. Full kontroll frå dei gulkledde og songingane vert springande mellom.
8'
Fine kombinasjonar frå Kisa. Sørløkk legg igjen til Andresen som avsluttar utafor frå 20 meter. Får ikkje noko trøkk i skotet der midtbanespelaren.
6'
Nære at Hoven får spelt gjennom Nessø. Fin ingripen av Jenssen i Kisa sitt forsvar.
5'
Endar i frispark til Kisa i eigen boks.
5'
Innsvingar frå Eid.
5'
Sogndal vinn ballen og Kupen stormar framover. Blir lagt i bakken av Kristiansen og får frispark.
3'
Trillar framleis ball bortelaget. Må no ha holdt på ballen i over eitt minutt no!
2'
Kort kast frå Kisa som trillar ball inne på Sogndal sin halvdel.
2'
Hagerup slår også langt opp og Kryger må gi til innkast.
1'
Lang ball opp som endar i frispark for Kisa.
1'
Og det er Sogndal som sparkar i gang årets sesong for desse to laga.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg inn på bana og vi er straks klare for seriestart her frå Fosshaugane Campus.
Delvis skya opphaldsvær kan være ei god beskriving av været i Sogndal i dag. Det er opp mot 20 grader så fin fine forhold for både spelarar og publikum.
I fjor enda det heile 6-1 til Sogndal på Fosshaugane. Og sogningane har godt tak på Ull/Kisa når dei møtes her. 4-0-1 står det på dei fem møta som har vore. Derimot skal det namnast at alle dei tre gongene laga har møttes på Jessheim så har Ull/Kisa vunne.
Då har vi laga klare og som forventa så får Johan Johannessen Bakke sin debut frå start her i kveld. For Kisa så er Solberg ute og inn kjem Berge. Tidlegare sogndalkeeper Hagerup vaktar buret for dei gulkledde frå Jessheim.
Heimelaget har også slitt i treningskampane for etter braksiger 4-1 i første kamp mot Brann. Har det vore litt å hente for eit skadeplaga sogndallag. Men som sagt, treningskampar er treningskampar. Det er no det gjeld både for Ull/Kisa og Sogndal. Vi er tilbake ca. ein time før kampstart med lagoppstillingane. Vel møtt!
I tillegg har Eirik Bakke hatt flust av skadeproblem i oppkøyringa så vi får sjå kva mannskap han kan mønstre i kveld. Verst for Sogndal er det nok av årets spelar i OBOS-ligaen førre sesong, Sivert Heggheim Mansverk er ute i nærmare to månader etter ein operasjon i foten. Men dette gjer at vi kanskje får sjå Bakke sin eigen son, Johan Johannessen Bakke, frå start for Sogndal i kveld. 17-åringen har starta fleire av treningskampane denne våren.
Sogningane fekk seg ein boost denne veka når utanlandsproff og tidlegare stjernespelar Per Egil Flo vart signert. Den rutinerte forsvararen kom rett frå Sveits til koronakarantene og vil ikkje være tilgjengeleg den nærmaste veka. Det vil uansett være ei særs viktig forsterkning for Sogndal på backplass etter at Totland reiste til Tromsø.
Sogndal vart nr 3 i fjorårssesongen og spelte seg også heilt fram til kvalikkfinale der det blei tap 3-2 mot Mjøndalen. Sogndal leia 2-1 fram til det gjenstod to minutt, men ei offsidescoring og ein corner langt inn i overtida stoppa draumen om eit nytt eliteserieeventyr for laget frå saftbygda.
Ut i frå treningskampane så er kanskje ikkje forhåpningane så store for Ull/Kisa. Tre tap på dei siste tre kampane er ikkje mykje å rope hurra for. Men treningskampar betyr jo ingenting så lenge Tjelmeland får gutta sine i gang no når det verkeleg gjeld. Borteformen er noko den nye trenaren i alle fall må jobbe med. I fjor vart det berre tatt 8 poeng på bortebane.
Ny trener har det også blitt på Kisa. Sindre Tjelmeland på berre 32 år er ansatt. I fjor var han trener i lag med Morten Røssland i Åsane. Så får vi sjå om ungguten klarar å overfører suksessen frå bergensklubben over til Jessheim denne sesongen.
Gjestane frå Jessheim vart nr 12 i fjorårets OBOS-liga. Sidan den tid har det vore mange spelarar ut og inn for Kisa, men vi legg merke til Sondre Sørløkk som kom frå Ranheim. I tillegg har laget fleire lånespelarar frå Eliteserien som verkar spanande.
Hei og velkomne til den første serierunden i Noreg sin nest øvste liga. I dag er det Ull/Kisa som vitjar Fosshaugane Campus og Sogndal Fotball.