Referat
Kun høydepunkter
Sogndal vinn denne kvalikkampen og skal møte Aalsund i neste kamp. Spelemessig var dette eit ran på høglys dag sjølv om det no er kveld. Kisa var det soleklart beste laget gjennom store delar av kampen, men jessheimarane klarte ikkje å få til ei einaste avslutning på mål. Då vert det og vanskelig å vinne kampar. Sogndal var veldig dårlige i dag, men når du har ein spiss som Sigurd Haugen så kan fort det være det som er tyngden på vektskåla. Så blir det og spennande å sjå visse situasjonar i ettertid. Salvesen blir avblåst for noko som i det minste er ein tvilsam offside i førsteomgang, men Haugen får gå på nokon som liknar ein soleklar offside to minutt på overtid. Dette vil nok være eit stort diskusjonstema i allefal på Jessheim. Vi tel uansett 13-10 i avslutningar der det er 7-0 i avslutningar på mål noko som igjen viser at dette var ein veldig rar kamp med tanke på at Ull/Kisa var det beste laget spelemessig. Stig Anders Hauge takkar for seg så får vi sjå om vi snakkast igjen 8.desember då eventuelt Stabæk kjem på besøk.Og etter å fått bileta frå Haugen si scoring så kan vi kanskje gje dommarteamet rett, men det er snakk om centimetrar. Uansett så vil det då være riktig å gje det angripande lag tvilen til gode. Men er nok fleire ullsokningar som syns Salvesen og då burde fått denne tvilen til gode i første omgang. Sogndal er uansett vinnarar og skal møte eit anna lag som stavra seg vidare nemleg Aalesund. Det kan bli ein svært interessant kamp på Danskebåten Stadion torsdags kveld.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+2'
Kjemhus skyt frå 20 meter. Der hadde han tre andre spelarar med seg. Dårlig avgjerd.
90+1'
To minutt tillegg.
87'
Ser ikkje ut som nokon av laga har det som skal til for å avgjere dette.
85'
Kisa spelar seg fint gjennom, men Steiring får stoppa Kitolano i siste sekund.
84'
Ligg ein del spelarar nede her no. tek heilt klart på å spele fotball under dese forholda og ingen av dei har heller på seg strømpebukse så dette er nok kaldt for muskulaturen.
81'
1902 tilstades på Fosshaugane i dag.
81'
Riise med glimrande ball i bakrom og Haugen avsluttar rett på Hagerup.
79'
No haglar det med sjansar her plutselig. Haugen skyt rett på Hagerup frå kloss hald.
78'
Kjempesjanse for Nesset. Får ballen på åtte meter og smeller den over. Kisa sin tiende! avslutning utafor mål.
76'
Ny god sjanse for Sogndal. Kjemhus skyt rett på Hagerup frå ti meter.
75'
Så er det nokre enorme sjansar til heimelaget. Først ein glimrande beinparade frå Hagerup før SOltvedt skyt like utafor.
72'
Innlegg som Kaland headar over.
72'
Frispark til Kisa i fin posisjon.
71'
Har også gått over til 4-5-1 no heimelaget.
70'
Kisa styrer omtrant alt utpå her no. Sogndal berre måkar unna ballen bår dei har den.
66'
Heilt klart Kisa som er det beste laget her no. Sogndal ser både rysta og forfrosne ut. Bakke prøver seg med eit nytt taktisk bytte.
60'
Kisa heilt klart det beste sålangt i denne omgangen.
59'
Igjen er Kisa frampå. Spelar seg fint gjennom og Salvesen kjem åleine med keeper, men litt skrått. Får lagt inn, men der er Steiring og klarerar.
58'
Fin sjanse igjen for Kisa. Kjem rundt på kant og Kaland får slått knallhardt inn framfor mål. Ballen går gjennom heile feltet, men ei lite tå frå kven som helst kan sette den i mål.
57'
Kisa sin åttende avslutning utafor mål i dag. Ingen på mål sålangt.
56'
Men det er Salvesen som smell avgårde ei kanonkule som går nokre meter utafor målet til Dyngeland.
56'
Torp står med ballen.
55'
Frispark på 30 meter til Kisa.
55'
Sogndal får ein overgang, men akkurat som Hansen gjorde for Kisa i første omgang så vel Haugen her å skyte istaden for å slå til ein betre plassert Flo. SKotet får ein meter utafor.
51'
Stor sjanse for Kisa! Ballen blir spelt inn i boksen og der får Nesset stå heilt aleine. Han rotar litt med mottaket og difor blir avslutninga eit puslete forsøk som går utafor.
49'
Kisa klarar derimot å få relativt god kontroll og spelar seg fint ut.
49'
Sogndal med eit kast der dei etterkvart klarar å sette eit visst press på dei gulkledde.
46'
Då får vi sjå om nokon av laga klarar å avgjere dette i løpet av 45 minutt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der syns Kjensli at det er nok her i kulden. Ein jamn kamp der kanskje Kisa har vore det beste laget, men Sogndal har hatt dei største sjansane. Ein meget tvilsam offsideavblåsing på Salvesen her på slutten blir nok eit samtaleemne i pausen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
43'
Morsomt å sjå at med ein gong Sogndal hevar laget så klarar Kisa å spele seg lett gjennom.
42'
Kisa spelar seg nydeleg gjennom og Salveson set ballen forbi Dyngeland, men der står linjemannen og viftar med flagget.
42'
Innlegg til Haugen som avlsuttar rett på Hagerup.
41'
Sogndal trykkjer Kisa bakover no.
38'
Kisa med ei ny avslutning og for sjette gong i denne omgangen treff dei ikkje innafor stengene.
37'
Så er det Haugen som avsluttar utafor på eit innlegg. Sogndal med eit visst trykk dei siste minutta.
33'
Så er det Sogndal som får ein ny stor sjanse og igjen er det Flo. Åleine på åtte meter igjen og denne gongen set han ballen høgt over. Brendt to store sjansar i denne kampen Flo.
30'
Jamn kamp, men Kisa heilt klart det beste laget offansivt. Sogndal slit mykje meir når dei gulkledde angreip enn kva Kisa gjer når når dei kvitkledde er på visitt.
26'
Birkelund med ein katastrofal pasning bakover som Normann Hansen plukka opp. Avanserer mot mål og bør slå Salvesen, men vel å skyte. Skotet går ein meter utafor. God sjanse der for Kisa.
24'
Salvesen med ei avslutning frå 18 meter, men går ein god meter over.
22'
Faktisk utrulig lite som skjer akkurat no. Etter Kisa sine to avslutningar har som sagt Sogndal lagt seg lågt og då slit begge lag med å produsera noko som helst.
18'
Sogndal har heilt klart fått respekt for bortelaget og legg no presset ti meter inn på sin eigen banehalvdel.
17'
Kisa-keeper Hagerup forresten tidlegare reservekeeper i Sogndal.
14'
Kisa slår altså fint tilbake etter min kommentar om at Sogndal hadde eit lite overtak. To gode moglegheiter der for dei gulkledde.
13'
Kitolano driv gjennom sogndalforsvaret og skyt like utafor frå 14 meter.
12'
Fint Kisa-angrep der Torp til slutt får avslutta frå tolv meter. Er litt i ubalanse og skyt eit godt stykke over.
11'
Sogndal med eit visst overtak dei siste minutta.
8'
Sogndal rett i angrep og berre ein dårlig pasning hindrar to sogndalspelarar å komme åleine med keeper.
7'
Totland leikar seg på kant og legg ut til Flo som står aleine på sju meter. Han har all verdens tid, men sleivar ballen som ikkje ein gong klarar å trille fram til mål.
4'
Er sjølvsagt såpass kaldt utpå der også som gjer at spelarane mistar ein god del av den naturlege ballfølelsen som ein har ved levande fotballtemperaturar.
2'
Mykje fram og tilbake her i starten. Veldig direkte begge laga.
1'
Sogndal med avspark. Lang ball opp mot Flo, men Sundli ruvar i lufta.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana til bluss og flagg frå begge endar av bana. Eit godt antal ullsokningar er også på plass så det kan bli bra liv på tribuna i dag.
Endeleg har vi laga klare og straks er vi også klar for kamp her frå Fosshaugane Campus. Ein 4-5 blå grader gjer dette til ein kald fornøyelse for dei få frammøtte.
Der har i allefall Sogndal slept katta ut av sekken. heimelaget startar med følgjande elleve i ein 4-4-2 formasjon: Mathias Lønne Dyngeland, Akeem Latifu, Ulrik Fredriksen, Per Magnus Steiring, Tomas Totland, Stanisa Mandic, Bjørn Helge Riise, Eirik Birkelund, Eirik Schulze, Sigurd Haugen og Ulrik Flo
Vi unnskylder den seine lagoppstillinga, men verken Sogndal eller Ull/Kisa har sluppe sin startellver endå. Er det det taktiske spelet som er starta allereie?
Kampstart kl 16.00. Vi er tilbake ein liten time før med lagoppstillingar og anna info. Vel møtt!
Kisa har eit godt tak på sogningane fordi begge oppgjøra tidlegare i år har enda med gul-grøn jubel. 2-0 på Jessheim og 1-2 i Sogndal. Med andre ord er eit visst psykologisk overtak til Jessheim-laget før denne kampen.
Dette er altså nummer 4 og 5 på tabellen i årets 1.divisjon. Begge lag si formkurve har vel gått litt opp og ned gjennom sesongen, men holdt altså til at begge har fått sjansen til å kvalifisere seg til Eliteserien. Vinnaren av denne kampen møter Aaalesund eller Nest-Sotra. Vinnaren der igjen møter Stabæk i dobbelkamp for ein billett til det forgjette land.
Ein god hausttradisjon i Sogndal er at laget frå bygda er involvert i enten opprykk- eller nedrykkstrid. Sjølv om vi no heller må kalle det vinter enn haust så er dette framleis eit tema når heimelaget i kveld tek i mot Ull/Kisa frå Jessheim til første kamp i den lange vegen mot opprykk til Eliteserien.