TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal vinn 6-1 over Ull/Kisa på Fosshaugane Campus denne kalde julikvelden. Sogningane var overlegne frå start til mål og det kunne for vore meir enn dei seks måla. 1-1 til pause var svært flatterande, men i andre omgang rann måla inn. Romerikingane kjem seg fort ned på jorda igjne etter 4-0 i fyrste kmap mot Strømmen. Heimelaget står med 6 poeng og 10-2 i målskilnad etter to kampar og toppar då sjølvsagt OBOS-ligaen. Underteikna kan ikkje hugse å ha sett eit så sprudlande sogndalslag på år og dag så dette vitnar godt for resten av sesongen for laget frå saftbygda.
Dommar Koløy sparar Ull/Kisa for audmjukinga og bels av eitt minutt før tida!
Kamp slutt Slutt (6-1)
90+2'
Mål!
6-1
Sogndal byggjer opp på venstre denne gongen. Totland kjem til dødlinja og ballen går som vanleg gjennom heile feltet. Denne gong har derimot høgreback Helgesen komme opp og dunkar ballen i mål. Den lokale songdølen si første scoring for moderklubben. For ein kveld i Sogndal!
90+1'
Tre minutt tillegg.
89'
Ndour tar ryggsekken på og skyt fem meter over.
89'
Nordlendingen Tomas Kristoffersen har vore brilliant for Sogndal i dag. To målgivande og ein bauta på midtbana i lag med den 18-årige kapteinen Sivert Heggheim Mannsverk
87'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
86'
Kampen har roa seg veldig og Kisa har flytta laget veldig mykje lenger opp dei siste ti minutta. Ikkje uventa kom då også Sogndal sine scoringar då dei fekk litt meir rom.
83'
Spillerbytte
81'
Mål!
5-1
Fulstendig leikestove for sogningane her no. Byggjer opp på høgrekanten og Eid slår eit glimrande innlegg inn i bak forsvaret til Kisa. Der er Ndour og får snubla ballen i mål.
79'
Mål!
4-1
Eid møter på første og styrer ballen vidare inn nettmaskene. Høgrebacken si andre scoring i år.
79'
Hjørnespark
79'
Sogndal bryt og A. Hoven legg inn til Ndour. Han headar frå tre meter, men Hagerup reddar meisterleg.
78'
Slått litt ned på tempoet no Sogndal.
77'
Nye endringar for Kisa no. Can er i allefall på topp. Garnås er gått ned igjen osm stoppar.
75'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
73'
Det skal nemnast at Hagerup er nære på å gjere ei mesterleg redning på straffa til Hoven. Den er hard og godt plassert nede i hjørnet og det er berre centimeter som gjer at sisteskansen ikkje får slått den bort.
71'
Hjørnespark
Over alle og ut til femmeter.
70'
Mål på straffe!
3-1
Hagerup ligg langt nede ved stolperota og får slått ballen i stolpen, men på returen er straffetakaren der og set ballen i mål. Nesten bom nummer to dette for Sogndal, men får til slutt satt ballen i mål.
69'
Straffe!
Kupen bruken Sundli som rundingsbøye fleire gonger før han blir felt. Leikestove her av Kupen.
69'
Kisa har igjen fått flytta spelet sitt litt opp bana. Holde i ballen no ropar Fredriksen, men Sogndal vin den igjen.
67'
Garnås er flytta fram som spiss for Kisa.
66'
Ny stor sjanse til Sogndal. Kjem rundt på kant og legg inn i boks. Ingen får pirka ballen i mål.
64'
Spillerbytte
63'
Hjørnespark
Kisa får klarert.
62'
Ny kontring og K.Hoven avsluttar via ein kisaspelar til corner. Kjempesjanse!
59'
Sogndal spelar fram og tilbake i Kisa sin sekstenmeter. Kan ikkje hugse å ha sett Sogndal trykke eit lag så til dei grader bakpå som dei har gjort i dag. Heilt klart nye takter dette frå kvittrøyene som har vore kritisert for deffansiv fotball dei siste åra.
57'
Bra trøkk på begge cornerane til Kisa. Heilt klart på dødball dei gulkledde skal hjere det i dag.
57'
Hjørnespark
Heading utafor frå Walstad.
56'
Hjørnespark
Ny corner.
52'
Det andre omgangen har har heldt fram som den første. Fullstendig songdaldominans.
51'
Mål!
2-1
Spissen gjer opp for straffemissen. Lang ball opp som K.Hoven brystar ned. Kupen dunkar ballen på halv volley ned i Hagerup itt høgre hjørne. Klassescoring!
50'
Hjørnespark
49'
God straffe av Kupen og det er snakk om centimetrar som gjer at den ikkje går inn.
48'
Gult kort
Usikker om det var for nedrivinga av Lereng eller for protestar i ettertid.
47'
Straffe!
Kort corner frå Sogndal og på innlegget som etterkvart kjem så blir Lereng riven ned. Usikker på kven som er syndaren, men mogleg det er Aas.
47'
Bom på straffe!
Set ballen i stolpen!
46'
Hjørnespark
Straffe til Sogndal.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal med power-play dei siste minutta og slik har det vore i store delar av denne førsteomgangen. Eit under at det står 1-1. Sogndal tok leiinga etter at Kristoffer Hoven flikka inn eit innlegg frå Krisotffersen. Etter det har heimelaget full kontroll og fleire moglegheiter til å auke. Fullstendig mot spelets gang scorar så Kisa og Sundli på eit frispark som vert slått inn i feltet. Det såg ut som eit angrep på keeper der og folk som har sett tv-bilda er også sikre i sin sak. Nøytraliteten til desse folka kan diskuterast så her får heller folk leite fram klippet og bedømme sjølv. No er det uansett pause og spesielt Fredriksen i Kisagarderoben bør ta fram hårfønaren for dei gulkledde må heve seg kraftig i andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
44'
Så kan det sjølvsagt også ha med å gjere at Sogndal har vore svært aggresive og gode så langt i denne kampen. 1-1 gir i allefall ikkje eit bilde av korleis kampen har vore til no.
43'
Kisa måkar ballen vekk når dei kan no. Dei siste åra har underteikna sett på romerikingane som eit fintspelande lag, men det dei har vist i denne omgangen har vært bedrøvelig.
39'
Hjørnespark
Fleire gode sjansar for Sogndal her, men Hagerup får til slutt kontroll på ballen.
37'
Keeper Hagerup tek seg svært god tid på femmeteren. Heilt klart at romerikingane vil dra ned tempo her.
35'
Sogndal held fram trykket og Kisa har omtrent alle mann i eigen boks no.
34'
Like før målet hadde Kristoffersen eit skot i stolpen frå sekstenmeteren.
31'
Mål!
1-1
Fullstendig mot spelets gang! Kisa måkar eit frispark inn i feltet. Klabb og babb i boks før Sundli får dunka ballen i mål. Det ser ut som Fij har eit godt grep om ballen og sogndalspelarane protesterar vilt etterpå. Dommar Koløy er derimot godt plassert og dømmer mål.
30'
Enorm sjanse for Sogndal!
29'
Heilt klart at Kisa er litt meir med no. Innlegg som Werni får avslutta på mål, men headingen er alt for slapp og enkelt å ta for Fij.
26'
Hjørnespark
Ballen går bak mål.
26'
Kisa har flytta spelet sitt litt opp i bana no. Fij har faktisk vært bort ballen to gonger dei siste minutta.
24'
Kupen fly forbanna på dommaren. Jensen omtrent kastar han over ende før spissen kjem borti Walstad. Får frispark i mot seg der Kupen og det er fullstendig feil.
20'
Hjørnespark
Ogbu headar utafor.
20'
Sogndal rullar opp på høgre igjen og får ein ny corner.
18'
Eid får litt tilsnakk av dommaren og så etter corneren.
17'
Hjørnespark
Hagerup boksar ut og får også frispark.
15'
Hjørnespark
Kisa får klarert.
15'
Sogndalkeeper Fij er borti ballen for første gong i dag trur eg. Det er etter 14 minutt og 15 sekund!
13'
Hjørnespark
Fullstendig kaos i boksen, men Kisa får til slutt eit frispark.
11'
Fullstendig sogndaldominans dei første ti minutta her.
10'
Omtrent ein kopi av målet. Sogndal vinn ballen etter corner. Kristoffersen legg inn frå høgre og berre eit tigersprang frå Hagerup hindrar K. Hoven i å gjere sitt andre for dagen.
9'
Hjørnespark
Blir klarert, men Sogndal beheld ballen.
8'
Målet kjem frå høgresida til Sogndal der svært mange av angrepa til heimelaget har kome så langt i kampen.
6'
Mål!
1-0
Sogndal får tilbake ballen etter corneren. Kristoffersen får ballen nede på hjørnet av sektenmeteren. Legg inn på fremste der K. Hoven kjem seg framfor forsvarane og set ballen i mål.
5'
Hjørnespark
Vert stanga ut.
5'
Innlegg som Sundli må gje til corner.
4'
Sogndal vinn ballen høgt i bana og Mannsverk får skutt frå 18 meter. Går like over.
2'
Begge laga veldig direkte i starten her. Spelet går fram og tilbake med forsøk på å nå bakrom.
1'
Ull/Kisa med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Det har regna godt i Sogndal i det siste, men akkurat no er det opphald. Kaldt er det, 10-12 grader og ein god dalatrekk. Straks klart for innmarsj.
Eit kvarter igjen til årets fyrste kamp på Fosshaugane Campus. Dei 200 som har fått lov å sleppe inn har allereie begynt å plassere seg med god avstand slik smittevernet tilseier.
Då er laga klare og vi ser at det er nokre få endringar. Mest sentrale er vel at tidlegare Lillestrømspelar Stian Ringstad i dag startar for Kisa. For Sogndal ser vi at det blir to blad Hoven på topp og Ndour er satt på benken.
Vi reknar ikkje med at nokon av laga gjer dei store endringane etter ein så fatanstisk start på sesongen, men kanskje blir det nokre få byter på grunn av eit hektisk kampprogram framover. Vi er tilbake ein god time før kampstart med dei eventuelle endringane som ringrevane Bakke og Fredriksen kanskje har gjort. Vel møtt!
Desse laga har møttes seks gonger i obligatoriske kampar. Sogndal har vunne tre og Kisa har vunne tre. I fire av desse kampane har laga møttes i Sogndal og sogingane har her vunne tre og Kisa eitt oppgjer. I fjor vann Sogndal denne kampen 3-0 etter scoringar av Andreas Hoven, Eirik Schulze og Sigurd Haugen. Berre førstnemnte er å finne i Sogndal sinn tropp i år.
Det blir kanskje litt rart å snakke om eit toppoppgjer allereie i den andre serierunden, men det er faktisk 1.plass mot 2.plass i dag. Ull/Kisa leiar OBOS-ligaen etter 4-0 heime mot Strømmen i årets første kamp, mens Sogndal nedsabla Åsane med 4-1 på Myrdal Gress.
Hei og velkomne til årets fyrste kamp frå Fosshaugane Campus. I dag er det Ull/Kisa frå Jessheim som vitjar sognebygda.