TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Hansen bles av i det Tromsø har ei kjempekontring. Men, men. Tromsøværingane er nok strålande nøgde med dagens kamp uansett. Veldig sterk kamp av formlaget i Eliteserien som no er så godt som sikra Eliteserie i 2018. Sogndal vinn skotstatistikken 14-7, men Tromsø var klart best spelemessig. I skot på mål viser det 2-4 i fordel bortelaget. Ein stivfrosen Stig Anders Haugerakkar for seg. Vi snakkast igjen 26.november, brrr.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+5'
Tromsø kontrolerar dette inn no.
90+5'
Lang ball opp mot Wæhler som er flytta opp som spiss. Han legg ned til Koomson som avsluttar utafor. Sogndal sitt tolvte skot utafor i dag.
90+2'
Sogndal ser realtivt desillusjonerte ut no. Har ballen mykje, men skapar nesten ingenting.
90+2'
Men kjapt oppe igjen. Flinke Tromsø til å rive opp spelet med å ta seg nokre små pausar på bakken.
90+1'
Ny tromsøspelar nede.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90'
Tromsø får klarert frisparket.
90'
Spillerbytte
90'
Frispark til Sogndal på 20 meter.
89'
Gult kort
88'
Då blir det nok vanskeleg for heimelaget.
88'
Hjørnespark
Endar i skot like utafor frå Soltvedt.
87'
Hjørnespark
Ny corner.
87'
Sogndal med ein siste sluttspurt no.
87'
Sogndal ropar på hands, men då trur eg nok det var ein sogndalspelar som handsar. Tromsø får klarert.
86'
Nytt frispark til Sogndal. Flyttar opp igjen.
86'
3675 på Fosshaugane i dag.
86'
Tromsø får klarert.
85'
Frispark til Sogndal. Flyttar fram alle. Må nok ha eit mål no om ein skal drøyme om poeng.
84'
Gamsten er nede for telling. Hansen seier han får komme seg opp igjen og spelet held fram.
83'
Spillerbytte
83'
Innlegg frå Teniste osm ein liggande Wangberg blokkerar. Ser ut som ein soleklar hands, men Hansen seier nei. Framleis hands når vi ser reprisen så der blir nok Sogndal snytt for straffe.
81'
Soltvedt stjel ballen frå Gamsten som faller lett, men reelt. Då bles Hansen frispark.
79'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
77'
Spillerbytte
77'
Åsen stormar framover og dundrar ballen nokre centimetrar utafor. Har vore god i dag Åsen.
73'
Ser mørkt ut for Sogndal no.
72'
Enorm sjanse for Tromsø på kontring. Ingebrigtsen slår inn til Lehne Olsen som er eit skonummer frå å sette inn Tromsø sitt tredje for dagen.
71'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
66'
Mål!
0-2
Den måtte komme! Etter mange store sogndalsjansar er det formlaget Tromsø som slår tilbake. Corneren går bak i boksen til Antonsen som dunkar ballen inn i igjen. Wangberg er bortpå ballen før Ingebrigtsen er på rett plass og får både dempe og sette ballen forbi Dyngeland. No er Tromsø nær sikker plass i Eliteserien 2018.
66'
Hjørnespark
66'
Tromsø klarar endeleg å spele seg gjennom eit sogndalsledd og då blir det farlig. Hovland må gi til corner.
64'
Der var han inne igjen.
64'
Wangberg må ta seg ein liten tur ut, men han kjem nok straks innpå igjen.
63'
Ramsland og Wangberg spring rett på kvarandre. Ser ut som begge har fått seg ein smell i panna.
63'
Tromsø slit litt med å spele seg ut for tida. Sogndal sterke i presset.
61'
Heilt enorm sjanse til Sogndal igjen. Innlegg som Greenidge headar to centimeter til side. No er Sogndal nære.
61'
Sogndal med trøkk no. Spesielt når dei klarar å få nokon dødballar.
60'
Hjørnespark
Ut til Teniste på seksten, men Åsen blokkerar.
58'
Hjørnespark
Wæhler headar i tverra! Innsvingar som stopparen frå sølvmanken på. Eit under no at ikkje Sogndal har scora på nokon av dødballsituasjonane sine.
57'
Kongshavn ligg nede og vrir seg og det ser veldig stygt ut, men plutselig er han oppe igjen. Bra er det for Tromsø.
56'
Kongshavn og Hovland i ein duell etter eit innlegg. Hansen bles frispark til keeper. Såg tvilsamt ut, men på repsisen ser vi at Hovland er ute med albogen. Faktisk veldig stygt, men ikkje heilt tilsikta frå Sogndal sin kaptein ser det ut som.
54'
Enorm sjanse for Tromsø! Trillar rundt med Sogndal og slepp ballen vidare frå spelar til spelar. Til slutt er det Ingebrigtsen som avsluttar frå seks meter, men til side for mål. Denb bør du sette Ingebrigtsen.
53'
Tromsø har lagt seg endå lågare no og det er nok ikkje Sogndal sitt sterkaste kort det å spele ut eit lag.
51'
Espejord og Lehne Olsen kombinerar fint, men vert litt åleine der oppe. Flyttar ikkje opp alt for mange her Tromsø så har nok begynt å tenke litt resultat her Gutan.
50'
Tromsø veldig sikre med bal. Ser ikkje ut som eit lag i nedrykkstriden der dei fint spelar seg ut bakfrå.
47'
Lang ball inn som Greenidge stangar i mål! Men på linja står det ein med flagget oppe og det ser nok korrekt ut.
47'
Hjørnespark
Kongshavn boksar ut.
47'
Tromsø med avspark og ein lang ball opp sender Lehne Olsen i løpsduell med Wæhler. Den vinn tromsøspissen, men sender og ringrevene overende med ei skulder. Frispark til Sogndal.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Mykje dramatikk her på Fosshaugane har me lova og eg meiner heilt klart at det har me også fått. Sogndal har hatt ein enorm sjanse, eit rop på straffespark og eit annulert mål som nok frå Sogndal sitt hald vil bli diskutert. Tromsø har vore spelemessig best, ser sikre ut med ball og har scora eit flott mål. Alt ligg med andre ord tilrette for ein spanande andreomgang her frå Fosshaugane.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Hjørnespark
Blir heada ut.
45+2'
Innkast for Sogndal som går til Ringarøy på bakerste. Han avslutttar utafor.
45+1'
To minutt tillegg.
45+1'
Dersom det var frispark så burde han frå vår posisjon blåst for straffe til Sogndal tidlig i omgangen. Men no skal det seiast at Hansen er betre plassert enn oss i desse situasjonane.
45'
Sogndal scorar på eit innkast, men Hansen bles for ein dytt i feltet. Den er tvilsom Hansen!
42'
Hjørnespark
Endar i åpent spel og Sogndal vinn til slutt eit innkast og kan puste ut litt. Tromsø klart best no.
42'
Tromsø har vore spelemessig best og hatt mange fine kombinasjonar så dette er langt ifrå ufortent sjølv om Sogndal har hatt den største sjansen i omgangen.
38'
Mål!
0-1
Nydeleg spel av Tromsø! Tvingar Sogndal sine stopparar ut av posisjon og Åsen kan berre trille inn til Lehne Olsen som avsluttar glimrande til side for Dyngeland. Klassescoring.
37'
Ballen sprett rundt i boksen, men til slutt får Rindarøy måka unna for Sogndal.
37'
Tromsø spelar seg fint rundt på kant, men Sogndal får gitt til kast.
36'
Så er Tromsø nære. Gamsten får klinke til inne i boksen, men ein sogndalspelar blokkerar. Hadde ein god retning den der for Gamsten.
33'
Tromsø får klarert igjen.
33'
No skjer det ting. Frispark til Sogndal no.
32'
Hjørnespark
Tromsø klarerar.
32'
Det er det villaste eg har sett!!! Langt innakst frå Teniste som blir stussa bak i feltet. Bye set ballen itverra frå ein meter før ein sogndalspelar avsluttar frå tre meter. Kongshavn reddar med ein refleks som eg aldri har set maken til i Eliteserien. Der er Sogndal nære.
31'
Klart for eit langt innkst frå Teniste.
31'
Kampen står verkeleg og vippar no. Tromsø best spelemessig for tida, men Sogndal ikkje ufarlege når dei kjem framover. Begge lag og med småfeil som kunne fått skjebnesvangre konsekvansar.
28'
Tromsø spelar seg glimrande ut bakifrå og gjennom fleire ledd, heilt fram til Sogndal sin sekstenmeter. Der er Greenidge og får stoppa Lehne Olsen. Fine trekk frå Tromsø der igjen.
26'
Flott innlegg frå Åsen og Espejord er berre centimetrar frå å stange Gutan i leiinga.
25'
Dyngeland med frispark ti meter inn på Sogndal sin halvdel. Tromsø set linja ekstremt høgt og lagar eit kjempebakrom. Ballen vert slått i dette bakrommet og Greenidge er først på ballen. Headinga går over. Kva driv Tromsø med der?
22'
Gamsten med ein kjempefeil og Sogndal kjem på overgang. Ramsland skal berre dytte ballen til Rindarøy, men pasningen er elendig og går inn til Kongshavn. Slike sjansar må Sogndal ta for dei blir det ikkje mange av i dag.
21'
Forresten ein god kontinent tromsøsupporterar her også. Eg tel ca. 30 stk og det er imponerande for det er langt frå Tromsø til Sogndal.
19'
Hjørnespark
Kongshavn ute og fangar.
19'
Sogndal har satt som mål og fylle stadion og har satt bilettprisane ned til 100 kr. Kanskje ikkje fullt, men langt fleire enn kva det nok hadde vore med full pris. No skal de jo og seiast at fotball på norske stadionar i november er ein dødfødt ting, men for at vi skal bli betre i Europa så er det visst dette som er framtida…
17'
Hjørnespark
Sogndal klarerar, men Gamsten får ein ny sjanse. Det forsøket går derimot bak mål.
17'
Sogndal har senka presset sitt ned til midtbana og Tromsø får styre meir. Det ser ut til å passe Gutan.
15'
Har gira opp litt no Tromsø.
15'
Gamsten med eit skot eller innlegg som går rett på Dyngeland.
14'
Men og perfekt for eit innoverskrudd skot frå Gamsten.
14'
Endar i nytt frispark og denne gangen like utafor Sogndal sin boks. Litt skrått så det blir nok eit innlegg.
13'
Wæhler dunkar til i duell med Lehne Olsen, men i neste duell er Hovland alt for sein mot Åsen og Tromsø vinn eit frispark litt inn på Sogndal sin halvdel.
11'
Wangberg må ta seg ein liten pause. Held seg til ryggen, men er klar igjen. Veldig viktig kapteinen så der var det nok mange tromsøværingar som holdt pusten.
9'
Blir då ein del lange ballar frå Tromsø grunna Sogndal sitt høe press og det favoriserar Sogndal sin stoppartrio på nær seks meter tilsaman.
9'
Tromsø prøver og å trille i bakre rekker, men Sogndal pressar dei heilt ned på eigen sekstenmeter.
6'
Hjørnespark
Sogndal legg alle inn på ein meter og corneren er presis, men går nokre centimeter over hovudet til Hovland. Nære der for Sogndal.
6'
Sogndal får trille ball i bakre rekker. Tromsø legg ikkje inn noko press før midtstreken.
4'
Tromsø får ballen opp i bana og Espejord får ein trøkk av ein sogndalforsvarar. Blir ein liten pause i spelet, men spissen ser ut til å komme seg igjen.
3'
Sogndal best i gang her i starten og har satt eit godt trøkk på Tromsø.
3'
Nytt innkast der Tromsø får klarert og Birkelund klemmer til på volley frå 25 meter. Bra trøkk i skotet, men det går ein god meter over.
2'
Teniste kastar langt mot Greenidge og stopparkjempen si drakt flagrar i alle retningar. Dommar Hansen vel å ikkje blåse straffe så det spørs om han miener engelskmannen også held.
1'
Sogndal vinn eit innkast høgt i bana.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal med avspark.
Men nok om snø, minusgrader og vatningsannlegg. Fem minutt til avspark i denne ekstremt viktige kampen og eliteseriehymna rungar over Fosshaugane Campus. Flomlyse stråler over kunstrgraset og laga er sraks klare for innmarsj. Dette blir ein gysare.
Der kom pika deg vatningsannlegget på! Vi kjem tilbake med førerapport om vi ser snøfnugg. Spørs om det i såfall vil favorisere Tromsø. Hadde i alle fall gode erfaringar med dette sist helg Gutan.
Det skal vel og seiast at dersom vatningsannlegget vert satt på i kveld så kan det nok og fungere meir som ei snøkanon for vi er på god veg ned mot blå grader her på kvelden i Sogndal.
Sogndal Fotball har valt å ikkje sette på vatningsannlegget. Sist kamp stod faktisk vatnspreiaren feil veg og ei håndfull tilskodarar fekk seg ein fin dusj i pausen. Ikkje så veldig populært når gradestokken nerma seg null.
I fjor enda denne kampen 0-0 etter eit dørgandes kjedelig oppgjør der det einaste som skjedde var at Koomson fekk gult kort i det 94. minutt. Sjølv om det sikkert vert to forsiktige lag ute på bana i kveld også, er i alle fall
Klokka har ikkje passert fem eingong og vi har laga klare! Ingen Bakenga for Tromsø, heller ikkje på benken. Gutan held fram med same lag som sist mot Viking. Kanskje ikkje nokon dum idé. For Sogndal er Nwakali og Birkelund tilbake sentralt på midten og Greenidge i midtforsvaret. Berre ein time til kampstart no og kveldsmørke er i ferd med å senke seg over sognebygda.
Alt dette får vi uansett svar på ca. ein time før kampstart, når vi er tilbake med lagoppstillingane. Vel møtt!
Det blir spanande å sjå kva lag dei to trenarane vel ut i dag. For Tromsø er det store spørsmålet om Bakenga kan rekke denne kampen. Uansett så klarte «gutan» seg bra sist helg utan spissen då dei knuste Viking 3-0. For Sogndal blir det nok ein god del endringar frå sist då både Birkelund, Nwakali og Greenidge er venta tilbake til dagens kamp.
Sjølv om laga har ein forskjellig formkurve så kan i alle fall sogningane lene seg litt på den innbyrdes statistikken. I Sogndal viser den nemleg 7-6-1 i heimelaget sin favør.
Vi må tilbake til 20.august for å finne sist heimesiger for Sogndal og på dei fire siste kampane har sogningane lekka som ein sil med ti baklengs. No er ikkje Tromsø sin bortestatistikk så alt for imponerande med 3-2-8 denne sesongen, men tromsøværingane sin form ser bra ut og sist bortekamp enda med ein sterk 2-1 siger mot Stabæk
Sogndal har dumpa ned på kvalikkplassen etter berre to poeng på dei fire siste kampane. På dei same kampane har Tromsø tatt ni poeng og sua forbi sogningane opp på ein 13.plass. Tre poeng mellom laga og same målskilnad gjer at ein siger i dag vil vera ekstremt viktig for begge lag.
Hei og velkomne til livesendinga frå Fosshaugane Campus. Sjølv om vi les 5.november på kalendaren er det faktisk heile tre serierundar igjen av Eliteserien. Dagens kamp er ein gysare i nedrykkstriden mellom Sogndal og Tromsø.