TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det blir 0-0 og poengdeling. Heimelaget var best, og var nærmast scoring. Gjestene med årsværste, og skal difor vere nøgde med eit poeng på Fosshaugane. Publikum applauderer spelarane av bana.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Yttergård Jenssen slår inn i feltet, men Udjus plukkar lett. Det går mot 0-0!
90+2'
Tromsø i angrep no.
90+1'
Gjestene slår inn i feltet, men Sogndal avklarar og stormar i angrep.
90+1'
Frispark til Tromsø, etter at Furebotn held i trøya Reginiussen. Frispark i god posisjon.
90'
Nils Johan Semb og Yngve Hallen på plass på Fosshaugane for å sjå dagens kamp.
88'
Det ser ut som Sogndal bryt nullen i dag. Tek sitt første poeng, og held tett bakover for første gong denne sesongen.
87'
Hjørnespark
Ciss får ballen på 30 meter og skyt hardt. Over!
86'
Hjørnespark
Bjørk avsluttar, får ny corner!
85'
Spillerbytte
84'
Hjørnespark
82'
Spillerbytte
82'
Gjermundstad og Nystrøm i tett løpsduell, og Tromsø-angriparen vil ha straffe. Dommaren vinkar spelet vidare.
82'
2806 tilskodarar er kampen.
81'
Heimelaget prøver seg, men pasningen frå Flo til Halvorsen er litt for upresis.
79'
Denne kampen kan framleis vippe i begge lags favør. Heimelaget har vore nærmast, men gjestene har ikkje gitt opp håpet om å lure med seg alle poenga.
76'
Hands på Nystrøm. Frispark til heimelaget.
74'
Spillerbytte
74'
Næss Lund ligg nede, og må ha hjelp av dommar Berntsen for å komme seg på beina att.
72'
Spillerbytte
72'
Lang ball opp mot Rushfeldt, som legg tilbake til Mos. Han skyt på direkten - over!
71'
Frispark til Sogndal på eigen banehalvdel. Næss Lund skal slå langt.
68'
Hansen får ballen inne i feltet og skyt. Skotet blir blokkert!
68'
Ciss dreg seg inn i feltet, men blir stoppa av Solheim. Tromsø litt betre med no!
66'
Per Egil Flo overtek kapteinsbindet.
65'
Spillerbytte
64'
Bakke får seg ein trøkk, og signaliserer bytte til benken. Kapteinen held seg til lysken.
63'
Lite som skjer på Fosshaugane no.
61'
Saftkokaradn er ivrige på tribunen, og prøver å hjelpe laget til årets første siger.
60'
Flo rotar det til i Sogndal-forsvaret, men pasningen inn mot Rush i feltet er for upresis. Det vil seg ikkje for Tromsø i dag!
58'
Hjørnespark
Kort variant, men gjestene får kontroll.
58'
Elvis storspelar på midten for Sogndal, og står fram som ein av kampens profilar.
57'
Hjørnespark
Sogndal ryddar unna.
57'
Fin sjanse for Tromsø. Reginiussen avsluttar med hovudet frå 15 meter, og Udjus må ut i full strekk for å redde. Corner!
54'
Hjørnespark
Elvis er nære igjen! Klinkar til frå åtte meter på halv volley, men skotet blir redda på streken! Sogndal nærmar seg 1-0 no.
54'
Kjempesjanse for Sogndal! Elvis snappar opp ballen og stormar mot mål. Han prøver i vippe ballen over keeper, men Sahlman får fingertuppane på den. Corner!
52'
Solheim med høgt spark, og Mos får frispark.
51'
Høgli slår langt i retning Rushfeldt. Keeper Udjus er på bærtur, og når ikkje opp i luftduellen. Rush er først på ballen, men ballen går utanfor!
49'
Sogndal startar best også etter pause og Tromsø er svært tafatte. Kjem årets første tap for gjestene i dag?
46'
Hjørnespark
Frispark til gjestene inne i feltet.
46'
Halvorsen legg inn, og Bakke avsluttar rett på keeper. Corner!
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spelarane på veg ut til andre omgang.
Laga går til pause på 0-0 her på Fosshaugane. Heimelaget har vore best, og har skapt dei største sjansane. Publikum applauderer spelarane av bana, og gler seg til andre omgang. Denne kampen er ikkje avgjort!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Kader legg inn frå venstre igjen. Bak mål!
45+1'
Fjerdedommar Skjerven viser at det er lagt til eit minutt av første omgang.
44'
Bjòrk ladar skotfoten frå 25 meter. Over!
43'
Det ser ut som Aabrekk har gitt Sogndal-spiss Hansen beskjed om å fotfølgje Høgli dei gongane høgrebacken set fart framover.
41'
Hjørnespark
God corner, men Udjus held ballen.
40'
Høgli slår frisparket inn i feltet, men det blir utspark frå målet til Udjus.
39'
Kader legg Johansen i bakken. Frispark.
38'
Svakt utpspel frå Udjus, og Tromsø får innkast ved midtstreken.
37'
Han skyt.. over!
36'
Flo står klar..
36'
Gult kort
Etter takling på Halvorsen.
36'
Halvorsen herjar på høgrekanten, og får til slutt frispark like utanfor sekstenemeteren - etter at Kara legg han i bakken.
35'
Heimelaget kjempar godt, og har grei kontroll på kampen.
33'
Begge spelarane held seg til hovudet, men spelet held fram etter ein kort pause.
33'
Tromsø gjer grep, og Reginiussen kjem inn på midtbana. No ligg sistnemnde nede for telling, etter at han og Elvis kolliderer.
30'
Spillerbytte
30'
Måltjuven Rushfeldt har vore lite involvert i spelet til no.
28'
Tromsø-spelaren er tilbake på bana og spelet er i gang att.
28'
Johansen ligg nede for gjestene, og laget spelar ball ut over linja.
26'
Hjørnespark
Keepermat.
26'
Halvorsen prøver seg inne i feltet. Får corner.
26'
Sogndal sin trio i midtforsvaret har hatt god kontroll på Rush og Moa til no i kampen.
25'
Tromsø si midtbane slit med å kome opp i Sogndal-spelarane, og kjem på etterskot ved fleire høve.
24'
Akkurat no er det Sogndal og Rosenborg som ligg under streken i Tippeligaen..
23'
Furebotn viser godt overblikk, og finn Kader på kanten. Sogndal får innkast, etter at Høgli avklarar.
22'
I fjor spelte Harald Aabrekk og Sogndal 4-4-2 gjennom heile sesongen. I dag har han starta med 5-3-2 formasjon, der Per Egil Flo mellom anna debuterer som midtstoppar.
21'
Sogndal leverer sesongbeste dei første 20 minutta av kampen.
20'
Hjørnespark
Tromsø får avklart.
19'
Kjempesjanse for Sogndal. Halvorsen finn Solheim som er på løp inne i feltet. Han avsluttar, og keeper Sahlman leverer ei god redning!
18'
Kader legg inn frå venstrekanten igjen. Bak mål.
16'
19 supportarar frå Tromsø er å sjå på bortefeltet på Fosshaugane Campus i dag. Nokre av dei er nok studentar i saftbygda, og på plass for å følgje favorittlaget sitt.
15'
Kader legg inn frå venstrekanten, men innlegget går over alle.
14'
Bjôrk er sterk i duellane, og Sogndal-spiss Hansen blir liten i luftrommet mot den sterke midtstopparen.
12'
Heimelaget med frisk opning på kampen, og har opna best.
11'
Flo slår frisparket hardt inn i feltet, men keeper held ballen.
11'
Flo står ved ballen og skal slå inn.
11'
Halvorsen leiker seg på høgrekanten, og går innover i feltet. Ciss kjem på etterskot og må leggje Sogndal-spelaren i bakken. Frispark i god posisjon!
10'
Stor Sogndal-sjanse. Hansen dreg seg fri på venstrekanten og slår inn til Furebotn. Han blir litt for sein, og klarar ikkje å setje ballen i mål. Nær 1-0 der!
9'
Hansen og Kader kombinerer fint. Ivorianaren slår hardt inn, men ingen Sogndal-spelarar er på rett plass i feltet.
7'
Solheim skyt frå 30 meter på halv volley, men keeper reddar enkelt. Kampens første halvsjanse.
6'
Lund Næss slår langt mot Halvorsen, men kantspelaren er i offside.
5'
Hjørnespark
Udjus plukkar lett og set tidleg i gang. Han skyt ut, men ballen treff Mbodji i foten. Utspark frå mål!
5'
Hjørnespark
Elvis avklarar, til ny corner.
4'
Mos prøver å finne Johansen, og Kader må gi til corner.
4'
Kader med beintøff takling på Høgli. Han er først på ball, og dommar Berntsen vinnkar spelet vidare.
3'
Innlegg frå Ciss, men ballen går bak mål.
2'
Lang ball frå Furebotn i retning Halvorsen. Keeper snappar opp.
1'
Kaptein Bakke spelar i dag spiss for Sogndal.
1'
Mos tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Bakke og Sahlman helsar, og ynskjer kvarandre lykke til.
Spelarane på veg ut på bana. Nærmar seg kampstart!
Laga er no i garderoben, for å gjere sine siste førebuingar før kampstart. Skuffande få tilskodarar som har funne vegen til Fosshaugane i dag.
Spelarane er i full gang med oppvarming. Vindstille og fine speletiløve på Fosshaugane i dag.
Harald Aabrekk og Sogndal har følgjande spelarar med i sin tropp: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Vegar Gjermundstad, Per Egil Flo, Ahyee Aye Elvis, Henrik Luggenes Furebotn, Ulrik Flo, Eirik Bakke, Espen Olsen, Ole Jørgen Halvorsen, Joseph Bendik, Barry Kader, Eivind Daniel Røed, Gustav Valsvik, Cato Hansen, Thomas Eriksen Ness, Isak Scheel, Espen Næss Lund.
Per-Mathias Høgmo stiller med denne troppen til kampen mot Sogndal: Marcus Sahlman, Robin Malmkvist, Ciss. Ludvig Rinde, Miika Koppinen, Fredrik Bjørck, Tom Høgli, Kara, Ruben Yttergård Jenssen, Magnus Andersen, Tore Reginiussen, Remi Johansen, Thomas Drage, SIgurd Rushfeldt, Steffen Nystrøm og Mos.
Sogndal har eit godt tak på dagens gjester her på Fosshaugane. 13 gonger har Sogndal vunne, tre kampar har enda uavgjort, medan Tromsø berre har vunne ein kamp.
Desse laga møtest for første gong på sju år. Førre gong Tromsø var gjester på Fosshaugane var i 2004. Då vann heimelaget 2-1 etter scoringar av Håvard Flo og Børre Steenslid.
Sigurd Rushfeldt blir spissen Sogndal må sjå opp for. Storscoraren har tre mål til no i sesongen, og er berre eit mål unna Harald Brattbakks historiske scoringsrekord i norges øvste divisjon.
Sogndal står med 0-0-3 og 2-7 i målskilnad etter sine målskilnad. Før denne serierunden var Tromsø serieleiar, med sine sju poeng og 6-2 i målskilnad.
Velkommen til Sogndal - Tromsø frå Fosshaugane Campus og til fjerde serierunde i årets Tippeliga!