TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Vi tel 8-6 i avslutningar der begge lag hadde to kvar på mål. Dei farlegaste sjansane var dog Tromsø sine to i tverrliggaren og Sogndal sin i stolpen. Dette skjedde innanfor dei fyrste 15 minutta og etter det var det relativt lite som skjedde framfor mål. Stig Anders Hauge overvar kampen frå Fosshaugane Campus og ynskjer dykk alle ein framleis fin kveld.
Då er det over i Sogndal og det var vel ikkje nokon som eigentleg fortente å vinna denne kampen sjølv om Sogndal hadde initiativet i store delar av kampen. To gode forsvar får også ta sin del av skylda for at det enda 0-0.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+5'
Avslutning frå 18 meter frå Johansen. Det oppsummerar kampen. Svakt utafor.
90+5'
Skal svingast inn.
90+5'
Frispark til Tromsø.
90+4'
Gult kort
90+4'
Men Sogndal bryt.
90+4'
Tromsø på ei kontring.
90+3'
Utspark frå Dyngeland med eitt og eitt halvt minutt igjen. Blir nok uavgjort dette.
90+2'
Mykje poling i begge retningar.
90+2'
Fire minutt tillegg.
90'
Hjørnespark
Utvik høgast og headar like over.
90'
Birkelund får sjansen frå 14 meter, men Wangberg blokkerar. Med armen meinar Sogndal, men stopparen har vondt i kassa etterpå.
89'
Åsen med skot frå 18 meter. Rett på Dyngeland.
87'
Spillerbytte
86'
2639 selde billettar til dagens kamp.
86'
Fem minutt igjen. Skal vi få ein vinnar?
85'
Ramsland fell i duell med Wangberg. Publikum meiner det må være straffe, men igjen trur eg dommar Moen gjer rett sjølv om Ramsland er framfor midtstoggaren.
83'
Ny god sjanse når Opseth kjem seg forbi Wangberg og prøver slegga frå 17 meter. Dessverre for Sogndal er ikkje Opseth sin venstrefot som i fjor og det blir meir eit sleivskot som ikkje når mål ein gong.
81'
Stor sjanse for Sogndal når Ramsland slår inn og Opseth står heilt fri i boksen. Kaupingen er derimot ikkje nok på hogget og ballen sklir forbi foten hans.
80'
Sogndal frampå, men Tromsø har relativt grei kontroll på Ramsland og Opseth når dei prøver å spele seg gjennom.
79'
Irritasjon blant heimepublikum. Sogndal har mista heile initiativet dei siste fem minutta og TIL har kriga seg inn i kampen igjen.
77'
Lehne Olsen med TIL sitt fyrste skot på mål. Skotet frå 18 meter er bra, men rett på Dyngland som held sikkert.
76'
Skal Tromsø klare å score sitt fyrste mål sidan seriåpninga her på slutten?
76'
Heilt klart at Sogndal slit etter skada til Sarr. Tromsø mykje meir med i kampen no.
75'
6-4 i avslutningar så langt i kampen. Sogndal har hatt to på mål, Tromsø ingen.
74'
Begge lag med mykje langa ballar i eit reltivt oppgjaga tempo for augneblinken.
72'
Spillerbytte
71'
20 minutt igjen og eg skal være ærleg å seie at det ikkje akkurat luktar mål i denne kampen.
71'
Var ein skade i ankelen såg det som på Sarr.
71'
Spillerbytte
70'
Ser ikkje bra ut dette for Sogndal sin viktigaste spelar Sarr.
69'
Sarr nede og Tromsø spelar ut ballen. det gjorde ikkje Sogndal i 1.omgang.
68'
Sjølv om Sogndal styrer så har Tromsø hatt ein del gode overgangar samt eit frispark som Sogndal til slutt fekk rydda unna. Fullt mogelg for nordlendingae å ta med seg tre poeng heim.
66'
Psyche får til slutt avslutta frå 13 meter, men rett i eigen spelar.
65'
Hjørnespark
65'
Kjemhus viser seg fram med ein gong. På ein overgang skyt han skråt frå ti meter og Kongshavn må slå til corner.
64'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
63'
Dobbelbyte på Sogndal.
63'
Skal nemnast at Sogndal ropa på straffe i sutasjonen før då Antonsen blokka eit skot frå Otoo. Sogningane meinte ballen var i handa på venstrebacken.
62'
God sjanse for Tromsø på ei kontring der Sigurdarson legg 45 grader ut til Nilsen som avsluttar utafor frå berre ti meter. Dårlig avslutning der av Nilsen.
60'
Sogndal ropar på straffe når Wangberg hindrar Sveen i boksen. Ser meir ut som ein glimrande inngripen av tromsøkapteinen som har vore svært god i dag.
60'
Ekstremt lite sprut i Tromsø no. Har nokre sjansar til å komme på overgang, men det er svært få som vil verkar det som.
58'
Hjørnespark
Over alle før Sogndal legg inn på ny. Gjesdal klarerar.
58'
Innlegg frå Koomson som Tromsø får klarert til corner.
58'
Sogndal med eit mykje høgare press no enn i den fyrste omgangen. Pressar TIL langt inn på eigen banehalvdel. Heilt klart at sogningaen tek litt større sjansar no.
56'
Veldig lite som skjer her no utanom det som er nemnt tidlegare, med at Sogndal styrer og at Tromsø satsar på overgangar.
53'
Heilt klart Sogndal som skal styre denne omgangen også. Tromsø ligg lågt og ventar på overgangar.
52'
Faller ned til Johansen på 16 meter, men skotet vert blokkert.
51'
Innkast til Tromsø på høgd med Sogndal sin femmeter.
49'
Sola tittar fram og det betyr at Dyngeland får ei lei aftensol dersom dette held fram.
47'
Koomson på dribleraid før han prøver å pirke ballen til Ramsland inne i feltet, men der er Kongshavn og snappar ballen framfor spissen.
46'
Ramsland og Wangberg i brytekamp. Uavgjort, men som seg hør og bør så blir det frispark til forsvarsspelaren.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks klart for 2.omgang. Sogndal med avspark.
Ingenting å seie på at det står 0-0 til pause sjølv om begge lag har hatt kvar sine store sjansar. Tromsø hadde to i tverrliggaren før vi hadde spelt ti minutt, mens Sveen satte ballen i stolpen då han fekk stå umarkert inne i feltet. Utanom starten har Sogndal vore best og styrt det meste av spelet. Så får vi sjå om det er den svake medvinden som har vore ein faktor eller om sogningae vil prøve å styre neste omgang også.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Sogndal tek Tromsø litt i ubalanse og Tensite får to sjansar på innlegg som Tromsø renskar unna begge gongene.
45+1'
To minutt tillegg i denne omgangen.
44'
Hjørnespark
Igjen stangar Tromsø sine gode midtstopparar ballen ut før det blir frispark til bortelaget.
44'
Sogndal vinn ein corner, men Tormsø meinar det bør være offside på Ramsland. Ser ut som Tromsø har ei god sak der.
43'
Gjesdal stangar ut.
43'
Sogndal med eit langt innkast.
42'
Åsen var det som var skada og han er no tilbake på bana.
42'
Åsen oppe igjen, men haltar ut. Må Flovik byte igjen.
41'
Ingen hovudskade på Åsen så ingen grunn for Sogndal til å spele ut ballen, men alikevel litt irriterande for tromsøspelarane.
40'
Nilsen ligg nede. Sogndal spelar ikkje ut ballen.
40'
Litt daudt her no. Mange feilpasningar.
38'
Ingen av laga tek noko særleg med sjansar så langt. Treng heilt klart eit mål denne kampen slik at i allefall ein av laga kjem litt høgare i bana.
37'
Assistent til Tromsø Lars Petter Andreassen er ute og manar opp sine gutar. Er godt nøgd med den deffansive jobbinga så langt.
36'
Innelgg frå Teniste som kjem brått på Ødegaard som med låret avsluttar på eige mål. Kongshavn er heldigvis for TIL godt med.
34'
Så er det Tromsø som kontrar, men avslutninga til Sigurdarson frå 18 meter går eit par meter til side.
34'
Mykje ballbesittelse for Sogndal no, men Tromsø ligg godt og kompakt. Vanskelig å finna ein veg igjennm for sogningane.
33'
Endar i armane til Kongshavn. TIL har hatt god kontroll på Sogndal sine dødballar.
32'
Innkast til Sogndal på høgd med TIL sin 16-meter. Teniste skal kaste langt.
31'
Frispark til Tromsø på midten som blir slått opp. Wangberg vinn i lufta, men Utvik klarerar nedfallsfrukta.
30'
Tromsø prøver seg i lengderetninga. Nilsen til Lehne Olsen, men Utvik har kontroll.
29'
Innlegg frå Raitala og Koomson står heilt aleine på ti meter, men headinga går rett på ein trygg Kongshavn.
28'
Mykje av Sogndal sitt spel har komme frå deira høgreside. Nilsen og Antonsen har klart eg greitt, men møter kanskje Sogndal sine to beste her i Koomson og Teniste.
26'
Tromsø slit no. Vinn ballen inne på Sogndal sin halvdel, men Andersen sitt gjennomspel til Sigurdarson går ut over dødlinja. Må finne tilbake til det dei viste i starten no "Gutan".
25'
Leken tunnel der av Koomson på Åsen. Får applaus frå heimepublikummet.
24'
Koomson legg inn og ballen går gjennom heile feltet til ein umarkert Sveen på bakerste stolpe, men han set ballen i stolpen. Der burde han nok sendt Sogndal i leiinga.
23'
Så tek Koomson med seg ballen frå frå midtbana og går forbi nesten alt og alle før han avsluttar rett på Kongshavn frå 16 meter.
23'
Etter ein god start av Tromsø er det no Sogndal som har tatt over kampen. Dog utan å skape dei store sjansane.
22'
Godt slått, men Wangberg er først på ballen og stangar vekk.
21'
Nilsen for sein i ei takling på Teniste nede ved Tromsø sitt hjørneflagg. Frispark til Sogndal.
20'
Spillerbytte
20'
Einaste mann med tippeligastart for Tromsø skal inn, Jonas Johansen.
19'
Det blir byte for TIL, men spelet er i gang og Sogndal no ein mann i overtal.
18'
Landu Landu nede. Held seg til låret. Ikkje bra dette for Tromsø dersom han må ut.
18'
Meir kriging og kjemping enn finspel så langt, men det var vel og som forventa.
16'
Etter 15 minutt ser vi at Tromsø spelar meir ein 4-1-4-1 enn den 4-2-3-1 som vi hadde satt opp. Dette har vi endra på lagoppstillinga no for dei som er interessert.
13'
Hjørnespark
Godt slått, men inne i feltet er Tromsø sterke og får stanga unna.
13'
Innlegg frå Teniste og Ødegaard får akkurat stanga vekk ballen framfor Ramsland. Sogndal har heilt klart tatt over.
12'
Litt meir Sogndal no. Tromsø har gitt frå seg det vetle dei hadde av initiativ i starten.
11'
Otoo prøver seg frå 25 meter. Går nokre centimeter over Kongshavn sitt bur, men det ser ut som sisteskansen hadde kontroll på den.
10'
Sogndal byggjer opp med Koomson og Otoo, men finn ingen veg gjennom eit solid tromsøforsvar.
8'
Hjørnespark
TIL stangar ut.
8'
Nilsen dreg seg innover i bana og avsluttar knallhardt frå 20 meter. Ser ut som Dyngeland får ein fingertupp på ballen og får slått den i tverrliggaren og ned på strek. Lehne Olsen på returen, men blir avblåst for frispark i duell med Psyche før han set ballen i mål.
6'
Ny i tverra frå TIL!
5'
Aronsen legg inn og Sigurdarson vinn duellen mor Raitala og stangar ballen i oversida av tverrliggaren.
4'
Begge laga kjøyrer og eit relativt lågt press i starten.
3'
Innkastbonanza i starten her. Begge laga likar visst best å ha ballen i hendene.
1'
Lang ball opp frå Wangberg, men Sarr knuser Lehne Olsen i lufta.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Bolseth og Wangberg har bestemt at Sogndal skal få fordel av dalatrekken i den fyrste omgangen og at Tromsø skal begynne med ballen.
Laga med dommar Svein Oddvar Moen i spissen er på veg inn på bana. Vi er straks klare for den 10.runden i årets Tippeliga.
Kveldskamp på ein torsdag i Sogn bør ikkje gje for mange tilreisande frå Tromsø, men ein håndfull trufaste TIL-tilhengjarar har alikevel tatt turen. Imponerande!
Etter ei sålangt fantastisk veke værmessig i Sogndal har det no slått om. Temperaturen kryp sakte men sikkert ned mot 10 grader, sola har gøymt seg bak nokre mørke skyer og ein kald vind bles ned dalen. Det einaste som kan redde dette er ein spanande og god tippeligakamp. Vi håpar begge laga er ute etter å gje oss dette.
Tromsø trivst ikkje så godt i Sogn. Dei siste 30 åra har nordlendingane berre ein siger. Den kom i 2001 då dei rettnok tok ein overbevisande 3-0 siger. Sist laga møttes på Fosshaugane Campus var i 2013 og då enda det 2-2.
For Sogndal vel Bakke å rullere litt på laget frå storsigeren mot Aalesund. Bolseth kjem inn for Birkelund og Otoo inn for Kjemhus. Dette er nok for å spare ein del av spelarane i det knallharde kampprogrammet som ein har no om dagen.
Då har vi laga klare og Tromsø sine skadeproblem lyser gjennom på innbytarbenken. Heile fem av seks spelarar har aldri starta ein tippeligakamp og fire av desse igjen har aldri spelt eit minutt i Tippeligaen. Med andre ord god sjans for vi får ein debutant for TIL i dag.
Vi ynskjer alle våre lesarar tilbake rundt kl. 1800 då vi skal være klare med dei to lag sine lagoppstillingar. Vel møtt!
Eirik Bakke har eigentleg berre to skadar som bekymrar han framafor denne kampen og det er Victor Grodås som han må klare seg utan heile vårsesongen og Ruben Holsæter som også er også ute med skade. For Bård Flovik ser det verre ut. «Vi reiser til Sogndal med alle vi har tilgjengelig, det er 17 mann» uttalar han til klubben si heimeside. Sofiane Moussa Hans Norbye, Mikael Norø Ingebrigtsen, Runar Espejord og Morten Gamst Pedersen er alle ute grunna skader eller kort.
Tromsø på bortebane har vore ein trist sorti denne sesongen. «Gutan» innleia med to fine uavgjorte kampar, men etter det har det komme tre tap og ein målforskjell på 0-12. Sogndal på si side er sterke heime sjølv om berre to av fire kampar i år har enda med siger. I dei to andre har dei rettnok spela jamt mot Odd og tapt knepent, mens ein for ei god veke sidan hadde Rosenborg i kne langt ut i 2.omgang. Det enda til slutt 1-1.
Tromsø har ein kviledag meir enn Sogndal då dei på laurdag tapte 2-0 i Stavanger. Sogndal spela søndag, men fekk med seg eit atskillig meir positivt resultat frå Ålesund då dei tok ein imponerande 4-1 siger.
Sogndal har 11 poeng framfor dagens kamp, mens Tromsø har 9. Når vi i skrivande stund ser at direkte nedrykk ligg på 4 poeng og kvalikk på 7 så skjønar ein kor viktig ein siger vil være i kveld.
Då vil vi få ynskje velkomne til den 10.runden i årets Tippeliga og kveldens oppgjer mellom Sogndal og Tromsø. Nokon vil kanskje gå så langt som å kalle det ei botnoppgjer, men vi vel å kalla det eit særs viktig oppgjer på nedre del av tabellen. Dagens vinnar kan ta eit godt steg vekk frå nedrykkstreken