Referat
Kun høydepunkter
Nesten 10 minutt på overtid bles dommar Lien av ein krig av ein fotballkamp. Krig som i at det både vart mange skadar og i eit taktisk spel med lite sjansar, men mykje spaning heilt til det siste. 1-1 er nok eit rettferdig resultat. Sogndal styrer mykje av kampen, men Tromsø viser at dei har ekstreme kvaltietar både i det offansive og det deffansive. Azemi sitt kremmerhus i fyrste omgang eit ekspempel på dette. Sogndal klarar til slutt å krige inn eit mål etter frispark og ikkje rart at det er hærføraren sjøl Igoh Ogbu som er på riktig plass i feltet. Stig Andes Hauge takkar for seg frå Fosshaugane Campus.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+10'
Dette var nok det siste som skjedde også.
90+10'
Var forresten offside på frisparket så verken frispark eller straffe var aktuelt.
90+9'
Nye skadar forresten.
90+9'
Karlstrøm stormar ut og spring ned Hoven. Den er nok meir straffe er frispark, men domamren vel det trygge.
90+8'
Kristoffersen igjen.
90+8'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gongen på kanten av sekstenmeteren og denne gong er det eit klart frispark.
90+7'
Då får vi ekstra tillegg her. Trur det er ca eitt godt minutt igjen.
90+6'
Ut på båre her Pedersen så heilt klart at han fått seg ein skikkelig smell.
90+4'
Via muren og til corner.
90+3'
No lutar det ei kule frå Kristoffersen.
90+3'
Frispark til Sogndal på 20 meter. Rotete av Sætra, men igjen litt billig.
90+2'
Tromsø vinn andreballane her no og trykkjer på.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90'
Sogndal heng litt i taumane her no og fleire spelarar spelar ute av posisjon.
89'
Sogndal rotar og Azemi får lagt inn. Eid sklir inn og stoppar ballen på femmeter. Nære for Tromsø.
86'
Innlegg som går gjennom heile feltet og inn til Karlstrøm. Får nok ein touch på den så er det mål.
86'
Kan vi få ein vinnar i denne kampen no? Sogndal held fram med å styre spelet.
86'
Fortent dette for heimelaget som har pressa på i denne omgangen. Tromsø må nok uansett føle seg litt snytt for frisparket som førte til målet var av den svært billige sorten.
83'
Billig frisaprk til Sogndal på 25 meter.
82'
Slitne no songdalspelarane. Tromsø ser ut som dei har relativt god kontroll.
81'
Lang ball inn i feltet og Sætra stuper teatrealsk overende. DOmmar Lien lar seg lure igjen.
80'
Sundberg rett inn og lagar frispark. Kjem jo frå eit låneopphalfd i Tromsdalen her Sundberg så mogleg han har lært nokre nordnorske triks.
79'
Mannsverk mistar til Kitolano som driv inn i feltet og skyt i tverrliggaren.
77'
Tromsø på sitt første verkelege angrep i omgangen og vinn ein corner.
74'
Trenar Helstrup jagar sine dispiplar utpå her no. Augnar tre viktige poeng!
72'
Lang ball inn i feltet og Sogndal trykkjer på. Dommar bles uforståeleg for alle i kvitt frispark til keeper Karlstrøm.
70'
Så er det Mannsverk som er forbanna og dommatr Lien må ta seg ein prat med han også.
70'
Gult kort til Eirik Bakke for klaging på dommaren.
69'
Stor sjanse for Sogndal når Andreas Hoven får stå åleine på fem meter. Treff ikkje ballen skikkelig Hoven og blir også avblåst for offside.
68'
Har styrt mykje i ein periode her no Sogndal. Har derimot ikkje klart å sette noko trykk på Karlstrøm i TIL-buret.
67'
Lange kast, corner og frisaprk inn i boksen har Tromsø sitt solide forsvar renska bra unna i dag.
66'
Ender i kast til heimelaget.
66'
Frispark til Sogndal som Kristoffersen skal svinge inn i feltet.
62'
Tromsøværingen Kristoffersen får ein muligheit her til å tukte laget frå heimbyen.
61'
Bakke med trippelbyte her!
59'
Sogndal som styer fullstendig no. Vel og merke så blir litt som Tromsø i den første omgangen. Spelar seg opp til sekstenmeteren, men der er det stopp.
58'
Eid driv oppover og Ingebrigtsen heng i ordets rette forstand på. Soleklart frispark til Sogndal og nære eit nytt kort.
52'
Lang ball inn i Tromsø sit felt. Hoven får heada på mål, men det blir alt for enkelt for Tromsø sin gode sisteskanse Karlstrøm.
49'
Heldig her no Sætra. Skulle hatt gult i første omgang også.
49'
Har ingen å spele langt opp på no Tromsø siden Espejord er ute så dei lange ballen blir enkel mat for Sogndal sine midtstopparar.
47'
Sogndal med svært høgt press igjen no.
46'
Sogndal trykkjer til frå start. Eit innlegg vert svinga inn og Ndour er nære på å score. Wangberg vert skada i samme duell og ligg nede no.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Tromsø leiar 1-0 til pause på Fosshaugane. Kampen har bært preg av at den er svært viktig og ingen av laga har tatt nokon sjansar framover i frykt for motstandaren sine kontringar. Det måtte også ei perlescoring til for å få mål. Sætra med ein boksopnarpasning i bakrom og Azemi med ei glimrande avslutning. Vi får sjå om andre omgang gir oss litt meir action framfor måla. Sogndal må fram no for eit tap her vil sende Tromsø for langt framfor på tabellen.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+4'
Blårud skyt ein liten meter over.
45+4'
Så får heimelaget frisaprk på 20 meter!
45+3'
Skjer svært lite her no. Tromsø trillar mykje ball og er sikre i pasningsspelet.
45+1'
Tre minutt tillegg.
45'
Trillar ball igjen no Tromsø og Sogndal har senka presset sitt ned på eigen halvdel.
43'
Yttergård Jensen slår frisparket som går gjennom heile feltet og ut til kast nede ved hjørneflagget.
42'
Hoven feller urutinert Antonsen og TIL vinn eit frispark på kanten av sekstenmeteren.
41'
Tromsø får holde litt på kula no. Spelar seg fint inn på Sogndal sin halvdel, men der stoppar det ofte opp.
39'
Roseth driv oppover og spelar ballen inn i feltet, men der er det ingen.
35'
Så ligg Espejord nede. Ser ut som det kan bli eit byte her også.
33'
Dette var nok akkurat det Tromsø trengte for å få kampen meir inn i sitt spor. Sogndal styrte det meste her i minutta før scoringa.
29'
Igjen stel Michael ballen frå Jensen som fell lett. Dommar dømmer frispark.
28'
Yttergård Jensen misser til Michael midt i bana. Spissen driv opp, men får ikkje avslutta og muligheiten renn ut i sanden.
24'
Sætra slepp utrulig nok unna kortet. Sikkert sympati for at han sjølv fekk litt vondt.
24'
Lars Sætra klipper ned Ndour. Begge blir liggande.
22'
Sogndal har vel og merka berre hatt ei avlsutning dei også. To lag som føler på kvarandre her i denne viktige kampen.
21'
Tromsø byggjer fint opp, men ingen er på innlegget til Ingebrigtsen. Vi paserer 20 minutt og Tromsø har hatt null avlslutningar så langt.
19'
Fin ball opp frå Yttergård Jensen som Azemi prøver å stusse gjennom til Espejord. Nære!
16'
Tromsø best dei første ti, men siden det har Sogndal tatt over ein del.
15'
Sogndal med to frispark på rad inne på Tromsø sin halvdel utan at dei klarar å utnytte det. Sterke i boksen bortelaget.
12'
Mannsverk trer gjennom Eid som legg ut 45 grader. Totland klinkar til frå straffemerket, men Karlstrøm gjer ein kjemperedning. Glimrande spel av heimelaget.
9'
Begge lag prøver å låse av motstandaren høgt.
8'
Er oppe igjen no Tromsø sin spiss.
7'
Azemi ligg nede med hovudskade. Mange føffe duellar i starten her.
6'
Mange lange ballar i starten her frå Tromsø. Skal nok prøve å strekke Sogndal litt og så har dei jo ein bauta på topp i Espejord.
4'
Sogndal med 10 mann for øyeblikket.
3'
Så ligg Kryger nede med skade for heimelaget. Redd Bakke må byte tidlig her.
1'
Tromsø vinn ballen og kjem på ei kontring, men Azemi blir effektivt stoppa av Ogbu.
Avspark Start 1. omgang
10 varmegrader, vindstille og sol. Flott haustvær i Sogn og straks er vi klare for denne svært viktige kampen i OBOS-ligen.
Vanlegvis har Sogndal eit godt tak på Tromsø her i Sogn. 7-6-2 viser statistikken, men sist gong laga møttest på Fosshaugane, i 2017, vann Tromsø 2-0 etter scoringar av Thomas Lehne Olsen og Mikael Ingebrigtsen. I det motsette oppgjeret tidlegare denne sesongen vart det 2-2.
Sogndal har ein fantastisk heimestatistikk i år med 8-0-1. Berre bortelaget har sanka fleire poeng på heimebane, men det er med ein heimekamp meir spelt. Etter tapet mot Sandnes Ulf har sogningane vunne sju heimekampar på rad. Sist kamp på Fosshaugane Campus enda 5-2 mot Kongsvinger etter at Kristoffer Hoven sette inn fire mål og blei belønna med ein 10-ar i lokalavisa sin børs.
Lagoppstillingane er klare og begge lag gjer ein god del byter. Det å legge mest merke til er at Sogndal manglar både Kupen og toppscorar Kristoffer Hoven. Sistnemnte vel og merke på benken. For Tromsø blir det gjort tre byter frå sist kamp. Azemi, Sætra og Pedersen kjem inn. Vi er litt usikre på kva formasjon tromsøværingane vel, men det har vore 3-5-2 tidlegare i år så vi får sjå om det er det dei kjem ut i når kampen startar om ein liten time
Kven som er klare og kven som er ute får vi vite når vi er tilbake med lagoppstillingane ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Heimelaget hadde 13 kampar på rad utan tap før dei sist helg rauk på eit forsmedeleg 1-0 tap mot Ranheim. Mangelen av ein småskada Kupen og at toppscorar Kristoffer Hoven måtte gå ut til pause med skade prega heilt klart sogningane. Viktig for Bakke sitt mannskap at i alle fall ein av desse er klar igjen til dagens match.
Tromsø ligg fem poeng framfor Sogndal og er i kjempeform. Forsterkningar er henta inn og ikkje minst Runar Espejord sin inntreden har styrka laget. I dei to siste kampane har tromsøværingane ikkje scora mindre enn 12 mål. Det er vel og merke eitt mål mindre enn kva Liverpool og Manchester United slapp inn til saman sist helg. Sånn berre for å sette det i eit perspektiv. Med siger i dag vil Tromsø auke luka til Sogndal og med 8 poeng forsprang vil det heilt klart byrje å lukte Eliteserie med berre 10 kampar igjen av sesongen. Derimot vil ein sogndalsiger minke luka til berre 2 poeng og med Lillestrøm og Ranheim halsande bak vil det være full fyr i opprykksdramaet i OBOS-ligaen.
Hei og velkomne til den 20.runden i OBOS-ligaen. Eit større toppoppgjer får vi aldri for i dag er det serieleiar Tromsø som kjem på besøk til Fosshaugane Campus og her møter dei Sogndal som ligg på andreplass.