Referat
Kun høydepunkter
Uavgjort er nok eit rettferdig resultat på Fosshaugane Campus. Begge lag hadde gode sjansar og det var ein underhaldande kamp. I forhold til haustsesongen i fjor var det no morro å være på stadion både for journalistar og publikum.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Enorm sjanse for Sogndal. Eit frispark vert slått inn i feltet og Valsiv og Karadas går i duell med Sahlman. Det endar med at ballen blir liggande to meter frå målstreken, men ingen sogndalspelarar klarer å være først på ballen og Tromsø klarerar. Tre sekund etter bles Sælen av kampen.
90+2'
Eitt minutt igjen.
90+2'
Tromsø får klarert.
90+2'
Endar i eit innkast til Sogndal like ved hjørneflagget.
90+1'
Sogndal kontrar og Santos vinn eit frispark på 35 meter.
90'
Tromsø styrer no.
90'
Ballen blir svinga inn, men Sogndal stangar ut.
90'
Frispark til Tromsø no.
89'
Moldskred skyt i stolpen. frå 19,5 meter skyt han i stolpen.
88'
Sogndal har ein del gode overgangar, men det er mange slitne bein og det endar som regel i ein feilpasning.
87'
Sahlman får frispark i situasjonen inne i boksen.
87'
Mane skalsvinge ballen innover.
86'
Frispark til Sogndal frå ca 35 meter.
84'
2718 tilkodarar.
83'
Stille før stormen? Vi er no inne i dei ti siste minuttane og laga ligg å føler på kvarandre. Ingen vil gjere sjebnesvangre feil.
79'
Mane og Sagna finn kvarandre fint og Mane driv framover. Siste pasningen til Flo er litt for hard og går ut over kortlinja.
77'
God sjanse for Moldskred. Sagna mistar ballen på midten. Tromsø kontrar og Moldskred skjer inn i boksen. Han avsluttar frå 7-8 meter, men i nettveggen.
75'
Sagna med eit knallhardt skot frå 30 meter, men rett på Sahlman.
75'
Vi går inn i sluttminuttane på Fosshaugane Campus. Skal Tromsø pynte på sin begredelige sogndalstatistikk eller vil marerittet i saftbygda fortsette.
71'
Tromsø trykker Sogndal no. Klarar ikkje å komme til nokon store sjansar, men backane til Sogndal får verkeleg kjørt seg. Ciss verkar å være i storform.
69'
Sogndal får tilslutt til ei avslutning, men den blir for laus og enkel for Sahlman å plukke opp.
67'
Kampen leve i høgste grad framleis. Begge lag angrip og vil vinne.
65'
No er det Tromsø som styrer kampen her.
64'
Nemnte Jensen har faktisk ei fortid i Sogndal. Dvs på lillegutlaget då far Truls var trenar i saftbygda ei gong på 90-talet.
63'
Publikum på Fosshaugane var særs misnøgd med at dommar Sælen gav frispark til Tromsø. Valsvik var i duell med Yttergård Jensen og det såg ut som landslagsspelaren fall lett. Det var derimot ingen store protestar så dommar Sælen har nok sitt på det tørre.
60'
Kind Bendiksen vil prøve seg.
60'
Frispark til tromsø på 18 meter.
59'
Det er spenningen i kampen, men dei siste minutta har ingen av laga klart å spele seg fram til nokon sjansar.
57'
Alle måla i dag har komme med hovudet. Det har og våre eit par skotforsøk, men dei har vore realtivt dårlige.
56'
Tromsø med fine kombinasjon og Andersen fossar framover. Prøver eit skot, men som vanleg er presisjonen litt dårlig og ballen trillar eit par meter utafor mål.
55'
Kampen svingar. Tromsø er frampå like etter, men Sogndal får klarert.
54'
Enorm sjanse for Sogndal. Innkast som Valsvik stussar inn i 5-meteren. Der riv Bolseth seg laus og stuppheaddar ballen mot mål, men Sahlman er med på notane og får ut ei hånd.
54'
Det er ein underhaldande kamp på Fosshaugane. Og det er det elnge sidan vi har vore vitne til her.
52'
Rett etter målet er Tromsø veldig farlig frampå. Ciss legg inn og Moldskred headdar kannlahard mot krysset. Der er Dahlin og fistar ballen til corner.
48'
Sogndal vel å legge seg lågt i starten av denne omgangen slik som dei avslutta den første. Spørs om det er så lurt for sogningane siden Tromsø ved fleire høve har komme fint rundt på kant for så å legge inn til luftsterke Ondrasek.
47'
tek frisparket kort og prøver å spele seg gjennom, men Sogndal bryt og spelar langt på Santos og Flo.
46'
Frispark til Tromsø ca. 10 meter inn på Sogndal sin banehalvdel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga på veg inn på bana og me er klare til 2.omgang i Sogndal.
Mykje som skjedde på slutten her. Tromsø verka farlegare og farlegare etter at Sogndal fortent tok leiinga ette 26 minutt spel. Ein kan difor sei at uavgjort er eit rettferdig resultat til pause i vinterkulden på Fosshaugane Campus.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
44'
Kjempesjanse for Tromsø. Ondrasek viser klasse. Tek ned ballen pressa på 5 meter og vender seg vekk frå Patronen. Åleine med Dahlin er det derimot svensken som viser kalsse og gjer ein glimrande parade som endar i corner. den påfølgjande corneren enda i utlikninga til 1-1.
43'
Godt innlegg frå Kristiansen, men ballen går gjennom heile Songdal sin målgård. Hadde nokon i blå drakt vore på rett stad til rett tid så hadde det stått 1-1.
40'
Teniste med gjennomspel til Santos, men Sahlman er ute å snappar ballen forran biena på brassen. I denne delen av spelet har Sahlman vore veldig god.
39'
Sahlman med eit håplaust utspel til stor underhaldning for publikum. Innkast til Sogndal på Tromsø sin banehalvdel. Har vore fleire dårlige innvolveringar med beina frå Tromsø sin sisteskanse i dag.
37'
Dette gjer at Tromsø sine vingar og backar drar seg inn i banen når dei nermar seg mål og får avslutningar. Sist gong ved Kristiansen, men skotet var igjen plassert 2-3 utafor Dahlin sitt bur.
36'
Tromsø har tatt over banespelet og Sogndal ligg no djupare og satsar på kontringar.
36'
Tromsø har no fleire gode kombinasjonar på kant. Eit spel som dei beherskar veldig bra. Har endå ikkje komme til nokon store målsjansar, men det er nok ikkje lenge før.
32'
Sagna bryt og Sogndal kjem på kontring. Dessverre for sogndølene er det svært få som føl opp og Tromsø vinn etterkvart ballen.
30'
I det ein skulle til å klage på Tromsø sin innsats og pasningspel gjekk det på ein-touch gjennom sogndalforsvaret og Yttergård Jensen var åleine med Dahlin. Avslutninga gjek derimot rett på Sogndal sin nye sisteskanse. God sjanse for Tromsø!
28'
Mane får ballen tilbake og klinkar den 20 meter over og utafor mål.
27'
Glimrande slått corner av Mane som no får sjansen igjen.
25'
Kristiansen prøver å slå i bakrom på Andersen, men ballen går ut til 5-meter.
24'
Fleire av spelarane på begge lag slit med feste. Ut i frå årstida får ein sei at dei har smurt feil, men den harde bana må nok og ta si skyld for glepptaka.
23'
Andersen med avslutning, men tre meter utafor.
21'
Godt angrep igjen av Sogndal. Teniste spelar veg med Skaasheim og legg 45 grader ut. Der er det berre tromsøspelarar og ballen vert klarert.
20'
Nei. No kjem han haltande inn på bana igjen. Er nok muskulaturen til fleire ut på her som ikkje likar seg no når gradestokken kryp ned mot frysepunktet.
19'
Det ser ut som Malik Mane har fått seg ein god gammaldags strekk.
19'
Tromsø med fleire trekk i laget her no, men klarar ikkje å komme til nokon klar målsjanse.
17'
Sogndal med høgt press og dette stressar Tromsø ein del.
17'
Og dermed får keeper Dahlin sitt første spark på ballen! Vi les 16 minutt og 7 sekund.
16'
Tromsø bygger opp eit angrep, men Moldskred går i offside.
16'
Heilt klart Sogndal som er mest på hogget dei første 15 minuttane.
15'
Sogndal bryt Tromsø fleire gonger på rad i det oppbyggande spelet til tromsøværingane. Dei har derimot ikkje klart å utnytte overgangsmoglegheitane til målsjansar.
14'
Verdt å merke seg er at kepperen til Sogndal endå ikkje har vore borti ballen.
14'
Bra underhaldning så langt på Fosshaugane Campus. Ingen store sjansar, men begge laga viser lovande angrepsspel.
13'
Fleire gode moglegheiter på begge cornerane, men Tromsø fekk rydda unna.
10'
Mane med skot frå kanten av 16-meteren, men skotet går 2-3 meter utafor.
9'
God moglegheit og i framkant av corneren. Ciss og Moldskred kombienrte fint på kant og innlegget fekk Valsvik såvidt gitt til corner.
6'
Ein god sjanse for Sogndal då Mane bryt Kristiansen og spelar fram Santos. Det er derimot god stuss i graset og keeper Sahlman er ute å fangar ballen forran brasilianaren.
4'
Det er Sogndal som styrer kampen. Lange ballar i bakrom på Flo og Santos som Tromsø slit med å avklare.
3'
Sogndal startar best. Lang ball mot Santos som får lagt inn, men Sahlman er ute på innlegget og fangar ballen trygt.
2'
Ingenting ut av innkastet og Sahlman kan sparke ut.
1'
Sogndal med lang ball opp og vinn eit innkast på høgd med Tromsø sin 16-meter.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal med avspark.
Laga på veg inn og vi er klar til kamp.
Halvtime til kampstart på Fosshaugane Campus. 4-5 grader, overskya og fine speleforhold. Kunstgraset som det har vore jobba iherdig med dei siste vekene er både snø og isfri. Alt klart for TIPPELIGAEN 2013 i Sogndal.
Tromsø spelar i ein 4-2-1-3 formasjon med Andersen, Moldskred og Ondrasek på topp. Sistnemnte blir nok midtspiss med dei to andre på kvar sin kant.
Sogndal spelar i ein tradisjonell 4-4-2 formasjon. Verdt å merke seg er at dei stiller med ein komplett ny midtbane i forhold til åpningskampen i fjor.
Begge lag har og mange lovande unggutar som er tatt opp i stallen framfor denne sesongen. Dette er to av klubbane i Noreg som får fram flest talent frå sine nærområder og dette kjem vi nok til å sjå døme på når lagoppstillinga vert presantert om ein liten time.
Sogndal har som vanleg mista mange spelarar før denne sesongen. Mest markante var nok Kenneth Udjus, Henrik Furebotn og Badji. Inn har komme Rune Bolseth, Azar Karadas Erik Dahlin og i går vart senegalesiske Sidny Sagna klar. Han kjem frå den franske toppklubben St.Etienne og skal fylla tomrommet etter Badji som ville vekk frå klubben og gjekk til Brann. Det er knytt store forventningar til Sagna som etter alle solemerker kjem til å starte kampen i dag.
Suporterklubben Isberget har også vurdert Tippeligaen framføre årets sesong og trur Tromsø skal klare bronse. Isberget meiner og at Sogndal er det dårlegaste laget i årets Tippeliga og plasserar sogndølene nederst. Saftkokaradn er nok veldig ueinige i dette, men vi har ikkje klart å funne noko tabelltips frå Sogndal sine trufaste følgjarar.
Dei viktigaste som har forsvunne frå Tromsø etter 2012-sesongen er nok Hans Åge Yndestad, Fredirk Björk og Kara. Inn har dei fått Adnan Causevic, Josh Pritchard (lån frå Fulham), Jaroslaw Fojut og Morten Moldskred. Det vert sett store forhåpningar til spesielt Moldskred sin retur, men Isberget håpar og at polakken Fojut skal verta ei kjempe i forsvaret og fylle tomrommet etter Björk.
Sogndal har hatt ein dårlig pre-season der dei ikkje har vunne mot nokon lag frå dei to øverste nivåa i Noreg. Sist vart det 0-1 mot Godset og sogndølene har slete med å lage mål. Treningskampane i fjor var derimot endå dårligare og då starta ein sesongen med å banke Odd 4-1 i Skien.
Årets treningskampar har vore varierande for tromsøværingane. Dei tre siste kampane har derimot gjeve siger og i generalprøven vart Bodø-Glimt slått 2-0 etter mål av Magnus Andersen og Thomas Kind Bendiksen.
Sogndal redda plassen i siste serierunde mot Brann etter ein relativt god haustsesong i fjor. Tromsø på si hand var lenge med å kjempa om medalje, men med ei litt for dårlig avslutning vart det den sure 4.plassen for Gutan. Endå surare var nok tapet i cupfinalen der askeladden Hødd vart for sterke etter ein dramatisk finale som var avgjort på straffar.
Av all informasjon ein har fått sundags morgon så blir det kamp på Fosshaugane Campus. Sogndal trente på bana i går ettermiddag og det har ikkje komme meir snø i løpet av natta. Vi ynskjer velkomne til kamp kl 18.00.
Laurdags morgon låg det 10 cm nysnø på Fosshaugane Campus. Det har vore problem med undervarmen i heile vinter så hadde det vore kamp i dag så hadde ein nok måtte avlyse. Sogndal arbeidar no iherdig med å få bana klar til søndag og vi kjem tilbake når vi veit meir om både baneforhold og lag.
På dei siste 12 kampane i Sogndal har Tromsø berre vunne ei gong. Det var i 2001 då tromsøværingane vann 3-0. Sogndal på si side har vunne 7 av dei siste 12 heime mot Tromsø, mens 4 har enda uavgjort. Ut i frå denne statistikken vil Sogndal være favorittar søndag kveld.
Tromsø enda på 4. plass i fjor mens Sogndal unngjekk nedrykk med siger i siste kamp mot Brann og klatra til 12.plass på tabellen. Utifrå plasseringane vil då Tromsø være favorittar i denne kampen, men sogndølen har eit godt tak på Tromsø på heimebane.
Då vil ein få ynskje velkomen til tippeligastart frå Fosshaugane Campus og kampen mellom Sogndal og Tromsø.