Referat
Kun høydepunkter
Det endar 5-0 her på Fosshaugane Campus. Dette er ikkje eit mål for lite. Det kunne ha vorte meir, men Sogndal er nok fornøgde med 5-0 her. Sogndal hevar seg betraktelig i 2.omgong og vinn meget fortent. Må bli endå meir presise til neste kamp og heve pasningskvaliteten i det offensive. Absolutt ein god kamp av Sogndal heime på Fosshaugane.
Kamp slutt Slutt (5-0)
90'
2 minutt tillegg
88'
Kjempesjanse til Tromdalen. Ein god frisparkvariant. Der Eirik Yndestad blir spelt fri. Sogndalforsvaret står og ser på, men Piotr slår til corner.
86'
Ein lokal jury har kåra Espen Olsen til Sogndals beste spelar.
85'
Fin sjanse til Sogndal. Joakim Rudolfsen slår eit innlegg som Mads Solheim nesten får foten på. Men ballen går inn til Tromsdalenkeeper Steffen Andreassen.
82'
Tromsdalen si oppladning i Sogndal slo ikkje til i dag og dei må nok belage seg på ei lang heimreise med 0 poeng i frå Fosshaugane Campus.
80'
Har roa seg litt no etter dei store sjansane til Sogndal.
79'
Nok ein kjempesjanse til Sogndal. Espen Olsen skyt like utanfor frå skrått hald.
78'
Gigantsjanse for Sogndal. Ole Jørgen Halvorsen blir spelt igjennom, men set ballen rett på keeper. Barry Kader plukkar opp returen og set ballen over mål!!!! Burde vore 5-0 her.
71'
Joakim Rudolfsen er inne att på bana. Han stel ballen frå ein Tromsdalenforsvarar, men får ikkje stokka beina skikkelig og Tromsdalen overtek.
70'
Joakim Rudolfsen er ute til behandling. Skade i albogen ser det ut til. Sogndal med 10 mann no.
69'
Sogndal fossar i angrep etter Tromsdalens trippelcorner. Even Hovland raidar opp på venstresida. Han slår inn mot Joakim Rudolfsen, men han når ikkje fram til ballen. Nok ein stor sjanse for Sogndal.
67'
Jo Nymo Matland fyrer av eit skot inne i 16meteren, men Piotr får slått ballen til corner. Tromsdalens største sjanse til no i kampen.
64'
Harald Aabrekk ser ikkje ut til å vere fornøgd med 3-0. Kjeftar og ropar til spelarane sine
63'
Kampen ser veldig køyrt ut for Tromsdalen sin del no. Det skal skje mykje for at Tromsdalen skal snu dette.
62'
1638 tilskodarar har teke turen på Fosshaugane Campus i dag
57'
Jonas Johansen prøver skotfoten. Skotet går rett på Piotr, men skotet er hardt og Piotr slår til corner.
52'
Tromsdalen på ein overgang, men Hovland får klarert.
50'
Elvis med dribleshow på midten som haustar applaus.
50'
Sogndal køyre på i starten av 2.omgong.
48'
Elvis skyt knallhardt på innsida av stolpen. Svært nære 2-0 i starten av 2.omgong.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga på veg ut etter pausen
Sogndal har vore klart best i denne fyrste omgongen. Men så lenge det berre står 1-0 er alt mogleg. Tromsdalen må opp fleire hakk for å ha nokon sjanse til å ta poeng her. Sogndal har vore mykje nærmare 2-0 enn Tromsdalen har vore 1-1.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Tromsdalen har fått etablert eit lite trykk inne på Sogndal sin banehalvdel. Piotr får ballen ned i fanget.
45'
Frispark til Tromsdalen inne på Sogndal sin banehalvdel. Klarert av Tommy Øren.
43'
Halvorsen blir spelt gjennom og får frispark nede med hjørneflagget. Frisparket blir slått over alle og ut av bana til utspel for Steffen Andreassen.
42'
Kjempe sjanse til Sogndal. Espen Olsen blir spelt fri og er åleine med keeper, men set ballen rett på keeper. Tromsdalen får klarert, men Sogndal kjem på ny. Espen Olsen får gå opp på bakerster stolpe, men headar utanfor.
38'
Tromsdalen får eit frispark. Det blir slått innføre mål, men Piotr i Sogndalburet får fanga ballen. Det ser ut til at Tromsdalen må forsøke på dødballar så langt.
36'
Mats Solheim med eit godt skot, men går diverre for heimepublikumet over mål.
34'
Tromsdalen har fortsatt ikkje fått til spelet sitt og skapt nokon sjansar det er verdt å nemne.
32'
Morosam situasjon her på Fosshaugane Campus. Ein liten unge byrjar å sparke ball inne på bana. Stor jubel frå publikum. Ungen blir etterkvart geleida ut av ei stadionvakt.
30'
Tromsdalen får si fyrste avsluttning mot mål etter 30min. Tromsdalen har skapt veldig lite.
29'
Per Egil Flo får ballen på kanten av 16meteren. Han driblar av ein forsvarar, men veit ikkje kva fot han skal bruke og det endar med høgrefoten. Den er ikkje så veldig god og skotet blir stoppa av ein Tromsdalenforsvarar.
27'
Sogndal verkar mest giftige so langt.
26'
Frispark til Sogndal på 25meter. Slått inn av Ole Jørgen Halvorsen, men blir klarert av Tromsdalenforsvaret.
25'
Det påfølgande frisparket blir slått inn føre mål, men ballen går utover kortlinja.
21'
Stor sjanse for Sogndal då Tommy Øren skyt i stolpen frå kort hald. Denne gongen etter innlegg frå Barry Kader som har vore god i starten
20'
Espen Olsen går i bakken innanfor 16meteren, men dommaren vinkar spelet vidare
19'
Barry Kader legg inn, men Espen Olsen er litt for lav og får ikkje heada ballen mot mål. I staden får Ole Jørgen Halvorsen ballen, men ballen blir tilslutt klarert.
17'
Even Hovland fossar opp på høgresida. Han får lagt inn til Barry Kader, men han headar ballen over mål.
16'
Tromsdalen er meir med no.
14'
Even Hovland testar skotfoten. Skyt frå eit frispark frå 30 meter. Elvis tek inn ballen og sentrar tilbake til Even. No er det meir saft i tilslaget, men skotet treff ein Tromsdalenforsvarar
13'
Tromsdalen slit med pasningane og skapar veldig lite så langt.
11'
Sogndal har ballen klart mest i opninga.
10'
Espen Olsen stel ballen på midten. Han fører ballen framover. Sender ballen ut til Ole Jørgen Halvorsen. Han skyt, men ballen går over mål.
7'
Det er Sogndal som pressar på.
6'
Eit frispark blir slått inn føre målet til Tromsdalen. Ingen Sogndalsplarar får avslutta skikkelig og ballen dansar inne på streken. Stor sjanse til heimelaget
5'
Livlig opning på kampen. Sogndal ropar på straffe når Henrik Furebotn skyt ballen opp i armen på ein Tromsdalenforsvarar. Dommaren vinkar spelet vidare.
3'
Tommy Øren får til ei avsluttning, men skotet blir for laust og Steffen Andreassen i Tromsdalenburet får ei enkel oppgåve med å redde ballen
1'
Tromsdalen lempar ballen umiddelbart inn i Sogndal sin 16-meter, men Elvis får klarert.
Avspark Start 1. omgang
Begge lag står klare til at dommaren skal setje i gong kampen
1 min stillhet for Kåre L.Navarsete som gjekk bort. Kåre har vore ein meget betydningsfull person for Sogndal Fotball opp gjennom åra.
Solskin her i Sogndal og ypperlege speleforhold. Grasmatta ser meget innbydande ut til å spele fotball på. Einaste negative å setje fingeren på er ein litt kald dalatrekk. Vi får dermed håpe at kampen i seg sjølv varmar godt ellers kan det bli kaldt for enkelte.
Tromsdalen har vore å lada opp i Sogndal sidan torsdag. Dei spelte borte mot Moss på onsdag og reiste rett til Sogndal etter kampen. Oppladninga har dermed vore ideel for Tromsdalen.
Begge lag er godt i gong med oppvarminga.
Sogndal har sanka 7 poeng av 12 moglege medan Tronsdalen har 4 poeng. Sogndal og Tromsdalen har møttes 9 gonger tidligare og det har vore målrike oppgjer.
Einaste spelaren som har scora meir enn eit mål so langt i år for Sogndal eller Tromsdalen er Erlend Stenberg (Tromsdalen). Dette er 3. bortekampen til Tromsdalen i årets Adeccoliga. Tromsdalen har spelt 2 uavgjorte så langt, medan Sogndal har ein siger og eit tap på heimebane.