TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Skotstatistikken viser 11-6 og skot på mål 5-2. Stig Anders Hauge takkar for seg og anbefalar alle å slå på The Masters no i kveld. Blir the Reed eller blir det McIlroy? Spanande blir det i allefall. Fore!
Tromsdalen tek sitt fyrste poeng i Sogndal nokon sinne etter ei perle av Jon Nymo Matland. TUIL burde nok hatt med seg tre poeng for dei drepte fullstendig spelet til Sogndal og hadde fleire moglegheiter til å auke leiinga si. Sogndal var frykteleg tannlause offansivt og virka svært ustrukturærte. Mykje og ta tak i for Bakke og co om dette laget kjempe om opprykk.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90'
Gult kort
90+5'
Endar i ingenting og dommaren bles av.
90+4'
Kast til Sogndal.
90+4'
Tida ebbar ut.
90+3'
Svingar fram og tilbake dette. Sogndal framleis med svært mange i angrep så TUIL får store rom når dei kjem.
90+1'
1665 innanfor portane i dag. Lenge sidan det har vore så få på Fosshaugane Campus.
90+1'
Fire minutt tillegg. Deja vu?
90+1'
TUIL heng i stroppene no.
90'
Får vi reprise frå 2007 der Sogndal avgjorde fire minutt på overtid?
89'
Så rotar TUIL det il igjen, men ikkje så mykje dei kunne gjere med den. Lang ball inn i feltet som Schulze er først på. Ikkje at eg såg alt for mange TUIL kampar i fjor, men meiner at dei mista ein god del poeng på slutten av kampane.
87'
Mål!
1-1
Innlegg som Schulze stangar i mål.
86'
TUIL held ballen nede ved hjørne. Rutinert av tromsøgutta dette.
85'
Hjørnespark
Knallhardt inn i feltet og Dyngeland boksar ut til kast for TUIL.
85'
Mo vinn ein corner for TUIL.
83'
TUIL berre dunkar ballen unna her no.
81'
Spillerbytte
81'
Liten sluttspurt frå sogningane her no. Så får vi sjå om TUIL klarar å ro dette i land.
81'
Ny god opprulling av Sogndal, men Flo er i offside.
80'
Hjørnespark
Steiring får avslutta, men alt for laust. Enkelt for Berntzen.
79'
Hjørnespark
Ny corner til store protestar frå TUIL.
79'
Greenidge fram som spiss. Her skal det pompast.
78'
Spillerbytte
75'
Snart berre eit kvarter igjen og det går mot ein krisestart for Bakkes gutar.
73'
Spillerbytte
72'
TUIL rullar opp og Mo er åleine gjennom. Greenidge kjem i ryggen på han og Mo går i bakken. Er banens lettaste mot banens tyngste der så dommar seier 'størst først' og lar spelet gå.
71'
Sogndal satsar friskt framover no. Store rom bakover og når ein er så upresise som sogningane er så betyr det store overgangsmoglegheiter for TUIL.
68'
Gult kort
Hindrar Lysvoll på ei kontring, sjølv om spissen falt svært lett så var det nok kontakt.
68'
Begynnar å haste no for det tidlegare Eliteserielaget. Endå ingen mål så langt i OBOS-ligaen.
66'
Hjørnespark
Får ballen tilbake og klinkar den over alle og ut til femmeter.
63'
Spillerbytte
63'
Generelt mykje betre med ball tromsdalenspelarane. Både offansvit og deffansivt ser dei tryggare ut enn Sogndal med ballen i beina.
61'
Det er så lekent av Mo! TUIL trillar ball i hatt med Sogndal. Mo får ballen på 20 meter og chippar den over Dyngeland i tverra og ned på strek. Der er du uheldig Mo og TUIL. SLike avlsutningar fortener å ende i mål.
58'
Soltvedt igjen som viser seg fram. Kjem seg til linja eg legg 45 grader ut til Birkelund som i siste liten vert stoppa av Johnsen.
57'
Soltvedt inntroduserar seg med eit godt og hardt innlegg som Flo headar utafor.
55'
Spillerbytte
54'
Flo sein i ei takling på VIbe, men frå min posisjon så ser det ut som det er null kontakt og det meiner også Flo. Dommar stoppar spelet når Vibe ligg nede, men dømmer ikkje frispark så einig med angriparen her mannen i svart.
53'
TUIL med godt grep på kampen akkurat no. Sogndal stavrar på i det offansive og skapar null og niks.
49'
Startar litt som første omgang dette. Sogndal byggjer opp på kant, men innlegga har Vibe og Jenssen grei kontroll på.
48'
Schulze med innlegg og ei kjempemølje framfor mål før TUIL får klarert.
47'
Frispark til Sogndal nede ved hjørneflagget. Billig.
46'
Ingen endringar på nokon av laga slik vi klarar å sjå.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Gode sjansar for Sogndal på corneren. Ballen blir slått hardt inn i feltet og det kjem ei styring som går rett på Berntzen.
45'
Hjørnespark
44'
Veldig lite som skjer akkurat no.
41'
Sogndal frampå etter ein heller dårlig periode og det er Schulze som avsluttar frå 17 meter, men til side for mål.
39'
Sogndal endrar formasjon til 4-4-2.
39'
TUIL med fine kombinasjonar og eit flott gjennomspel inn til Lysvoll som avluttar utafor frå skrå vinkel.
36'
Frisparket går rett i armane på på Berntzen. Uvisst om det var skot eller innlegg.
35'
Jenssen er alt for seint ute på Flo ute på høgrekanten og er heldig som slepp unna kort der. Fin frisparkposisjon for Sogndal dette.
34'
TUIL har tatt meg på ordet og dei siste minutta har dei faktisk klart å halde litt i ballen. Tromsøværingane viser at dei har noko gode kombinasjonar offansivt og finn kvarandre mykje betre enn kva Sogndal sine offansive spelarar klarer.
30'
Sogndal styrer svært mykje her. Personleg syns eg TUIL har lagt seg alt for lågt. I starten av kampen låg dei høgare og ville også halde litt meir på ballen. Då hadde Sogndal faktisk til tider store problem.
27'
Hjørnespark
Endar i ei kjempekontring for TUIL, men Fredriksen får stoppa Abelsen med ei kontant takling.
27'
Hjørnespark
Berntzen ute og missar og Sogndal får ein ny corner.
26'
Greenidge stormar oppover og skaffar Sogndal ein corner.
23'
Hjørnespark
Kort corner som blir spelt rundt og inn på 20 meter der Pedersen dunkar ballen fem meter utafor. Skikklelig hook der frå backen.
22'
Sogndal trykkjer TUIL bakover og sender mange folk inn i boksen. Til slutt er det Schulze som bankar til frå 16 meter, men rett på Berntzen.
19'
Sogndal har tatt over ein del no, men klarar ikkje å skape så veldig mykje. TUIL får mange fine overgangar som dei bør utnytte betre enn kva dei har gjort til no.
16'
Hjørnespark
Innsvingar som Berntzen får boksa ut.
16'
Sogndal byggjer opp igjen, men får ikkje avslutta angrepet. TUIL kontrar og har veldig store rom, men klarar på ny ikkje å utnytte dette.
11'
Fin sjanse for Sogndal når dei rullar rundt på kant, men ingen får foten på innlegget.
10'
Gedigen sjanse for Tromsdalen til å auke. Innlegg inn i feltet til Løvland som er heilt åleine på fem meter. Headinga går rett på Dyngeland.
8'
Då har Tromsdalen dobla antall scora mål i Sogndal gjennom tidene.
6'
Mål!
0-1
Fantastisk scoring av Matland. Får ballen ut på 18 meter og klinkar den i krysset bak ein sjanselaus Dyngeland. Herlig opning for Tromsdalen.
5'
Jenssen med ei forferdeleg klarering med ei heading inn igjen i eigen boks. Brændsrød klarar derimot ikkje å få avslutte skikkelig og dei blå får til slutt ballen langt vekk.
3'
Mykje rot frå Sogndal sentralt i bana gjev TUIL ein god overgangsmoglegheit, men dei klarar ikkje å utnytte den.
2'
Lang ball opp frå TUIL og litt kommunikasjonssvikt mellom Latifu og Dyngeland kunne gitt Mo ein god sjanse, men den tidlegare landslagskeeperen får til slutt fingrane på ballen.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg ut på bana og vi er straks klare for årets fyrste seriekamp frå Fosshaugane Campus.
Ikkje heilt vår i Sogndal i dag med ca. 4 grader og ganske kraftig regnbyger til tider. Ein fin kveld for fotball med andre ord.
Sist laga møttes på Fosshaugane var i 2010 då Sogndal vann 5-0.TUIL står med ein mildt sagt dårlig statistikk i Sogn. På fem kampar har det enda med fem tap og 1-19 i målskilnad. Det eine målet sette Morten Gievær inn i 2007 og då var dei også utrulig nære sitt fyrste poeng i Sogndal, men Rune Bolseth avgjorde fire minutt på overtid. Gievær, som forøvrig i følgje wikipedia har sona to års fengselstraff for å nekte verneplikt, er i dag spelande assistentrenar i Moss. Rune Bolseth har lagt skoa på hylla og er assistent og 2.lagstrenar i Sogndal.
Vi får unnskylde ei meget sein lagoppstilling, men vi fekk dessverre laga litt seint her på OBOS-arenaen Fosshaugane Campus.
Vi er tilbake med litt statistikk samt lagoppstillingar ca. 1 time før kampstart. Vel møtt!
TUIL reiser nedover til Sogn med skadefri tropp. Vi får også håpe at gutta frå Tromsdalen har klart å jekke seg opp frå nokre relativt beskjedne resultat i årets treningskampar. Stortap mot divisjonskollegaene Strømmen og Levanger samt 0-0 mot 2.divisjonslaget Alta i generalprøva er ikkje så mykje å skryte av.
Mykje har derimot skjedd sidan den tid for i løpet av veka valte kaptein og lagets klart mest rutinerte spelar, Even Hovland, å forlate klubben til fordel for Rosenborg. Svært blanda meiningar i Sogndal om både klubb og spelar sitt val. Det blir og spanande å sjå kva konstellasjonar Bakke vel i forsvaret til dagens kamp.
For Tromsdalen så er det i tillegg serieopning etter at deira fyrste kamp mot Jerv vart avlyst grunna vinter! Sogndal opna sist tysdag med eit sterkt poeng i Ålesund i ein kamp sogningane meinte dei hadde fortent alle tre poenga. Difor såg ein lyst på årets sesong sidan dei oransje frå Jugendbyen vert rekna som ein av dei sterkaste laga i divisjonen.
Ei stor sportshelg er berre halvvegs når no syklistane trampar av garde på brusteinen mellom Paris og Roubaix. Like etter målgang der så smell det for fullt i noregs to øvste fotballdivisjonar og her kan du følgje kampen mellom Sogndal og Tromsdalen live frå kl. 1800. Når dommar Jan Morten Tennøy så blåse av for full tid så kan vi overvære ei fantastisk avslutning på The Masters frå Augusta, Georgia fram til godt over midnatt. Aiaiai så godt det er å være sportsidiot og velkomen til årets fyrste kamp frå Fosshaugane Campus.