TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
For ein kamp! Underhalding fra start til slutt og ein fortjent siger til Sogndal! Sju mål og to straffemiss er ikkje kvardagskost i Obos-ligen! På bana var det to lag som ville få til noko, og pressa på for sjansar. Sogndal viser at dei er interesserte i å vere med å kjempe på øvre halvdel av tabellen. Om ein ser vekk frå litt rusk bakover var det flott levert. Tromsdalen på si side spelar overraskande offansivt og spennande for kun å ha to poeng så langt denne sesongen. Dei kjem nok til å ta med seg nokre gode resultat før sesongen er over!
Dommaren bles av kampen rett etter straffemissen.
Kamp slutt Slutt (5-2)
90+6'
Gult kort
90+5'
Bom på straffe!
Skyt hardt til venstre for mål og bommar.
90+5'
Straffe!
Hands på Løvland etter mykje kluss i feltet. Helgesen somlar og burde skote sjølv, men legg til Sigurd Haugen som skaffar straffe.
90+3'
Soltvedt vert helt av Løvland. Dommar dømmer fordel.
90+2'
Hjørnespark
90+1'
5 minutt er lagt til på Fosshaugane.
90'
Spillerbytte
89'
Gult kort
Lorentzen som feller og er heldig som slepp unna med denne fargen.
88'
Grisestygg takling på midtban og Roseth ligg nede.
87'
Hjørnespark
Corneren vert lagt rett opp på Andreassen som skyt til på volley, men vert blokkert.
87'
Tangen fører ball på venstresida og vinn ein corner.
86'
Langt utspark frå Dyngeland endar opp i Tromsdaleskeeperen sine hender. Tromsdalen trillar litt ball før Sogndal igjen får kontroll på kula.
83'
Hjørnespark
Jensen skyt og Løvland blokerar til corner. Corneren går rett til keeper i fast grep.
81'
Tromsdalen prøver seg høgt oppe i bana og kjem til skudd ved Ringberg frå høgresida. Dyngeland reddar enkelt eit skudd som ser ut hadde gått til kast.
78'
Gult kort
Sigurd Haugen vert felt på ein klar overgang til Sogndal. Her veit Braaten godt at han får gult kort sjøvl...
77'
Spillerbytte
77'
Antonjevic vert liggande etter noko som kan sjå ut som ein strekk. Stopp i kampen og Antonjevic ser ferdig ut for kvelden.
76'
Kjære bryt ballen etter ei stygg pasning Schulze. Flaks for Sogndal at det ikkje blir noko farleg utav det.
74'
No vakna tribuna på fosshaugane. I det vert Haugen spelt fri på sju meter, men vert avblåst for offside.
72'
Gult kort
Fredriksen er for treg og fell høgrevingen til Tromsdalen.
72'
Sogndal med ballen høgt i bana. Har god kontroll fram til Antonjevic sentrar ein dårleg pasning rett ut til kast.
71'
Spillerbytte
70'
Godt skudd fra Birkelund tvingar fram ei god redning av keeper Arnebrott!
68'
Spillerbytte
68'
Stor sjanse for Schulze som skyt innanfor 16-meteren. Ballen går til høgre for mål.
66'
Roseth legg inn for Sogndal. Ballen går over alt og alle.
63'
Spillerbytte
61'
Mål!
5-2
Sveen avanserer og sender Adams fri på 18 meter. Han ladar kanona og smell ballen midt i mål bak Arnebrott!
61'
Frispark til Tromsdalen etter dytt av Jensen. Jensen er sjølv ueinig.
60'
Fin ball over til Haugen skaper ein stor moglegheit. Rundar keeper som er utanfor 16-meteren men Hay er bak og får rydda unna.
58'
Spillerbytte
57'
Mål!
4-2
Enkelt mål for Tromsdalen. Rindberg tar med seg ballen høgre i bana og kjem seg forbi Totland. Set ballen gjennom beina til Antonjevic og set ballen enkelt i mål.
56'
Dårleg pasning av Sveen rotar vekk ein god contringsmoglegheit der Sigurd Haugen spring gjennom og ynsjer ballen.
55'
Sogndal vinn ballen etter innlegg frå høgre side. Akor Adams prøver å spele Sigurd Haugen gjennom på 16-meteren, men Braaten ryddar opp
54'
Adams fell Krisoffersen litt for hardt og lagar frispark på midten. Tromsdalen spelar kort og held på ballen.
53'
Totland spelar ballen opp mot Sigurd Haugen, men Hay bryt.
53'
Kjæve bryt ballen og tek ballen med oppover i bana. Vert felt på midten og før frispark.
52'
Tromsdalen kjem seg fram i bana på høgresida ved Arntzen, men kjem seg ikkje forbi Roeth der han lagar frispark.
51'
Haugen blir spelt fri og skyt til høgre for mål.
48'
Skudd over av Haugen fra ca. 20 meter.
46'
Mål!
4-1
Sogndal vinn tilbake ballen rett etter. Haugen avanserar i bana og spelar fram ballen til Schulze som dunkar ballen i krysset på første berøring. Nydeleg mål!
46'
Tromsdalen vinn ballen rett etter at Sogndal tar avspårk.
Start 2. omgang Start 2. omgang
God omgang av Sogndal som ledar fortjent til pause! Mykje som skjer og det er ein artig kamp så langt. Fire mål og brendt straffedpark seier litt om at dette er to lag som er interesserte i å få til noko. Tromsdalen har og kome seg fram til moglegheiter framfor mål, men det er klart at det er klassefoskjell på laga. Alt ligg til rette for ein underhandane andreomgang!
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45+1'
Enkel ballmiss av Tromsdalen etter eit par gode trekk med ballen i beina.
45'
Birkelund prøvar å lempe ballen over til Akor Adams, men vert heada i motsatt retning av Hay.
43'
Stor sjanse til Kjæve som kjem aleine med Dyngeland. Dyngeland har god kontroll og held ballen.
42'
Hjørnespark
Keeper boksar enkelt ut.
41'
Bom på straffe!
Dårleg straffe til høgre som keeper Arnebrott reddar.
40'
Straffe!
Straffe til Sogndal etter flott framspel til Sigurd Haugen. Kjem seg rundt men blir felt. Klar straffe.
40'
Akor Adams pressar Hay nok til at han smell ballen alt han har til kast på motsatt side.
38'
Arntzen fører ball på venstresida, Sogndal bryt og contrar.
36'
Hjørnespark
Roseth klarerer til corner. Blir lagt lågt inn men Totland tek imot og styrer ballen mot Dyngeland.
35'
Hjørnespark
Nesten sjølvmål etter eit høgt inlegg frå Schulze, men går til corner. Adams header denne rett til side for mål og stryk venstre stolpe.
35'
Arntzen med eit hardt skudd frå høgresida til venstre for mål.
34'
Frsparket takast kort og Tromsdalen trillar ball.
34'
Frispark til Tromsdalen på Sogndal sin halvdel og tilsnakk til Sveen.
31'
Mål!
3-1
Sveen headar tilbake til Adams på sju meter etter eit langt innlegg frå høgre. Set ballen ned i høgre hjørne etter Arnebrott kun får nokre fingrar på ballen.
29'
Hjørnespark
Kort corner som blir klarert.
29'
Hardt Skudd av Adams som keeper reddar til corner.
28'
Schulze får moglegheita på høgresida, men får ballen for langt framfor seg og det endar opp med utspel.
26'
Mål!
2-1
Utnyttar corneren til det fulle! Vert klarert rett ut av Antonjevic til Andreassen som sett den hardt på mål. Dyngeland er på den, men ballen endar opp i mål.
26'
Hjørnespark
25'
Tromsdalen trillar ball upressa på midtbana, men med ein gong dei beveger seg fram i bana vinn Sogndal tilbake ball. Sogndal ligg lavare og luktar alltid etter overgangsmoglegheiter.
23'
God stemning på Fosshaugane etter ein knallstart for Sogndal!
21'
Mål!
2-0
Schulze stjel ein pasning på midten av Tromsdalen sin banehalvdel. Tar den med seg heile vegen til 16-meteren og dunkar upressa avgåre eit skot som går til høgre for Arnebrott.
20'
Hjørnespark
Enkel corner til Sogndal etter slurv i forsvaret. Vert enkelt boksa ut av keeper Arnebrott.
20'
Frispark for Sogndal på eigen banehalvdel etter at Sveen blir felt i overgangssituasjon.
19'
Nesten perfekt gjennomspel frå Sigurd Haugen til Adams, men vert brutt.
19'
Utspel frå Dyngeland fører Sogndal effektivt høgt opp i bana. VErkar ut som dei tør å spele sin fotball!
15'
Mål!
1-0
Sigurd Haugen som tar med seg ballen og spelar Sveen fri i midten aleine på 7/8 meter! Dunkar ballen til på andre berøring og treff venstre stolpe og inn i krysset. Flott spel og contring frå læreboka!
15'
Langt kast frå Tromsdalen som Sogndal contrar på.
14'
Akor Adams prøver seg på venstre sida. Vert stoppa ved Arntzen.
13'
Nytt langskudd fra Tromsdalen venstre i bana. Midt på Dyngeland som har kontroll.
13'
Tromsdalen har vakna og produsert fleire farlege situasjonar på kort tid.
11'
Hjørnespark
Avvergast i første omgang, men kjem eit hardt innlegg av Kristoffersen. Går forbi alt, men har god retning.
11'
Hjørnespark
11'
God redning av Dyngeland etter farleg skudd fra 30 meter av Kristoffersen.
10'
Sogndal verkar giftige og agrresive. Tromsdalen som har ballen for det meste, men kjem ikkje til sjansar.
8'
Frispark som keeper boksar ut, endar med inlegg frå høgre. Skummelt innlegg men går forbi alle.
8'
Sveen med farleg raid på Høgresida. Vert feldt av Hay
7'
Hjørnespark
No har Tromsdalen ro med ballen i beina. ligg djupt i bana.
6'
Tromsdalen framme og Johnsen med skudd fra venstre hjørne av 16-meteren. Dyndgeland har god kontroll.
2'
Hjørnespark
Blir lagt inn på første! Farleg corner men vert dømt offside.
2'
Sigurd Haugen rudt på 5 meteren. Klarert til corner. Stor sjanse!
1'
Tromsdalen for raske over midten og må ta den på nytt. Då var me igang!
1'
Tromsdalen med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Lettskya og 16 grader i Sogndal! Flotte forhold for å spele fotball.
Eirik Bakke seier til Sogn Avis i forkant av dagens kamp at dei har forberedt seg godt! Han ynskjer og at Sogndal skal prestere i heile kampar og ikkje berre i omgangar, som han meiner dei har gjort så langt i år. Vidare er han klar på at dei ikkje skal undervurdera Tromsdalen!
Då var lagoppstillinga klar!
I fjor møttest desse laga i Obosligaen for første gong sidan 2010. Då vart det 1-1 på Fosshaugane Campus og 0-3 til Sogndal på TUIL Arena. Denne sesongen enda Tromsdalen på ein sterk 7. plass med 43 poeng totalt, medan Sogndal rauk i 3. kvalifiseringskamp mot Aalesund.
Sigurd Haugen, som er toppscorar for Sogndal, har vist god form for Sogndal så langt i sesongen. Han har scora 9 mål i ligasamanheng på 11 kampar, noko som gjer han til nr. 2 på toppscorarlista etter Sandefjord sin Pontus Engblom. På Tromsdalen si side er det angriparen Gabriel Andersen som har vist best scoringsform så langt i år med 4 mål på 12 kampar.
For Tromsdalen kan det ikkje gå så mykje dårlegare enn det har gjort så langt denne sesongen. Dei står utan ein einaste siger i seriesamanheng så langt i år! Det vil seie at dei står med berre to uavgjorte kampar og to poeng etter 13 spelte kampar. Begge desse poenga kom på heimebane der dei spelte 3-3 mot Sandefjord i 4. runde og 2-2 mot Nest-Sotra i 11. runde.
Dagens heimelag gjekk på eit 3-0 tap i sist seriekamp den 30. Juni mot borte mot Kongsvinger. Dette tapet gjorde at Sogndal gjekk inn i sommarpausen på 9. plass med ein kamp mindre spelt. Dette er ei plassering som Eirik Bakke og Sogndal har eit klart mål om å forbetre utover haustsesongen.
Hei og velkommen til live-dekkinga av Sogndal-Tromsdalen frå Fosshaugane Campus! Dagens kamp i den 14. serierunden er den første for begge lag etter sommarpausen!