TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Godset går opp på tabelltopp etter ein maktdemonstrasjon i Sogndal. Dei takkar no dei tilreisande osm heldt god liv gjennom heile kampen. Sogndal nermar seg nedrykkstriden med høge sjumilssteg etter nedsablinga i dag. Det skal og nemnast at dette er Godset sin fyrste siger nokon sinne i saftbygda.
Kamp slutt Slutt (0-5)
90+2'
Mål!
0-5
Ei fantastisk pasning frå Jihansen til Kastrati som åleine med Lysne trillar ballen i mål. Men dette var Stefan Johansen si pasning fortener fem stjerner i dette tilfellet.
90+2'
No vil begge lag berre bli ferdige.
90'
Hjørnespark
Endar i kontring for Godset der Kamara er svært nære med å sette sitt fjerde for kvelden.
90'
Kovac med ei elendig klarering til corner for Sogndal.
89'
Storbæk kombinerar fint med Johansen, men innlegget går langt bak mål.
88'
Wikheim med ny ball til Kovac som brenn ein god sjanse frå sju meter. Skyt over. Burde nok klart å presse den ned.
86'
3324 innafor portane. Ca. 100 av dei frå Drammen.
86'
Veldig lite å skrive om frå Fosshaugane Campus no. Godset trillar ball og Sogndal har nokon sporadiske forsøk.
84'
God sjanse for Godset. Wikheim slår hardt inn og Kovac når nesten fram på åpen kasse.
82'
Spillerbytte
79'
Der fekk dei to byte.
78'
Spillerbytte
78'
Men det er Storflor som curlar ballen opp i krysstolpen og over.
77'
Johansen står klar!
77'
Litt mindre flyt i Godset sitt pasningspel no, men kalrer å tilriveseg eit frispark på ca 23 meter.
76'
Det blir Mane, men skotet går 20 cm over tverrliggaren og Kwarasey hadde og god kontroll på den.
75'
Valsvik skal skyte hardt. Eller blir det Mane?
75'
Hands deå Storbæk og Sogndal får frispark ca. 20 meter frå Kwarasey sitt mål.
74'
Ibrahim slår inn på Kovac, men ungararen misser med mottaket og ballen går ut over dølinja.
73'
No verkar det som begge lag berre vil verta ferdig her i kulden i Sogndal. Godset trillar ball og Sogndal ligg lågt og pressar.
70'
Holsæter slår lågt inn og Godset klarerar lett.
70'
Frispark til Sogndal 35 meter frå målet til Kwarasey.
69'
Spillerbytte
68'
Spillerbytte
68'
Blir byte og Lysne gjer seg klar for å komme innpå.
68'
Dahlin har fått seg ein smell i duell med Diomande. Dramatisk når Dahlin svimar av. Fekk seg ein kakk i hovudet av Diomande der ser vi på reprisen.
66'
Sogndal meir det styrande laget i denne omgangen, men det heng nok saman med at Godset har esnka seg eit hakk.
66'
Sogndal bygger fint opp og Bolseth avsluttar deå litt over 20 meter. Rett på Kwarasey som held lett.
64'
Kamara klikkar når han ikkje får eit kast han burde fått. Viser tenningsnivået til godsetspelarane der på stillingen 4-0.
62'
Hjørnespark
Klarert av Godset.
61'
Hjørnespark
Treff Flo inne i feltet, men avlutninga går over.
61'
Sogndal med ein fin overgang, men Ibrahim får klarert innlegget frå Holsæter til corner.
60'
Veldig lite som skjer her no. Intensiteten frå 1.omganger heilt borte. Godset satsar på å ro i land dette utan å bruke fleire krefter, mens Sogndal har lagt seg lågt for å begrense nederlaget.
57'
Teniste bommar på ballen og Hamoud prøver seg på eit skot inne i boksen til Sogndal. Patronen får blokkert.
56'
Flo med eit forferdelig forsøk frå 25 meter. Går ca 25 meter utafor. Han vil ha corner, men Edvartsen såg det samme som oss at dette var eit elendig skot.
52'
GodsetUnionen jublar når speaker les opp resultata frå den lokale 4.divisjon. Sogndal 3 ligg under 4-1 for Skavøypoll.
51'
Storflor med bra innlegg, men Sogndal får klarert.
50'
Patronen sein i duell med Wikheim og Godset får frispark på ca 20 meter ut skrått til høgre for Dahlin.
49'
Godset med ein liten kunstpause her innleiingsvis.
49'
Flo tar ned ballen. Får snudd seg og skyt. Men skotet går rett på Kwarasey.
48'
God sjanse for Sogndal når Sagna spelar gjennom Mane, men senegalesaren sklir når han er åleine med Kwarasey.
47'
Sogndal no med 5 mann bak. Ut med Otoo og inn med Karadas, men han tek plass i midtforsvaret.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Leikestove på Campus. Godset i ein eigen klasse i effektivitet og og samhold. Nesten ingen feilpasningar i godsetlaget. I Sogndal slit dei kraftigmed å finne kvarandre og det verkar som all sjølvtillit er borte. Godset no på topp i Tippeligaen og trønderane skjelv nok i buksa etter å ha sett desse første 45 minuttane.
Slutt 1. omgang Pause (0-4)
45+1'
Lang ball på bakerset stolpe der ein godsetspelar får lagt ballen inn igjen i feltet. Den går forbi alle, men igjen svært nære eit nytt mål på Fosshaugane Campus.
45'
Sagna taklar på ball, men er nok framme med knottane og Edvartsen dømmer frispark til Godset på 35 meter. Sagna lite nøgd, men Edvartsen roar han ned med å peika på lomma si.
43'
Kwarsey bommar på eit innlegg og Otoo får heada på mål. På strek står Storbæk og klarerar.
42'
Spillerbytte
42'
Keia ligg nede. Tøyer på hamstringen. Litt tidlig for krampe så det kan fort være ein strekk her.
41'
Lite rytme i Sogndal sitt angrepsspel. For Godset går det på skinner.
40'
Det verkar farlig kvar gong Godset kjem framover. Spesielt når Sogndal er i ubalanse er drammensarane gode.
38'
Innlegg frå Holsæter og etter kvart dett ballen ned til Bolseth på 16 meter, men han skyt langt utafor.
36'
Godset bygger fint opp med ein Diomande i storslag. Dessverre spring Keita i offside på gjennomspelet.
34'
Hjørnespark
Sagna headar utafor.
34'
Samme Otoo laga tre mål i reservelagskampen mot Tornado Måløy tidlegare i veka. Ikkje for å rakke ned på Jon Georg Rutledal sitt mannskap, men Ronny Deila sine forsvararar har meir å stå i mot med mot ghanesaren.
32'
Otoo skyt over frå spiss vinkel. Publikum frå Sogn er misnøgde.
32'
Keita åleine gjennom med Dahlin, men istaden for å sette ballen enkelt i mål prøver han å vippe ballen over. Svensken les den og fangar ballen. Der kunne det blitt fem i sekken for Sogndal før halvtimen var spelt.
30'
Otoo med skot, men utafor. Godset sine spelarar er meir fininnstilte enn sogningane.
28'
Flaut for heimelaget dette i ein kamp dei skulle sette alt inn for å snu den dårlege trenden.
26'
Mål!
0-4
Leikestove på Campus. Diomande får ballen på 40 meter. Avansere fram til 25 meter før han klinkar ballen ned i hjørnet bak Dahlin, men den burde kanskje svensken tatt sjølv om det er eit godt skot frå Diomande.
24'
Egentlig ei ganske jamn innleiing på kampen , men Godset leiiar altså 3-0. Ei oppvisning i effektiv og kolektiv fotball.
22'
Mål!
0-3
Fantastisk frå Kamara! Hatrick på 14 minutt! Storflor skyt og Kamara er både heldig og god då returen dett ned i beina på han. Frå fem meter har han ein enkel jobb med å sette ballen i mål.
19'
Mål!
0-2
I det påfølgande angrepet kjem Hamoud rundt på kanten og legg ballen gjennom heile feltet der Kamara står heilt åleine på to meter. Der bommar ikkje storscoraren og Godset har fått ein draumestart.
19'
Johansen med ein nydelig hælflikk midt på bana som opnar opp heile Sogndal. Men dessverre for Godset går det for seint i det vidare spelet.
18'
På den påfølgande kotnringa er Otoo fri på 16 meter, men skyt over.
17'
Hjørnespark
God sjanse på corneren. Ballen blir liggande død på 3 meter, men Sogndal får klarert.
16'
Kwarsey står langt ute og Holsæter prøver ein frekkis på det påfølgande frisparket frå 40 meter. Ballen går 50 cm utafor, men det såg ut som godsetkeeperen hadde kontroll.
15'
Gult kort
Viljehands då Holsæter spelar ballen forbi han.
15'
Litt fram og tilbake før Otoo får avslutta frå fin posisjon, men ein godsetspelar får blokkert.
14'
Madsen alt for sein i ei takling på Otoo, og Sogndal får frispark som dei skal slå inn i feltet.
12'
Hjørnespark
Storbæk når nesten fram, men ballen går rett gjennom feltet og ut til kast for Sogndal.
12'
Sogndal prøver å bygge opp angrap på angrep, men Godset er ekstremt aggressive og bryt sogningane gong på gong.
10'
Hjørnespark
Keita headar over.
8'
Mål!
0-1
Innlegg frå Storflor som går via Teniste og inn til Kamara som har lurt seg mellom Patronen og Vilsvik. Headingen er svak, men Dahlin mistar balansen og når ikkje ned i hjørna.
7'
Innlegg frå Diomande som nesten når fram til Kamara. Sogndal får derimot klarert.
5'
Patronen knallhard med Kamara og lagar frispark.
5'
mane prøvar seg på vingen, men innlegget hans går langt bak mål.
4'
Sogndal ligg lågt og Godset prøver å spele seg gjennom, men det vert for trangt og siste pasning går inn til Dahlin.
3'
Ingenting ut av frisparket.
2'
Endar i kontring til Godset som Sogndal tilslutt får klarert, men så lagar Sagna frispark 10 meter inn på sin eigen banhalvdel.
2'
Kast til Sogndal på høgd med 16-meteren.
1'
Klareringa til Ibrahim som slår inn, men der er Dahlin og fangar.
1'
Godset begynnar med ein lang ball, men Sogndal får delvis klarert.
Avspark Start 1. omgang
Godset med avspark.
Laga ut på banen og Unionen syng: 'Det er bare en Flo i Norge'.
Ein god bataljon frå GodsetUnionen har tatt turen til saftbygda og dei er i god stemning no rett før kamp.
Laga er ferdig med oppvarminga og vi gjer oss klar til kamp på Fosshaugane Campus. Det vert vatna godt på kunstgraset. Så får vi ikkje håpe det frys til is, for her er det kaldt!
I følge Arve Uglum er Jostein Flo på plass i bygda der han for 20 år sidan var den store helten. I dag har nok Flo lagt igjen sognehjarta sitt då hans kjære Strømsgodset kjempar om sitt fyrste sereigull på 43 år.
For Godset har Jørgen Horn vorte testa og funnen klar til kamp. Vilsvik har diverre for Godset ikkje vorte klar og han må då ta plass på tribuna for å sjå lagkompisane kjempe om 3 nye viktige poeng i kampen om seriegullet.
Lagoppstillingane er då bekrefta og som vi sa tidlegare så går både Flo og Koomsom ut og Flo og Otoo kjem inn for Sogndal. I tillegg får og ungguten Utvik plass på høgrebacken og han skal difor prøve å temme den rutinerte ringreven Øyvind Storflor.
Vi er tilbake ca. 1 time før kampstart med begge dei bekrefta lagoppstillinga. På gjensyn.
Det er forventa at Jonas Olsson vil vrake Azar Karadas og stille med dette laget i dag: Erik Dahlin - Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste - Malick Mane, Sidy Sagna, Rune Bolseth, Ruben Holsæter - Ulrik Flo, Mahatma Otoo.
Bismarck Adjei Boateng fekk sitt femte gule mot Brann og må stå over. Jørgen Horn og Lars-Christopher Vilsvik er usikre grunna skader og skal testast før kamp.
Av dei sju siste kampane på Fosshaugane mellom laga har faktisk heile fem enda uavgjort. Sogndal har to sigrar og Godset må difor bryte ei barriere i kveld om håpet om seriegull skal leve vidare. Fjorårets oppgjer enda 1-1.
Sogndal såg trygge ut, men 3 tap på rad har ført sogningane rett ned i sumpa igjen og spelemessig har det vore relativt labert dei siste kampane. Difor vil 3 poeng i kveld kunne dempe nervøsiteten til sogningane.
For Godset er det berre 3 poeng som gjeld i dagens kamp når ein no satsar på gjennta bedriften frå 1970 og dermed ta sitt andre seriemesterskap. Med 2 poeng opp til Rosenborg etter 1-1 i Bergen sist, er ikkje noko anna enn 3 poeng godt nok i kveld for drammensarane.
I dag er det Strømsgodset som gjestar Fosshaugane Campus og det til ein særs vikitg kamp for begge laga.
Då vil vi få ynskje alle velkomne til den fyrste kampen i den 25.serierunden i årets Tippeliga.