TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Olsson ser seg nok nøgd med 1 poeng, men fram til det var eit kvarter igjen så var det Sogndal som nok fortjente sigeren.
Slutt! Ronny Deila er nok ikkje nøgd med dette! Spesielt siste kvarteret har Godset nokon eventyrlege sjansar.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Sogndal er veldig veldig trøtte no!
90+2'
Aase får sin debut!
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Kamara igjen! Like over!
90+1'
3 minutt tillegg
89'
Spillerbytte
89'
Spillerbytte
88'
Godset trykkjer. Sogndal berre slår unna.
87'
Gult kort
Karadas på ball. Det skal vel vera gult kort meiner Staberg!
87'
Gigantsjanse for Ola Kamara! Keita leikar seg og legg ut til Kamara på 10 meter. Han sleivar ballen utanfor. Svakt!
86'
3745 tilskodarar
86'
3-4 overgangsmoglegheiter for begge lag dei siste 2 minutta!
85'
No bølgjar det enormt!
85'
Kjempesjanse for Sogndal. Mane frå 5 meter! Går i ein godsetspelar og over.
83'
Karadas glir og rotar det til men Godset klarar ikkje å utnytte feilen!
82'
No er det liv i kampen her. Store rom i begge endar. Vil seie Godset er klart farlegast!
82'
Keita skyt. 10 centimeter utanfor!
82'
Flo og Santos kombinerar fint, men siste pasningen vert for dårlig.
81'
Diomande met eit håplaust skot 30 meter utanfor!
80'
Begge lag vil vinne! Godset spesielt! Kastar mange mann i angrep!
79'
Udjus kontrolerar ballen ut til 5-meter.
78'
Johansen slår inn i feltet....
78'
Får frispark på venstresida!
78'
Godset trykkjer no!
78'
Ny stor moglegheit til Sogndal! Per Egil Flo frå 10 meter. Blir verken innlegg eller skot!
75'
Mål!
1-1
Mål fylgjer mål! ballen blir dunka inn i feltet. Flo vinn duellen mot Cramer og Santos har bare å setta ballen i det åpne buret! Utrulig viktig for Sogndal.
73'
Mål!
0-1
Keita drar seg innover og klinkar ballen ned i motsatt hjørne. Glimrande scoring av Keita! Rett og slett klasse!
72'
Uavgjort er like dårlig for begge. Her er det 3 poeng som gjeld!
71'
Powerplay for Godset, men ingeting ut av det!Har faktisk ikkje skapt ein god sjanse i dag nr.2 i Tippeligaen.
68'
Soleklar corner til Sogndal! Staberg dømmer 5-meter!
68'
Verkar som Godset spelar 3-3-4 no!
67'
Ut med ein midtstoppar og inn med ein spiss! Dette vil Deila vinne!
67'
Spillerbytte
66'
Kampen vippar no! Trur vi kjem til å få eit mål snart!
65'
Godset nermar seg! Keita spring frå heile Sogndal med ball og avsluttar, men blir blokka! I andre fase kjem eit innlegg som Sogndal klarerar.
64'
Godset klarerar, men i andre fase skyt Badji! Denne gong berre ein meter utanfor!
63'
Nytt frispark til Sogndal frå høgresida. Hopen skal slå inn!
63'
Skot frå Badji! 10 meter over mål!
62'
Spillerbytte
60'
Men for å ta litt meir om kampen så er absolutt Godset meir med no enn i første omgang. Dei stoppar lett Sogndal sine angrep og byrjar å nerme seg målsjansar også.
59'
For dei som saknar oppdateringar kan eg opplyse om at ingeting skjer!
59'
Ralativt kjedelig no!
55'
Mykje dårleg frå begge lag no. Feilpasningane florerar. Alt for høgt tempo i forhold til nivå!
54'
Nesten på hovudet til Karadas!
54'
No er det Brockmann som skal skru innover.
54'
Nytt frispark til Sogndal. Denne gong frå motsatt kant.
53'
Rett på hovudet til Sætra som klarerar sikkert.
53'
Per Egil Flo står klar!
53'
Frispark til Sogndal frå seg ca. 30 meter.
51'
Godset trykkjer Sogndal mykje meir no. Heilt klart at Deila har gjeve beskjed i pausen.
49'
Vanskeleg å seie kva som skjedde med Udjus, men no er han på beina igjen.
49'
Udjus ligg nede!
48'
Stuss men Udjus fangar ballen lett.
48'
Nytt innkast frå same plass.
47'
Sogndal klarerar!
47'
Godset med kast ved Sogndal sitt hjørneflagg.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Og der kjem drammensarane og på bana. Då er me klar til 2.omgang!
Sogndal tilbake på bana. Deila held sine utvalgte ekstra lenge.
Mykje unge talent på begge benkar. Det ser uansett ikkje ut til at det vert gjort nokon byter i pausen.
Største sjansen i kampen var då Santos var åleine med Cramer etter 1 minutt og Sætra dyttar brasilianeren over ende. Staberg gav gult kort og frispark noko som er i mot alle reglar i slike situasjonar. Dei skal gje raudt kort! Om det er i det 60.minutt eller i det 1. minutt har ingenting å seie. For både botnstrid og toppkamp så er slike situasjonar livsviktige no når vi går inn i siste del av sesongen.
Godset er utrulig tamme framfor mål. Dei styrer ein god del av banespelet, men klarer ikkje å produserer nokon sjansar. Her må det ein alvorsprat til frå Deila!
Pause og 0-0, men relativt underhaldande. Dessverre er det dårlige avgjerdler frå Staberg som har vore det største samtaleemne så langt.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Eit minutt tillegg. Ganske rart når Staberg brukte 2 minutt på situasjonen tidleg i kampen.
45'
På innkastet får Santos avslutta, men utafor.
45'
Grei kontring av Sogndal, men det går for seint. For derimot eit innkast langt oppe i banen.
43'
Utrulig dårlig kamp så langt av rutinerte Staberg. Dømmer rett og slett mykje feil! Men heldigvis like like mykje til begge laga!
42'
Gult kort
Latterlig igjen av Staberg. Badji på ball, men Staberg dømmer frispark og gult kort.
41'
Kjempesjanse! Flo legg inn til Flo. Cramer kjem ut og Ulrik Flo vinn duellen. Stussar ballen over Cramer, men like til side for mål.
38'
Karadas ruvar i lufta. Eit hovude over alle andre!
37'
Rett i armane til Udjus frå Keita.
36'
Frispark Godset!
36'
God sjanse for Godset. Stroflor rundar Karadas og legg ut, men ingen drammensarar dukkar opp på 5-meteren.
35'
Unge Skaasheim har god kontroll på Keita!
34'
Santos skyt midt på mål og ein meter over. Cramer hadde full kontroll.
34'
Fleire vil skyte!
33'
Frispark til Sogndal frå ca. 22 meter.
33'
Godt slått men Sogndal klarerar.
32'
Hjørnespark
31'
Spillerbytte
31'
Flo på beina igjen.
31'
Rar situasjon! Flo spring rett på Johansen og fell i bakken. Såg i allefall ikkje ut som Johansen gjorde noko gale.
30'
Godset no med 10 mann. Ibrahim ute for å byte sko og drakt!
28'
Brockmann går ned i 16-metaren, men Staberg vinkar spelt vidare.
27'
Azar Karadas verkar å ha god kontroll så langt på Diomande.
27'
Lite som fungerar for Godset i dag. Styrer ein god del av banespelet, men når det nermar seg mål så blir det mykje feilpasningar.
26'
God sjanse for Sogndal! Mane rundar Vilsvik og slår inn. Ballen gjennom heile feltet, mens tre sogningar står og ser på. Svakt av spissane til Sogndal! Godt gjort av Mane!
24'
Konradsen avsluttar over og utafor frå 20 meter.
23'
Publikum veldig lite nøgd med dommar Staberg. Kanskje med etter den feige avgjerdsla etter 1 minutt.
23'
Godt slått men Cramer boksar ballen ut. I påfølgande angrep ver Brockmann avblåst for offside. Tvilsom!
22'
Frispark til Sogndal på høgrekanten. Per Egil Flo skal skru ballen innover.
21'
Godset klarerar!
20'
Hjørnespark
Dagens første corner etter 20 minutt!!
19'
Godsetfansen syng: 'Det er bare en Flo i Norge'!
19'
Godset trillar ball og Sogndal satsar på kontringar.
18'
Mane med ein stikkar til Flo, men Vilsvik klarar akkurat å bryte. Der ville Flo vore åleine med keeper!
17'
No er det Godset som styrer kampen. Sogndal slit med å holde ballen i laget og Godset kombinerar fint.
16'
Første moglegheit til Godset. Keita driblar seg innover og skyt frå 16 meter ein meter utanfor. Udjus hadde kontroll på den!
15'
Patronen bryt og set i gang ei kontring. Sogndalspelarane joggar etter og det blir derfor lite ut av det. Svakt av Sogndal.
14'
Keita tråklar seg igjennom men avslutninga går rett i Diomande.
13'
Ganske lite som skjer no, men det er fart i kampen. Dessverre stoppar det meste av spelet forran dei to 16-metrane.
11'
Største prestasjon så langt er godsetsupporterane som har sunge konstant i 10 minutt.
10'
Gjennomspel mot Flo men Cramer snappar den rett forran nasa til stryningen.
9'
Etter at Sogndal styrte alt dei første 5 minutta er det no ganske jamnt.
7'
Endeleg får godset etablert litt spel, men fangar gjennomspelet frå Johansen.
6'
Ny kjempesjanse for Sogndal. Ballen glir lett gjennom eit svakt godsetforsvar og Santos får avslutta frå 8 meter. Over!
5'
Sogndal har byrja klart best!
4'
Svakt av Staberg på avgjørelsen før. Santos aleine igjennom og blir tatt. Ifølge regelverket raudt kort, men altså ikkje her i dag.
3'
Etter klabb og babb skyt Mane over frå 10 meter!
3'
Farleg sogndalfrispark!
2'
Gult kort
Gjev gult kort. Feigt! Om det er frispark er det soleklart raudt kort!
2'
han snakkar med assistenten!
1'
Santos vert felt som siste mann av Sætra! Kva gjer dommaren??
1'
Godest med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Glissent på tribunane i dag. Er det været eller fruktinnhaustinga som gjer det?
Laga på veg inn på Fosshaugane Campus.
Nærare 1500 gratisbillettar er gjevne ut til dei nye studentane i bygda. Det kan difor være håp om over 4000 tilskodarar på dagens kamp.
Mørke skyer over Fosshaugane og då snakkar eg ikkje om nedrykkspøkelse, men været. Akkurat no er det sol, men det kan når som helst komme ei regnbyge. Det bles og ein del så det kan også være med å påverke dagens kamp.
Dagens dommar er Per Ivar Staberg. Me kjem tilbake ca. kl. 1700 med lagoppstillingane.
Sogndal manglar backen Tajiste som sonar for gule kort, men viktige Tony Brochmann er tilbake. Azar Karadas vil nok erstatte Gustav Valsvik i midtforsvaret. Ungguten nektar å skrive ny kontrakt og Sogndal har varsla ei tøffare linje ovanfor spelarar som er inne i siste år av kontrakten.
Drammensarane sitt juniorlag spelar og kvartfinale i U-19 NM. Heimesida opplyser om at Kwakwa og Wikheim vil spele der og ikkje vere med troppen til Sogn. Me ynskjer Godset lykke til med kvartfinalen i U-19 NM.
Godset har henta inn Jarl Andre Storbæk. dette kan visa seg å verta ei viktig signering for Godset som har Aas ute i fleire veker. Også Lars Iver Strand er ute med skade samt at Kovac og Madsen sonar for gule kort. Kovac sin hovudstyrke og gode form vert nok sakna i dagens møte med botnlaget frå sogn.
Eit tiltak som er gjort for å forhindre dette er å få eidaren Azar Karadas inn på lån. Fotballnomaden sin rutine kan verta avgjerande i dei siste ti kampane denne sesongen. Vekk frå Sogndal har Espen Ness Lund gått. Han vart klar for Strømmen i går. Han går på lån ut sesongen.
Formen til laget frå saftbygda er heller ikkje til å skryta av. 0-1-4 på dei site 5 lukar det nedrykk av. På dei 14 siste kampane har det og bare vorte ein siger. Heime mot Stabæk. Det må ei stor forandring til om det skal verta tippeligafotball på Campus til neste år.
Etter Fredrikstad sin siger mot Lillestrøm i går er det berre eit poeng ned til nedtrykk for sogningane.
Godset utan siger på sine fire siste kampar. 1-2-2 er statistikken på dei siste fem. Dette må forbetrast om det skal bli gulljubel i Drammen i november.
Godset med 40 poeng vil med siger i dag innta tabelltopp fram til Molde har spelt mot Brann i kveld. Molde har eit poeng tilgode på drammensarane.
Velkomen til den 21.runden i Tippeligaen og kampen mellom botnlaget Sogndal og gulljagande Strømsgodset.