Referat
Kun høydepunkter
Då var det over i Sogndal. Ein ikkje alt for sjåverdig kamp endar 1-1 etter to mål i første omgang. Godset var det spelande laget, mens Sogndal i dag var mest ute etter å forsvare seg. Godset mangla dessverre litt trykk i siste del av spelet og den siste pasningen var og ofte litt upressis. Sogndal var veldig forsiktige i forhold til det vi har sett tidlegare på Fosshaugane. Mogleg at dei mange skadane og dei stygge tapa på bortebane har sett ein støkk i laget. Vi takkar i allefall for fylgje her frå Fosshaugane og ynskjer alle våre lesarar ein fin kveld vidare.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Godset med eit siste angrep.
90+2'
Bye med eit godt skot som Janukiewicz må slå til corner.
87'
Ser ikkje ut som vi skal få ein vinnar her i Sogndal. Begge lag for unøyaktige i siste del av spelet.
85'
Junior skyt eit par meter over frå 20 meter.
83'
Spelar seg fintgjennom der Godset og Junior avsluttar frå 13 meter rett på Dyngeland.
83'
No er det Godset som spelar power-play igjen. Skal drammensarane få med seg tre poeng?
80'
Der er Sogndal nære. Skaasheim stormar fram på kant. Legg ut til Kjemhus som avsluttar via Høibråten rett på Janukiewicz.
78'
Tagbajumi oppe med handa i ansiktet på Birkelund. Lev farlig her no godsetspissen.
77'
Sogndal faktisk med eit lite trykk her i nokre få minutt. Klarar derimot ikkje få til noko anna avslutning enn eit middels innlegg frå Grodås som går rett på Janukiewicz.
75'
Høilnad åleine gjennom, men blir dømt på ein dytt på Grodås der. Den er tvilsom.
74'
Innlegg frå Hauger som går over alle og ut til femmeter. Har ei stygg sol i augene no Dyngeland så får vi sjå om Godset klarar å utnytte dette.
72'
Godset trillar og trillar. Sogndal har hatt nokon overgangssjansar, men er for upresise. Litt daudt her no.
67'
Blir belønna med å bli bytt ut.
67'
Pedersen skyt utafor. Dårlig forsøk der frå spissen.
66'
Godset får frispark på kanten av sekstenmeteren etter at Utvik er vel tøff i ryggen på Pedersen.
66'
Utrulig lite kreativt frå Sogndal no. Måkar ballen opp utanom nokon slags form for mål eller meining.
64'
Godset som heilt klart styer kampen no.
62'
Først i tverra frå Jradi og så på returen avsluttar Tokstad rett på Dyngeland. Der er Godset nære på å ta leiinga. Dagens andre i tverrra frå Jradi forresten.
61'
Ramsland riv ned Nguen på 17 meter. God sjanse dette for Godset.
58'
Ganske lik start no som i første omgang. Godset med ballen mest og styrer kampen. Sogndal kanskje litt hissigare i presset og det gjer at kampen blir meir open. Trur vi får fleire mål her i kveld.
55'
Pedersen og Tagbajumi kombinerar fint, men sistnemnte er i offside. Såg grei ut den.
55'
Nguen riv seg fri og stormar framover. Rundar Utvik og skyt, men er såpass ute av balanse at skotet går langt over.
53'
Kjempesjanse for Godset. Innlegg som Nguen dempar ned til Jradi som frå kanten av femmeteren sleivar ballen utafor heilt upressa. Den må dagens målscorar utnytte betre.
51'
Godset med fine kombinasjonar, men innlegget frå Jradi kjem for tidlig då drammensarane ikkje har fått flytta nok folk inn i boksen.
48'
Sogndal får ingenting ut av frisparket.
48'
Pedersen dyttar Ramsland i bakken i ein duell. Kva er det du driv med der Pedersen? Frispark til Sogndal 40 meter frå Godset sitt mål.
46'
Høibråten meiar ned Ramsland på kanten. Frispark til Sogndal.
46'
Ingen byter på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga på veg ut på bana. Straks klart for andre omgang frå Fosshaugane Cmapus.
Ein middels omgang er over på Fosshaugane. Godset var gode det fyrste kvarteret og styrte det meste. Gjekk så fortent opp i 1-0 på eit glimrande skot frå Jradi. Så la Godset seg meir bakpå og Sogndal kom meir inn i kampen utan å imponera før ei mønsterkontring og ei glimrande avslutning av Ramsland gav 1-1. Etter dette åpna kampen seg ein del før den daua hen litt dei siste fem minutta. Vi får håpe både Skullerud og Bakke får gutta opp på tå frå start av i den andre omgangen då det har vore lite som har skjedd framfor mål så langt.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Glimrande angrep av Godset. Vilsvik med ein fantastisk 50-meterspasning til Parr som har lurt seg inn bak Sogndal sin høgreback. Han legg elegant tilbake på volley til Tagbajumi. Avslutninga hans er derimot ikkje i stil og går eit par meter utafor.
43'
Sogndal byggjer godt opp og ballen går over i Grodås på venstre. Innlegget er forferdeleg. 10 meter rett opp i lufta og inn i armane på Janukiewicz.
41'
Nwakali igjen. Denne gong frå 25 meter. Eit par meter over denne gongen frå nigerianaren.
40'
Nwakali dreg seg fri inni boksen og skyt via ein godsetspelar. Janukiewicz er god som får ei hånd på den. Plukkar og opp returen der polakken.
37'
Jradi skyt i muren. Får ballen tilbake og dreg av tre sogndøler før skotet hans på nytt blir blokkert.
36'
Frispark på 17 meter.
34'
Så skjer det endeleg noko her. Godset spelar seg fint gjennom og frå skrått hald skyt Tagbajumi rett på Dyngeland. Faktisk det fyrste skotet på mål i dag som ikkje har gått inn.
30'
Ikkje akkurat imponerande det nokon av laga driv med utpå her no. Godset ligg bakpå og har få problem med å stoppe Sogndal sine spede forsøk. Framover er det derimot lite å skryte av for drammensarane. Veldig halvhjarta i overgangane.
27'
Sogndal med trykket no, men Godset er solide i eigen boks.
25'
Slit veldig med å få til noko organisert angrepsspel Sogndal. Få pasningar og løp som stemmer for sogningane.
25'
Endar i åpent spel, men Sogndal beheld ballen.
24'
Utvik skal kaste langt for Sogndal.
21'
Så kjem Sogndal sin første sjanse. Byggjer fint opp på høgresida og Skaasheim slår inn, men ingen av sogningane framfor mål klarar å få tåa på ballen.
18'
Hauger legg Koomson i bakken, mens ghanesaren stormar framover. Proffesional foul, men ingen kort frå Hagenes.
18'
Heilt fortent dette då det er Godset som har styrt det meste i innleiinga. No kan ikkje Sogndal ligge bakpå lenger så det vert spennande å sjå korleis denne kampen utviklar seg.
14'
Veldig lite som skjer her no. Det er Godset som har ballen for det meste, men dei slit med å trenge gjennom eit kompakt sogndallag.
9'
Utvik har tatt over rolla til Teniste og kastar langt. I boksen er derimot Godset overlegne i duellspelet.
8'
Godset med initiativet her i starten. Sogndal med ein del lange ballar opp mot Ramsland, men sørlendingen vert svært åleine der oppe.
5'
Jradi slår inn og Psyche klarerar til corner.
4'
Frispark til Godset ca. 22-23 meter frå målet til Dyngeland.
3'
Godset held ballen i laget i innleiinga. Sogndal ligg lågt.
2'
Som vi forventa så går Sogndal ut i ein 4-5-1 formasjon.
1'
Janukiewicz med sola i ansiktet i denne omgangen.
1'
Godset med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg ut på bana. 5-6 grader og no titta faktisk sola også fram her. Straks klart for kamp her frå Fosshaugane Campus.
Godset sin toppscorar er Marco Tagbajumi med tre mål. Sogndal sin toppscorar er Bendik Bye med to nettkjenningar, men han er som tidlegare nemnt plassert på benken i dag.
I fjor vann Godset den tilsvarande kampen 1-0 etter ei sein scoring av Eirik Ulland Andersen. Det var forøvrig Tor Ole Skullerud sine fyrste kamp som sjef for drammensarane. Ellers har Godset eit godt grep på Sogndal. På dei 26 oppgjera mellom laga har Godset vunne 12, mens Sogndal berre har 3 sigrar. Derimot er dette grunna Godset sin overlegenheit på Gamle Gress. I Sogndal har heimelaget 2 sigrar og Godset 3. Heile 8 oppgjer har enda uavgjort.
For Sogndal er det interessant å sjå at toppscorar Bye igjen er benka og at Sogndal berre stiller med Ramsland som rein spiss. I lagoppstillinga som vi har fått oppgitt står det at Nwakali skal spele på topp i lag med sørlendingen, men vi får sjå om ikkje Bakke berre har lurt oss her og at Sogndal går ut i ein 4-5-1 formasjon.
Då har vi laga klare og vi ser at Junior går ut for Godset, mens Tokstad kjem inn. Dette er einaste byte Skullerud gjer frå kampen mot Aalesund.
Kveldens kamp vert dømd av Kristoffer Hagenes frå Hovding. Med seg på linjene har han Jim Andre Dyb og Ivar Michael Bergum Jahr. Kamp start kl.1800. Vi er tilbake ein liten time før kampstart med lagoppstillinga og meir info om laga. Vel møtt!
Sogndal har både Kasper Nissen og Ole Amund Sveen på langtidskadelista. Sannsynlegvis spelar ingen av desse i år for Sogndal etter sine alvorlege skadar. Backen Kristinn Jonsson skal snart være klar for spel igjen etter ein lårskade mens Sogndal sin kanskje beste spelar Taijo Teniste fekk særs røff behandling i Tromsø sist og er ute på ubestemt tid. Med andre ord er det to lag som har ein god del sentrale spelarar ute, så får vi sjå kven som meistrar dette best.
Francisco Junior fekk ein smell i hovudet i sist kamp mot Aalesund men skal være klar til denne kmapen for Godset. Tre stykk som ikkje er klar er Ulland Andersen, Bugge Pettersen og Hamoud, men ifylgje Godset si heimesida er trioen i trening og ikkje langt unna kampform.
Strømsgodset er nr. 8 på tabellen med 4 poeng, mens Sogndal er nr. 10 med 3 poeng. I sist runde gjekk Sogndal på eit stygt 3-0 tap i Tromsø, mens Godset ikkje overbeviste mange med 1-1 heime mot Aalesund. Det er difor to lag som må prøve å slå tilbake i dagens kamp for å unngå å få ein dårlig start på årets Eliteserie.
Hei og velkomne til den 4.runden i Eliteserien 2017. Dagens kamp på Fosshaugane Campus er mellom Sogndal og Strømsgodset.