TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Avslutningsstatistikken viser 13-11 til Sogndal og 3-2 i avslutningar på mål.
Godset vinn sin fyrste kamp sidan juli og bortefansen jublar som besatt. Dette fortente godsetsupporterane som har tatt turen over fjellet denne kalde kvelden i oktober. Det vart aldri ein særleg spanande kamp. Mykje bra spel heilt til laga nerma seg 16-meteren. Då enda det som regel i dårleige skuddforsøk. Sogndal spelar sin tredje kamp utan nettkjenning.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Frispark til Bugge. Tek seg tid no.
90+2'
Spillerbytte
90+1'
To munutt tillegg. Då klarar nok Godset å ta sin fyrste siger sidan juli. Skullerud-effekten slår til i fyrste kamp.
89'
Mål!
0-1
Slår corneren rett i mål! Ballen går over første stolpe og duppar ned rett i mål. Dyngeland klarar ikkje å reagera, men burde kanskje tatt den.
89'
Hjørnespark
88'
Godset held ballen i laget. Sogndal ligg lågt.
88'
Godset på ein visitt, men dei klarar ikkje å komme til avslutning.
86'
2375 tilstades i dag. Ny bunnrekord.
86'
Spillerbytte
85'
Hjørnespark
Bugge slår ut.
84'
Hjørnespark
Stussast bakover til ny corner.
82'
Hjørnespark
Bugge plukkar.
82'
Holsæter med ei katastrofal klarering. Headar ballen inn i eigen boks, men Psyche får klarert.
80'
Sogndal med to i treverket i senne kampen.
79'
Kanonredning av Bugge! Eller var det i stolpen? Ja no ser vi det på reprisen her. Koomson skrur ballen over muren og i stolpen.
78'
Fleire som vil skyte her. Blir Koomson eller Raitala trur eg.
77'
Hjørnespark
Sogndal får eit frispark på 16-meterstreken!
77'
Spillerbytte
77'
Endar i åpent spel der Sogndal tilslutt spelar seg tilbake til eigen 16-meter.
76'
Frispark til Sogndal midt på Godset sin halvdel. Skal slås inn i feltet.
75'
Så er det Vaagan Moen som avsluttar på motsatt side. Går ein liten halvmeter over. Nermar vi oss noko no?
74'
Furebotn krigar med seg ballen på sida og slår hardt inn. Ramsland får avslutta, men den går over.
74'
Birkelund skyt. Svakt over.
73'
Lang ball opp mot Høiland som vinn duellen mot Psyche. Får tatt ned ballen og skutt, men det blir for laust og i tillegg ein meter over.
70'
Etter ein god start for Godset har no Sogndal komme meir inn i kampen. Akkurat no er kampen heilt open, men det kan vel fort og ende 0-0....
68'
Spillerbytte
65'
Sveen blir spelt fri inne i boksen, men avslutninga går like over.
64'
Glesnes gir bort ballen og Sogndal kan komme på overgang. Ramsland prøver seg mot Madsen, men sistnemnte får blokkert skotforsøket.
62'
Hjørnespark
Ulland Andersen er heilt ute når det gjeld dødballar no. Dunkar den over alle og ut til kast på motsatt side.
61'
Hjørnespark
Endar i ny corner frå motsatt side.
61'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
60'
Smart trekk der Koomson trillar til Raitala. Han dreg seg innover i bana og avsluttar i tverra frå 20 meter. Endeleg noko som skjer på Fosshaugane.
59'
Frispark til Sogndal som Raitala skal skru innover.
57'
Hjørnespark
Furebotn får ballen på 20 meter og dunkar den ein meter over.
57'
Langt over mål. Ikkje bra av Ulland Andersen der.
56'
Frispark til Godset 30 meter frå Sogndal sitt mål. Ulland Andersen skal svinge innover.
56'
Innlegg frå Raitala og Sveen går rett i bakken med Parr i ryggen. Såg ikkje ut som eit straffespark frå vår vinkel.
54'
Flott nedtak av Ulland Andersen, men skotet frå 16 meter går eit godt stykke over.
54'
Går seg litt fast Godset også no. Ikkje særleg velspelt kamp dette for augneblinken.
53'
Sogndal er faktisk på veg mot sine tredje strake 0-0-kamp. Og når sant skal seiast så luktar det ikkje mål av sogningane heller. Godset det førande laget her no.
51'
Innoverskrudd frispark frå Pedersen, men Døvle har sett noko i boksen og Godset får frispark.
50'
Godset med initiativet i starten av denne omgangen.
49'
Ny fin moglegheit for Godset når Ovenstad blir spelt gjennom, men avslutninga er svak og går utafor.
48'
Hjørnespark
God innoversvingar, men Pedersen får ei lang tå på ballen.
47'
Godset med eit lite trykk i innleiinga, men Hamoud sitt innlegg går bak mål.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga tilbake på bana og vi er straks klar for 2.omgang her frå Fosshaugane.
Ein ikkje alt for spanande omgang er over. Det er ikkje to dårlige lag som møtest for begge lag har hatt nokre gode kombinasjonar framover i bana dog utan at ein har klart å skape nokon særlege farligheiter framfor nokon av måla. Vi tel sopass mange som 7-6 i avslutningar, men ingen av dei har fått pulsen til å stiga noko særleg blant oss her på tribuna. Vi håpar det vert betre i 2.omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
Hjørnespark
Patronen stangar ut.
44'
Glesnes med ein forferdeleg pasningen der han omtrent bommar på ballen, men Sogndal klarar ikkje å straffe Godset på overgangen.
39'
Hjørnespark
Litt fram og tilbake før Koomson avsluttar over.
37'
Høiland og Tokstad med fine kombinasjonar, men skotet til sistnemnte går nokre meter utafor.
35'
Hjørnespark
Slår ballen inn på fem meter der det er fullt kaos rundt Bugge, men den rutinerte keeperen får til slutt fanga ballen.
35'
Sogndal klarer å legge litt trykk på Godset. Endar i avslutning frå Bolseth frå litt over 20 meter. Er bra trykk i skotet, men det går eit par meter utafor.
33'
Bugge tar ei Cruyff for å vende bort Sveen, men lykkast ikkje heilt. Heldigvis for keeperen er ikkje resten av Sogndal så hissige som Sveen og han klarar å trille ballen bort til ein upressa Glesnes.
30'
Godset med mange fine kombiasjonar og stor innsats i dag. Heilt klart mange som vil vise seg fram for Skullerud.
29'
Furebotn og Raitala missforstår kvarandre og Godset kan bryte. Det går fort framover og ballen går til Vaagan Moen som frå 18 meter klinkar ballen ein liten meter utafor.
28'
Men songingane får ingenting ut av kontringa då Godset jobbar godt tilbake.
27'
Hjørnespark
Sogndal kontrar.
27'
Så er det Glesnes som rotar og Sveen stjel ballen. Kjem igjen, men litt skrått og avslutninga blir for lett for Bugge igjen.
26'
Godset igjen med fine kombinasjonar på venstresida. Kjem til innlegg og Sogndal får igjen klarert i siste liten.
25'
Ikkje så alt for mykje som skjer i kampen, men det skal seiast at det er bra trøkk frå både Sogndal sine Saftkokarar og dei som står bak banneret 'Strømsøfantatikere'.
24'
Når sant skal seiast så er det vanskelig å sjå noko i den situasjonen og ballen er på veg over kortlinja så mogleg Døvle gjer rett i å gjera ingenting.
22'
Omdiskutert situasjon på Fosshaugane når Godset skrik på straffespark. Lang ball opp mot Tokstad og Dyngeland feilbereknar. Tokstad får ballen forbi, men Dyngeland prøver å unngå kontakt, mens vingen går i bakken. Gult kort for filming eller straffe meinar eg. Dommar Døvle gir ingen av delane.
21'
Jamnt dei fyrste 20 minuttane på Fosshaugane. Sogndal med den største sjansen, men Godset med dei to beste nestensjansane.
19'
Ovenstad får avslutta, men rett i blokka og den bokka heiter Cristophe Psyche.
18'
Frispark til Godset i god posisjon for innlegg.
17'
Sveen får tilsnakk frå Døvle etter at han er for sein i ei takling.
15'
Eit samanhengande trykk frå Sogndal der Sveen har den største sjansen då han skyt rett på Bugge frå ti meter. Kampens største sjanse.
13'
Innkast til Sogndal og då er det alltid farlig. Ballen endar tilslutt hjå Ramsland som frå sju meter dunkar ballen minst sju meter over.
12'
Glimrande kombinasjonar av Godset på deira venstre side. Endar til slutt i armane på Dyngeland, men der hang ikkje Sogndal med på notane.
11'
Koomson stormar framover og får tilslutt slått eit knallhardt innlegg som Bugge må bokse bort. Fint initiativ der frå Tippeligaen sin assistkonge.
10'
Abu med eit forferdeleg frispark på eigen banehalvdel som gjer at Sogndal kan bryte, men sogningane får ikkje noko ut av situasjonen.
8'
Sveen kjem seg gjennom og prøver å leggje inn, men det lignar meir på eit tilbakespel til Bugge. Får ikkje notert avslutning der Sogndal sin toppscorar.
7'
Sjølv om det er kaldt og glissent på tribunane så lagar både Sogndal og Godset sine supporterar godt liv.
6'
Godset trillar fint ball og Vaagan Moen kjem til eit innlegg som kanskje liknar meir på eit skot. går over målet til Dyngeland.
5'
Ovenstad frustrert over å ikkje få corner i duell med Birkelund. Såg ut som han hadde ein god sak der.
4'
Etter dagens kampar så er Godset garantert å ikkje rykke ned. Sogndal treng eitt poeng for å være 100% sikre.
2'
Så er det Sogndal som får frispark etter at Høiland er for tøff i duellen med Patronen. Høgt tempo og mange duellar i starten.
1'
Sogndal med lang ball opp mot Ramsland, men Glesnes stangar vekk og Godset vinn og eit frispark.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal med avspark.
Straks klart for kamp på Fosshaugane. Det er kaldt i Sogndal i dag og eg trur ikkje flomlyset vil varme så mykje heller. Ganske så glissent på tribunane også, mens laga no er på veg inn på bana.
Det motsette møte i årets sesong enda 2-1 til Godset etter at bortelaget tok leiinga ved midtstoppar Utvik. Så fekk Sarr det raude og Godset klarte å komme tilbake å snu kampen etter to scoringar av Marcus Pedersen. Ingen av dei nemnte spelararne er tilgjengelig i dag så her må nok andre spela hovudrollene.
Sist gong laga møttes på Fosshaugane vann Godset 3-1. Det var for to år sidan og for Godset scora, Wikheim, Kovac og Høibråten. Berre sistnemne er i dag i Godset og han begynnar på benken. For Sogndal scora Ørjan Hopen som i dag sette inn 2-0 målet i Levanger si 6-0-overhøvling av Raufoss.
Sogndal har spela uavgjort i 12 av dei 27 kampane sine sålangt i år. Dette er soleklart flest i Tippeligaen. Når vi i tillegg kan legga til at 8 av dei 12 siste kampane mellom desse laga på Fosshaugane har enda uavgjort så er Norsk Tipping sin U til 3.20 eit heitt spel vil eg tru.
Då er laga klare og vi ser at det er Vaagan Moen som erstattar Boateng og Hamoud som erstattar Vilsvik. Ellers gjer Skullerud ingen endringar frå sist kamp mot Viking. Sogndal stiller uforandra frå kampen mot Molde. Det betyr at verken viktige Teniste eller Kjemhus har blitt klare igjen til denne kampen. Faktisk så stiller Sogndal også med identisk benk frå sist kamp.
Trond Ivar Døvle dømmer dagens kamp som har avspark kl. 20.00. Vel møtt tilbake då!
Sogndal derimot er nok veldig nøgd med å ligge midt på tabellen, men trenar Eirik Bakke har sagt at det vil være ei stor gulrot for spelarane å klare å passere Godset no to rundar før slutt. I tillegg jaktar og Bakke Sogndal si beste plassering i Tippeligaen nokon sinne. Då må han bli betre enn nr.8 og om det skal skje må nok laget hans begynne å score mål. Dei to siste kampane til Sogndal har endå 0-0.
I dag blir det og debuten for Tor Ole Skullerud som trenar for Godset. Den meritterte 45-åringen tok over etter Bjørn Petter Ingebretsen. Han har ei viktig oppgåve i å snu Godset sin dårlige form i Tippeligaen. 11 kampar utan siger har ført dei frå medaljekampen og ned på midten av tabellen. Ikkje bra for seriemeisteren frå 2013.
Godset tek difor ingen sjansar med to av sine viktigaste spelarar Pedersen og Vilsvik som er igjen i Drammen. I tillegg er Boateng suspendert. For Sogndal er Skaasheim ute resten av sesongen.
Dei to laga er tabellnaboar på henholdsvis 9. og 10. plass og. Med siger vil begge lag rykke opp to plassar, men det spørs om ikkje Godset har meir fokus på semifinalen i cupen mot Kongsvinger på torsdag.
Hei og velkomne til siste kampen i den 28. runden i Tippeligaen og oppgjeret mellom Sogndal og Strømsgodset frå Fosshaugane Campus