TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
- Denne scoringa har eg venta på i lang tid, seier Tonny Brochmann til firda.no etter kampslutt. Like glad var ikkje Strømsgodset sin trenar Ronny Deila. - Nei, dette var eit ran. Sogndal har jo nesten ikkje målsjansar. Men vi spelar som miniputtar på overtid. Utruleg bittert, seier han.
Då vart det poengdeling på Fosshaugane. Slik kampen utvikla seg, må heimelaget vere mest nøgde med det. Innbytar Tonny Brochmann scora sitt første mål for Sogndal, då han på overtid sikra laget eit poeng. Strømsgodset spelte fin fotball, og viste seg fram som eit svært ballsikkert lag.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+2'
Mål!
1-1
Innbytaren sender Fosshaugane til himmels, og utliknar på overtid! Flo slår corneren inn i feltet, og der er Brochmann på rett plass. 1-1!
90+2'
Lang ball mot Flo som får corner. Udjus går opp i feltet!
90+1'
Hjørnespark
Sogndal får kontroll.
90'
Det er lagt til fire minutt.
90'
Hjørnespark
Godset med to mann inne i feltet, og velg naturleg nok ein kort variant. Får ny corner.
87'
Spillerbytte
86'
Det går mot tre poeng til gjestene frå Drammen.
85'
Spillerbytte
85'
Brochmann prøver seg med eit skot. Også denne gong rett på keeper.
83'
2534 tilskodarar ser kampen.
82'
Fin ball mot Kamara, men Udjus les spelet godt og får avklart.
81'
38 år gamle Flo nære på å komme åleine med keeper, men pasningen til spissen vart litt for hard. Han viser tommel opp, og er fornøgd med spelet til Sogndal no.
80'
Han slår frisparket inn i feltet, men Larsen i Godset-buret held ballen.
80'
Andersen tøff i duell mot innbytar Flo, og Sogndal får frispark i god Hopen-posisjon!
78'
Spillerbytte
78'
Hjørnespark
Over heile feltet.
78'
Brochmann stormar framover, men blir stoppa. Får corner.
77'
Flo kjem på bana, og Godset-fansen syng: 'Det er bare en Flo i Norge, en Flo i Norge'. Jostein Flo er mannen dei siktar til.
76'
Spillerbytte
74'
Sogndal har lagt om til 4-4-2, og spelar med Furebotn sentralt på midtbana. Brochmann og Flo er spissduoen.
73'
Nær 1-1 og sjølvmål på Fosshaugane! Teniste slår hardt inn i feltet, og ballen går via eit Godset-bein og rett på keeper Larsen.
71'
Med tre poeng er Strømsgodset oppe på sjetteplass, og er eit av laga som luktar på medalje i årets Tippeliga.
70'
Johansen har spelt godt i sin debut-kamp frå start for Godset. Denne gongen skyt han frå 20 meter, rett på Udjus.
68'
Han skyt.. utanfor!
68'
Hopen står klar..
68'
Gult kort
På etterskot i duell mot Halvorsen.
67'
Halvorsen tilbake til Scheel som legg inn. Enkelt for keeper Larsen, som ikkje får konurranse i luftrommet.
65'
Gjestene har god kontroll på kampen. Spesielt duoen Abu og Sankoh på midten har fått vist seg fram, med teknikk og overblikk.
64'
Utpsark frå Larsen, som har god tid.
62'
Frustrasjon hos heimepublikumet. Sogndal har produsert svært få klare målsjansar i denne kampen.
59'
Teniste ladar venstrefoten og klinkar til. Rett på keeper Larsen.
59'
Sogndal har vore ufarlige dei første 15 minutta av andre omgang.
58'
Elvis med feilpasning på midten, og Godset stormar framover. Keita skyt frå 20 meter, høgt over.
54'
Mål!
0-1
Klassescoring av Abu og Strømsgodset! Han skyt frå over 30 meter, og ballen fyk rett i vinkelen!
54'
Sankoh skyt frå 30 meter, men skotet går over.
53'
Hovland stoppar Johansen på veg framover, og Godset får frispark.
51'
Spillerbytte
48'
Solheim held seg til lysken, etter duell mot Keita.
47'
Hjørnespark
Kort variant til Furebotn som skyt på direkten. Over!
46'
Godset tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause på 0-0. Gjestene hadde kampens største sjanse, då Stefan Johansen fekk stå heile åleine inne i feltet, og avslutta utanfor frå åtte meter. Strømsgodset har hatt ballen mest den første omgangen. Heimelaget har også hatt sine få sjansar. Nærmast var kanskje Hopen sitt langskot like før pause, men Larsen leverte ei fin redning.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Gjestene prøver seg, men skotet frå Kamara går heilt inn til Udjus.
45'
Det er lagt til eit minutt.
45'
Hjørnespark
Godset avklarar på første stolpe.
45'
Hopen klinkar til frå 25 meter! Keeper Larsen får gitt til corner.
43'
Spillerbytte
42'
Hjørnespark
42'
Hansen slår opp sin gamle strekkskade, og går rett i garderoben.
41'
30-40 tilreisande frå Drammen er på plass på Fosshaugane for å støtte laget sitt i dag.
40'
Hjørnespark
Ballen går gjennom heile feltet, og stryk den bakerste stolpen.
39'
Hjørnespark
Elvis nær sjølvmål, men ballen går utanfor. Ny corner.
38'
Gult kort
Tøff takling på Sankoh på midten. Dermed må Hovland stå over neste kamp.
38'
Keita prøver eit skot frå 20 meter. Blir blokkert.
36'
Hovland slår ballen der han vil ha Halvorsen på løp. Kantspelaren fullfører ikkje, og det blir utspark frå målet til Larsen.
34'
Svakt utspel frå Udjus. Ballen går rett til Abu som driv framover. Han skyt frå 25 meter - over!
32'
Hjørnespark
Keeper Larsen boksar ut.
32'
Fint Sogndal-angrep. Halvorsen slår inn mot Hansen, men Godset avklarar. Returen tek Solheim seg av. Han skyt på direkten - over!
29'
Halvorsen tek ballen ned på brystkassa på 20 meter. Han vender, og prøver å drible seg gjennom Godset-forsvaret. Det går ikkje, og eit stort sukk går gjennom publikum.
27'
Scheel viser godt stopparspel i duell mot Kamara. Får applaus etter at han skjermar ballen ut over dødlinja.
26'
Hovland driv framover og leverer til Halvorsen. Han dreg av Nuhu og legg inn mot Flo. Spissen får ikkje avslutta skikkeleg.
23'
Hovland prøver å finne Furebotn på løp, men pasningen er sjeldan upresis - frå kapteinen.
20'
Store rom i Sogndal-forsvaret. Sankoh får tilslutt skyte, via ein Sogndal-forsvarar og rett i klypene til Udjus.
19'
Gjestene styrer spelet og er best på Fosshaugane no.
18'
Halvorsen slår inn og Flo vinn duellen i feltet. Keepermat.
16'
Per Egil Flo rotar det til i eige forsvar. Kamara stormar mot mål, men blir effektivt stoppa av Solheim og Scheel.
14'
Hjørnespark
Sogndal får avklart.
14'
Frispark til Sogndal frå 40 meter, og Hopen slår inn. Ballen stryk stolpen, men linjemann er også oppe med flagget.
14'
Sogndal-trenar Aabrekk rasande etter at Johansen fekk stå upressa inne i feltet.
11'
Kjempesjanse til Godset! Innlegg frå høgrekanten og Johansen får stå heilt åleine i feltet. Han har god tid, og plasserer ballen til høgre for Udjus. Men ballen snik seg på feil side av stolpen! Der burde det blitt 1-0.
9'
Halvsjanse til Sogndal. Halvorsen slår inn til Hansen, som ikkje når opp. Utspark frå Larsen.
7'
Flo driv framover og finn Elvis. Han vil skyte, men kjem ikkje så langt. Rotar bort ballen og Godset overtek.
7'
Furebotn skyt - rett på keeper!
6'
Gult kort
Etter duellen mot Hansen.
6'
Hansen kjem seg forbi Aas, og blir lagt i bakken. Frispark like utanfor sekstenmeteren. God posisjon!
5'
Jamn opning på kampen.
4'
Kaptein Aas prøver å finne Kamara på løp, men ballen går til utspark frå målet til Udjus.
2'
Nemnde Johansen spelar i dag sin første kamp frå start for Godset. 20-åringen har vore god for andrelaget i år.
2'
Lang ball Johansen, men Furebotn får kontroll.
1'
Heimelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga er inne på matta no. Straks klart for kampstart.
Spelarane er i full gang med oppvarming. Nærmar seg kampstart på Fosshaugane!
Vi kjem tilbake til lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart.
Førre kamp for Sogndal var det fullt hus på Fosshaugane. Det blir det neppe i dag. Fem timar før kampstart var det framleis over 2800 ledige billettar til dagens oppgjer.
Norsk Tipping held Sogndal som knappe favorittar. Heimesiger gir 2.05 i odds, uavgjort 3, medan bortesiger gir tipparane 3.05 gongar att innsatsen.
Strømsgodset må klare seg utan fleire sentrale spelarar til denne kampen. Midtbanespelar Anders Ågnes Konradsen fekk rødt kort på overtid i førre kamp mot Odd. I tillegg fekk Lars Christopher Vilsvik sitt tredje gule kort, og må også stå over kampen. Kim Andrè Madsen, Andrè Hanssen og Omar Elabdellaoui er også uaktuelle grunna skader.
Ola Kamara er Godset sin toppscorar denne sesongen med åtte mål. Hos Sogndal har både Ørjan Hopen og Ole Jørgen Halvorsen seks mål kvar.
Gjestene står med 1-4-7 på sine bortekampar i år, og målskilnad 9-22. Sidan 15.juli har dei berre scora to mål på bortebane. Sogndal har 5-4-3 heime på Fosshaugane i år, og har 11-8 i målprotokollen.
Desse laga møttest også i årets første serierunde. Den gongen vann Strømsgodset 2-1.
Velkommen til Sogndal - Strømsgodset frå Fosshaugane Campus!