TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Høgdramatisk i denne kampen som Sogndal tilslutt vinn 3-2 etter at Strømmen kom tilbake frå å ligga under 2-0. Vi tel 8-6 i avslutningar. Der Sogndal hadde 5 på mål og Strømmen 3.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+6'
Endar i kast for Sogndal og då er det nok over her.
90+5'
Frispark til Strømmen nede ved deira eige hjørneflagg.
90+5'
Hjørnespark
Held nok ballen nede med flagget no Sogndal.
90+4'
Sogndal avsluttar utan spissar.
90+4'
Spillerbytte
90+4'
Men Berglann mistar ballen ut over sidelinja.
90+3'
Strømmen byggjer opp eit nytt angrep.
90+3'
5 minutt tillegg.
90+2'
Innlegg inn i feltet som Dynglenad plukkar. Strømmen har ikkje gitt opp.
90+2'
Og då vinn både Sogndal og Brann i dag ser det ut som.
90+1'
Straffe til Brann i Bergen!
90'
Spillerbytte
89'
Mål!
3-2
For ein kamp! For eit manus! Innbytar Holsæter kjem på bakerste og får pannebrasken på Teniste sitt innlegg. Ballen smyg seg inn i Thomas sitt høgre hjørne og Sogndal ser ut som å ta med seg 3 livsviktige poeng i opprykkskampen.
88'
Spillerbytte
88'
Gult kort
88'
Igjen er dommar Kringstad upopulær. Patronen får gult for å stoppe ein overgang med noko folk meinar er ei rein takling.
87'
Kjempesjanse for Sogndal. Opseth får sjansen på 5 meter, men det ser ut som det er Strømnes som kastar seg inn og blokerar.
86'
Sogndal sine kampar i år har ofte blitt avgjort på slutten. Sogndal har både tapt og vunne poeng på overtid ved fleire høve så dette er ikkje over.
85'
2289 betalande på stadion i dag.
84'
Gult kort
Får kort for å kjefte på dommaren etter at han sjølv skulle hatt eit soleklart frispark. Veldig dårlig der av Kringstad.
84'
Kampen svingar kraftig her no. Begge lag vil ha mål, men slit med å til avslutningar.
82'
Sogndal har ikkje hatt ei avslutninga på mål dei siste 20 minutta.
81'
Så held Psyché og Dyngeland på å rote det til. Svak tilbakeheading frå Psyché som Dynglenad såvidt når framfor Nergaard.
79'
Hjørnespark
Over alle og ut til 5-meter for Dyngeland.
79'
Hjørnespark
ny corner.
79'
Ny corner til Strømmen.
78'
Sogndal med ein fin overgang, men Opseth si pasning treff ikkje Otoo. God sjanse for Sogndla der.
77'
Strømmen no i ferd med å klare sitt første poeng i saftbygda nokon sinne.
77'
Bakke ser litt betutta ut på sidelinja. Har han ingen ess i ermet?
74'
Mål!
2-2
Corner langs bakken og Strømnes forlengar den til Blårud som spring ballen i mål. Strømmen har henta inn Sogndal si leiing. Går dei no for sigeren?
74'
Hjørnespark
74'
Glimrande skot av Schulze som Dyngeland må slå til corner.
73'
Spillerbytte
72'
Hjørnespark
Glimrande slått og Strømnes headar like over.
72'
Det høge tempoet fører til at det vert ein god del feilpasningar. Spesielt Strømmen som satsar bra framover no har hatt ein del stygge tversover som Sogndal ikkje har klart å utnytte.
70'
Jahr tilbake på bana.
69'
Jahr oppe igjen, men haltar. Vi får sjå om ikkje Olsen må byte igjen.
68'
Jahr nede igjen. Må Olsen byte endå ein midtstoggar?
68'
Verkeleg ein fartsfylt kamp dette. Andre omgang har vore intens med mange duella og vi har også fått to mål.
67'
Oppe igjen.
67'
Jahr nede etter ein duell med Opseth.
66'
Bra fart i kampen her no. Begge lag vil framover.
65'
Strømmen får klarert, men berre til Strand som frå 16 meter ikkje får skikkelig treff og ballen går til innkast for Strømmen.
64'
Kast til Sogndal nede ved Strømmen sitt hjørneflagg. Ny dødball som Sogndal kan utnytte.
63'
Blårud landar forkjært etter ein duell mot Opseth, men er på beina igjen.
61'
Før det kjem eit innlegg frå Lange som går bak mål.
61'
Strømmen trillar ball no.
59'
Det har skjedd meir framfor mål på 12 minutt i andre omgang enn dei første 45 tilsammen.
57'
Mål!
2-1
Så blir det stille på Fosshaugane. Innlegg frå venstre og denne gongen er innlegget bra. Ser ut som det er Schulze som avsluttar i tverra og på returen er toppscorar Ramsland sikker frå to meter. Då har vi spaning igjen i dette oppgjeret.
57'
Så er Sogndal nære på igjen. Teniste slår inn til Otoo som headar rett på Thomas.
56'
Strømmen bygger opp på venstrekanten, men innlegget vert for dårlig.
54'
Så er Sogndal nære på igjen. Ballen blir lagt 45 grader ut til Opseth som set ballen rett på Thomas.
52'
Mål!
2-0
Det er nokre fantastiske cornerar Opseth sler. Knallharde innoverskruarar som er nesten umoglege å forsvare seg mot. Denne gongen treff ballen Bolseth som står på to meter og ballen trillar inn. Veldig viktig scoring for Sogndal som no tek eit sjumilsteg mot Tippeligaen.
52'
Hjørnespark
52'
Hjørnespark
Ny corner.
50'
Begge lag spelar bra fotball fram til motstandaren sin 16-meter. Derifrå og inn slit begge med å få til noko. Dette grunna og svært godt forsvarsarbeid.
49'
Strømmen pressar Sogndal tilbake til eigen banehalvdel.
49'
Sogndal med ball no.
47'
Rødsand inn på midten og Jahr bak som midtstoppar.
46'
Solide Andresen ut og inn kjem Rødsand. Mogleg skade der på Andresen fordi han var god bak i lag med Strømnes i 1.omgang.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks klare for 2.omgang her frå Fosshauagen Campus.
Eigentleg ein god kamp sjølv om det har vore sjansefattigt. Vi har 4-3 i avslutningar fordel heimelaget.
Pause på Fosshaugane og Sogndal leiar 1-0. Ein jamn kamp der Strømmen nok var best dei første 30 minutta før Sogndal tok over og fekk målet sitt på eit flott frispark frå Opseth.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Strømmen får klarert.
45'
Innkast til Sogndal på høgd med 16-meteren.
43'
To gode sjansar for Sogndal her no. Den siste eit skot frå Bolseth frå 20 meter som går like over.
43'
Strømmen meir over i ein 4-5-1 formasjon no. Pressar inne på eigen banehalvdel.
42'
Stor stemning på Fosshaugane når speaker oplyser om at Bryne har redusert i Bergen.
40'
Like før kortet hadde eit Strømmen eit frispark som enda i møljespel framfor Dyngeland før Sogndal fekk klarert.
39'
Gult kort
Feller Otoo når Sogndal kjem på kontring.
39'
Lange var svært ueinig i frispaket som Sogndal fekk. Meina Otoo la seg bakover, men frå vår vinkel såg det ut som det var armar tilstade.
37'
Mål!
1-0
Eit glimrande innoverskrudd frispark frå frisparkeksperten Opseth. Patronen spring seg laus og stangar ballen i mål. Flott frispark og flott heading.
37'
Lange riv ned Otoo og Sogndal får eit frispark ute på kanten.
35'
Sogndal meir med ball no, men Strømmen er gode i presset og når dei kan komme på overgangar så kjem dei raskt.
32'
Hjørnespark
Strømmen får stanga unna.
32'
Schulze med ein lekker tunnell på Bolseth midt på bana.
31'
Veldig hissige bak hjå Strømmen. Sogndal sine offansive spelarar får lite tid med ballen før det er ei svart trøye oppe i dei.
30'
Plutselig så er det Sogndal som har tatt over litt av initiativet i kampen.
28'
Så er det Strand som slår eit hardt innlegg, men ingen kjem på ballen før Thoams fangar den i armane sine.
28'
Fin sjanse for Sogndal som rullar opp. Bolseth slår 45 grader ut, men ballen går bak Drage. tendesar frå heimelaget.
27'
Strømmen bryt eit oppsepel og kan komme i overtal, men det går for seint og vert avslutta med ei lompe utafor frå Jahr.
26'
Otoo sparkar ballen i Lange og linjedommaren som står 1 meter unna dømmer kast til Strømmen. Har sett noko som absolutt ingen andre har sett der Gullhav på linja.
24'
Murring blant heimepublikum no når Strømmen vinn kvar einaste andreball.
23'
Hjørnespark
Bolseth stangar ut og får frispark. Eit meget billig frispark.
23'
Halvegs i denne omgangane og det har vore jamnt, men dei siste minutta er det heilt klart Strømmen som har ført kampen.
21'
Melgalvis stormar framover og dregseg forbi 2-3 sogndalspelarar før Patronen stoppar han. Bra initiativ der frå høgrebacken.
20'
Glimrande innlegg og Ramsland når nesten opp. God sjanse for bortelaget.
19'
Strømmen vinn eit innkast nede med hjørneflagget.
19'
Vi er inne ein periode der Strømmen er det beste laget. Fører kampen og set press på Sogndal.
18'
Fint innlegg av Schulze og det ser ut som det er Jahr som headar ballen i ein boge over Dyngeland, men dessverre for Strømmen går den nokre centimeter over tverrliggaren.
17'
Frispark til Strømmen på 25 meter etter at Bolseth crosscheckar Lange. Bolseth får og tilsnakk.
15'
Fine kombinasjon mellom Opseth og Otoo, men Melgalvis kjem seg framfor Sogndal sin toppscorar og ryddar unna.
14'
2-1 i avslutningar så langt, men vi kan ikkje snakke om nokon store sjansar til nokon av laga.
13'
Sogndal har nok hatt ballen mest, men brukar litt for mange balltouch og litt for lang tid. Difor har det vore ganske greitt for Strømmen å forsvare seg mot serieleiaren her i starten.
12'
Jamnt i innleiinga her. Strømmen har hat nokre fine angrep utan å skape noko særleg. Bortelaget har heller ikkje klart å utnyte til tider slurv hjå heimelaget.
11'
Hjørnespark
Otoo møter på fyrste og headar over.
9'
Innlegg frå Skaasheim, men ballen går over Otoo og inn i armane på Thomas.
8'
Strømmen rett i angrep og Sogndal rotar det til. Heldigvis for sogndølene klarar ikkje Strømmen å utnytte nonsjarlangt forsvarsspel.
6'
Hjørnespark
Fram og tilbake i feltet før det ser ut som det er Sarr som får heada ballen mot mål. Blir for svakt og dermed enkelt for Thomas.
6'
Fin innsvingar og Lange må stange ballen til corner.
5'
Opseth skal skru innover.
5'
Frispark til Sogndal på kanten av 16-meteren.
5'
Innlegg som til slutt Schulze får heada på mål, men midtbanespelaren får ikkje nok trøkk i avslutninga.
4'
Drage feller Melgalvis og Strømmen får frispark ti meter inn på Sogndal sin halvdel.
3'
Begge lag med høgt press og mykje langt i starten.
3'
Opseth stussar gjennom Otoo som er nokre centimeter offside.
1'
Lang ball opp, men der ruvar Pål Steffen Andresen og stangar unna.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Og der kjem dei ut på bana til eit ganske glissent Fosshaugane. Ikkje akkurat stor stemning for mandagskampar her heller.
Dagens dommar Sigurd Smehus Kringstad står klar i spelartunnelen saman med dei to laga.
Toppscorar for Strømmen er Martin Ramsland med 9 mål, mens for Sogndal er det Kristian Fardal Opseth har scora mest med sine 13 nettkjenningar.
Desse laga har berre møttes tre gonger på Fosshaugane sidan 1988 og Sogndal har vunne alle oppgjera. Kan Strømmen ta sitt fyrste poeng i saftbygda i kveld?
Møtet tidlegare i år var av det dramatiske slaget der Sogndal sin stoppar Psyché vart utvist på tampen av 1.omgang. Strømmen tok leiinga på det påfølgande frisparket før Sogndal reduserte i 2.omgang.
Vi er litt usikre på om Strømmen vil gå offansivt ut i ein 4-3-3 i kveld, men dette får vi sjå når kampen startar om 20 minutt.
Sogndal gjer ikkje mange endringar frå kampen mot Hødd, men Skaasheim erstattar Utvik på backen.
Då skal vi ha fått laga klare. Strømmen gjer ein del endringar offansivt frå sist kamp, mens Blårud erstattar Achrifi som er suspendert.
Vi ynskjer velkomne tilbake til kamp kl. 1900. Viss du vil ha lagoppstillinga tidlegare enn andre så kan du komme tilbake ca. kl. 1800 då dei skal vere klare her hjå oss. Vel møt!
Trenaren til Strømmen, Espen Olsen, har tidlegare spelt for Sogndal og er ein godt likt mann i saftbygda. Så får vi sjå i kveld om han blir mindre likt dersom hans Strømmen kan forkludre Eirik Bakke og Sogndal sine opprykksplanar.
Strømmen ligg midt på tabellen, men med siger i dag vil dei berre være eitt poeng bak Jerv på kvalikkplass. Ei skikkelig gulerot dette for Espen Olsen sine menn.
Sogndal, som har vore suverene i år, vert no pusta i nakken av mellom anna Kristiansund som vant i går. No skil det berre tre poeng mellom laga. Om Brann skulle vinna og Sogndal tapa i dag så vil dei og berre være tre poeng bak sogningane.
Det er den 25.serierunden som her og i Bergen skal fullbyrdas i dag. Her i Sogn tek serieleiar Sogndal i mot Strømmen som ligg på 8.plass i 1.divisjon.
Då vil vi få ynskja velkomen til Fosshaugane Campus og dagens kamp mellom Sogndal og Strømmen.