Referat
Kun høydepunkter
Eit skuffa heimepublikum forlet tribuna. Bortelaget er nok også skuffa etter at poenga rauk heilt på slutten. Vi fekk i alle fall ein spanande andreomgang med mål. Spelemessig var dette under pari. Sogndal styrte det meste, men var upresise og uinspirerte i det meste dei foretok seg i dag. Strømmen med ein svært god periode dei første 20 minutta av andre omgang. Då var dei raudkledde svært gode, men vart nok litt for deffansive på slutten og då fekk Sogndal trykka inn eit mål på corner. Men Strømmen tek uansett sitt første poeng nokon gong i Sogndal så det må være noko å ta med seg heim til austlandet.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Får ikkje ballen inn i feltet og dette ebbar nok ut med 1-1.
90+4'
Sogndal trykkjer på.
90+2'
Eid skal kaste langt.
90+2'
Sogndal held oppe trykket, men Valsvik er alt for upresis i avleveringane. Femmeter for Lillevik.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90'
Dette var surt for Strømmen. Men kan takke seg sjølv litt også for dei falt litt nedpå dei siste 20 og ikkje tatt dei overgangane dei har fått.
85'
Mange gode overgangar for Strømmen her no. Lukter meir 2-0 enn 1-1.
82'
Ti minutt igjen før Strømmen har slått både Sogndal og Start i løpet av berre fire dagar. Det var det nok ikkje mange som trudde før denne sesongen.
81'
Fin overgangssjanse for bortelgaet. Tek ikkje den heilt. Må ikkje bli for feige no Strømmen.
79'
Heimelaget har no produsert meir på to minutt enn dei første 30.
78'
Sogndal litt meir friske no. Innlegg frå Eid som K.Hoven headar utafor.
76'
Enorm sjanse for Sogndal! Adams kjem seg rundt på kant og legg inn. Der er Mannsverk på blank kasse, men set ballen utafor. Der skal stortalentet score!
74'
Rett i muren.
73'
Frispark til Sogndal like utafor sekstenmeteren.
71'
Er faktisk ingenting som tyder på at Sogndal skal komme tilbake her. Fryktelig mykje svakare i pasningspelet enn i første omgang og skapar nesten ingenting framover.
70'
20 minutt igjen og Strømmen er på veg mot historiske poeng i Sogndal.
69'
God kontroll for det meste Strømmen og ser farlige ut kvar gong dei kan komme på overgang.
67'
Trillar mykje ball no sogningane, men det er lite presisjon og også få initiativ.
66'
Mannsverk hardt i kroppen på Lillevik etter eit innlegg. Keeperen er først veldig skada og så er han veldig sint. Får tåle såpass om du skal spele fotball Lillevik. Vel og merke vært glimrande mellom stengene til Strømmen i dag.
62'
Spelet er i gang igjen.
60'
Adams får ei glimrande pasning i bakrom, men klarer ikkje å dra vekk George.
59'
Strømmen styrer kampen fullstendig her no.
58'
Bakke lite nøgd med både eigne spelarar og dommarteamet akkurat no. Har fått beskjed om å roe seg ned.
56'
Dei tre på topp har vore fullstendig tannlause i dag for Sogndal.
56'
Cheng dreg seg innover i feltet og avsluttar like over. Gode her no Strømmen.
56'
Dermed er Strømmen på god veg mot historiske poeng i sognebygda.
54'
Absolutt ikkje ufortent dette etter den starten vi har hatt i andre omgang.
51'
Fij igjen ute og boksar. Får ballen bort, men denne gongen er det Salte som må ta seg ei telling.
51'
Heilt klart bortelaget som har starta denne omgangen best. Har fått eit frispark som skal slås inn i feltet her no.
50'
Strømmen som har eigd ballen i starten her, men no er det Sogndal som får trilla litt.
49'
Sannes med ein lekker tunnell på Kryger. 10 av 10 poeng på den!
47'
Godt skot av Sannes som Fij må gi til corner.
46'
Cheng går inn på venstrevingen og Olsen blir trekt bak.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen mål på Fosshaugane etter 45 minutt. Sogndal har styrt det mest, men ikkje produsert så alt for mykje framfor mål. Strømmen har kanskje vore like farlige på dei få overgangane dei har fått. Vi håpar begge lag jekkar opp tempoet litt i andre omgang slik at vi kan få litt mål her.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Olafsen ligg nede etter ein duell med Kristoffer Hoven, men er på beina igjen no.
45'
Eitt minutt tillegg.
42'
Rett på Fij.
41'
Frispark til Strømmen på 17 meter. Callaku står klar.
41'
Innlegg frå Sjølstad som Fij stormar ut og får bokse unna. Tek med seg både medspelar og Sannes i boksinga. Sistnemnte måtte ta seg i ei lita telling der. Oppe igjen no.
39'
Strømmen får holde litt i ballen igjen no. Har vore svært lite frå dei raudkledde dei siste minuttane.
38'
Flo med eit glmirande frispark og Lillevik med ein like glimrande redning.
37'
Frispark til Sogndal på 17 meter.
36'
Ein rar situasjon! Lang ball i bakrom mot A.Hoven. Lillevik kjem ut og Hoven spring forbi ballen. Det gjer også Lillevik slik at ballen trillar mot det opne buret, men ein strømmenspelar kjem akkurat tidsnok til å få klarert.
31'
Blir ingenting ut av frisparket.
30'
Sogndal upresise i pasningsspelet og Strømmen får ein ny fin overgang. Dessverre for bortelaget er dei like upresise og ballen går inn til keeper Fij.
28'
Innlegg frå Salte som Flo headar like til side for mål. Der trudde i alle fall alle her på hovudtribuna at det var mål. Nære for Sogndal!
25'
Frisparket endar i corner.
24'
Frispark til Sogndal på kanten av sekstenmeteren.
24'
Strømmen gjev bort ballen midt på bana, men heimelaget tek ikkje overgangen til publikum sin store irritasjon.
22'
Bles godt her no. Strømmen har fordel av medvinden i denne omgangen.
19'
Sogndal framleis mest med ball, men Strømmen har dei siste minuttane fått løfta spelet sitt litt. Klarer å spele seg gjennom ledd og kjem også på nokre gode overgangar.
18'
Strømmen kjem på ei overgang og det er Roseth som såvidt får stansa pasninga til Sjølstad. Ny god moglegheit for bortelaget.
16'
Nydelig spel av Strømmen og Olsen får avslutta, men der er Fij og reddar meisterleg. Kampens største moglegheit.
15'
Eid prøver seg frå skrå vinkel, men det harde skotet går ein god meter over mål. Dagens første avslutning.
11'
Heimelaget har heilt klart tatt over kampen no. Styrer det meste av banespelt og pressar Strømmen høgt kvar gong dei har ballen.
10'
K.Hoven stel ballen frå Tvedte og går i bakken. Dommar bles ikkje og det såg nok ut som Hoven falt litt lett der.
9'
Ny fin sjanse for Sogndal. Igjen er det innlegg og det ser ut som Adams headar i A.Hoven som blokkerer avslutninga.
7'
God sjanse for Sogndal etter innlegg frå Mannsverk, men det er dømt offisde på K. Hoven.
6'
Fint angrep av Sogndal, men ingen klarar å komme fram på innlegget til Adams. Lillevik ute og snappar.
5'
Ganske jamnt i innleiinga her utan at nokre av laga har klart å skape noko.
2'
Lang ball i bakrom på K.Hoven. Han kjem seg nesten framfor Tvedte, mne ender opp med å lage frispark.
1'
Strømmen med avspark og det blir slått ein lang ball opp som går ut til kast for heimelaget.
Avspark Start 1. omgang
Pikdeg eit godt dusin med bortesupporterar her også! Dette blir moro!
Fine forhold for fotball i Sogn i dag. Har vore sol og godt og varmt, men no har det skya over. Litt over 20 grader er perfekt for ein kveld med fotball, men litt vind kan få innverknad på spelet.
Desse laga har møttes sju gonger tidlegare i Sogndal og heimelaget har vunne alle oppgjøra. Ofte med store siffer så målskilnaden på desse sju kampane er 24-6. I dag trur eg vi får ein mykje jamnare kamp. Kanskje kan til og med Strømmen få med seg sine fyrste poeng nokon sinne frå saftbygda.
Då har vi laga klare og her var det verkeleg ein god del endringar frå sist. Strømmen gjer heile fem endringar frå sist kamp og Sogndal tre endringar. Heilt klart at det harde kampprogrammet tek på for mange. Mest oppsiktsvekkande er det at forsvarsbautaen Jahr ikkje spelar for Strømmen og at Sogndal har bytta keeper. Fjorårets førsteval Fij er tilbake etter lengre tids sjukdom.
For Strømmen må vi innrømme at vi er litt meir usikre på kven som spelar og kven som ikkje spelar. William Moan Ellingsen måtte forlate bana sist og inn då kom matchvinnar Birkeland. Så det vil nok være eit naturleg byte no også dersom Ellingsen ikkje blir klar. Vi får berre vente til kvart på fem då laga vert offentleggjort for å sjå kven Bakke og Nesselquist har valt ut til dagen kamp.
Kampane kjem tett som haggel for tida og dette går sjølvsagt ut over helsa til spelarane. Sogndal har ein god del skadeproblem og spesielt i midtforsvaret. Viktige Gueye er ute resten av sesongen etter å ha blitt takla horribelt på Briskeby. Krüger fekk også hjernerysting i same kamp, men ein håpar han er tilbake i dag. Det same med Lereng som måtte tusle av bana før det var spelt ti minutt mot Jerv. Det som er heilt sikkert er at Kupen må stå over etter eit meget urutinert raudt kort sist.
Fantastisk resultat for Strømmen sist då dei slo Start 2-1 etter at Sander Birkeland avgjorde like før slutt. Verre var det for Sogndal som styrte store delar av kampen mot Jerv i Grimstad, men det enda med eit surt 1-0 tap for sogningane.
Eit viktig oppgjer på nedre halvdel av tabellen dette når vi no snart har spelt ein tredjedel av sesongen. Sogndal på 9.plass med 11 poeng og Strømmen på 12.plass med 10 poeng. Det sigrande laget vil difor i dag ha los på både kvalik og direkte opprykk, mens det tapande fort byrjar å lukte på nedrykksstreken.
Då ynskjer vi dykk hjarteleg velkomne til Fosshaugane Campus og dagens kamp mellom Sogndal og Strømmen.