Referat
Kun høydepunkter
Sogndal og Kristoffer Hoven avgjorde denne kampen i første omgang. Drammensaren satte inn tre flotte mål og andre omgang blei ein transportetappe for sogndølene som no er a poeng med Ranheim, men framleis på tredjeplass grunna eitt mål dårligare målskilnad. Strømmen går ned på ein 14.plass, men spelemessig var ikkje romerikingane heilt på jordet i dag. Mykje bra fram til sekstemneteren, men der var det bom stopp i eit potte tett sogndalforsvar.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+4'
Det er faktisk tre sogndøler på laget no. Det skal vi no svært langt tilbake i historia for å finne her i Sogndal.
90+3'
Svein, Eirik og no Johan Bkkke. Ei stor fotballhistorie skal vidareførast i Sogndal.
90+2'
Straks klart for tredje generesjon Bakke her på Fosshaugane.
88'
Strømmen med klart mest ball for tida, men igjen vert det skapt svært lite framfor mål.
84'
Ei god regnsbyge no over Fosshaugane. Ser ut som begge lag sine spelarar berre vil bli ferdig med dette.
82'
Ganske daudt utpå Fosshaugane no.
76'
Sellin dreg seg fri i boks og skyt mot lengste hjørne, men Fij er fint med igjen og reddar.
74'
Taktisk gode byter av Bakke. Dei siste minuttane etter dobbeltbyte har Sogndal styrt det meste.
71'
Så er det Hoven som skyt rett på Strømmen si sisteskanse.
70'
Hoven nære igjen etter klabb og babb i feltet.
66'
Spissbyter her for Sogndal.
63'
Så er det Kupen som dreg seg forbi to strømmenspelar før han skyt over.
62'
Og der kjem den tredje. Pozo-Venta fyrer frå sekstenmetren og Fij må ut i fulls trekk for å redde. Strømmen som kjører kampen her no.
61'
Det skal no seiast at Strømmen har like mange avslutningar på mål i denne kampen som Øygarden og Ranheim klarte på to kampar her på Fosshaugane. Nemleg to avslutningar!
59'
Fint oppbygd på venstrekanten av Strømmen. Roseth må gi til corner.
58'
Langt kast frå Eid som til slutt gir Hoven sjansen åleine med Kjellevold. Igjen er Strømmen sin nr.1 god når han parerer storscoraren sitt skot.
56'
Sogndal vinn ballen inne på Strømmen sin halvdel. Mannsverk driv framover og finn Kupen i boksen. Han vrir ballen mot Kjellevold sitt venstre hjørne, men sisteskansen får til ei god redning og får gitt til corner.
51'
Sogndal har tatt komandoen i denne omgangen. Har mykje ball og det ser ut som dei vil styre spelet meir no.
49'
Kristoffersen sitt frispark går gjennom heile feltet og i stolpen. Hoven er forøvring ein centimeter frå å sette ditt fjerde for dagen.
48'
Frispark til Sogndal på ca. 30 meter. Kristoffersen skal svinge ballen inn i feltet.
47'
Strømmen med heile tre byter framfor denne andreomganen. Ser som dei held fram i 4-3-3.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal leiar 3-0 etter ein praktomgang. Strømmen langt i frå utspelt, men når Sogndal set fart er dei farlege kvar einaste gong. Når forsvaret også er bunnsolid og ikkje slepp Strømmen til ei einaste avlsutning på mål så blir det hardt for bortelaget. Kristoffer Hoven omgangens mann etter sitt hat-trick. Tre glimrande mål. Det første eit gjennomløp, det andre på hovudet og det tredje der han tek med seg ballen frå midtabana, driv forbi Strømmen sitt midtforsvar og dunkar ballen i mål. For ein omgang av drammensaren!
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+2'
Avslutning frå Bjørlo like til side for mål. Tar via Kryger og endar i corner.
45+1'
To minutt tillegg.
45'
Strømmen byggjer fint opp og får Sogndal i ubalanse, men det stoppar opp på sekstenmeteren. Synonymt med mykje Strømmen har gjort i denne førsteomgangen.
42'
Mannsverk og Naustdal i duell. Igjen er det svært mykje skriking frå ein strømmenspelar som blir liggande nede. Verkar nesten som eit taktisk trekk for å påføre motstandar gult kort for Naustdal er kjapt oppe igjen når det ikkje blir blåst.
36'
Strømmen får ikkje klarert og til slutt får Kupen sjansen frå ca. 13 meter. Skyt eit godt stykke over og utafor målet til Kjellevold.
35'
Frispark frå Kristoffersen som skal svingast inn i feltet.
32'
Spelet i gang igjen og det ser ut som det går bra med Strømmen sin stoppar.
30'
Kurucay ligg nede med skade etter ein duell med Kupen. Ser ikkje bra ut for midtstopparen dette.
27'
Ein periode der det skjer svært lite akurat no. Strømmen har ein god del ball, men klarar enn så lenge ikkje å finne ein veg gjennom.
21'
Hoven oppe på 9 mål no og dermed innehar han andreplassen på toppscorarlista i OBOS-ligaen. Skal også nemnast at Eid har 6 assist som gjev han førsteplassen på den lista og Kristoffersen med 5 assist ligg på tredjeplass.
18'
Strømmen med mykje ball, men sjølvsagt ikkje lett å bryte gjennom Sogndal sitt forsvar. Heimelaget er svært gode på overgangar så dette kan bli ein lang kveld for romerikingane.
16'
Det har skjedd veldig mykje her i starten. Sogndal har produsert klart flest sjansar, mens Strømmen langt i frå er ufarlege dei heller.
15'
Like før corneren var Hoven svært nære på å kunne få sitt tredje for kvelden. Får ikkje stokka beina når han er åleine gjennom og Strømmen får klarert ut til corner.
14'
Fij med ei elendig klarering rett i biena til Chaib som brenn til frå 20 meter. Like utafor.
13'
Fantastisk start for Sogndal dette. Strømmen har hatt ballen ein del, men sogningane har vore dødelig effektive.
8'
Eid kastar langt og ballen blir stussa inn til Kupen so mavlsuttar på første. Refleksredning av Kjellevold hindrar sogndals andre i dag.
7'
Veldig høgt tempo i starten her.
5'
Så er det Sogndal som er frampå. Kupen vert spelt gjennom, men denne avlsutninga også blir for dårlig og går utafor.
4'
Strømmen trykkjer på etter corneren og til slutt får dei avslutta frå fem meter. Like utafor.
2'
Fin opprulling av Strømmen på kant. Innlegget får Sogndal klarert.
1'
Sogndal med avspark. Lang ball opp som Strømmen til slutt får klarert.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg ut på bana i pøsregnet til applaus frå dei 200 som sit under tak. Straks klare for kamp her frå Fosshuagane Campus.
Det er haust i Sogndal. Temperaturen er komme ned i rundt 10 grader og bygeaktiviteten har tatt seg opp. Fine forhold for dei som skal boltre seg utpå matta, men det blir kaldare og kaldare for oss her på tribuna.
I fjor vann Sogndal 4-2 mot Strømmen på Fosshaugane. Berre to spelarar som starta den kampen er med i dag nemleg Roseth og Totland. For bortelaget er det faktisk berre Kristian Jahr av dei som starta som er tilbake på Fosshaugane i år. Enorme utskiftingar for begge lag med andre ord denne sesongen.
Veldig interessant med sekstenåringen Johan Johannesen Bakke som i dag sit på benken til Sogndal. Ja, det er son til Eirik Bakke og midtbanespelaren kan få sin debut for Sogndal her i dag.
Sogndal gjer eit par endringar frå kampen mot Kongsvinger. Inn kjem Kupen og Ndour på topp i staden for Brændsrød og Jensen. Kristoffersen kjem inn for Blårud som sonar karanten for kort. Strømmen gjer ingen endringar frå 5-2 sigeren mot Jerv.
Mathias Blårud, som i fjor spela for Strømmen, står over denne kampen på grunn av gule kort. Utanom det så får vi vente til ein god time før kampstart for å sjå kven som startar. Vi er då tilbake med lagoppstillingane og kanskje ei lita vêrmelding. Vel møtt!
I tillegg til Sogndal sin gode heimeform og Strømmen sin katastrofale borteform så kan vi legge til at dei seks siste oppgjera her i Sogn mellom desse laga har enda i seks sogndalsigrar. At Norsk Tipping difor har satt 1.40 på heimesigar er jo eit lite mysterium, men dette er som sagt OBOS-ligaen der alt kan skje. Og i denne stund har faktisk oddsettarane på Hamar satt Sogndal ned til 1.30 så då byrjar det nok å utkrystalisera seg kven den store favoritten her i dag er.
Strømmen som for øyeblikket ligg på 13.plass, har vore litt opp og ned i år. På bortebane har det vore katastrofalt med berre eitt poeng på sju kampar. Dei har derimot henta jamnt med poeng på heimebane og sist vart Jerv knust 5-2.
Sogndal ligg på kvalikkplass framfor denne kampen. Sogningane har vore svært gode på heimebane i år. Utanom eit tap mot Sandnes Ulf har det blitt full pott i resten av kampane på eige kunstgras. Sogndal sin siste kamp var derimot borte mot Kongsvinger og der enda det 0-0.
Hei og velkomne til den 14. serierunden i OBOS-ligaen. I dag er det Strømmen som vitjar Sogndal og Fosshaugane Campus.