Referat
Kun høydepunkter
Sogndal ror dette i land på ein ikkje akkurat imponerande måte. Etter tre scoringar på ti minutt i fyrste omgang var mykje gjort, men Strømmen laga litt spaning då dei reduserte tidleg i andre omgang. Sigurd Haugen var derimot den store skilnaden på laga og då han på meisterleg vis dunka inn sitt tredje eit kvarter før slutt var det meste gjort sjølv om Strømmen igjen fekk seg ei uredusering på slutten. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer velkomen tilbake til Fosshauagne ikkje mindre ein to gonger til denne veka. Spesielt visse sognignar bør lette på ræva og komme seg på stadion når Vestlandsderbyet og cupens tredje runde vert spelt på onsdag.
Kamp slutt Slutt (4-2)
90+3'
Slår vekk ballen og Sogndal får eit kast.
90+2'
Strømmen med ball, men klokka tikkar fort.
90+1'
Norheim skyt den sedvanlege meteren utafor.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Kaos i bakre rekker hjå Strømmen og Ndour får avslutta. Blir for svakt og for enkelt for Berntzen der.
89'
God ball i bakrom på Gussiås, men Dyngeland er ute og snappar. God inngripen der av Sogndal sin kaptein.
87'
Ei kjapp scoring for raudtrøyen no vil nok skape litt panikk for Sogndal.
86'
Er det håp framleis for Strømmen då?
84'
1473 solgte billettar i dag. Det er eit svært lågt tal. Vi får sjå om det blir betre mot Brann på onsdag.
83'
Frispark til Strømmen nede ved hjørneflagget.
81'
Norheim vil ha straffe, men fell svært lett der i duell med Steiring.
81'
Resultatet vil eg seie lyg litt i denne kampen. Strømmen har vore fullt på høgde med Sogndal i banespelet og spesielt i pansingspelet kanskje betre. Forskjellen i dag heiter rett og slett Sigurd Haugen.
77'
Er nok litt kald der og denger ballen fem meter over.
76'
Frispark til Sogndal på 25 meter. Soltvedt skal rett inn å prøve seg.
73'
Spikeren i kista for Strømmen. Både forsvaret og ikkje minst keeper Berntzen kjem til å ha mareritt om Sigurd Haugen i lang tid framover. Spissen mottek ballen ute på kanten. Dreg seg inn i feltet og skyt i Berntzen sitt høgre hjørne. Igjen bør nok sisteskansen kunne ta den, men det er hardt, godt plassert og stussar rett framfor han så vi vel igjen å legge mest vekt på den gode avslutninga.
71'
Vestvatn skyt via muren og inn til Dyngeland som får frispark i duell med Norheim.
70'
Vestvatn og Andresen står klar.
69'
Sogndal kontrar og Ndour sleivar ballen utafor frå god posisjon. Svak avslutning frå det som var Sogndal sin toppscorar før kampstart. No må han dele den tittelen med Sigurd Haugen.
68'
Men over til kampen. Strømmen som styrer ein god del no, men slit med å skape noko særleg trykk på Sogndal.
67'
Om ikkje det er 4-5-1 så er det iallefall 4-3-3. Formasjonsbyte som vanleg der altså frå Bakke.
66'
Lang ball inn i Sogndal sin sekstenmeter, men der er Dyngeland trygg i feltet.
65'
Er det litt meir 4-5-1 på Sogndal no? Ville jo vore rart om songingane klarte å halda samme taktikk gjennom ein heil kamp.
63'
Stor applaus for begge dei to som går ut, men spesielt for Ulrik Flo som har kjempa seg inn igjen på dette sogndallaget. Har vore god i dag også stryningen.
62'
Tvedte prøver seg, men går ein liten meter over. Har vore vanleg dette for Strømmen sine skot i dag.
61'
60 minutt tok det før Sogndal får ei avslutning på mål, som ikkje blir mål. Flo vinn ballen og gir den til Jensen. Avslutninga han frå 20 meter er god, men rett på Berntzen.
57'
Strømmen vinn mange av duellane no og har vore det klart beste laget i starten av denne omgangen.
54'
Ny god sjanse for Strømmen som stormar opp på høgresida. Innlegget er knallhardt og går til Tvedte på bakerste som ikkje får til noko god avslutning sjølv om han er upressa.
53'
Strømmen er jo også vidare til cupens tredje runde og for dei ventar det også eit stort derby når Lillestrøm tek turen.
53'
Skyt rett i muren. Og til slutt endar det i femmeter for Berntzen.
52'
No ser det ut som Haugen skal få prøve seg.
52'
Frispark til Sogndal på litt over 20 meter.
51'
Spørs også om Sogndal har onsdagens cupkamp mot Brann i bakhovudet.
50'
Akkurat kva kampen trengte dette. Sogndal har langt frå vore imponerande i dag så dette kan nok bli meir spanande enn kva fleire sognignar vil like.
48'
Innlegg som Steiring sleivar over sitt eige mål.
47'
Byte på Strømmen altså. Vi syns eigentleg Hellum hadde ein relativt god omgang, men spørs om Nesselquist heller vil ha Gussiås sine kvalitetar i jakta på ei tidleg redusering her i andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Svein Tore sinnes bles for pause og vi har i det minste fått tre mål på Fosshuagane. Heimelaget var on fire i ti minuttar og det var nok til å sannsynlegvis avgjere denne kampen. Strømmen har ikkje vore dårlige, men akkurat i denne timinuttarsperioden var dei svært lite påslått. Vi får sjå om trenar Nesselquist har nokre oppmuntrande ord til romerikingane i pausen slik at vi kan få litt spaning i andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
43'
Vestvatn presenterar seg igjen. Skyt like over frå kanten av sekstenmeteren.
43'
Tidlegare sogndalspelar Victor Grodås har klart seg greitt på Streømmen sin ventreback, men er jo sjølvsagt ikkje nøgd med resutlatet sålangt. Sonen til Frode Grodås var vel nermare tre sesonger i Sogndal, men sleit mykje med skadar.
39'
Vestvatn svingar innover, men forbi alle og ut til femmeter.
39'
Totland feller Blårud og dermed får Strømmen ein moglegheit på frispark. Ser ut som det skal svingast inn i feltet.
38'
Tidlegare var jo kast på høgd med sekstenmeteren Sogndal sitt viktigaste (og einaste) våpen, men i dag vert det eit kort kast.
37'
Sogndal byggjer opp igjen og vinn eit kast høgt i bana.
37'
Rett i muren frå Fredriksen.
36'
Fint hald dette for Sogndal. Haugen og Fredriksen står klare.
36'
Grodås feller Haugen på 17 meter.
34'
Igjen er Strømmen fint frampå. Lang ball opp som til slutt endar hjå Hellum. Han skyt nokre centimeter over.
31'
Akkurat no er det ikkje så høg kvalitet på det som skjer utpå her. Ein skal være forsiktig med å kritisere eit lag som leiar 3-0 etter 30 minutt, men pasningskvaliteten til Sogndal i dag har vore under ein kvar kritikk.
26'
Føler seg nok hardt straffa her Strømmen. Eg tel tre avslutningar på mål sålangt for Sogndal. Men det skal leggast til at desse avslutningane har vore av høg klasse!
24'
Er det reprise frå i fjor dette eller? Strømmen får ikkje klarert og ballen dett ned til Ulrik Flo. Han klinkar til med strak rist frå 17 meter og ballen snik seg ned i Berntzen sitt høgre hjørne. Kanskje keepermat, men Strømmen sin sisteskanse er dekka og skotet til Flo er velplassert og hardt.
23'
Roseth tek med seg ballen frå venstreback og driv heilt opp til Strømmen sin sekstenmeter. Skyt rett i blokka.
20'
Dette smakte nok godt for sogingane for Strømmen var fullt på høgde med heimelaget her i starten.
15'
Klassescoring av Sogndal sin spiss. U-19 backen Totland bryt eit strømmenangrep og spelar opp på Haugen som er på løp. Pål Steffen Andresen er ingen Usain Bolt, men får iallefall Haugen til å sjå ut som han. Rogalendingen legg Andresen bak seg og stormar inn ifeltet før han klinkar ballen i Berntzen sitt lengste hjørne.
14'
Livsfarlig å skriva at ting har vore livleg for plutseleg får vi ein periode der det skjer absolutt ingenting. Kan det være regnet som påverkar her?
9'
Livleg innleiing på denne kampen i det himmelens slusar opnar seg.
8'
Ball i bakrommet til Flo som skal slå ein ny stikkar, men den ballen går via Jahr, endrar retning og snik seg nokre centimetrar utafor målet til Strømmen.
5'
Enorm sjanse for Strømmen! Grodås blir med opp i bana og legg eit innlegg på bakerste. Der står Hellum og klinkar til rett på Dyngeland. På returen skal forsvarar Antonijevic klarere, men endar opp med å sette ballen i eigen stolpe før det blir blåst eit frispark til heimelaget.
4'
No trur eg vi skal være litt nermare riktig lagoppstilling på Strømmen. Ser også meir ut som ein 4-3-3 enn ein 4-5-1 sålangt også for romerikingane.
2'
Flo med dagens første avslutning. Eit godt stykke utafor.
1'
Unnskyld alle saman, det var Strømmen som byrja med ballen.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Jahr og Dyngeland helser på kvarandre og vert einige om at Sogndal startar med ballen.
Laga straks på veg inn på bana. Eg har vore tilstades på kampar på Fosshaugane i snart 30 år og eg kan med handa på hjarta seie at eg aldri har sett så lite folk på ein sogndalkamp. Skremmande kor lite sogningane støttar opp om laget sitt. Skulle kanskje tru sigeren mot Sandefjord hadde gitt litt framgang, men den gang ei.
Tunge skyar over Fosshaugane, men heldigvis snakkar vi framleis berre om været. Ikkje noko nedbør akkurat no, men tidligare i dag har det regna godt. Vi satsar på at det held seg borte resten av kvelden også.
Då har vi lagaoppstillingane klare for dykk! Sogndal naturlegvis uforandra etter den glimrande kampen mot Sandefjord. Eit par endringar på Strømmen og slik vi ser startelvaren så vi også innrømme at vi er litt usikre på formasjon. Dette skal vi derimot finne meir ut av fram mot kampstart.
For Strømmen sin del får vi håpe det same ikkje skjer i dag. Vi er uansett tilbake ein liten time før kampstart med dagens lagoppstillingar. Vel møtt!
Uansett så må Strømmen overgå seg sjølv historisk her i dag for å få med seg poeng for på dei fem registrerte oppgjøra mellom laga her på Fosshaugane så har det enda i fem sogndalsigrar. I fjor enda det heile 5-1. Martin Trøen sendte romerikingane i føringa tidleg i første omgang, men før det hadde gått ein halvtime hadde Sogndal snudd og leia 5-1.
Strømmen har hatt ei svært tung sesonginnleiing. Ingen sigrar så lang. Fem uavgjorte og fem tap gjev også berre fire poeng sidan NFF meiner at «delmål i det finansielle oppfølgingssystemet» ikkje er nådd. Strømmen har anka denne dommen og vi får håpe byråkratiet i Fotballforbundet tar til vit og ikkje lar kontorarbeid være viktigare enn det som skjer på fotballbana.
Sogndal fekk seg eit godt pusterom ned til dei andre laga etter ein svært imponerande tremålsiger borte mot Sandefjord sist. Eirik Bakke sitt mannskap har også ein kamp til gode på dei andre laga, men om dei vil opp og kjempe om opprykk slik ein har uttrykt på førehand, så må kampar som denne i dag vinnast. Akkurat no er sogningane ikkje betre enn det tabellen viser og det er ein 11.plass.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og den 11.serierunden i OBOS-ligaen. Skikkelig botnkamp i dag som er svært viktig for både heimelaget Sogndal og bortelaget Strømmen.