Referat
Kun høydepunkter
Då er det over på Fosshaugane. Alt skjedde mellom det 14. og det 30 minutt. Då fekk vi ikkje mindre enn seks kjappe scoringar. Ellers var det ikkje så mykje å skriva heim om. I antal avslutningar er det ganske jamnt. 13 til heimelaget og 11 til bortelaget. Derimot er det ingenting å seie på at kampen endar 5-1 då det var klasseforskjell på laga når Sogndal sette opp tempoet. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer deg ein god kveld vidare.
Kamp slutt Slutt (5-1)
90+3'
Trøen gjennom, men Latifu får ei tå på ballen.
90+2'
Frisparket rett i klypene til Bolstad.
90+2'
Haugen er råsterk i duell med Gueye, som er eit hovudet større, og vinn til slutt eit frispark på kanten av sekstenmeteren.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90'
Gueye er nære men i staden for å sette ballen på mål skyt han den rett opp i lufta.
89'
Frispark til Strømmen på 25 meter. Litt skrått så det blir nok eit innlegg.
88'
Har vel blitt eit såkalla antiklimaks denne omgangen. Strømmen har løfta seg litt utan at vi kan seie at dei har vore gode i andre omgang og Sogndal har senka seg mange hakk ned. Forståelig då dei ikkje vil bruka for mykje krefter her i varmen.
86'
1587 tilskodarar i dag.
84'
Lang ball opp som Solum vinn. Trøen avsluttar utafor.
81'
Gode sjansar for Sogndal etter fleire innlegg. til slutt endar det i frispark til Strømmen. faktisk ei avlsutning på mål der også som stopparkjempen Andresen får blokkert.
77'
Skal seiast at Sogndal til no i kampen har seks avlsutningar på mål og at alle desse kom i fyrste omgang.
75'
Flott slått frispark igjen av Dieserud, men Dyngeland er ute og snappar.
74'
Frispark til Strømmen. Skal svingast innover.
73'
Lite finfotball utpå her no. Spark og spring utan at det skje noko særlig.
69'
Dieserud er tilbake på bana.
67'
Gjort alle bytta her Olsen så får håpe det går bra med midtbanespelaren.
67'
Lite som skjer for tida. Akkurat no ligg ein strømmenspelar nede med skade. Ser ut som det er dødballseksperten Dieserud.
62'
Alt som skulle til for Sogndal var eit byte. Plutselig vart det fart i maskineriet og Haugen er berre centimetrar frå hat-tricket.
61'
På nytt rot i Strømmen sitt forsvar, men Bolstad får klarert framfor Rindarøy.
59'
Utrulig at det står 5-1 i denne kampen for så langt i denne omgangen har det vore klasseforskjell på laga. Og det er dei i svart som har vore ein klasse over dei i kvitt.
57'
Utrulig at ikkje Strømmen reduserar! Fyrst ei avslutning som Steiring blokkerar, så eit skot i krysstolpen før ei ny blokkering av Sogndal hindrar strømmenscoring.
56'
Strømmen styrer det meste her no. rart at ikkje Bakke set innpå nokon friske bein når han ser at laget ikkje presterar.
52'
Skjer veldig lite her i starten. Sogndal er minst to hakk ned og Strømmen får styre ein del.
48'
Solum igjennom, men avslutnigna blir stoppa av Dyngeland.
47'
Etter fem baklengs tek altså Espen Olsen av keeper Oumar El Gato Diaby. El Gato betyr forøvrig 'katten' på spansk. Ikkje akkurat det ein asosierar Diaby med i dag.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Espen Olsen byter keeper!
Heimelaget vert applaudert av bana etter ein heidundranes omgang frå deira side. Stemingen blant heimefansen var ikkje så god då Trøen stanga inn 1-0 etter eit kvarter. Derimot var det ville tendensar frå det 18. til det 30. minutt då Sogndal like godt scora fem mål! Nokon av dei etter glimrande prestasjonar, mens andre etter slurvete spel av Strømmen. Om Strømmen kjem tilbake i denne kampen skal eg gjere som golfkommentatorane Bjørnstad og Haugsrud har lova om Tiger Woods vinn ei PGA-turneirng i år, spise ei bøtte med kanelbollar.
Slutt 1. omgang Pause (5-1)
45'
Når Sogndal derimot set opp eit høgt press slit romerikingane med å spele seg ut og slik har fleire av måla til Sogndal komme også. Brudd for så å gå rett på mål har vore heimelaget sin taktikk og den har fungert ganske bra får ein seie.
43'
Strømmen får låne ballen litt meir no og klarar å byggje opp eit spel, men slit med å trenge gjennom Sogndal som ligg meir kompakt no enn tidlegare.
42'
Roa seg litt kampen no og det er like godt. Tastaturet gjekk varmt her ein periode.
40'
Fekk inn ei melding her frå Fjøranestor Tom Wolff Navarsete om at Sogndal leia 5-0 etter ein halvtime mot Strømmen i 1983 så dette er nesten tangering av rekord for heimelaget.
37'
Kjemhus på venstrevingen har vore svært sentral så langt i kampen. Siste assisten var ein 50 meterspasning som sendte Mandic åleine gjennom, men i tillegg har bergensaren sprunge og stressa strømmenforsvaret kosntant den fyrste halvtimen av kampen.
34'
Like etter 5-1 scoringa får Trøen ein ny sjans, men Wæhler får blokkert avslutninga hans. For ein kamp vi er vitne til her, men stakkars Strømmen. Kan takke seg sjølv litt etter håpløst spel i bakre rekker, men Sogndal treff jo på alt her.
33'
6 mål på 16 minutt. Må være ein eller slags rekord dette!
26'
Vi har no målt opp tiden mellom Strømmen sitt avpspark etter 1-1- og 2-1 scoringa til Mandic. 13 sekund! Det må være rekord.
24'
Drikkepause. Velfortent. Den soleklart mest underhaldande kampen så langt i år på Fosshaugane Campus. Både i mål og spel.
23'
Og apropo speaker. Sist heimekamp var Henrik Furebotn speaker. I dag er han på benken for Sogndal. Så får vi sjå om mannen bak mikrofonen også rykker opp til benken i neste heimekamp mot viking.
16'
Martin Trøen vart føre forrige sesong sendt til Strømmen frå Sogndal då han vart funnen for lett for klubben som då spela i Eliterserien. Hevnen er søt for spissen som jubla uhemma etter scoringa.
15'
Så er Schulze frampå, men avlsutninga hans går i nettveggen.
14'
Svarte drakter på Strømmen i dag. Sogndal i kvitt. Kan det spele inn i solsteiken der nede på kunstgraset?
12'
Kjemhus med innlegg via Olsen. Endar i corner for Sogndal.
10'
Strømmen får låne ballen litt meir no. Sikkert greitt, for det laget som blir springande å jage i dag vert nok veldig slitne utover kampen.
7'
Sogndal styrer ein god del her i starten. Strømmen ligg bak og kjem kjapt framover når dei vinn ballen.
5'
Morosam start her. Svingar begge vegar. Men no over til været. 25 grader og omtrent vindstille gjer at vi på pressestribuna satsar på årets fyrste kamp utan frostskadar. Nede på bana kan dei nok få meir enn nok med å halde hovudet kaldt så vi får sjå om dommar Grøtta ikkje har tenkt å legge inn ein vannpause halvvegs.
2'
Men først litt om kampen. Sogndal pumpar opp etter avspark, Haugen får tatt tett ballen og vender seg glimrande fri. Skotet frå 16 meter går dessverre for heimelaget ein liten meter utafor.
1'
Då er vi igang i Sogndal. Litt internettproblem her i starten så vi fekk ikkje fortalt om det fine været.
Avspark Start 1. omgang
Vi trudde vi hadde laga klare, men det hadde sneke seg inn ein feil på lista vår. No skal den være retta opp og laga er dermed 100% klare.
Kven andre Bakke og Olsen satsar på frå start i dag vil de få greie på når de er tilbake her i liveportalen ein time før kampstart. Vel møtt!
Sist gong desse laga møttes var i 2015 då Sogndal vann 3-2. Det artige med den kampen er at målscorarane for Strømmen, Ramsland og Schulze, i dag spelar i Sogndal. Schulze vil vi nok finne sentralt på midtbana til Sogndal, mens Ramsland er på veg tilbake frå ein lang skadeperiode.
Desse laga har tidlegare møttes fire gonger i Sogndal og alle gongene har heimelaget vunne. Men eit håp for Strømmen er at Sogndal hadde same statistikk mot Åsane som dei møtte sist på Fosshaugane. Det enda i 1-4 til bergensarane i ei pinleg førestilling frå Bakke sitt mannskap.
Espen Olsen, toppscorar for Sogndal då dei rykka opp i 2010, er tilbake på gamle trakter. Det vil nok smake godt for stømmentrenaren å ta med seg tre kjærkomne poeng frå saftbygda i dag.
Vi har faktisk spelt ein tredel av kampane i år og begge klubbane har vel skuffa så langt. Sogndal skulle kjempa om opprykk, men ligg berre på 7. plass med 13 poeng. Strømmen ligg på 13.plass med 7 poeng og har berre tatt eitt poeng på sine fem siste kampar.
Hei og velkomne til den 10.runden i OBOS-ligaen og kampen mellom Sogndal og Strømmen frå Fosshaugane Campus.