TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Med tre ponge her har Sogndal heile ni poeng ned til Ranheim på tredjeplass, medan Strømmen ligg som nummer ni etter dagens runde.
Sogndal viser seg fram på heimebane og vinn fortent 5-1. Laget viser at dei kjem til å kjempe om opprykk heilt til døra. Strømmen var aldri skikkeleg med i kampen og går dermed på sitt andre strake bortetap.
Kamp slutt Slutt (5-1)
89'
Hjørnespark
Frispark til Strømmen inne i feltet.
88'
Furebotn dreg til frå 20 meter og keeper må gi til corner!
88'
Frispark til Sogndal. Hopen gjere seg klar..
86'
Mål!
5-1
Øren set inn 5-1 på Fosshaugane etter eit nydeleg Sogndal-angrep!
85'
Henrik Furebotn kåra til dagens Sogndal-spelar.
84'
Spillerbytte
83'
Strømmen gir ikkje opp og jaktar ny redusering. Bra moral i gjestene no - trass at laget ligg under 4-1.
79'
Dei to spelarane er tilbake på beina.
78'
Hjørnespark
Stans i spelet etter at Furebotn og Nilsen kolliderer.
77'
Spillerbytte
77'
Flo har lagt seg ned på midtbana og Sogndal spelar med berre Øren på topp. Truleg grunna Elvis som slit med skade.
75'
Hjørnespark
Flo avklarar.
75'
Hagen skyt, og keeper Piotr gir til corner.
74'
Elvis viser teikn til byte no.
73'
Mål!
4-1
Innbytar Haugstad utnyttar svikt i Sogndal-forsvaret og set enkelt inn redusering bak Piotr.
71'
Spillerbytte
70'
2137 tilskodarar ser kampen.
69'
Gult kort
Taklar Flo som er på veg framover.
67'
Hjørnespark
Strømmen får kontroll.
66'
Hjørnespark
Ny corner etter at Yabre avklarar.
66'
Furebotn skyt via Djupesland og i ein bue over keeper. Får corner.
65'
Spillerbytte
64'
Kraftig regnvèr over Pitor i Sogndal-buret, medan keeperkollega Hording har det tørt og fint. Svært lokale regnbyger i Sogndal no!
63'
Elvis ligg nede for Sogndal.
61'
Mål!
4-0
Solheim stjel ballen og kjem seg rundt på venstrekanten. Han slår inn til Furebotn som skyt. Skotet blir blokkert og får ein ny sjanse. Ballen går i stolpen og Flo tek seg sikkert av returen! 4-0!
60'
Flo slår eit frispark langt inn i feltet. Der er Elvis på bakerste stolpe og avsluttar. Utanfor.
59'
Gult kort
Etter takling på Halvorsen.
57'
Hjørnespark
Sogndal får kontroll.
57'
Hjørnespark
Solheim avklarar til ny corner.
57'
Sogndal-trenar Aabrekk vil at laget skal attende til nivået i første omgang. Dei første ti minutta etter pause har ikkje vore av same kaliber som før kvilen.
55'
Rot i Sogndal-forsvaret no. Moen skyt så raskt han får sjansen - over!
54'
Svært imponerande første omgang av Sogndal, og Strømmen fekk verkeleg ein peikepinn på nivået som krevst for å hevde seg heilt i toppen.
53'
Per Egil Flo ladar venstresleggja frå 20 meter. Rett på keeper!
51'
Spillerbytte
50'
Furebotn klinkar til frå 20 meter. Like utanfor krysset til Hording!
50'
Speaker opplyser om lokale resultat frå Landskyttarstemnet i Elverum. Publikum gir applaus.
46'
Veteranen er tilbake på beina.
46'
Håvard Flo ligg nede etter ein hovudduell mot Dosso.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 3-0 til heimelaget. Fullt fortent etter at Sogndal viser fram ein av sine beste omgangar på svært lenge. Strømmen prøvde å halde reint bakover så lenge som mogleg, men når Sogndal først fekk hol på byllen vart det tungt for gjestene på Fosshaugane.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45'
Halvorsen slår inn frå høgrekanten, men Olsen sklir på den våte grasmatta. Strømmen overtek.
43'
Gult kort
Håplaus takling på Rexhai. Fortent og riktig gult kort!
42'
Sogndal har full kontroll på kampen og oppgjeret ser avgjort alt etter 40 minutt!
41'
Mål!
3-0
Nytt mål frå corner! Denne gongen er det Olsen som får ei lang tå på ballen. Han set enkelt inn 3-0!
41'
Hjørnespark
40'
Hjørnespark
Elvis skyt, men skotet blir blokkert av Rygg.
39'
Rygg skyt - like over!
39'
Frispark til Strømmen i god posisjon. Moen og Rygg står klare..
39'
Nordnes driv framover frå sin midtstopparposisjon. Teknikken står ikkje i stil med viljen og Sogndal overtek.
36'
Gult kort
Munnbruk.
34'
Lang ball mot Olsen. Keepermat.
32'
Hjørnespark
Grorud avklarar.
32'
Frispark til Strømmen. Moen skyt. Over!
31'
To mål på to minutt. Fortent etter spel og sjansar den første halvtimen.
29'
Mål!
2-0
Innlegg frå Per Egil Flo til onkel Håvard. Han brukar hovudet og legg tilbake til Olsen som stangar inn 2-0!
27'
Mål!
1-0
Corner frå Halvorsen. Elvis legg tilbake til Hovland som bankar ballen i mål frå fem meter. 1-0!
26'
Hjørnespark
Ny corner.
26'
Hjørnespark
Hovland avsluttar, men Hording leverer ei kjemperedning! Ny corner.
26'
Nok eit innlegg frå Olsen. Denne gongen skyt Flo via Nordnes til corner!
26'
Olsen legg inn i feltet og Flo hoppar over. Der dukkar Kader opp, men skotet til venstrekanten går utanfor.
23'
Jensen driv framover og lurer Kader på høgresida. Han finn Moen som skyt, men spissen får ikkje skikkeleg treff på ballen som trillar utanfor målet til Piotr.
21'
Halvorsen slår inn til Olsen som skyt på direkten. Utanfor.
20'
Hjørnespark
Hovland er nære, men klarar ikkje å setje ballen i mål.
20'
Nytt skotforsøk frå Sogndal. Denne gongen er det Håvard Flo, men Rygg blokkerer skotet. Corner!
19'
Furebotn klinkar til frå 25 meter. Skotet går over!
17'
Hjørnespark
Kjempesjanse til Sogndal. Per Egil Flo slår corneren inn i feltet. Der er fetter Håvard høgst og stangar til. Keeper Hording leverer ei flott redning!
17'
Olsen stormar mot mål, men Yabre får gitt til corner. Sogndal pressar på no.
16'
Flo ligg å lurer på offsidegrensa. Denne gongen er han på feil side, og Strømmen får frispark.
14'
Hjørnespark
Elvis vinn duellen i feltet og avsluttar. Der er Moen på rett plass og reddar på streken!
14'
Ole Jørgen Halvorsen skyt frå 20 meter, men keeper Hording får gitt til corner!
12'
Halvsjanse til Strømmen. Djupesland skyt frå 22 meter - utanfor!
12'
Hjørnespark
Elvis får avklart.
11'
Halvorsen legg inn frå høgrekanten. Både Flo og Olsen er oppe i luftrommet, men Nordnes ryddar unna.
10'
Med 1-1 i Fredrikstad - Moss ligg alt til rette for Sogndal. I tilegg leiar Sandnes Ulf over Ranheim. Publikum på Fosshaugane applauderer.
8'
Dosso klatrar på ryggen til Furebotn og heimelaget får frispark.
7'
Tidlegare Sogndal-spelar Moen ladar skotfoten frå 20 meter. Like over!
7'
Tidlegare Sogndal-spelar Moen ladar skotfoten frå 20 meter. Like over!
7'
Elvis taklar på ball med strake knottar. Frispark til Strømmen.
6'
Halvjanse til Sogndal! Furebotn legg ut til Kader som skyt hardt frå kanten av sekstenmeteren. Utanfor!
4'
Hjørnespark
Svak corner. Utspark frå Hording.
4'
Per Egil Flo skyt frisparket rett i muren.
3'
Dosso legg Flo i bakken. Frispark på kanten av sekstenmeteren.
3'
To av Sogndal sine aldersbestemte lag har møtt Strømmen på Norway Cup tidlegare idag. Skjer det same her?
2'
Våt grasmatte på Campus i dag, etter at regnet har hølja ned i Sogndal før kampen.
1'
Strømmen tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Strømmen må klare seg utan Johan Nås som soner for tre gule kort. Midtstopparen har vore svært god i år og toppar spelarbørs statistikken med 6 poeng i snitt. Før denne kampen står Shkodran Rexhaj, Hassane Dosso og Andreas Moen i fare for karantene. Trioen har alle to gule kort. For Sogndal er det berre Espen Olsen og Henrik Furebotn som står i faresona.
Sogndal må naturleg nok også i denne kampen ta på seg favorittstempelet. Norsk Tipping gir 1.30 for heimesiger og 5.50 i odds for siger til gjestene. Det er likevel verdt å merke seg at Strømmen på sine sju bortekampar i år står med 2-2-3 og 3-6 (!) i målskilnad. Med den statistikken er Strømmen det laget i avdelinga med både færrast baklengsmål og tal scora mål på bortebane.
Frå Strømmen på sjetteplass til tabelljumbo Alta skil det berre seks poeng. Likevel trur trenar Tommy Berntsen at tolv poeng til på dei siste 14 kampane skal halde til å overleve i divisjonen. - Vi var forberedt på å ligge der Follo ligger no, og å kjempe oss oppover, seier han til klubbens heimeside.
Tidlegare Sogndal-spiss Andreas Moen er toppscorar for Strømmen til no i år. Han har funne vegen til nettmaskene sju gonger denne sesongen. Like mange fulltreffarar har også heimelagets Ole Jørgen Halvorsen og Espen Olsen.
Serieleiar Sogndal tek imot Strømmen som ligg på sjetteplass på tabellenmed 19 poeng. Førre helg gikk dei på sitt første bortetap sidan mai då Follo vart for sterke, og vann 2-0.
Velkommen til Sogndal - Strømmen frå Fosshaugane Campus!