TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der bles dommar Medic av kampen til stor jubel blant sogningane. For eit drama vi har vore vitne til her i Sogndal i kveld. Heimelaget styrer det meste av kampen, men Blink er dødelig effektive og svært gode når dei først angrip. Då trønderane tok leiinga 2-0 rett etter kvilen var det nok mange som trudde at dei tre poenga skulle nordover. Men 10 minutts galskap gjorde at Sogndal plutselig var i leiinga 3-2. Spaninga var til å ta og føle på i siste halvdel av kampen og sjølv om begge lag hadde sine sjansar så ebba det ut med siger til eit heimelag som akkurat no toppar OBOS-ligaen.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+5'
Vi er no fem minutt på overtid!
90+5'
Svingar fram og tilbake dette no.
90+5'
Sogndal får eit frispark ute ved kanten. Tek seg god tid no sogningane.
90+4'
Men Blink får kjapt ballen tilbake.
90+4'
Vinn seg eit innkast der sogndalsbacken.
90+4'
Eid går til hjørneflagget for å halde ballen der.
90+3'
Spillerbytte
90+3'
Så er det Kupen som må tøye krampe og då må me stoppe spelet igjen.
90+2'
Blink med ballen heile tida no. Begge lag kjempar innbitt.
90+2'
Hjørnespark
Totland stangar ut.
90+1'
Spaningen er til å ta og føle på i Sogndal no.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90'
Hjørnespark
Over alle og ut til femmeter.
90'
Hjørnespark
ny corner
90'
Spillerbytte
89'
Blink trykkjer på i boks. Hjelmeseth skyt, men Blårud kastar seg ned og blokkerer.
89'
Har aldri heilt skjønt dette med at spelet blir stoppa når ein spelar har krampe. Spelet er uansett igang igjen no.
88'
Så er det ein sogndalspelar sin tur til å legge seg ned. Krisoffersen får tøye litt på krampa.
86'
Spillerbytte
86'
Kupen snurrar rundt med nokre blåkledde før han skyt eit stykker over. Livlig Kupen i denne kampen, men manglar målet.
85'
Hjørnespark
Igjne er det kaos i boks, men Blink får klarert.
84'
Andreas Hoven avlsuttar i stolpen!
81'
Spillerbytte
81'
Blink no som har tatt kontrollen ein liten periode. Spelar sogningane djupt inn på eigen banehalvdel.
78'
Totland bryt og og går til linja. Legg 45 grader ut til Ndour osm avluttar. Johansson ligg langstrak og reddar. Glimrande av svensken.
77'
Sogndal mykje med ball, men Blink pressar godt. Skal ikkje gjera nokon grove feil her før dei blåkledde kan få seg ei god kontring.
74'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
73'
Hjørnespark
Johansson plukkar glimrande. Har vikariert godt for Frenderup i dag svensken.
71'
Sogndal beheld trykket dei har hatt store delar av kampen, men sognignane er sjølvsagt slitne og det byr seg då på fleire gode overgangar for Blink.
68'
Gult kort
Får det gule for å prøve å filme seg til straffe. Mulig det er kontakt mellom han og Eid, men ikkje nok til å falle slik Stokke. Få det bort!
68'
Kupen prøver seg på eit brassepark i feltet og det er ikkje så lurt med mange spelarar rundt seg. Endar i frispark, men denne gongen er blinkspelarane kjapt på beina igjen sjølv om det såg ut til å gjere svært vondt.
65'
Innlegg som Bransdal headar rett på Roseth. Heile Blink ropar på hands, men handa til midtstopparen er langt vekke frå ballen.
64'
Sogndal som styrer kampen framleis, men Blink ser som sagt veldig farlige ut kvar gong dei angrip.
63'
For ein kamp vi er vitne til her i kveld. Blink leverer drammatikk i kvar einaste kamp dei speler no. Kan trønderane komme tilbake frå dette sjokket.
59'
Mål!
3-2
Blårud sender dei 200 på tribuna til himmels. Ein knallhard corner frå Kristoffersen og midtbaneterrieren stig opp i feltet og stangar Sogndal i leiinga. Heimelaget har snudd kampen med tre mål på ti minutt!
59'
Hjørnespark
58'
Glimrande frispark frå Kartum igjen og Fij får såvidt fingrane på ballen og får slått unna.
57'
Gult kort
Klipper ned Augdal.
56'
For fem minutt sidan var det eit betutta og frustrert sogndallag som sprang rundt utpå her. No er det plutselig full fyr i teltet.
55'
Då var vi like langt igjen i Sogndal. OBOS-ligaean leverer drammatikk og action på høgste nivå igjen.
54'
Spillerbytte
53'
Mål!
2-2
Eit fantastisk mål av Sogndal. Kristoffersen med eit kremmarhus av ein 40 meterspasning til Eid som kjem på løp i boksen. Høgrebacken vrir ballen nydelig opp i Johansson sit høgre kryss. Klassemål av sogningane.
52'
Mål!
1-2
Sogndal svarar kjapt. Lang ball opp frå Roseth som Kryger styrer inn i feltet. Der er Ndour og stangar inn reduseringa.
51'
Farlig frispark som Johansson får boksa unna.
51'
Gult kort
Feller Ndour.
48'
Mål!
0-2
Godt slått frispark av Kartum som Fij må gje retur på. Fiske pumpar ballen inn igjen i boksen og der er Augdal som lett kan sette inn Blink sitt andre.
48'
Kartum skal slå frisparket.
48'
Frispark til Blink etter hands av Ogbu. Blinkspelarane protesterar enormt og meiner handsen er innafor sekstenmeteren. Ser ut på reprisen som dei har ei god sak.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal er tilbake på bana, mens blinkspelarane kosar seg litt lenger inne i den varme garderoben. Surt på Fosshuagane i kveld.
Blink leiar 1-0 i Sogndal fullstendig mot spelets gang. Eitt minutts magi frå Lillebo og Kartum var nok til at trønderane kom forran etter 30 minuttars spel. Ellers har Sogndal styrt det meste, men vore alt for lite hissige framfor mål. I tidlegare heimekampar denne sesongen har heimelaget hatt 10-15 avslutningar i løpet av den første omgangen. No har dei berre 7. Samtidig skal nok mykje av æren tilskrivast eit meget kompakt og kynisk Blink. Pakkar godt inn i boksen og dreg ned tempoet ved kvart einaste høve. Heile fem stopp i spelet har vi fått i denne omgangen etter at ein blinkspelar har vore nede med skade. Det blir sikkert ikkje færre i den andre omgangen dersom resultatet står seg.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+4'
Dagens femte blinkspelar ligg nede. Denne gong Bjørnholm-Jatta etter at Hoven er for hard i ein duell.
45+2'
Linjedommar står ein meter unna når Bjørnholm-Jatta brystar ballen ut over kortlinja, men dømmer femmeter. Mykje rart frå dei i svart så langt i denne omgangen.
45+1'
Tre minutt tillegg.
45+1'
Dommar stoppar spelet for fjerde gong denne omgangen etter at ein blinkspelar ligg nede. Stokker er derimot kjapt oppe igjen.
45'
Igjen er det heilt kaos i feltet til Blink etter eit innlegg, men ballen trillar dei blå sin veg slik det ofte har gjort denne omgangen.
43'
Hjørnespark
Kaos i feltet, men Blink får klarert.
42'
Fiske snublar i ballen og Ndour snappar med fri veg på mål. Fiske tar ballen med handa og alle ventar på det raude kortet. Det blir frispark til Blink til stor frustrasjon frå alle i kvitt.
41'
Spelet er i gang igjen.
40'
Ny skade på ein blinkspelar. Denne gongen er det keeper Johansson. Klarer å dra tempoet kraftig ned i denne kampen Blink.
38'
Gigasjanse for Sogndal! Totland dreg av Rolstad og legg inn til Ndour som headar på mål. Kanonredning av Johansson og returen set Kupen over.
37'
Slit med å få dei tre angrepsspelarane sine inn ispelet Sogndal.
34'
Krosser frå Kristoffersen som back Rolstad iskaldt header tilbake til keeper.
32'
Hjørnespark
Ogbu stangar ut.
32'
Faktisk mulig at Fij sin første ballkontakt var å hente ballen ut frå kassa etter 30 minutt.
30'
Mål!
0-1
Ein fantastisk kontring av bortelaget, og det er lagets store spelarar som gjer det. Lang ball i bakrom på Lillebo som ikkje er i offside sidan han startar på sin eigen banehalvdel. Legg inn til Kartum som kjem stormande og midtbanespelaren styrer ballen med pannebrasken i Fij sitt høgre hjørne. Klasse av trønderane.
29'
Prøver å spele seg ut her bortelaget og det er på hengande håret at det går bra.
28'
Langt innkast frå Eid som Ndour får heada på mål. Første avlsutninga på mål til heimelaget så langt faktisk.
26'
Begynner faktisk å lure på om sogndalkeeper Fij har vore borti ballen så langt i kampen. Mulig han var det i starten, men no har det vore svært lenge sidan Blink har vore inne på Sogdal sin halvdel.
25'
Nytt flott sogndalangrep som Blårud avluttar like utafor.
24'
Hoven er frampå og luktar på ein ball i bakrommet, men Fiske og Johansson får til slutt kontroll.
21'
Lillebo får nesten ein sjanse på ei kontring, men ballen slir ut til innkast for heimelaget.
20'
Hjørnespark
Johansson ute og boksar, men bommar på ballen. Det gjer også alle sogndalspelarane.
20'
Hjørnespark
ny corner
20'
Forsvarskamp sålangt for Blink. Har ikkje sluppe Sogndal til dei store sjansane, men bør nok løfte spelet sitt litt no så det ikkje blir for baktungt.
19'
Hardt slått, men gjennom heile feltet igjen.
18'
Frispark til Sogndal på ca. 30 meter. Skal svingast inn i feltet frå Kristoffersen denne.
15'
Kraftige vindkast her på Fosshaugane no. Spelet nede på matta er nok litt beskytta grunna tribunane, men her oppe på øvste rad kjennes vinden godt.
14'
Hjørnespark
14'
Innlegg frå Kupen som går via ein blinkspelar og rett opp i lufta. I vinden er det vanskelig å berekne for Fiske som får stussa ballen til corner.
11'
Sogndal byggjer opp på høgresida igjen. Hardt inn framfor mål, men igjen er Johansson ute og snappar ballen. God innleiing av både Sogndal og svensken i blinkburet.
9'
Hjørnespark
8'
Hjørnespark
Ogbu headar via ein blinkspelar like utafor.
8'
Høgrebacken er tilbake på bana.
8'
Så er det ein ny blinkspelar som er nede for teljing. Rolstad denne gongen og det ser ut som bortelaget må gjere eit tidlig bytte.
7'
Nydeleg angrep av Sogndal. Totalnd krossar på Eid som dunkar ballen inn i feltet. Johansson snappar framfor Kupen.
6'
Kartum ligg nede med skade. Hinkar det av seg, men ikkje bra dette så tidlig i kampen for Blink sin playmaker.
6'
Relativt roleg innleiing på kampen. Sogndal har hatt ballen mest.
4'
Verdt å merke seg Sogndal si nysignering Andreas van der Spa på benken i dag. 1.96 på strømpelesten. Andreas Hoven er også tilbake på benken til heimelaget etter å ha vore ute i over ti kampar med skade.
3'
Hjørnespark
Hoven stuper inn og det blir blåst frispark for keeper Johansson.
3'
Sogndal med ball no. Trillar littt i bakre rekkjer før det blir slått i bakrom på Ndour. Blink må gje til corner.
2'
Mykje fram og tilbake det første minuttet her. Trur ballen har plassert midtstreken 7-8 gonger allereie.
1'
Blink i blått med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Det er haust her i Sogndal. 13-14 grader, overskya og litt vind som av og til kjem i kraftige kast, kan få ein innverknad på spelet her i kveld.
Ikkje berre får vi sjå nummer to og tre på toppscorarlista med Hoven og Lillebo her i dag, men Stjørdals/Blink har også dei to beste spelarane på vår NTB-børs i Kartum (6,29) og nemnte Lillebo (6,20). Sogndals beste, Sivert Mannsverk, er ligaens fjerde beste med eit snitt på 6,00, men han er som sagt skada.
Sist desse to laga møttes vart det 2-2 på MUS stadion. Sogndal leia to gonger etter scoringar av Blårud og Totland, men trønderane kom til bake begge gongene etter scoringar av Kartum og Skille.
Litt endringar på laga her frå sist kamp. For Blink er keeper Frendrup ute av laget, sannsynlegivs grunna ein skade. Inn kjem svenske Joahnnson. I tillegg er Rødahl satt ut og inn kjem Sandmæl på midtbana. Augdal erstattar suspenderte Nygard. For Sogndal er kaptein Mannsverk ute av laget etter at han plukka opp ein liten skade på trening. Skal ikkje være noko alvorlig for Sogndal si unge stjerne, men sikkert greitt å ikkje ta nokon sjansar for Sogndal her i det tette kampprogrammet.
Anders Nygard fekk sitt sjette gule kort for sesongen sist og må difor stå over for Blink. Ellers er det ingen karantenar eller nye skadar vi har høyrt noko om. Så då får vi sjå kva 22 spelarar som er å finne på lagoppstillinga når vi er tilbake ca. ein time før kampstart. Vel. Møtt!
Heimelaget har også hatt ein veldig god sesong. Det unge laget til Eirik Bakke har lagt frå seg den destruktive fotballen dei har heldt på med dei siste åra og det sprudlar verkeleg av sogningane så langt i år. Spesielt på heimebane har både kvaliteten og resultata vore gode. Utanom eit lite feilskjær mot Sandnes Ulf tidleg i sesongen har det blitt full pott, noko som gjer Sogndal til det beste heimelaget i serien. Sist heimekamp fekk Strømmen unngjelde med 3-0 før Jerv vart slått på bortebane sist måndag med dei same siffera. Dette har ført Sogndal opp på andreplass på tabellen og ein luktar eliteseriespel igjen i saftbygda.
Dei nyopprykka gjestane har hatt ein god sesong til no og ligg på ein 7.plass berre to poeng bak kvalikkplassen. Dei har også blitt kjent for å spele målrike og dramatiske kampar, spesielt heime på MUS Stadion. Dette gjaldt utan tvil sist måndag då trønderane vann 5-4 i ein galematias av ein fotballkamp mot Sandnes Ulf.
Hei og velkomne til den 16. runden i OBOS-ligaen frå Fosshaugane Campus. I dag er det Stjørdals/Blink som vitjar Fosshaugane Campus og sognebygda.