TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Sogndal knusar Stjørdals-Blink 6-1! Det var til tider berre eitt lag utpå bana, og Sogndal vart meir effektive etter at bortelaget reduserte til 2-1. Alejandro Diaz viste kva slags kvalitetar han har inne i dag, og det vart eit hat-trick for meksikanaren som vart henta i sommar. Nord, Grønner og Twum stod for dei andre scoringane. Rønning klarte å utnytte at Sogndal søv på ein dødball, og tente eit ørlite håp for bortelaget, men til ingen nytte. Sogndal klorar seg fast i kampen om ein kvalifiseringsplass medan eit nedrykk er desverre no uungåeleg. for Stjørdals-Blink. No feirar heile stadion med den lokale slageren "Gurine og eg"!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (6-1)
90+1'
Mål på straffe!
6-1
Grønner set den nede i høgre hjørne. Larsen f¨år handa på ballen, men det er ikkje nok til å stoppe den.
90'
Straffe!
90'
Ny straffe til Sogndal. Denne gongen vinn Grønner den.
90'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
89'
Skille prøver seg frå distanse. Ballen landar oppå nettaket.
89'
Spillerbytte
88'
Det nærmar seg slutten av kampen her på Fosshaugane no, og det ser ut som at begge lag er klar over korleis denne kampen vil ende.
87'
Frispark
85'
Frispark
Lundal headar den oppover, men ingen står klare til å ta imot.
84'
Spillerbytte
84'
Frispark
84'
Grønner går knallhardt inn i Valderhaug som får eit frispark.
82'
Spillerbytte
82'
Spillerbytte
81'
Mål!
5-1
Og der er det nok avgjort. Mathisen krigar med seg ballen framover, og legg den ut til Nord som ligg åleine ute til venstre. Avslutninga med innsida er strålande.
80'
Solli prøver seg, men avslutninga går rett på Sætren.
80'
Frispark
79'
To av kampens beste spelarar går ut.
78'
Spillerbytte
78'
Spillerbytte
76'
No ser det vanskeleg ut for bortelaget.
75'
Mål!
4-1
Enorm keepertabbe av Larsen! Han skal spele ballen ut, men der står Twum klar, og snappar ballen. Larsen rekk ikkje å kome seg tilbake i målet når Twum legg ballen nede i hjørnet.
73'
Nessø slår inn mot Hoven som prøver å legge den tilbake i feltet. Det lukkast han ikkje med.
70'
Spillerbytte
70'
Nord skrur ballen inn i feltet, og det blir ein sjanse for Sogndal. Mathisen avsluttar over målet.
68'
Nessø har vore ute med skade lenge, og no får han sjansen igjen.
68'
Flo set inn på to nye spelarar.
67'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
67'
Sogndal prøver å etablere eit angrep, men bortelaget kjempar imot.
64'
Offside
Kjem frå offside når han skal ta imot ballen frå Mathisen.
62'
Frispark
Same variant som på målet, men lukkast ikkje.
61'
Hjørnespark
Nesten for Diaz. Han får ballen nesten på streken, men den er litt langt bak han.
59'
Frispark
58'
Mål!
3-1
Sogndal svarar på reduseringa! Dei speler ballen inn i boksen. Omtrent halve Sogndal prøver å sette den i mål, og det er til slutt Diaz som klarar å treffe den. Hat-trick på meksikanaren!
55'
Hjørnespark
Van der Spa headar høgt, men ballen landar på nettaket.
55'
Steinset stormar fram, og vinn ein corner.
53'
Offside
53'
Kontringar og dødballar er nøkkelen for bortelaget. Dødballane har vore skumle, men dei har ikkje vore effektive på kontringane.
53'
Frispark
Held ballen i laget.
52'
No vart det plutseleg liv i kampen igjen!
49'
Mål!
2-1
Redusering for bortelaget! Sogndal søv på ein dødball, og då utnyttar bortelaget det.
49'
Frispark
48'
Offside
47'
Offside
Går inn i ein duell frå offsideposisjon.
47'
Frispark
Slår som vanleg langt opp mot spissane.
46'
Strand går ut til høgre, og Lothe går inn sentralt.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sjur Lothe har teke av seg treningsgensaren, og det ser ut som at han skal inn når andreomgang startar.
Sogndal leiar 2-0 til pause i ein kamp dei har stort sett hatt kontroll over. Diaz får sine to første mål på heimebane. Bortelaget har ikkje vist spesielt mykje offensivt, men har fått nokre halvsjansar på kontringar.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Hjørnespark
Blir klarert.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Offside
44'
Frispark
Ballen blir til slutt kriga vekk. Vart halvfarleg.
44'
Bortelaget får frispark høgt i bana.
44'
Hoven slår inn mot Ingimundarson, Stupheadinga til islendingen er ikkje spesielt god, og ballen går ikkje mot målet.
42'
Og der såg me kor vanskeleg det var å stoppe Mathisen når han set fart i boksen. Rødahl klarte ikkje å stoppe han på lovleg vis.
39'
Gult kort
Står i vegen når straffen skal bli teken.
39'
Mål på straffe!
2-0
Diaz set straffen i mål. Han skyt høgt til venstre og keeper hoppar feil veg.
38'
Straffe! Rødahl feller Mathisen på veg gjennom.
38'
Straffe!
38'
Frispark
Slår til Hoven.
37'
Frispark
Slår over til Flo.
36'
Hjørnespark
Sætren boksar ballen ut.
35'
Hjørnespark
Skrur inn mot målet. Larsen har kontroll.
35'
Ny strålande redning frå Larsen. Nok ein gong frå Nord.
34'
Ny redning frå Larsen. Nord hadde avslutninga denne gongen.
32'
Hjørnespark
Heada vekk av Rønning.
30'
Mathisen prøver seg på volley, men nok ein gang så sklir ballen av leggen hans.
29'
Frispark
Slår kjapt opp mot Diaz, men bortelaget les det bra.
27'
Frispark
Larsen slår langt opp mot spissane.
27'
Stor jubel når Sætren stoppar Lillebo. Spissen kom seg forbi forsvaret, og det var berre sisteskansen igjen.
25'
Hjørnespark
Blir til slutt ein avslutning som går knallhardt i nettveggen.
25'
Ufine trønderske gloser kjem fram når Sogndal får ein corner. Bortelaget meinte at det ikkje var rett.
23'
Blir dårleg stemning mellom Mathisen og Solli. Dommaren må roe dei ned.
22'
Sogndal leiter etter backane kvar gong. Flo og Hoven har hatt mange innlegg i dag.
21'
Nytt innlegg frå Sogndal. Mathisen skal ta imot, men ballen sklir av leggen.
18'
Hjørnespark
Blir heada vekk.
17'
Offside
Går for tidleg når innlegget kjem.
17'
Diaz headar i stolpen! Denne gongen kom innlegget frå høgre. Alle trur den går i mål, men den snik seg vekk.
15'
Pettersen dreg seg inn i boksen, men avslutninga blir for laus.
14'
Eit innlegg frå høgre blir nesten til ein sjanse for Sogndal. Klareringa går feil veg, og Larsen må ta ballen.
12'
Mål!
1-0
Der sitt den for heimelaget! Dei trillar ballen rundt lenge før Flo går for eit innlegg. I boksen står Diaz heilt åleine, og headar den roleg inn i mål. Der er meksikanaren god.
10'
Frispark
Held ballen i laget.
10'
Bortelaget sender opp stopparane på innkast, og får nesten uttelling for det. Blir ingen avslutning som er god nok.
8'
Hjørnespark
Larsen plukkar ballen.
8'
God redning frå Larsen frå skotet til Ingimundarson.
7'
Det er Sogndal som trillar mest ball utpå bana i dag. Bortelaget satsar på kontringar.
6'
Ingimundarson finn nesten Diaz inni boksen. Blir litt for upresist.
6'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
4'
Bortelaget forsøker å kontre, men blir stoppa av Twum.
2'
Hjørnespark
Diaz får ballen, og skyt rett i ein motspelar.
1'
Stjørdals-Blink er frampå frå start, men dei er upresise, og ballen går ut bak mål.
Avspark Start 1. omgang
Det har vore ei god helg for alle som følgjer Sogndal Fotball. I går slo Sogndal 2 Bremanger 8-0 på heimebane. I tillegg spelte Sogndal FK Damer 1-1 mot KFUM Oslo, og sikra dermed andreplassen i 2. divisjon! Så får me sjå om herrelaget klarar å levere like bra.
Då er lagoppstillingane klare. Martin Ove Roseth er tilbake for Sogndølene. Den lokale spelaren Anders Nord får sjansen i dag. Dei går mest truleg tilbake til 4-4-2 i dag. Morten Strand er inne for bortelaget i tillegg til Andreas Pettersen.
Det har blitt fem kampar utan poeng for Stjørdals-Blink no, og det er ikkje ein god form å vere i når det nærmar seg sesongslutt. Sogndal har hatt ein problematisk haust der dei har sluppe inn mange mål, men dei håpar at det skal ha fiksa seg etter at det ikkje har blitt mål imot på dei siste to kampane. Mykje av det kan skuldast ein formasjonsendring til 3-4-3. Sogndal har slitt mykje med forsvaret i år, og både Martin Roseth og Per-Egil Flo har vore ute i lang tid. Per-Egil Flo har vore klar igjen til hausten medan Roseth har omtrent ikkje vore med sidan våren. Det har også skjedd ting på keeperplass for begge lag denne sesongen. Stjørdals-Blink henta inn Tor Erik Larsen i sommar for å styrke seg i den posisjonen. For Sogndal sin del mistar Renze Fij resten av sesongen på grunn av ein skade i kneet. Det har ført til at 16 år gamle Daniel Sætren har teke over. I førre runde var han sjuk, og Jørgen Johnsen måtte stå i målet. Mest truleg går Sætren tilbake i målet i dag sjølv om Johnsen heldt nullen mot Kongsvinger.
Tidlegare i år var det Sogndal som tok med seg tre poeng heim då desse laga spelte mot kvarandre i Stjørdal. Den kampen enda 1-3 for Sogndal, men historisk sett pleier kampane mellom Sogndal og Stjørdals-Blink å vere endå jamnare. To av kampane har enda uavgjort og resten har blitt vunnen med berre eitt mål. Den mest spennande kampen mellom dagens lag var nok kampen på Fosshaugane i 2020. Då leia Stjørdals-Blink 0-2 før Sogndal snudde til 3-2. Året etter fekk laget frå Trøndelag revansj mot sogndølene då dei vann 2-1. Så Stjørdals-Blink har vore ein vanskeleg motstandar for Sogndal sjølv om dei ofte kjempar i motsatt ende av OBOS-ligaen.
Det nærmar seg sesongslutt, og begge lag kjempar desperat om ein kvalifiseringsplass, men i motsatt ende av tabellen. For Sogndal er det tre poeng opp til sjetteplass, og dei er avhengige av at dei framfor avgir poeng i dei siste kampane. Stjørdals-Blink ligg åtte poeng bak Skeid som ligg på 14. plass. Det er altså teoretisk mogleg for dei å behalde plassen, men dei er avhengige av å ta mange poeng i dei siste rundane.
Hei og velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Stjørdals-Blink!