Referat
Kun høydepunkter
Stjørdals-Blink tek eit enormt viktig poeng på Fosshaugane. Sogndal hadde 1-0 å gå på når kampen starta i det 12. minutt. Heimelaget var også det beste laget i første omgang, men utan å sette Sandberg i blinkburet på dei store prøvane. Kampen såg ut til å ebbe ut med målet til Skålevik for ni dagar sidan, men like før slutt stupte midtsoppar Kvile fram og stanga inn utlikninga. Dermed klatra Blink opp på den viktige 14.plassen som gir kvalikk og Ull/Kisa er nede på nedrykksplass når berre to rundar gjenstår av årets OBOS-liga. Sogndal held seg på 5.plass, men no er laga bak på skothald så her blir det spanande heile vegen inn om kven som skal spele kvalifisering til Eliteserien.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+2'
Kaos i blinkforsvaret! Sogndal får to til tre skot blokkert inne i boksen.
90+2'
Nessø skal svinge innover.
90+2'
Frispark til Sogndal på kanten av sekstenmeteren.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Dermed er altså Blink oppe på kvalikkplass.
89'
Då må heimelaget plutselig jage scoring her på slutten.
87'
Midtstoppar Fiske flytta opp som spiss no for Blink.
84'
Olufsen med skot. Eit godt stykke over.
84'
Med siger her vil Sogndal så godt som ha sikra kvalifiseringsspel. Eitt poeng til Blink derimot vil gjera underverkar for dei i botnstriden. Mykje å spele for dei siste sju minutta pluss tillegg med andre ord.
81'
Svingast innover, men det vert dømt frispark til heimelaget.
81'
Frispark til Blink på 30 meter.
80'
Så er det Nessø som prøver seg frå kanten av sekstenmeteren. Ein meter over.
77'
Blink har satt inn ein sluttspurt og Bakke er slett ikkje nøgd nede på benken.
75'
Etter klabb og babb i feltet på corneren er det Fikse som får avslutta, men på streken står Roseth og klarerar.
71'
Olufsen kjem til avslutning ette reit innlegg, men forsøket går eit stykke utafor.
70'
Sogndal med Start heime og Ull/Kisa borte. Ikkje dei enklaste kampane, men bør være mogleg å samle inn såpass med poeng at det blir kvalifiseringsplass.
69'
Åsane borte og Aalesund heime er det som står igjen for Blink. Vanskelege kampar så spørs om ikkje blåtrøyene må ofre litt meir offansivt her no for å prøve å få med seg eit poeng.
67'
Ikkje så høg kvalitet på noko av det laga presterer utpå her no. Kanskje difor også det skjer såpass lite framfor måla.
64'
Sogndal tatt over litt meir dei siste minutta.
62'
Enorm redninga av Sandberg, mne det var uansett dømt offside på Skålevik. Den offsiden er heilt feil dømt, men uansett ville det jo ikkje blitt mål.
58'
Fleire blinkspelarar har sklidd utpå kunstrgaset her i det siste. Dårlig fottøy?
58'
Ser ein reprise her og det var absolutt ikkje noko straffespark å rope for.
57'
Hauge går over ende i boksen og Blink ropar på straffe. Ingen ting seier dagens dommar.
56'
Blink har løfta spelet sitt ein god del frå den første omgangen. Ein ganske jamn og mykje meir open kamp så langt i denne omgangen.
54'
Men innlegget frå Corovic er alt for dårlig og går bak mål.
54'
Blink pressar heimelaget akkurat no.
52'
Eid prøver seg også med eit skot, men det går langt over frå 20 meter.
51'
Hoven med godt skot som Sandberg må gje til corner.
51'
Eit solid Sogndal leia jo også 1-0 i helga mot Kåffa etter den første omgangen før dei fall fulstendig saman i den andre. Bakke vil nok ikkje sjå dette i dag og oppildnar sine elevar no.
49'
Nouri med ei farleg tilbakeheading, men Fij er ute og fangar framfor både Hauge og Olufsen.
46'
Darcy ut altså. Syns engelskmannen såg livleg ut i første omgang så det spørs om det kan være kjenning med ein skade osm gjer at han ikkje spelar den andre omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause i Sogndal og det står 1-0 etter Skålevik si scoring tidlig i kampen (for ni dagar sidan). Ellers har det vore ein relativt kjedelig omgang. Sogndal har vore det førande laget, men slit med å skape noko særleg framfor mål. Ein god del avlutningar, men ingen av dei har testa verken Fij i sogndalburet eller Sandberg på motsatt side. Vi håpar på meir action i andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
44'
Blink heva seg litt dei siste minutta.
41'
Blink kjem til sjansar, men skotet olufsen blir barnemat for Fij.
40'
Flo får stussa innkastet frå Eid, men ballen går rett inn til keeper Sandberg.
39'
Fint sogndalspel tvingar fram eit hjørnespark.
37'
God sjanse for Skålevik, men set avslutningar like over frå berre sju meter. Godt innlegg av Eid der.
36'
Oppe igjen no midtbanespelaren til Blink.
35'
Foosnæs skyt frå 25 meter, men skotet går langt utafor.
33'
Darcy slår ballen inn i feltet og som engelskmenn flest så roper han på hands når ballen treff ein blinkspelar. Ingen ting å blåse for meiner dagens dommar.
30'
Skålevik er frampå og skyt like utafor. Sogndal har våkna litt dei siste minutta.
29'
Darcy med eit godt skot frå nesten 30 meter. Stryk stolpen til Sandberg den.
29'
Ellers er det veldig lite som skjer i denne kampen. Blink klarar ikkje å utfordre sondalforsvaret noko og heimelaget har også hatt veldig lite å by på sålangt.
27'
12 minutt spelt av 'dagens' kamp og då blir det eitt minutt applaus for Emil Palsson som sjølv var ute og gav blomstrar til sine redningsmenn og kvinner før dagens kamp.
24'
Det høljar ned over Fosshaugane no!
24'
Sogndal på 5.plass og Blink på 15. og nedrykksplass akkurat no. Eitt poeng er derimot nok til å løftet laget frå Stjørdal opp på kvalikkplassen når det bare gjenstår to kampar.
22'
Utanom skotet til Bakke har det ikkje voremykje aktivitet framfor nokon av måla endå.
20'
Sogndal mest med ballen her i innleiinga.
18'
Skikkelig surt i Sogndal i kveld. Regn og vind samt berre nokre få varmegrader så her må verkeleg spelet varma.
17'
Bakke med dagens første sjanse når han skyt over frå 18 meter.
16'
Begge desse laga tauk jo på tap i helga. KFUM vart for sterke for heimelaget, men dei blåkledde rauk igjen på eit knepent tap. Det vart 0-1 på MUS mot opprykklare Ham-Kam.
14'
Blink gjer også eit keeperbytte og kampen er i gang.
12'
Kampen startar opp igjen onsdag 10.11 kl 17.12 på stillingen 1-0 til Sogndal. Laga er uforandra og Sogndal skal gjere eit byte i det kampen startar. Svært gledelig er det at Emil Palsson sjølv er utskriven frå sjukehuset og tilstades på Fosshaugane i dag.
12'
Sogndal held ballen i laget.
10'
Skålevik har fått blod på tann og avsluttar like over frå 20 meter.
9'
Kalddusj dette for bortelaget!
6'
Heimelaget best i starten, men Blink er farlege på ein fin overgang her. Stokke kjem gjennom, mne Roseth får kasta seg ned og sklidd vekk ballen.
4'
Dei blåkledde vinn duellane og får til slutt klarert.
3'
Innkast til Sogndal på høgd med Blink sin sekstenmeter.
1'
Blink med avspark. Lang ball opp som går ut til innkast for Sogndal.
Avspark Start 1. omgang
Palsson er bært ut i ambulansen og kampen er midlertidig stansa. Vi kryssar alt vi har for at det går bra med Emil Palsson.
Opphaldsvêr akkurat no i Sogndal og temperaturen har falt ned til ein 6-7 grader. Gode forhold med andre ord når vi les november på kalendaren.
Det einaste møte mellom desse to laga dei siste 30 åra var i fjor. Då vann heimelaget 3-2. Oppgjeret i Stjørdal tidlegare i år enda med 2-1 siger til Blink etter at Ask Tjærandsen-Skau scora på slutten for eit heimelag som var redusert til ti mann.
Og der var laga allereie klare. Eit par endringar på begge laga og det blir spesielt spanande å sjå Sogndal sin engelske ving Ronan Darcy frå start i dag. Stor forhåpningar til den dribleglade vingen her i sognebygda.
Med sist kamp for berre tre dagar sidan er det forventa at det vil komme nokre endringar på to slitne lag, men svaret på dette må vi vente på fram til kl 17 når vi er tilbake med lagoppstillingane. Vel møtt!
Sogndal er langt unna målsetjinga om direkte opprykk, men med to solide sigrar på rad har ein festa eit godt grep om femteplassen. Tre poeng i dag vil gje sogningane minimum seks poeng forsprang ned til laga utafor kvalikkplassen.
Viktig kamp for begge lag dette i kvar sin ende av tabellen, men spesielt bortelaget har kniven på strupen. Vel og merke var Ull/Kisa sitt tap tidlegare i dag veldig gode nyhende for Blink som med poeng på Fosshaugane dårlegast vil ligge på ein kvalifiseringsplass med tre rundar igjen å spele.
Vi ynskjer velkomne til den 27.runden av årets OBOS-liga og kampen mellom Sogndal og Stjørdals-Blink.