TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Firda.no takkar for følgjet, og ynskjer alle ein framleis god kveld!
Det er over på Fosshaugane Campus. Sogndal tar med ein velfortent siger her tre svært viktige poeng i kampen om tilvêret i Tippeligaen. Start på side går ein svært tøff haust i møte. Dagens mann heiter Ørjan Hopen, og er berre 19 år. For ein skotfot, og for ein spelar!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Mål!
2-0
Dette er verkeleg 19-åringen sin store festkveld! Skyt langs bakken frå det som må vere minimum 25 meter. Ballen går strake vegen i mål, og det hardt! For ein skotfot.
90+1'
Det vert lagt til minimum fire minutt.
90+1'
Halvorsen bryt på midten for Sogndal, overlater ballen til Ulrik Flo som stormar nedover høgreflanken før han slår inn i boksen. Der er desverre for heimelaget, ingen kvittrøyer tilstades.
89'
Spillerbytte
88'
Tonny Brochamnn vil gjerne imponere sitt nye heimepublikum, men brukar for mange trekk inne i boksen denne gong, og vert stogga av ein god Jesper Mathisen. Rotar vekk ein potensielt god moglegheit der Brochmann, som likevel har hatt eit godt innhopp.
86'
Der er vi i gong att!
86'
Fløyteblåsaren får tilsyn av lege og rungande applaus frå Fosshaugane i det han kjem seg på beina att. Tar seg veldig til hovudet, men held truleg fram.
85'
Dommar Sandmoen ligg nede med skade i øyeblikket. Held seg til hovudet etter kollisjon med Årst. Ligg rett ut. Spesiell situasjon!
83'
Der er ballen faktisk i nettet for bortelaget! Det hjelp lite når Sogndal samstundes får tildelt frispark på eigen 16-meter. Ingen protestar der.
81'
Spillerbytte
Mons Ivar Mjelde håpar rutine skal hindre ytterlegare baklengs i sluttminutta.
81'
Hjørnespark
81'
Innbytarane markerer seg umiddelbart. Ulrik Flo vinn ein duell, og passer til Brochmann som skyt utanfor frå spiss vinkel.
78'
Spillerbytte
78'
Gult kort
Årst viser fram sitt frodige nordnorske vokabular, og vert straffa deretter. For munnbruk, med andre ord.
76'
Spillerbytte
Den danske forsvarsspelaren får med det sin heimedebut på Fosshaugane i kveld. Noko som vel også antyder at Sogndal legg om til ein meir defensiv spelestil det siste kvarteret.
75'
Joda! Artige tendensar frå Start-angrepet no. Asante får all tid i verda nede på venstrekanten, og slår godt inn til Årst, som sjølvsagt må prøve på brassespark. Spørs om ikkje enklare alternativ kunne vore vel så effektive der. Forsøket går i allefall over.
70'
Sogndal-sjef Aabrekk er engasjert på sin sedvanlege måte, og får no tilsnakk av sambygdingen Tommy Skjerven, som er kveldens 4. dommar.
68'
Ikkje det heilt store som skjer på Fosshaugane i øyeblikket.
66'
Start jaktar utlikning no! Asante har vore god etter innhoppet, og slår no nydeleg til Hoff som frå 13-14 meter skrått hald, skyt utanfor mål.
65'
Børufsen får gå og gå over heile Sogndal sin halvdel, utan at nokon grip inn. Slår til Assante, som mislukkast med å levere ballen tilbake til Børufsen. Udjus tar kontroll.
61'
Frispark til vertane i eigen 16-meter no.
60'
Hjørnespark
Nytt hjørnespark frå Hoff, etter at Asante nesten kom seg laus langs høgrekanten.
60'
Hjørnespark
Svak corner. Start kan overta.
59'
Hjørnespark
Resulterer i endå eit hjørnespark, dog frå motsett side.
59'
No svingar det plutseleg på Fosshaugane! Elvis kjem til avslutning på vel 17 meter like framfor mål. Skyt knallhardt, og Lund Hansen må slå til corner.
58'
Gult kort
57'
Hjørnespark
Ufarleg denne gong.
57'
Hjørnespark
Kanonredning av Udjus på eit godt skot frå Asante! Nytt hjørnespark.
57'
Start som pressar no. Espen Søgård med eit skotforsøk som via eit par andre spelarar hamnar inne hos Udjus. SIL-keeperen held først ballen i hendene, men sklir langs bakken og ut til corner.
55'
Hjørnespark
Kenneth Udjus er konge i eige felt. Har full kontroll på hjørnesparket frå Børufsen.
54'
Halvstygt frå Espen Hoff. Plantar foten i ansiktet til Gjermundstad i det som skulle vere ein duell. Frispark til heimelaget på eigen 16-meter.
50'
For ein sjanse! Mats Solheim kjem til innlegg langs høgresida, og slår perfekt inn frå kanten av 16-meteren. Eirik Bakke ladar skotfoten 6-7 meter framfor mål, men forsøket endar likevel utanfor.
47'
Då er vi i gong med 2. omgang, Start har gjort eit spissbyte i pausen, medan Sogndal og Harald Aabrekk held fram med dei same utvalde.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
Då er første omgang over, og laga går i garderoben på stillinga 1-0 til vertane Sogndal. Målscorar var Ørjan Hopen, som vel er ein av få spelarar å framheve etter dei første 45.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Fint gjort av Gjermundstad, slår inn frå venstrehjørnet av Start-feltet, over til motsett kor Cato Hansen header like utanfor krysset. Nær 2-0.
41'
Espen Hoff ein av få spelarar på bortelaget som markerer seg. Vender av eit par SIL-forsvarar og kjem nesten til innlegg langs høgrekanten av 16-meteren. Endar i innkast.
41'
Start som har verka farlegast dei siste minutta no, i den grad nokre av laga har vore det. Frispark ved Mathisen vel 40 meter frå mål.
40'
Nytt frispark til heimelaget. Omtrent midt på bana.
37'
Gult kort
37'
Bortelaget verkar slett ikkje motlause etter at Sogndal gjekk i føringa. Tuelo Johannesen kjem seg fri og skyt på halv volley frå hjørnet av 16-meteren no. Udjus er patent og held ballen.
31'
Mål!
1-0
For eit mål! 19-åringen viser fram den frykta skotfoten sin, og dundrar frisparket i næraste hjørne frå vel 18 meter. Drømmescoring for stortalenet!
31'
Halvorsen vinn heimelaget eit frispark i nær nøyaktig same situasjon som frisparket etter 20 sekund spel. Vert det Hopen igjen?
28'
Ny brukbar moglegheit for heimelaget, som kontrollerer kampen i øyeblikket. Henrik Furebotn skyt frå skrått hald, vel 20 meter avstand, nokre meter over mål.
27'
Sogndal med ein av dei beste sjansane til no i kampen. Halvorsen med frispark på cirka 35 meter, slår høgt inn i boksen, kor Vegard Gjermundstad stussar den vidare. Lund Hanssen reddar!
26'
Mats Solheim kjem til innleggshald ute på høgrakanten, i feltet er Lund Hansen best og får boksa unna. Har enno til gode å halde ballen etter redning her i kveld, Start-keeperen.
25'
Halvorsen vert felt av Børufsen langt inne på eigen halvdel, frispark Sogndal.
22'
Hjørnespark
Sogndal-forsvaret får enkelt klarert, og Isak Scheel spelar ballen heilt over til Start-keeper Hansen.
20'
Utspel frå Lund Hansen hos Start no. Det er stille på Fosshaugane, og ingen av laga verkar å ha kome skikkelig i gong.
19'
Nouri misser ballen på midten for Start, med det kan Elvis overta og setje i gong Cato Hansen. Han vinn eit innkast.
16'
Start si nysignering Søgård vil gjerne ha hjørnespark etter ein duell med Furebotn langs dødlinja. Dommar Sandmoen er ueining, og dømmer utspel frå Udjus.
15'
God corner frå Solheim, men i tumultane inne i feltet går Start-keeper Lund Hansen delvis overende og vert tildelt frispark.
14'
Hjørnespark
13'
Furebotn med herleg pasning til Hansen langs venstrekanten, Hansen forserer vidare og slår tversover til Solheim som skyt hardt... men over! Nesten for heimelaget!
11'
Halvorsen og Solheim med fine kombinasjonar på høgrekanten, sistnemnde får slege inn til Bakke som header svakt mot mål. Lund Hansen må likevel gje retur, men ingen SIL-spelarar er vakne på den.
10'
Mats Solheim slår langt frå sin defensive høgrebackposisjon, men Cato Hansen får ikkje utretta det heilt store. Start overtar.
8'
Langt innkast frå høgreback Nouri, Børufsen toucher sist og får til ei heading som endar godt utanfor treverket.
7'
Start-trenar Mjelde er med frå benken og leverer ei herleg demping før laget hans får kaste inn.
6'
Frispark til Start i god innleggsposisjon, Espen Børufsen forsøker eit skot. Vert håplaust, og går godt til side for mål.
5'
Espen Hoff god på høgrekanten får Start, kjem seg til eit slags innlegg som Tuelo Johannesen plukkar opp inne i feltet. Taper raskt ballen.
3'
Corneren syner seg ufarleg, Lund Hansen i Start-buret kan spela ut.
2'
Hjørnespark
2'
Det blir det, og ballen går rett i Start-muren frå Ørjan Hopen. Vinn i det minste eit hjørnespark.
1'
Eirik Bakke får kjapt ballen attende etter avspark, og kjempar til seg eit frispark i svært god posisjon. Cirka 17 meter, vert det Hopen-skot?
1'
Oppgjeret er i gong. Eirik Bakke og Cato Hansen tek avspark for heimelaget.
Avspark Start 1. omgang
For Sogndal sin del stiller dei nøyaktig same mannskap som mot Vålerenga sist. Midtstoppar Even Hovland er trygt plassert på pressetribuna, medan Tore Andre Flo ikkje er i troppen grunna skade.
Steminga stig, laga er på veg inn på grasmatta, og med dei kom sanneleg også regnet. Straks avspark no, heng med!
Det begynner å fylle seg opp på tribunene no, ein respektabel gjeng Start-supportarar har også teke vegen nordover. Tilstades er også fotballpresident Yngve Hallèn, som alltid når Sogndal spelar heime.
Enkel seremoni ute på grasmatta nokre minutt før start no, i samband med den offisielle opninga av siste byggjesteg på stadion. Fosshaugane har no fått tribuner rundt heile bana, og ein gigantisk storskjerm i eine svingen.
Sogndal ligg eit par plassar høgare opp på tabellen, etter ein stygg smell i Haugesund for nokre veker sidan heva laget seg då dei makta 1-1 heime mot Rosenborg, og det same borte mot Vålerenga sist.
Start kjem til Sogndal som tabelljumbo etter tre strake tap i Tippeligaen, sist var det heile 1-4 heime for Haugesund. Førre helg greidde dei likevel å hale i land ein 1-0 siger mot Alta i kvartfinalemøtet i Cupen.
Velkommen til firda.no si livedekning frå 20. serierunde i Tippeligaen, og det spennande botnoppgjeret Sogndal - Start. Fosshaugane har fått sin del regn dei siste dagane, men det ser ut til at vi skal få opphaldsvêr under kampen.