Referat
Kun høydepunkter
The Fat lady has sung, kampen endar 1-1 i ettermiddag. Ein kamp heimelaget var klart best i, men fekk ikkje utteljing på alle sjansar utover i kampen. Start scora på sin eine store, og det var nok. Ufortjent, men slik er no eingang idrett. Ikkje alltid dei beste som vinn. Då ynskjer me alle ei god helg i frå Sogndal
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+1'
Sogndal med ballen, innlegg av Nouri, men Akor like over. Den var stor.
90+1'
Skal nokon av laga stikka av med alle poenga. Start må vinna, ellers er sesongen over.
89'
Frispark til Start på midten. Ikkje alle einig i dette.
88'
Ingenting av den, men Start held ballen.
85'
Spanande siste 5. Begge lag vil vinna. Start heva seg litt.
82'
Sogndal køyrer, Start står å ventar på overgangar. Får me ein vinnar?
79'
Då skal Bakke gjera eit byte. K.Hoven står klar.
78'
Nouri fører framover, klarring og Eid skyt over. Tendensar. Og fremdeles heimelaget som fører kampen.
78'
Dermed var det likt, ufortjent, men mål tel.
75'
Offside på Akor, den må du sjå!!
73'
Start slit med å få igang mitbana. Der har Sogndal vore einerådande etter kvilen.
73'
No svingar det bra her. God underhaldning, og med eit heimelag som fører kampen.
72'
FLott samspel mellom Nessø/Nouri, og god avlsutning, men keeper reddar.
70'
Sogndal vil ha frispark i god posisjon, men rein duell mellom Skålevik/Tønnesen. Ingenting og det var ok.
70'
Før byte hadde Start sin første bra sjanse i kampen, men innlegget over Ramsland og via ein annan Start-spelar til utspark
66'
Eid med eit flott skot frå 20 meter i nettveggen. Men trur keeper hadde kontroll, men bra sjanse. Sogndal held trykket.
63'
Innlegg frå Start ut i det store intet. Symptomatisk for korleis dei har framstått i dag. Men enno ca 30 minutt att.
61'
Sogndal mykje betre enn Start for øyeblikket.
58'
Kva kan Start svara med her?
53'
Sogndal på bittet no. Flott framover på sida ved Eid, innlegg, men avslutninga til Skålevik frå 16 meter blir enkel for Wichne.
49'
Start har ein del ball, men pasifistar framover. Skapt lite til ingenting solangt.
48'
Bra tendensar av heimelaget no. Start må heva seg skal dette gå bra.
46'
Ingen byte.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heilt greitt, men Sogndal minst dårlege. Ikkje rare greiene å melda om her første 45 minutta. Tippar alle spelarane fryse dei går til pause. Ganske so tamt ja.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Domaren legg til eit minutt.
43'
Innlegg frå Nessø, men ny heading over av Blårud i duell med Start-forsvaret. Bra sjanse.
41'
Start vil ha straffe, men utanfor ballen sit synsfelt, og heilt ok at det ikkje blir. Den hadde sofall vore billeg.
40'
Skålevik avluttar eit innlegg frå Eid, men headinga ikkje presis nok. Men heimelaget har noko på gang no.
39'
Start har ballen meir enn heimelaget, men går for seint og er upresise. Då skapar ein ikkje mykje.
38'
Schulze prøver å få til noko for bortelaget, men slit enno med dette.
37'
Start dett lenger og lenger ned no. Kan dei halde nullen til pause?
36'
Nessø er nanometerar for å nå ballen før Wichne. Sogndal held trøkket, innlegg, men heading blir blokkert av Tønnesen. Stor sjanse
34'
Sogndal bryt flott, men innlegget til Nouri er ikkje allverden, og frispark Start. Alle var ikkje einig i den. Dårleg utnytta overgang dette.
30'
Tamt, tamt, tamt. Hadde forventa meir intensitet frå begge lag. Dei har noko å spele for.
28'
Sogndal best no, innlegg frå Eid, men over alt og alle. Men heimelaget med meir trøkk no.
26'
Innlegg Nouri, heading rett på keeper av Akor frå 11 meter. Dagens første halvsjanse.
24'
Nok eit Startskot, men laaaangt utanfor.
24'
3 kalde varmegrader seie ein på tribuna. Kan bekreftast.
22'
Akor ligg nede, såg ikkje kva som skjedde, men får tilsyn no.
21'
Start spelar seg fint framover, men Sjøkvist bles ballen langt over.
21'
Sogndal med eit par dårlege avleveringar på eiga halvdel, ikkje straffa enno.
19'
Lereng misser i markeringa, ball til Ramsland som dribblar av Flo, innlegget sler Fij ut i bana. Kunne blitt noko der.
18'
Ikkje akkurat festfotball me får servert først 20. Kan berre bli betre.
15'
Start betre no, meir ball enn heimelaget
12'
Lite som skjer her no. Skulle helst ha sett litt meir som skjedde på bana og varma litt, då det kun er 2 raude ute.
9'
Start prøver seg for første gang på høgresida, men kokar bort i kålen.
8'
Sogndal aggressive, Start slit med å spela seg ut. Vel naivt av Start meinar no eg.
6'
Sogndal sler langt, Start spelar seg ut kvar gang. To motpolar her altso.
5'
Sogndal best første fem, sler langt med ein gang dei får ballen, og står bra etter.
3'
Sogndal bryt, innlegg Skålevik, retur og skudd frå Kryger som blir blokka. Bra trøkk i den.
2'
Roleg tempo innledningsvis.
Avspark Start 1. omgang
Liten forsinkelse her då Eirik Bakke skal takkast av etter 7 år som trenar i klubben. Ei helsing og kvast i frå klubben. Me gratulerar.
Derviskadic gjer sin debut frå start for Start i dag. Liten tungekrøllar der. I tillegg får Cresswell ein sjeldan sjanse. Ellers ingen overraskingar frå bortelaget i ettermiddag.
Verdt å merka seg med heimelaget er at Roseth er ute med suspensjon. Lereng tek plassen hans. Adams er inne att på bekostning av Darcy. Kjekt å sjå Gueye tilbake på benken i dag etter det lange opphaldet pga kneskade.
For dei lokale som her her for å sjå tidlegare SIL-spelar Valsvik, må me diverre skuffa Dykk. Han er skada og ute av kamptroppen. Men Ramsland og Schulze er med.
For Start har årets sesong vore komikveld. Satsa på opprykk, vore i fare for å rykka ned. Største budsjettet i avdelinga, trenarbyte, so plasseringa på tabellen er under ein kvar kritikk. Men vore bra i det siste, og scorar mål i bøtter og spann. Men slepp og inn mål i bøtter og spann. 56-56 i målforskjell. Ligg an til eit målrikt og kjekt oppgjer her i ettermiddag.
Fokus i Sogndal denne veka har vore tilsetjinga av Tore Andre Flo. Eit spanande valg. So får me sjå om han klarar å samla ein klubb som diverre har sprika i alle retningar denne sesongen. Det treng klubben og bygdafolket.
Hei, og velkommen til kamp mellom Sogndal og Start i dag. Sogndal sikrar med siger kvalik (kun syltunn teori kan nekta dei denne). Start har eit fantastisk utgangspunkt til dagens kamp: kun siger er godt nok. Litt spesielt med desse to laga. Når dei spelar mot kvarandre, so trivst dei betre å spele borte begge to. Start har god statstikk på Campusen, likeså Sogndal i Kristiansand. Spanande blir da.